ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

Nei til EUs helsedirektiv

SV seier nei til EUs helsedirektiv og vil at Noreg skal ta i bruk reservasjonsretten mot direktivet.

Mer om...

EU-kommisjonen la i juli 2008 fram forslag om ”Direktiv om pasientrettar i samband med grenseoverskridande helsetenester”. Direktivet gjeld den indre marknaden og vil bli ein del av EØS-avtalen dersom det blir vedtatt.

 

Helsetenester vart tatt ut av tenestedirektivet etter kraftige protestar. Samtidig har EF-domstolen gjennom ei rekkje dommar slått fast at helsetenester er tenester som alle andre, og dermed skal underleggast prinsippet om fri flyt. Kommisjonens forslag til helsedirektiv går likevel endå lenger enn det EF-domstolen har gjort.

 

Direktivet inneber at EU/EØS-borgarar har rett til å søkja helsetenester kvar som helst i EU/EØS, og at staten dei kjem frå må betala for desse tenestene uansett kvar behandlinga skjer. Pasienten må ta den økonomiske risikoen for at behandlinga kan kosta meir enn i heimlandet. Det vil derfor først og fremst vera velståande menneske som kan dra nytte av direktivet.

 

Formålet med helsedirektivet er å auka omfanget av grensekryssande helsetenester. Blir dette realisert vil det også auka omfanget av reseptar og personlege helsedata i fri flyt på tvers av språk og landegrenser, av rettssaker om kva ein har rett til og ikkje rett til etter EU-reglar og 30 nasjonale regelverk – og av kompliserte grensekryssande erstatningskrav. I følgje EU-kommisjonen oppstår det skadar ved kvar tiande sjukehusbehandling.

 

Direktivforslaget går langt i å fjerna kravet om førehandsløyve for å få refundert utgifter til helsetenester i utlandet. Førehandsløyve hadde vore heilt sentralt for å kunna styra finansieringa av helsetilbodet og planlegga korleis helsetenester skal ytast.

 

Ved å innføra eit tilnærma fritt sjukehusval i heile EU/EØS-området vil planlegging av helsetilbodet i det enkelte landet bli svært vanskeleg. Helsevesenet står overfor store og vanskelege avvegingar om kva for eit helsetilbod som er til det beste for befolkninga. Desse avvegingane krev politisk styring og må diskuterast i det offentlege rommet – ikkje avgjerast av sterke marknadsaktørar.

 

Helsedirektivet vil vera ei drivkraft for meir stykkprisfinansiering i helsevesenet, sidan eit opplegg for å refundera utgiftene ved helsebehandling i andre land vil fungera enklast dersom dei nasjonale systema er hundre prosent stykkprisfinansiert. Stykkprisfinansering fungerer svært dårleg dersom målet er heilskapleg medisinsk oppfølging av den enkelte pasienten. Denne finansieringsmåten fremmer visse typar behandling ut frå kva som utløyser statsstøtte, ikkje ut frå medisinske vurderingar, og inneber ei sterk byråkratisering av helsevesenet.

 

Fri flyt av helsetenester i EU/EØS-området vil innebera ei ytterlegare marknadsretting av helsevesenet, og ei ytterlegare frikopling frå demokratisk styring og kontroll. Helsetenester skal ikkje vera varer på ein marknad. SV vil forsvara og styrka eit offentleg helsevesen der faglege vurderingar og politisk styring – ikkje den sterkaste sin rett – avgjer priorieringane.

 

SV seier derfor nei til EUs helsedirektiv og vil at Noreg skal ta i bruk reservasjonsretten for å hindra at direktivet blir norsk lov.


Sist endret: 05.05.2009 kl. 09:10

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn