Ei politisk mobilisering for jernbanen
Foto: Rune Fossum / Jernbaneverket
SV i vil vera ein garantist for å følgja opp planane med pengar i budsjetta, og SV vil arbeida for å overoppfylla planane slik regjeringa har gjort i denne perioden.
SV har fått gjennomslag i regjeringa sin transportplan for ei storsatsing på jernbanen dei neste ti åra. 50 milliardar til investeringar i nye toglinjer er ei dobling samanlikna med gjeldande transportplan.
SV i regjering vil vera ein garantist for å følgja opp planane med pengar i budsjetta, og SV vil arbeida for å overoppfylla planane slik regjeringa har gjort i denne perioden.
Trugsmålet om global oppvarming vil i stadig større grad krevja offensive klimaløysingar. Utsleppa frå vegtrafikk og luftfart veks i eit høgt tempo. Utbygging av jernbanen er ein føresetnad for å få til store utsleppsreduksjonar frå personbilar, vogntog og fly.
Behova for å bygga ut jernbanen er enorme etter fleire tiår med forsømte investeringar og manglande vedlikehald. Fleire nasjonalt viktige jernbaneprosjekt har planlagt oppstart først mot slutten av planperioden eller er skuva ut til etter 2020. Sjølv med dei auka rammene i transportplanen vil det ta fleire tiår å byggja ut dobbeltspor i Inter-City-områda og på andre viktige strekningar i landet.
Det er nødvendig å mobilisera eit politisk fleirtal for ei endå kraftigare satsing på jernbanen enn transportplanen legg opp til. SV vil framskunda fleire utbyggingar og prosjekt. Det er viktig å oppnå synlege resultat raskt. Derfor vil SV prioritera Inter-City-triangelet og strekningane med størst persontrafikk og godsgrunnlag. For å realisera eit klimavennleg, fleksibelt og reelt alternativ til godstransport på veg, trengst ein nasjonal strategi for gods på jernbane. Dette føreset store investeringar i effektivisering av heile jernbanenettet.
Få tiltak vil kunna gi så omfattande positive ringverknader og medverka til å bygga landet som eit nasjonalt høgfartsnett. Det vil også bli eit miljøvennleg alternativ til transport som medverkar til global oppvarming og lokale utslepp. Nye jernbanestrekningar må byggast ut for ein fartsstandard på minst 250 km/t og tilpassast eit framtidig høgfartsnett. SV vil starta utbygginga av høgfartslinjer innan 2015. SV sitt langsiktige mål er ein kraftig reduksjon av reisetidene mellom dei største byane i Noreg og Skandinavia.
Finansiering og gjennomføring av store jernbaneprosjekt og høgfartslinjer krev langsiktig og føreseieleg satsing. Det er urimeleg at motorvegprosjekt i dag har betre finansieringsordningar enn jernbane. Jernbanen må sikrast betre ordningar enn motorvegutbygging.
Regjeringa har tatt nye grep for å sikra ei meir langsiktig og rasjonell framdrift av jernbaneprosjekt. I transportplanen er det opna for å øyremerka store utbyggingar som eigen post i statsbudsjettet, med dobbelsporet Oslo – Ski som prøveprosjekt. I tillegg skal framdrifta forbetrast ved å utvikla betre kontraktsstrategiar overfor utbyggarane.
SV vil ta fleire grep for å framskunda viktige prosjekt. SV vil bruka meir oljepengar til å byggja ut jernbanen, då dette er viktige investeringar i infrastruktur for eit karbonnøytralt samfunn. Jernbanen bør få auka tilgang til bompengeinntekter frå vegbygging på dei same strekningane. SV vil prøva ut nye finansieringsordningar for å medverka til meir langsiktig satsing og betre framdrift.
SV meiner at fleire utbyggingar av jernbanen må framskundast dei neste åra. Aktuelle prosjekt kan vera:
- Ringeriksbanen kombinert med utvikling av Bergensbanen.
- Samankopling av Vestfoldbanen og Sørlandsbanen.
- Vidare utbygging av Sørlandsbanen mellom Nord-Jæren og Kristiansand.
- Modernisering av Trønderbanen mellom Støren og Steinkjer og av Meråkerbanen, inkludert elektrifisering.
- Opprusting av Gjøvikbanen og samankopling av Gjøvikbanen og Dovrebanen.
- Elektrifisering av Rørosbanen og Solørbanen og utvikling av Kongsvingerbanen.
- Oppgradering og modernisering av Nordlandsbanen, spesielt innfarten mot Bodø.
- Utgreiing og utbygging av jernbanen i nordområda, spesielt samband mellom Narvik og Tromsø og Kirkenes og det russiske jernbanenettet.
- Utbygging av norske høgfartslinjer knytta til eit skandinavisk nett.
SV vil prioritera offensive mål for utbygging av høgfartsbanar og framskunding av viktige jernbaneprosjekt i forhandlingane om ei raudgrøn regjeringsplattform for den neste stortingsperioden.
Uttalelse vedtatt av SVs landsmøte 21.mars 2009.
Sist endret: 24.03.2009 kl. 11:29
SV i sosiale medier
Ledervalg 2012













