Foto: Mona Wærnes
Kvifor sosiale medier?
Nettet har i seg potensialet til å endre og demokratisere kommunikasjonen i samfunnet. Det er opp til oss om det verkeleg skal skje, skriver SVs nestleiar Bård Vegar Solhjell.
Av Bård Vegar Solhjell, SV-nestleiar
Nettet har i seg potensialet til å endre og demokratisere kommunikasjonen i samfunnet. Det er opp til oss om det verkeleg skal skje.
Gjennom det forrige hundreåret var vi med på ein revolusjon i massekommunikasjon. Aviser, radio og TV gjorde informasjon tilgjengeleg i mykje av verda raskt.
Dei fleste store teknologiske gjennombrota gjorde det lettare for ein å nå mange. Internett har i seg potensialet til noko anna. Dei sosiale mediene kan gjere det lettare for mange å nå kvarandre, og lettare for mange å nå den eine. Om vi vågar.
Kva er poenget med sosiale medier?
Sosiale medier gjer det langt enklare å bli deltakarar. Vi kan sjølv produsere innhald, anten det er tekstar på blogg eller debattforum eller videosnuttar på YouTube. Leksikonet Wikipedia vert oppdatert fordi deltakarar bruker det. På nettet har det oppstått ”aviser” som utelukkande er drive av folk som har lyst å skrive der. Bloggarar fulgte den amerikanske presidentvalkampen og vil følge den norske. Dei rapporterer og kommenterer – dei deltar.
Sosiale medier gjer det enklare å dele. Vi deler kunnskap og synspunkt i nettdebattar og forum. Vi deler kultur gjennom å legge ut musikk, tekstar og film. 1 million menneske er med i det internasjonale nettverket ”Couchsurfing” der ein kan overnatte på sofaen til kvarandre. 1000 norske lærarar er med i ”del og bruk”, eit nettverk for spreiing av idear og kunnskap. På barnimagen.com deler gravide erfaringar. Det er store samfunnsmessige gevinstar i å dele kunnskap og kultur slik, eller å spreie best practise.
Sosiale medier gjer det ikkje minst enklaste å samtale, å treffe mange menneske og å utsetje seg for spørsmål frå dei. Facebook og Twitter er først og fremst stader der det vert lettare for oss å treffe kvarandre. Gjennom desse og andre sosiale medier kan det også bli lettare å nå ein politikar. Eller eit parti. Eller eit departement.
Sosiale medier gjer oss meir sosiale. Dei er ikkje skapt for politikk, men dei kan brukast for å demokratisere politikken. Dersom vi vil.
Vi politikarar kan bruke dei sosiale mediene som nok ein einvegs kanal ut. Vi kan spreiie bodskapen med litt anna innpakning i ein ny kanal. Muligheiten ligg i at vi vel å bruke sosiale medier sitt sosiale potensiale, slik vi har brukt massemediene sitt potensiale for massekommunikasjon.
Det inneber for det første at vi må delta der folk er, i store sosiale nettverk. For det andre må vi delta sosialt, altså svare på spørsmål, diskutere og ikkje minst lytte på synspunkt. For det tredje må vi sjølv etablere kanalar det går an å nå oss på, og vi må ta med oss partia og departementa våre.
Det skal vi gjere fordi det er bra for demokratiet. Om du likevel lurer på kva du kan tjene på det, ta med deg dette. På sosiale nettverk kan du nå fleire menneske pr. dag enn om du drar på all verdas konferansar og møte. Eg har til dømes 1000 føljarar på twitter og 500-1500 daglege lesarar av bloggen min. Om du bryr deg om unge veljarar, hugs at nesten ingen av dei ser debattprogram på tv medan 91% av dei under 30 er på facebook. Sosiale medier gjer også lett tilgang til gratis politiske rådgjevarar og fokusgrupper, og svara du skriv vert spreidd raskt til mange. Ein blogg t.d er dessutan ein god plattform for å spreie eigne synspunkt utan å måtte gå via ein journalist som skal vri og vrenge på bodskapen.
Mange typar kritikk kjem fram mot dei sosiale mediene, ikkje minst mot den politiske bruken av dei. Nokre synest det verkar som private medium, til dømes Kjetil Bragli Alstadheim i DN har skrive det. Samanlikna med tabloidaviser og TV vil eg seie det er lite privat. Du har full kontroll på kor personleg du vil vere, og ingen vil finne på å vere så privat som ein journalist i Dagbladet. Portrettintervju i mediene er meir privat enn noko statsministeren har skrive på Twitter så langt. Hege Skjeie skreiv i DN på lørdag at det er mykje tull på twitter. Ja visst er det det, nett som det er mykje tull på tv og i avisene. Det betyr ikkje at mediet er ubrukeleg.
Både hypen og kritikken av Facebook (og no Twitter) er etter mitt syn sterkt overdrive. Eit enkelt sosialt medium kjem neppe til å endre verda, slik ei enkelt avis sjeldan har gjort det.
Derimot kunne systematisk bruk av og tilgang til massekommunikasjon endre verda. Det frigjorde oss ved å auke informasjonstilgangen dramatisk, men det passiviserte oss også ved å bli tilskodarar til dei som skal ta avgjerder. Kanskje kan også systematisk bruk av og tilgang sosiale medier på ei rekke ulike felt endre verda. Ved å gjere oss til delarar og deltakarar, og ved å presse fram samtale i staden for monolog.
Mykje gjenstår før sosiale medier fungerer godt politisk. Vi har brukt 2500 år på å få det representative demokratiet til å fungere brukbart, så vi tåler at det tek litt tid med sosiale medier også.
Dette innlegget var første gang postet på Bård Vegards blogg
