ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

SV tek avstand frå bombeåtaka

Sentralstyret i Sosialistisk Venstreparti tek avstand frå bombeåtaka som USA og Storbritannia har satt iverksett mot Afghanistan. Sentralstyret krev at åtaka må opphøyre umiddelbart og at Noreg ikkje gjev støtte til krigføringa.

Mer om...

Bombinga råkar uskuldige, samstundes som ein ikkje kjem nærare målet om å pågripe dei ein meiner står bak terroraksjonane i USA. Krigføringa kan føre verdssamfunnet inn i ein farleg voldsspiral og det er mykje meir sannsynleg at måten USA no går fram på vil skape grobunn for nye terroraksjonar enn at det slår terrorismen attende. Samstundes vil krigen føre til ei enno verre humanitær katastrofe i Afghanistan.

Gjennom NATO-medlemskapet er også Noreg trekt inn i krigen etter iverksettinga av artikkel 5 i NATO-traktaten. Men Noreg er ikkje forplikta til å støtte opp om ein urettvis og uklok krig. SV oppmodar difor regjeringa om ikkje å støtte den amerikanske krigføringa og om å seie nei til norske bidrag.

Sentralstyret oppmodar SVs medlemmer og sympatisørar til å skape diskusjonar om situasjonen og å mobilisere til breiast mogleg motstand mot krigføringa.

SV i sosiale medier

Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn