ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

Ja til faste tilsettingar, nei til EU sitt vikarbyrådirektiv

LS

Foto: Stortinget/Teigens Fotoatelier AS

SVs landsstyre vedtok 26. november en uttalelse som støttar fagrørsla sitt krav om at regjeringa bør reservere seg mot EU sitt vikarbyrådirektiv.

Mer om...

Snart må regjeringa ta stilling til EU sitt vikarbyrådirektiv. SV fryktar at dette direktivet vil medføre auka bruk av innleigd arbeidskraft. Fleire LO-forbund har allereie vedtatt at regjeringa bør reservere seg mot direktivet. SV støttar fagrørsla i dette kravet.

Dei siste tjue åra har vi sett ein sterk vekst i bemanningsbransjen her i landet. SV meiner dette er eit trugsmål mot den norske samfunnsmodellen og mot arbeidsfolk sine rettar. Bemanningsbransjen er prega av ulovlege tilsettingsforhold, brot på arbeidsmiljølova og dårleg fagopplæring. Dessutan er bransjen organisert på ein måte som fører til at arbeidstakarane vert utrygge.

SV vil forsvare at faste tilsettingar framleis skal vere hovudregelen i norsk arbeidsliv. SV meiner at regjeringa bør utgreie kva konsekvensar åpninga for kommersielle bemanningsbyrå har hatt for norsk arbeidsliv. Regjeringa bør sjå på kva for restriksjonar som bør leggast på bransjen og vurdere om det er forsvarleg å la kommersielle bemanningsbyrå fortsette å operere i Norge. Avgjerdene om å sikre innleigd arbeidskraft lønns- og arbeidsvilkår på lik linje med faste tilsettingar må bli ein del av norsk lov uavhengig av direktivet. Det bør innførast solidaransvar slik at bedriftar som leiger inn blir økonomisk ansvarlig for at lov- og avtaleverk blir overhelde. Kombinert med strengere og meir omfattende kontroller meiner vi at disse tiltaka kan bidra til å redusere spelerommet for dei useriøse aktørane i bransjen.

Tryggleiken og arbeidsvilkåra i norsk arbeidsliv er under kraftig press. Regjeringa må seie nei til å gjere EU sitt vikarbyrådirektiv til norsk lov.


Sist endret: 26.11.2011 kl. 16:32

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn