ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

Stans fråfallet i skulen

Uteundervisning

Foto: Image Source / Scanpix

SV skal gjennom tidleg, målretta innsats redusere demotivasjon, fråfall og bortval i skuleløpet.

Mer om...

Fråfallet i vidaregåande skule heng tett saman med klasseskilja i samfunnet og den sosiale reproduksjonen som blir vidareført i skulesystemet. Fråfallet er stort over heile landet og ei samordna satsing må til.

Svært mykje av fråfallet startar før elevane kjem til vidaregåande skule. Nye undersøkingar viser at fleire enn ein av fem elevar frå ungdomsskulen ikkje har grunnleggande lese- og skriveferdigheitar. Det er derfor viktig at ein ser skulepolitikken i samanheng med andre sosiale utjamningstiltak i samfunnet i tillegg til at ein må ta fatt i problematikken tidleg. Dette krev at vi tenkjer nytt både innafor vidaregåande opplæring og i grunnskulen.

Meir tidleg innsats. Vi skal gjennom tidleg, målretta innsats redusere demotivasjon, fråfall og bortval i skuleløpet, og legge grunnlaget for livslang læring. Høgare lærartettleik, spesielt på 1. til 4. trinn, og andre ressursar skal rettast inn mot å lære kvar enkelt elev å lese, skrive og rekne i dei første skuleåra, blant anna gjennom auka bruk av tilpassa opplæring. Det skal bli gitt leksehjelp innafor ramma av skuledagen som sikrar at alle elevar får hjelp uavhengig av foreldra sin innsats og kompetanse.

God språkopplæring for elevar frå språklege minoritetar er viktig for å hindre fråfall. I dag gjeld dette stort sett for elevar i grunnopplæringa. Opplæringslovas sin rett til særskilt norskopplæring skal derfor utvidast til også gjelde for elevar i vidaregåande skule.

Desentralisert skulestruktur. Der avstandane er store må den desentraliserte skulestrukturen oppretthaldast slik at fråfallet ikkje blir eit problem. SV meiner at vi må arbeide for at så mange som mogleg har sjansen til å ta i alle fall første året på vidaregåande skule medan dei bur heime. Dette tyder at vi i enno større grad må ta i bruk nye organisatoriske og teknologiske løysingar for å kunne gje gode tilbod til alle.

Betre oppfølging. Mange ungdomar og unge vaksne står til ei kvar tid utan arbeid og tilbod om utdanning eller opplæring. Denne gruppa er kjenneteikna av samansette problem og få tryggleiksfaktorar, og dei er risikoutsette på mange område. Dei pendlar mellom ulike stønadsordningar og mottek hjelp frå ulike offentlege tenester utan at desse blir koordinert i tilstrekkeleg grad. SV meiner at dei ansvarlege styresmaktene må ta tak i denne problematikken og løyve midlar til tiltak, for eksempel eit oppfølgingsteam som kan gi denne gruppa ungdom tett oppfølging over tid. Eit tett samarbeid mellom NAV og fylkeskommune er viktig, slik at ein lettare i samarbeid med ungdommen kan setje i verk riktige tiltak som hjelp den enkelte innafor gruppa unge som lett fall utafor skulesystemet og arbeidslivet.
Meir praksis. SV vil ta initiativ til at fleire skal få ei meir praksisnær utdanning, og vi vil åtvare mot ei teoretisering av yrkesutdanningane. Det betyr at vi må tilby utdanningsløp der teorien er sterkare knytt til praksisfeltet. Dette kan blant anna skje gjennom eit sterkare vekselspel mellom utdanning i skule og utdanning i bedrift.

SV meiner det er viktig med fleire inngangar til vidaregåande opplæring. Det kan blant anna vere eit kvalifiseringsår for dei elevane som ikkje har grunnlag for å ta vidaregåande skule. I nært samarbeid med næringslivet kan desse elevane oppdage at teorien er nødvendig og sjølv oppleve korleis teori og praksis heng saman.
SV vil i tillegg arbeide for ei styrking av dei yrkesretta linjene. Meir praksis inn i undervisninga vil gjøre elevane betre rusta til å møte arbeidslivet. Rådgivingstenesta må styrkast og elevane må sikrast opplæring i korleis dei skal søkje på lærlingplass og korleis dei bør førebu seg til eit jobbintervju.

Lærlingplass. Kvart år står tusenar av yrkesfagelevar utan lærlingeplass, og problemet blir forsterka i tider med høg arbeidsløyse. Finanskrisa og veksten i arbeidsløysa gjer situasjonen prekær, når mange ungdommar ute i lære no mistar lærlingeplassen og slik både tapar inntekta og får avbrote utdanninga si. På sikt vil SV lovfeste retten til lærlingeplass.

SV meiner det må igangsettast tiltak for at bedrifter som slit skal ha råd til å halde på sine lærlingar, og at lærlingar som mister lærlingplassen raskast mogleg får tilbud om ein ny. Der dette ikkje er mogleg, må lærlingar som mister plass få kompensasjon for tapt lærlingetilskot og tilbod om alternativ utdanning.

SV meiner bedriftene har eit samfunnsansvar for å sikre rekruttering til sin bransje. Utgiftene ved å utdanne lærlingar må fordelast mellom det offentlige og bedriftene i kvar bransje. Når alle bedriftene bidrar økonomisk til ordninga uavhengig av om dei mottar lærlingar eller ikkje, vil grunngivinga for å ikkje motta lærlingar forsvinne. Den nøyaktige utforminga må utarbeidast i samarbeid med partane i arbeidslivet, slik at vi får ei ordning som passar til ulike bransjar.

SV støttar alle tiltak som bidrar til fleire lærlingplassar, mellom anna auka tilskotet til bedrifter som tar inn lærlingar. Det må også settast krav om at alle som skal inngå kontraktar med det offentlige må vera godkjende lærlingbedrifter. Offentleg sektor og offentleg eigde bedrifter må gå foran som gode føredøme for privat sektor.

 

Uttalelse vedtatt av SVs landsmøte 21.mars 2009.


Sist endret: 24.03.2009 kl. 11:28

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn