Innleiing: Meir endring!
Foto: Stig Marlon Weston
SV er eit sosialistisk parti, eit miljøparti, eit fredsparti og eit anitrasistisk parti.
SV er eit sosialistisk parti. Vi vil ha ei radikal endring i fordelinga av eigedom og rikdom, i Noreg og i verda. Vi vil styrkje fellesskapen og folkestyret på kostnad av marknadskreftene. SV er eit miljøparti. Vi meiner kampen mot klimaendringane er det viktigaste spørsmålet i vår tid. SV er eit feministisk parti. Vi aksepterer ikkje at løn og makt skal fordelast etter kjønn. SV er eit fredsparti. Vi arbeider for nedrusting og fredeleg konfliktløysing. SV er eit antirasistisk parti. SV kjempar for ikkje-diskriminering, rettferd og mangfald.
SV vil skape eit samfunn der menneske og miljø er overordna profitt. Eit samfunn der fridom og tryggleik for den einskilde blir garantert gjennom eit sterkt fellesskap. Eit samfunn med mykje meir demokrati enn i dag, der den einskilde har meir makt over eigen arbeidsstad og eige samfunn.
SV arbeider for ei verd der alle menneske har same menneskeverd, rettar og fridom til å ta dei viktigaste vala i livet sitt. Vi vil kjempe mot alle former for diskriminering på bakgrunn av kjønn, hudfarge, etnisk tilhøyrsle, religion, nedsett funksjonsevne, seksuell orientering, kjønnsuttrykk og status elles.
I fire år har SV site i regjering. Vi har brukt dei til å endre Noreg. Titusenvis av barnehageplassar er bygde, Noreg har sett seg nye og modigare mål i klimapolitikken, privatisering er stoppa, svekkinga av Arbeidsmiljølova er reversert, norske soldatar er trekte ut av USAs krigføring i Irak, tusenvis av nye tilsette er i sving i eldreomsorga, minstepensjonistane har fått betre kår og arbeidsløysa har aldri vore lågare. Vi har fått til mykje. Men vi vil ikkje nøye oss med det. SV er eit radikalt parti. Vi vil endre meir. Så lenge klimatrugsmålet framleis heng over oss, så lenge skilnader og fattigdom eksisterer, så lenge skule og helsestell framleis kan forbetrast, og så lenge kapitaleigarar kan la eigne interesser gå framfor fellesskapsinteressene – så lenge trengst eit sterkt og utolmodig SV. I dette programmet viser vi kva vi ynskjer å gjere med Noreg. Di meir støtte vi får, di meir endring får vi til.
Vil skal skape meir endring. Dette er vegvala våre:
Berekraft, ikkje klimaendringar
Store klimaendringar trugar heile grunnlaget for menneskesamfunnet, og kan føre til mangel på mat og vatn, store flyktningstraumar og meir konflikt i verda. Det må gjennomførast ei radikal, nasjonal og global omlegging for å få utsleppa av klimagassar ned på eit akseptabelt nivå. SV vil at Noreg skal vere ein internasjonal pådrivar for dette. Samstundes meiner SV at vi i Noreg skal redusere oljeutvinninga, reinse sterkt ureinande gasskraftverk, satse på jarnbane og annan kollektivtransport, energieffektivisering, miljøvenleg energi og teknologi.
Arbeid til alle
Den økonomiske krisa har ført til dramatisk stigande arbeidsløyse. SV vil i perioden ha arbeid til alle som eit absolutt hovudmål i den økonomiske politikken. Det offentlege må gjennom eit breitt sett av tiltak vere med på å skape nye og berge eksisterande arbeidsplassar, og sikre økonomien til dei som i kort eller lang tid fell utanfor arbeidslivet. Ei etter– og vidareutdanningsreform der det offentlege går først for å motarbeide arbeidsløyse og auke kvaliteten på det offentlege velferdstilbodet, må gjennomførast.
Velferd, ikkje skattelette
Velferdsstaten har gjort Noreg til eit av dei beste landa i verda å bu i. Han byggjer på at vi i fellesskap finansierer skule, helse og omsorg, i staden for at kvar einskild må kjøpe tenester og forsikringar. Det store fleirtalet av folket får meir att frå velferdsstaten gjennom livet enn det dei betalar inn i skatt. SV vil styrkje velferdsstaten i staden for å svekkje han gjennom å bruke pengane på skattelette til dei rike.
Fellesskap, ikkje privatisering
Gode, offentlege tenester er meir effektivt enn å overlate oppgåvene til private. I staden for profitt til private verksemder bør skattepengane gå til å skape betre tilbod til innbyggjarane. Ved å styre viktige delar av samfunnet i fellesskap syter vi for at det folk har trong for kan stå i sentrum, i staden for at alt skal målast i pengar. Slik skaper vi eit tryggare samfunn for alle.
Rettferd, ikkje skilnad
Noreg er framleis eit klassesamfunn der sjansar, pengar og makt er skeivt fordelte. SV vil stå opp mot ei overklasse som prøver å bli stadig rikare på same tid som andre lever i fattigdom. Gjennom eit betre organisert arbeidsliv, meir styring av samfunnsressursane, meir rettvis skattepolitikk, betre sosialpolitikk og med hjelp frå bedriftsdemokrati kan skilnader reduserast og fattigdom haldast nede.
Kunnskap, ikkje konkurranse
Kunnskap må stå i sentrum i skulen. Meir kunnskap og ein skule som fleire meistrar og fullfører, blir skapt gjennom å satse på lærarane og tilføre den offentlege skulen fleire ressursar. Det blir ikkje skapt gjennom auka rangering av skular, konkurranse mellom elevar eller privatskular for dei privilegerte. SV-skulen vil gje meir læring og sosial utjamning.
Førebygging, ikkje brannsløkking
SV vil prioritere å hjelpe utsette born. Ikkje alle born har like gode sjansar og livsvilkår. Når problem ikkje blir løyste tidleg, veks dei og blir større. SV vil at born som har vanskar, skal prioriterast like høgt som ein 50-åring som får hjarteinfarkt. Nødvendige tiltak må setjast inn med ein gong.
Folkemakt, ikkje pengemakt
Demokratiet må avgjere meir og marknaden mindre. Eit sterkt offentleg eigarskap i ressursar, infrastruktur og næringsliv vil seie meir makt til folk og folkevalde, i staden for at makta skal liggje hos dei som har flest pengar. Men det er ikkje nok. Folk må òg få meir makt over politikken. SV arbeider for eit meir deltakande demokrati.
Arbeid, ikkje sosial dumping
Eit arbeidsliv der alle har ein jobb med gode løns– og arbeidstilhøve er grunnlaget for eit godt og rikt samfunn. Ei sterk fagrørsle, tydelege lover og reglar og kompromisslaus kamp mot utnytting av arbeidsfolk er viktige byggjesteinar i eit slikt samfunn. SV vil at offentlege styresmakter skal slå hardare ned på sosial dumping og styrkje rettane til dei tilsette og makta fagforeiningane har til å sikre desse på arbeidsplassane.
Fridom, ikkje diskriminering
Det er framleis langt til likestilling i Noreg. Likeløn for kvinnedominerte yrke og kamp mot menns vald mot kvinner handlar om fridom. Ingen skal bli stoppa av tronge og gammaldagse kjønnsroller. SV vil kjempe for at inkludering, ikkje frykt, skal liggje til grunn for korleis etniske og religiøse minoritetar blir behandla i Noreg. I tillegg vil SV framleis gå i front for rettane til lesbiske og homofile. Fysisk utestenging og sosial isolasjon er diskriminering. SV vil sikre likestilling og full deltaking i samfunnet for menneske med nedsett funksjonsevne.
Mangfald, ikkje sentralisering
Store verdiar blir skapte i distrikta, og Noreg er avhengig av at busetjing og sysselsetjing blir oppretthalde i heile landet. Kvaliteten på grunnleggjande velferd skal ikkje avgjerast av kvar i landet du bur. Noreg treng fleire tyngdepunkt enn hovudstadsområdet, og heile landet må ha rom for viktige, nasjonale oppgåver og ressursar.
Solidaritet, ikkje krig
Mange stader i verda kjempar menneske mot naud og undertrykking. Noreg må støtte retten alle folk har til tryggleik, velstand og høve til å påverke eiga framtid. Utanrikspolitikken i Noreg kan ikkje baserast på støtte til stormaktsinteressene til USA og andre NATO-land. SV vil ha eit forsvar som konsentrerer seg om forsvar av Noreg, ikkje krigføring i andre land. Og SV vil ha ein human og solidarisk flyktning– og asylpolitikk som tek meir ansvar for dei mange i verda som treng vern.
Sosialisme, ikkje marknadsliberalisme
Vi lever i ei tid der alt er mogleg. Aldri har menneska hatt slike økonomiske og teknologiske ressursar til disposisjon som i dag. Kapitalismen hindrar oss i å bruke denne sjansen til å løyse dei grunnleggjande problema menneska har. Difor er vår tid òg ei tid med alvorlege kriser. Marknadsliberalismen skaper stadig økonomiske kriser som trugar arbeid og heim for millionar av menneske over heile verda. Klimakrisa har røter i eit økonomisk system som er avhengig av omsynslaus forbruksvekst, og kan øydeleggje tilgangen på mat, vatn og stabile livsvilkår over store deler av kloden. I tillegg opplever verda i dag ein enorm konsentrasjon av rikdom i dei øvste laga av samfunnet. Denne fordelingskrisa øydelegg sjansane for utvikling i fattige land og undergrev velferd og solidaritet i land som vårt eige.
Vi lever i eit land der alt er mogleg. Den norske velferdsstaten er frukta av kampen for rettferd i meir enn eitt hundreår. Grunnlaget for velstanden vår har vore eit offentleg velferdssystem basert på universelle rettar, styring av marknadskreftene og nasjonalt eigarskap til viktige ressursar og infrastruktur. Denne modellen må forsvarast, men han må òg utviklast vidare. Skilnader og fattigdom kan kjempast ned med sterkare velferdsordningar og eit meir inkluderande arbeidsliv. Marknads– og kapitalmakta kan svekkjast til fordel for meir demokratisk styring. Målet til SV er eit sosialistisk samfunn der kapitalisme og utemde marknadskrefter blir erstatta av solidaritet, rettvis fordeling, miljøomsyn og eit utvida økonomisk og politisk demokrati. Dette programmet skildrar steg på vegen mot eit slikt samfunn.
SV er eit parti med sterke røter i arbeidarrørsla og med sterk inspirasjon frå kvinnerørsla, miljørørsla, fredsrørsla og anti-rasistiske rørsler. Denne arven vil vi vidareføre i arbeidet vårt dei neste fire åra. Vi vil prøve å endre Noreg i samarbeid med menneske og rørsler som vil trekkje Noreg i rett retning. Dette programmet er invitasjonen vår til å bli med oss i arbeidet. Styrken til SV vil avgjere kor mange av måla i dette programmet vi når. Di sterkare vi blir, di meir vil vi få til i dei sakene vi her lovar å kjempe for. Saman skal vi skape meir endring.
Sist endret: 20.05.2009 kl. 13:42










