ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

Sola skin på SV sitt landsmøte

SVs landsmøte 2009

Foto: Stig Weston / SV

Strålande Bergenssol møter delegatar, observatører, nasjonale og internasjonale gjester i dag når dei kjem for å delta på SV sitt landsmøte frå 19.-22 mars.

- Landsmøtet er demokrati, fesjå, grønt og valkamp. Dessutan skal me oppleva Bergen, inviterer Partisekretær Edle Daasvand.

Eit fesjå blir det. Omlag 400 SVarar og inviterte gjester skal i helga delta på SV sitt 18. ordinære landsmøte. Sola skin på vakre Bergen, som er vertskap for SV-landsmøtet i år.

Høgdepunkta på programmet er for mange Kristin Halvorsen sin leiartale som opnar landsmøtet. Både nestleiar og kunnskapsminister Bård Vegard Solhjell, nestleiar Audunn Lysbakken og miljø- og utviklingsminister Erik Solheim skal også vera med og setja sitt preg på landsmøtet.

SV lovar også å male byen raud for vanlege bergensarar. Mellom anna vert det torgmøte på Torgallmenningen på laurdag. Landsmøtemiddagen skal nytast i høgden på Fløien Folkerestaurant. Men i høgsetet står politikken, engasjementet og dei kommande diskusjonane. Landsmøtet blir arena for å feira sine sigrar etter fire år i regjering og legge nye strategiar for at Norge skal ta nok ein venstre om.


Sist endret: 19.03.2009 kl. 20:48

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn