Ikkje alle born og unge kjem først!
Forslagsstiller: Oddny Miljeteig (Bergen SV), Simen Johan Willgohs (Bergen SV) og Mette Holmefjord Olsen (Fusa SV).
Alle born og unge har rett til tryggleik og omsorg. Likevel har det gjennom årtider vore svikt i det offentleges omsorg overfor born og unge som ikkje foreldre kan dra omsorg for. SV meiner det må takast eit krafttak for barnevernet, både det kommunale og det statlege. Barnevernet må gjennomgåast både på kort og lang sikt, og styrkingstiltak må setjast i verk forløpande. Einslege mindreårige asylsøkjarar mellom 15 og 18 år må koma inn under barnevernet. Tidlegare generasjonars born som reiser rettferdskrav overfor staten må ikkje møta byråkratiske stengsel som opplevast som ny svikt, overgrep og forsømming. Dette gjeld ikkje minst tidlegare barneheims- og spesialskuleborn og born utsette for krigsåtak under andre verdskrigen, slik som borna ved Holen skule i Bergen og «hole-buar-borna» på Sørøya i Finnmark.
Meir enn 43.000 born mottek bistand frå barnevernet, dei aller fleste frå fyrsteline-barnevernet i kommunane. Dei ti siste åra har talet på meldingar til barnevernet auka sterkt. Bemanninga i barnevernet har på ingen måte halde tritt med auken i talet på saker og krava til auka kvalitet og rettstryggleik for barnevernets born og foreldre. I 2008 gjennomførte Barne- og likestillingsdepartementet og Statens helsetilsyn eit landsomfemnande tilsyn for å undersøkja om kommunane legg til rette for og fylgjer opp samarbeid om tenester til utsette born og unge. 90 av dei 114 kommunane i undersøkinga braut lova når det gjeld barnevern og helse- og sosialtenesta til utsette born. Når eit barn treng hjelp, må det ikkje stå på bemanning, ressursar eller koordinering av ulike instansar. SV meiner barnevernet treng 1000 nye stillingar – i eit skikkeleg krafttak – og vil gjera alt i vår makt for at barnevernet må få ein ekstra milliard til føremålet i statsbudsjettet for 2010.
I 2004 fylgde det fylkeskommunale barnevernet etter sjukehusa til staten, organisert i Bufdir og Bufetat. Men der spesialisthelsetenesta trass alt har styre, openheit og innsyn både på regionalt og føretaksnivå, har Bufdir og Bufetat ingen element av folkevalt innsyn og kontroll under Stortingsnivå. SV ser at dette er ei feil organisering. Det statlege barnevernet må ikkje vera eit lukka system. Barnevernet treng merksemd avdi barnevernet handterer det mest sårbare og dei mest sårbare. Barnevernet treng openheit og merksemd frå folkevalde for å kunna utvikla seg og for å kunna ha tillit frå dei breie lag i befolkninga. Elles vert barnevernet utan legitimitet. SV meiner modellen med Bufdir og Bufetat må gjerast om, slik at det statlege barnevernet vert opna opp og lagt under regional/lokal folkevald styring.
I fleire fylke står no gode fagleg tilbod i fåre for å bli nedlagde på grunn av anbodsprosessar der pris går føre kvalitet og der nærleiksprinsippet er sett til side. Tilsette og tillitsvalde i det statlege barnevernet melder om ei beinhard benchmarking der fullt belegg og døgnpris går framfor kravet om eit tilpassa tilbod for det einskilde barn/ungdom. SV vil ikkje ha anbod, eller anbodsliknande prosessar i barnevernet. Born under offentleg omsorg skal ha omsorg, ikkje anbod! Lov og føreskrifter må tryggja at barnevernet har fullmakter og ressursar til å gje naudsynt hjelp til dei som treng det aller mest.
Den raud-grøne regjeringa har gjennomført at einslege mindreårige asylsøkjarar under 15 år er komne under barneverntets omsorg. Det er rett og naudsynt. Like naudsynt er det at einslege mindreårige mellom 15 og 18 år får omsorg i barnevernet, til liks med andre born/unge i Noreg utan omsorgspersonar. 15-18-åringane kan ikkje venta på omsorga – då vert dei vaksne i mellomtida utan at Noreg har teke sitt ansvar!
Staten har erkjent sitt erstatningsansvar for born som i perioden 1954-80 vart utsette for omsorgssvikt og overgrep i barneheimar og spesialskular for born med åtferdsvanskar. Eit samla Storting vedtok i 2005 særskilde tilpasningar i krava til Stortingets billighetserstatning slik at dei tidlegare barneheims- og spesialskuleborna skulle kunna oppnå rettferdsvederlag. 10. juni 2005 uttala eit samla Storting at forelding ikkje skulle gjerast gjeldande i saker som omhandla denne gruppa. I ettertid har likevel einskildmenneske opplevd å møta ein byråkratisk og uviljug stat som også har gjort gjeldande forelding. Dette kan ikkje SV akseptera. Dei born og unge som har opplevd omsorgssvikt og overgrep i det offentleges varetekt, skal ikkje utsetjast for ei motviljug behandling av norske styresmakter. Tidlegare generasjonars urett må gjerast opp!
I årevis no har krigsborn frå andre verdskrigen kjempa for å oppnå krigspensjon/erstatning for krigsskade. Særleg gjeld dette overlevande etter at Holen skule i Bergen vart bomba av dei allierte i 1944, og det gjeld dei såkalla «holebuar-borna» frå Sørøya i Finnmark. Mange av dei skildrar møtet med det offentlege som direkte motvilje og nye overgrep. Etter at den raudgrøne regjeringa føresommaren 2008 varsla ny praksis og oppattaking av alle tidlegare avslag for desse, melder krigsborna at dei ingen endringar opplever for sine søknader. Dette kan SV ikkje akseptera. Krigsborna må få tildelt erstatning/krigspensjon ut frå den fagkunnskapen samfunnet i dag har om borns krigstraume. Dersom det ordinære erstatningssystemet ikkje fungerer, vil SV gå i bresjen for å ta opp krigsbornsakene som eingongserstatning i Stortinget. Krigsborna må oppleva rettferd før det er for seint!










