Kapittel 10: Likestilling og likeverd
Foto: Sigurd Fandango Kapperud
Noreg er eit fleirkulturelt samfunn. SV vil innføre inkluderingspolitikk med særleg fokus på å sikre alle menneske i Noreg arbeid, utdanning og deltaking i samfunnslivet.
SV arbeider for eit inkluderande samfunn der alle blir vurderte som einskildindivid, trass i tru, etnisitet eller kulturell bakgrunn.
For asyl– og flyktningpolitikken sjå 11.13 «Eit meir solidarisk Noreg». For arbeidsinnvandring sjå kapittel 5 «Eit rettvist og inkluderande arbeidsliv»
10.1 Inkludering frå dag éin
SV arbeider for at alle som kjem til Noreg, så raskt som råd skal inkluderast i samfunnet. Målet med integreringspolitikken er at alle innbyggjarar skal sikrast like rettar, plikter og sjansar i samfunnet.
Ein sterk velferdsstat medverkar til god integrering. Barnehageplass til alle, ein god offentleg fellesskule, trygge helse– og omsorgstilbod, ein sosial bustadpolitikk og eit mangfaldig kulturtilbod er viktige integreringstiltak. SV arbeider for at dei offentlege institusjonane legg betre til rette for personar med etnisk minoritetsbakgrunn, mellom anna gjennom språk– og informasjonstiltak, ein breiare tilsetjingspolitikk og tilbod som er meir tilrettelagde. Det offentlege må òg auke den fleirkulturelle kompetansen.
SV vil innføre aktivitets– og rapporteringsplikt mot etnisk diskriminering i arbeidslivet. Sjå òg 5.2 «Full sysselsetjing»
SV vil innføre kvotering av minoritetsspråklege arbeidssøkjarar ved tilsetjingar i offentleg sektor, og vil påleggje all offentleg verksemd å ha rekrutteringsplanar for personar med minoritetsbakgrunn. Det må gjerast lettare å få godkjent utdanning og relevant arbeidserfaring frå utlandet. Ordningar for å gje relevant arbeid for minoritetspersonar med høgare utdanning må etablerast. SV støttar ikkje skjult identitet ved jobbsøknader. Haldningsendringar, pålagt aktivitetsplikt og positiv diskriminering for å rette opp det som er skeivt i arbeidsmarknaden, er vegen å gå framfor anonyme jobbsøknader.
SV vil arbeide for betre oppfølging frå introduksjonsprogramma i overgang til arbeidsmarknaden. Det må leggjast betre til rette for språkopplæring på arbeidsplassen, og innsatsen for vaksenopplæring og etter– og vidareutdanning for personar med minoritetsbakgrunn må styrkjast. Problemet med diskriminering på arbeidsmarknaden blir forsterka når arbeidsløysa er høg. Kampen for full sysselsetjing er difor ein viktig del av kampen for eit rettvist, fleirkulturelt samfunn. Personar som er i Noreg utan varig opphaldsløyve, bør òg gjevast høve til arbeid eller utdanning.
Situasjonen for flyktningar og asylsøkjarar på mottak må forbetrast. Målet må vere at tida på mottaket i størst mogleg grad er eit første steg på vegen mot vellukka integrering. Tilbod om norskopplæring, psykiatrisk hjelp og ulike velferdstilbod må gjevast, barnehage òg. Introduksjonsprogramma bør tilbydast alle som kjem til å bu i Noreg, ikkje berre flyktningar som i dag. Alle kommunar med asylmottak bør ha lokale integreringsprogram for å få flyktningar i utdanning eller arbeid så raskt som råd. Staten må yte midlar til dette arbeidet. SV meiner at ein minimumsstandard for mottaksdrift må etablerast, og vil betre tilsynet med mottaka. Kvinner i asylmottak må sikrast ein trygg kvardag og vern mot vald. SV vil avvikle anbodsordninga og arbeide for ein overgang til statleg eller ideell, ikkje-kommersiell mottaksdrift.
Lova bør endrast slik at kommunane har plikt til å busetje personar som har fått opphald i Noreg, og at busetjing innan eit visst tidsrom etter at opphald er gjeve, skal vere ein rett.
Born busette i Noreg har rett til opplæring. Det er forbode å ta frå born denne retten, til dømes ved å ta born ut av skulen utan godkjenning frå skuleleiinga. SV vil styrkje arbeidet for å sikre alle born ei fullverdig utdanning.
Somme born og ungdommar med minoritetsbakgrunn har problem på skulen, mellom anna fordi dei ikkje kan norsk godt nok. SV vil arbeide for at språkkompetansen blir auka gjennom tilrettelagd norskopplæring og morsmålsopplæring. Barnehagen er ein viktig arena for å lære norsk. SV vil innføre gratis kjernetid på alle alderssteg i barnehagen i område der konsentrasjonen av språklege minoritetar er høg.
For meir om inkludering i skulen sjå 6.2.6 «Fellesskulen – lik rett til utdanning»
SV vil motarbeide diskriminering på bustadmarknaden gjennom ei streng handheving av antidiskrimineringslovverket, informasjons– og haldningsarbeid og ein sterkare statleg bustadpolitikk.
I ei stadig meir global røynd er det meir og meir vanleg å ha to heimland. SV vil innføre høvet til dobbelt statsborgarskap. SV vil gå gjennom visumreglane for å lette besøk av familie, eller av kunstnarar og vitskapsfolk på besøk. Alle som blir fødde i Noreg, skal ha krav på statsborgarskap.
Arbeidet for å kjempe imot tvangsekteskap må trappast opp. Alle har rett til fritt å velje kven dei vil gifte seg med. Kampen mot tvangsekteskap må førast gjennom eit breitt haldningsskapande arbeid i samarbeid med skule, helsestasjonar, familievernkontor og andre instansar. Kompetansen på feltet må hevast og hjelpetilbodet til offer for tvangsekteskap må styrkjast.
Familiesamanføring bør gjevast utan noko tilleggskrav i form av butid, arbeid, økonomi eller liknande. Sv vil arbeide for at alle typar opphaldsløyve skal gje rett til familiesamanføring.
For meir om mangfald i kulturlivet og integrering i idretten sjå kapittel 8 «Kultur og idrett»
10.2 Kamp mot rasisme og diskriminering
Svært mange med minoritetsbakgrunn har opplevt rasisme eller diskriminering i arbeidslivet, på bustadmarknaden eller i nærmiljøet. SV vil styrkje antidiskrimineringslovverket og handhevinga av dette.
Trakassering, rasisme og vald retta mot etniske og religiøse minoritetar må motarbeidast aktivt, mellom anna ved at politiet nøye følgjer med i utviklinga i dei høgreekstreme miljøa. Det må arbeidast for å hindre rekruttering til nynazistiske miljø, og bruken av straffelova må skjerpast for å hindre diskriminering, trakassering og vald.
Ein føresetnad for vellukka inkludering i eit fleirkulturelt samfunn er tillit og respekt begge vegar. Det må difor vere rom for skilnader i levemåtar, religionar og kultur. Ulike klesdrakter og kleskodar kan vere viktige uttrykk for kulturell, sosial eller religiøs tilhøyrsle. SV er imot å forby klesdrakter eller kleskodar som uttrykkjer kvar ein høyrer heime kulturelt, sosialt eller religiøst. SV meiner det skal liggje svært tunge omsyn til grunn viss det blir sett grenser for retten til å bere slike.
SV vil arbeide for at norsk lovverk, føremålsparagrafen i skule og barnehage medrekna, betre skal spegle det fleirkulturelle samfunnet og trongen for toleranse og trusfridom.
10.3 Samar og nasjonale minoritetar
Føresegner i konvensjonen til Den internasjonale arbeidsorganisasjonen (ILO) om rettane til urfolk og FN-konvensjonen om sivile og politiske rettar er folkerettsleg bindande og gjev, saman med FN-erklæringa om urfolk, det samiske folket eit reelt utgangspunkt for å forme samfunnet sitt. SV vil difor arbeide for at det blir teke ein gjennomgang av lovverket med sikte på å regulere dei samfunnsområda som ILO-konvensjon nr 169 handlar om.
Samane har, utifrå internasjonale konvensjonar og erklæringar og godkjenning frå staten, kollektiv rett til land og vatn. Denne retten må utøvast i samarbeid med folket elles som høyrer heime i dei same områda. SV vil arbeide for at samane blir sikra styring over og blir høyrde i avgjerder som vedkjem samiske næringar i dei tradisjonelle samiske busetnadsområda.
SV vil arbeide for å styrkje og utvikle Finnmarkseigedommen i si eksisterande form.
Reindrifta er ein viktig berar av samisk kultur og ei viktig samisk næring. SV vil arbeide for at reindrifta blir sikra rett til beiteområde og at desse må vernast mot inngrep, samtidig som bruken av naturen i beiteområda må skje på ein måte som hindrar overbeite og varige skadar på naturen. Tolegrensa for talet på dyr på Finnmarksvidda skal kartleggjast i perioden.
Vern og vidareutvikling av samisk kultur er med på å fremje samiske rettar og likeverd, og til eit verdfullt kulturelt og sosialt mangfald i Noreg. SV vil arbeide for å styrkje samisk kultur ved å medverke til at Sametinget får høve til å drive ein aktiv kulturpolitikk i samiske område, og ved å støtte landsomfattande tiltak og institusjonar som formidlar samisk kunst og kultur. Det er særleg viktig å sikre samisk kultur og språk utanom dei samiske kjerneområda i Finnmark òg. SV vil arbeide for at sørsamane og lulesamane kan trygge og vidareutvikle kulturtradisjonane sine.
SV vil arbeide for å styrkje rolla til Sametinget som folkevalt forsamling for den delen av det samiske folket som er busette i Noreg. Sametinget og samiske organisasjonar må ha ei sentral rolle i samarbeidet med naboland som har eit samisk folk. SV vil difor foreslå samisk representasjon i nordiske og regionale samarbeidsorgan som Nordisk råd og Barentsrådet.
Fem folkegrupper fekk i 1999 status som nasjonale minoritetar: jødar, kvenar, rom, romani og skogfinnar – alle med langvarig tilhald i landet vårt og med ein særeigen historie og kultur. SV meiner norske styresmakter må føre ein meir aktiv politikk for å sikre at dei nasjonale minoritetane får høve til å verne om og vidareutvikle eigen kultur og språk. Historia og situasjonen deira skal representerast i skulen og andre institusjonar som ber kulturarv. Born av romfolket må sikrast skulegang.
Sist endret: 20.08.2009 kl. 15:19










