Kapittel 11: Fred og solidaritet
Foto: Hilde Maisey
Visjonen til SV er ei rettvis verd der alle menneske får det dei har trong for i ein økologisk berekraftig modell, og der konfliktar blir tekne hand om på fredeleg vis.
Dette krev ein kraftfull, global miljøpolitikk, eit sterkt FN og utjamning av dei enorme skilnadene i livskår som pregar verda i dag. Måla våre om fred og utvikling i verda er i dag meir enn noko anna avhengig av kampen mot global oppvarming og den globale rovdrifta kapitalismen fører med seg på menneske og miljø. Den internasjonale politikken til SV må difor sjåast i lys av politikken vår for å stoppe klimaendringane som er nærare skildra i miljødelen av dette programmet.
11.1 Ei betre organisert verd
Finanskrisa viser at SV har hatt rett i kritikken av det internasjonale økonomiske systemet. Internasjonal politikk og økonomi er prega av for lite regulering, for lite fokus på utvikling og for lite representasjon i eit system der aktørane ikkje blir stilte til ansvar for vala og handlingane sine.
SV arbeider for ein rettvis verdsorden der konfliktar blir løyste med fredelege middel, og der alle land blir gjevne høve til å velje sin eigen veg framover. Samtidig er det ein akutt trong for eit sterkt internasjonalt handlingsfellesskap, både på klimaområdet, i handtering av internasjonale humanitære katastrofar som til dømes i Kongo og i Palestina, og på andre område. Som småstat er Noreg avhengig av internasjonale spelereglar som hindrar vilkårleg bruk av makt, og vernar interessene til dei svakaste. Små statar er òg avhengige av at internasjonale organisasjonar som kan løyse globale oppgåver, finst.
Til grunn for den internasjonale politikken til SV ligg målet om å forsvare og vidareutvikle rettane for statar, folkegrupper og einskildmenneske slik det er nedfelt i FN-pakta, Genèvekonvensjonane og FNs menneskerettserklæring. Særleg for små land er det avgjerande at ikkje retten til den sterkaste får avløyse internasjonale rettsreglar baserte på statssuvereniteten. Når USA og andre stormakter krev rett til å gå til åtakskrig, såkalla «preventive krigar» eller «forkjøpskrigar», undergrev det desse reglane. SV forsvarar FN-pakta og folkerettsforbodet mot åtakskrig.
FN er den viktigaste organisasjonen i verda for samarbeid, konliktførebygging, konfliktdemping og fredsbygging. SV støttar arbeidet med å gjere FN meir effektiv, slik at organisasjonen blir meir handlekraftig og ressursane blir betre utnytta. Ein føresetnad for at FN kan fungere er at medlemslanda oppfattar FN som demokratisk og konsekvent, og ikkje som eit verkty for stormaktene.
SV meiner at samansetjinga av tryggingsrådet må endrast grunnleggjande, slik at det betre speglar folkesamansetjinga i verda. Målet må vere at vetoretten til dei fem stormaktene blir oppheva. I tillegg ynskjer SV å styrkje samvirket mellom tryggingsrådet og generalforsamlinga, slik at ansvaret til generalforsamlinga kan utvidast.
Noreg må arbeide for at alle FN-medlemslanda oppfyller dei økonomiske bindingane. Samtidig bør FN gjerast mindre avhengig av medlemslanda ved å få tilgang til å ha og forvalte eigne inntekter. Valutaskatt og skatt på internasjonal transport og våpenhandel er moglege inntektskjelder.
11.2 Demokrati og menneskerettar
Globaliseringa har svekt demokratiet i mange land fordi nasjonale, politiske styresmakter har fått svekt handlingsrommet sitt. På den andre sida har mange tidlegare autoritære statar innført demokratiske styreformer. I det siste har denne demokratiseringsprosessen stoppa opp, og nye autoritære tendensar har vist seg i mange land. Dette ser vi både i statar som utfordrar Vesten og USA-dominansen, og også innafor dei vestlege landa og samarbeidspartane deira under dekkje av ein såkalla krig mot terror. Åtak på demokratiske rettar kan ikkje aksepterast, same kvar dei skjer. SV vil arbeide for at Noreg aukar støtta til uavhengige valobservatørar.
SV vil at Noreg skal arbeide aktivt for å styrkje dei faglege, sosiale og demokratiske rettane både i fattige og i rike land, og gje politisk og økonomisk støtte til fagrørsler, demokratirørsler og sosiale rørsler. Sterke, ubundne, folkelege organisasjonar i sivilsamfunnet er ein føresetnad for eit velfungerande demokrati. SV kan ikkje godta at frykt for terror blir brukt til å undergrave grunnleggjande rettar. Staten, kommunar og fylkeskommunar må i innkjøpspolitikken sikre seg at varer er produserte på lovleg og etisk forsvarleg vis, og at produsenten ikkje bryt folkeretten eller internasjonale arbeids– og menneskerettskonvensjonar. Offentleg sektor skal ikkje investere i slike selskap. Det aktive arbeidet for desse rettane skal òg reflekterast i dei økonomiske avtalane Noreg går inn i. Alle framtidige og reforhandla økonomiske avtalar Noreg går inn i, skal innehalde klare klausular om faglege, sosiale og demokratiske rettar.
SV vil motarbeide all bruk av dødsstraff og alle former for fysisk straff.
Sjå òg kapittel 12 «Mykje meir demokrati»
11.3 Meir rettvis fordeling
Den globale kapitalismen fører til at omkring tre milliardar menneske lever i djup fattigdom, dei fleste av dei i Sør-Asia og Afrika. Viktige føresetnader for å skape utvikling og kjempe imot svolt og fattigdom er ei meir rettvis fordeling av ressursar, grunnleggjande endringar i nasjonale og globale makttilhøve og økonomisk framgang innafor ei forsvarleg økonomisk ramme.
Fattigdommen i delar av verda er nært knytt til plassen dei fattige landa har i den globale fordelinga av makt og arbeid. Desse landa er utsette for monaleg grad av styring utanfrå, og manglar det politiske handlingsrommet som gjer vekst og betre fordeling mogleg. Eit urettvist handelssystem, stor gjeldsbyrde og ein liberalistisk, økonomisk politikk fremja av IMF, Verdsbanken og vestlege bistandsgivarar gjer handlingsrommet mindre. Interne problem som korrupsjon, mangel på folkeleg organisering og væpna konfliktar i mange land fører til det same. Mange av dei fattige i verda bur i ressursrike land med ein velståande, økonomisk elite som ikkje investerer kapitalen sin i det lokale næringslivet. I desse landa er ein annan fordelingspolitikk avgjerande for å kjempe imot fattigdom. Omfordeling er viktig både for å skape rettferd og for å tilføre kapital til lokal næringsutvikling.
Det langsiktige målet til SV er at IMF og Verdsbanken blir erstatta av demokratiske organisasjonar under FN-kontroll. Dagens institusjonar er udemokratiske fordi dei gjev nokre rike statar monaleg makt over andre land. Dei er dessutan ikkje opne, og viktige avgjerder blir tekne utan innsyn for ålmenta. Framleis er politikken deira altfor ofte prega av råd til gjeldstyngde land om kutt i offentlege utgifter, privatisering og opning av marknader. SV vil difor gjere framlegg om ei omfattande reform av desse institusjonane. SV går inn for ei dreiing av støtta frå Verdsbanken til FN-organisasjonane.
Det må bli slutt på at lån frå IMF og Verdsbanken blir kopla til krav om privatisering, kutt i offentlege tenester eller liberalisering av økonomien. Noreg må halde fram med å halde att bidrag når dette skjer. IMF og Verdsbanken må demokratiserast ved at dei fattige landa får ein større del av røystene i institusjonane. Det må innførast fullt innsyn i systema der avgjerder blir tekne, slik at røystegjevinga til dei ulike landa blir synleggjord. Praksisen med at leiarane for dei to institusjonane blir utpeikte av høvesvis EU og USA må avviklast. IMF skal ikkje ha noka rolle i langsiktig utviklingsfinansiering. SV meiner at dersom det kjem ein førespurnad frå utviklingsbankane ALBA Bank og Banco Sur om innskot, bør Noreg vurdere å kome desse i møte på kostnad av innskot i IMF og Verdsbanken.
Noreg må halde fram arbeidet for at all illegitim gjeld blir sletta både i Noreg og internasjonalt. Ein internasjonal gjeldsdomstol, helst i FN-regi, må opprettast. Han skal vurdere gjeld basert på kriterium som legitimitet og berekraft. Noreg bør òg ta ein gjennomgang av norsk utlånspraksis, som Garanti-instituttet for eksportkreditt (GIEK) og norske statsobligasjonar. I tillegg bør Noreg overfor likesinna land ta initiativ til å utarbeide retningsliner for ansvarleg utlån og fremje prinsippet om kreditoransvar òg i dei internasjonale finansieringsinstitusjonane, med mål om eit bindande regelverk for ansvarleg långiving internasjonalt.
Bistand kan vere ei viktig hjelp til utvikling, men han må ikkje koplast til krav som reduserer handlingsrommet til fattige land. Noreg må halde fram opptrappinga av bistanden. Han må vere klart fattigdoms– og kvinneretta, og kvaliteten må vurderast kritisk for å sikre varige resultat i samsvar med intensjonane.
SV vil at norsk bistand skal gå til utvikling etter føresetnadene mottakarane har. Bistand skal både redusere fattigdom og styrkje høvet folk har til å påverke sin eigen situasjon. Rettane og deltakinga til kvinner må prioriterast. Bilaterale bistandssamarbeid bør særleg rettast inn mot land og regjeringar som har ein god utviklings– og fordelingspolitikk, og som viser ei klar haldning til korrupsjon. Eit sterkt, sivilt samfunn er, saman med stabile og velfungerande statlege strukturar, føresetnaden for demokrati. SV ynskjer å bruke bistand til å styrkje både statlege strukturar og det sivile samfunnet i land i sør. Kvinneorganisasjonar, fagrørsler og sosiale rørsler som arbeider for like rettar, bør prioriterast i sivilsamfunnsstyrking. Korleis norsk bistand kan brukast til å støtte opp om utviklingssamarbeid mellom land i sør bør vurderast. Norske løyvingar til utviklingssamarbeid bør trappast opp vidare frå 1 prosent av bruttonasjonalinntekta.
Utdanning er ein premiss for all anna utvikling. Framleis er 75 millionar born utan eit tilbod om grunnutdanning. Mellom dei er det ein monaleg overrepresentasjon av jenter. Investering i høgare utdanning, forsking og teknologisk utvikling på premissane til dei fattige landa er ein føresetnad for utvikling og fattigdomskamp. SV vil arbeide for at utdanningsretta bistand skal prioriterast høgt.
Kvinner er i aukande grad offer for krigshandlingar. Seksuelle overgrep og tortur råkar mange kvinner i samband med krig og konflikt. SV vil arbeide for FN-resolusjonane om kvinnerettar i og etter krig og konflikt og om seksualisert vald som våpen i krig og konflikt, blir følgde opp og implementert. Dette inneber òg at kvinner må og skal trekkjast aktivt med i fredsprosessar.
SV vil at innsatsen for konfliktdemping og konfliktførebygging skal aukast. I mange konfliktar døyr menneske fordi naudhjelp ikkje kjem fram raskt nok. SV vil bruke noko av rikdommen i oljefondet til eit naudhjelpsfond. Eit slikt fond vil vere særleg viktig i katastrofesituasjonar som ikkje får merksemd i media.
Helse og fordeling er knytte nært saman. Millionar av menneske døyr i dag av sjukdommar som kan kurerast. Billige medisinar må stillast til disposisjon for folkesetnaden i fattige land. Noreg må hjelpe til med å utvikle medisinar og vaksinar som kan takast i bruk utan patentvederlag i fattige land. Internasjonale avtalar om patentrettar må ikkje hindre høvet til å produsere slike medisinar i nærleiken av område der dei trengst. I tillegg må det takast eit globalt lyft for å vaksinere born og unge mot alvorlege sjukdommar. Noreg må støtte og ta initiativ til globale vaksinasjonsprogram. På same tid må det arbeidast for at desse i større grad enn i dag blir tilpassa utviklinga av helsevesenet i dei einskilde landa. SV vil arbeide for at ein langt større del av den medisinske forskinga skal brukast på dei sjukdommane som råkar menneske i fattige land, som malaria og aids.
Over 500.000 kvinner døyr årleg som følgje av graviditet, abort og fødsel, og millionar av kvinner blir skadde for livet. Dei seksuelle og reproduktive rettane kvinner har, må styrkjast. Det er viktig å støtte kvinneorganisasjonar og sosiale rørsler verda over som arbeider for retten kvinner har til å ta avgjerder som gjeld eigen kropp, retten til sjølvvald abort medrekna.
11.4 Ein regulert verdsøkonomi
Ein verdsøkonomi utan demokratisk styring og reguleringar er øydeleggjande for både vekst og fordeling i både fattige og rike land. SV arbeider difor for eit meir rettvist handelssystem og mot ein uregulert spekulasjonsøkonomi.
Det er nødvendig å setje i verk kortsiktige, ekstraordinære mottiltak mot den globale, økonomiske krisa for å setje grenser for skadeverknadene for samfunnet. Bergingsaksjonar for finansinstitusjonar er nødvendige for å hindre at finanssystemet kollapsar. Aksjonane må innrettast slik at den statlege ryggdekkinga ikkje fremjar nye rundar med risikofylt spekulasjon. Eigarane av finansinstitusjonane bør dekkje kostnader ved aksjonane i den grad det er råd. Når dette ikkje er råd, bør staten ta over eigendelar i selskapa eller nasjonalisere.
Deregulering av økonomien har ført til at statar og folkevalde verda over har liten kontroll. Enorme mengder kapital blir i dag flytta uhindra over landegrensene. Dette skapar stor ustabilitet i økonomien til mange land, og gjer at folkevalde styresmakter må ta urimeleg stort omsyn til kapitaleigarinteressene. Spekulasjon kan skape store finanskriser og øydeleggje mange års arbeid for næringsutvikling og fattigdomsreduksjon. Grenser for den frie flyten av kapital må difor innførast. Einskildstatar må ha fridom til å innføre ulike former for kapitalkontroll.
Skatteparadis fungerer som tilretteleggjarar for korrupsjon. Auka skattekonkurranse hindrar fattige land i å utvikle velferd for folket sitt. Noreg må arbeide internasjonalt for at ingen statar skal kunne fungere som skatteparadis, til dømes gjennom eit globalt regelverk for offentleg innsyn i skatteparadis. Om nødvendig kan Noreg sjå på alle betalingar til skatteparadis som uttak av inntekt. Dette skal gjelde alle betalingar frå, eller på vegner av, norske personar og selskap og heil– eller delåtte dotterselskap i utlandet.
Skal den økonomiske situasjonen stabiliserast, noko som er ein føresetnad for at land skal kunne utvikle seg, må ei sterkare regulering av økonomien til. Skatt må brukast som eit aktivt verkemiddel for å få den føreseielege økonomien som trengst for å skape utvikling. På globalt nivå må Noreg arbeide for å innføre ein skatt på valutatransaksjonar.
Det internasjonale handelsregimet er i dag drive fram av interessene til store konsern og rike, mektige land. SV går imot å ta frå fattige land styringsrett og verkemiddel som har vore viktige for å utvikle vårt eige samfunn til eit velferdssamfunn. SV vil støtte fattige lands tiltak for å byggje opp eit variert nasjonalt næringsliv og for å fremje næringsinteressene sine på den globale marknaden.
Handel kan vere ei viktig hjelp til å kjempe mot fattigdom, men dette føreset at handelen skjer på vilkår som er til føremon òg for dei fattige statane og for den fattige delen av folket. Fattige land må få betre tilgang til marknadene i industrilanda. Dette kan oppnåast utan ei generell liberalisering ved å utvide dei handelspreferansane utviklingsland har i dag.
SV meiner at utviklingsland må ha rett til å verne næringar dei ynskjer å byggje opp som del av ein nasjonal næringspolitikk, og at handelsreglane i WTO må gjevast nok politisk handlingsrom til å sikre dette. SV støttar kravet om at alle former for eksportsubsidiar til landbruket blir fjerna snarast råd. Noreg må arbeide for at det gjeldande subsidieregimet blir lagt om slik at overproduksjon og dumping ikkje lenger blir premiert. Samtidig er det avgjerande at Noreg opnar for auka import av landbruksvarer frå u-land og vrir norsk matimport vekk frå EU over til land i sør. Handel med mat kan ikkje sidestillast med handel med andre varer. Høvet til å verne nasjonal produksjon med tollsatsar må aukast monaleg, spesielt for utviklingsland.
Tingingar om å auke den internasjonale handelen med tenester i ramma av GATS-avtalen til WTO går føre seg no. Noreg må ikkje stille krav til land i den tredje verda om å opne seg for utanlandsk konkurranse på viktige tenesteområde, og offentlege tenester må ikkje kome innunder GATS. I dei tilsvarande forhandlingane om TRIPS-avtalen må Noreg gå inn for å hindre at store medisinkonsern får patentrettar som hindrar tilgangen til billige medisinar mot livstrugande sjukdommar (til dømes hiv/aids, malaria og tuberkulose) i fattige land.
I WTO-tingingane om industrivarer må Noreg ikkje la omsyn til norsk eksport av sjømat gå framfor høvet utviklingsland har til å verne industrien og havnæringane sine.
SV støttar kravet frå dei fleste land i den tredje verda om at WTO ikkje må utvidast med nye avtalar om investeringar, konkurransereglar, offentlege innkjøp og tilrettelegging for auka handel. SV vil òg gå imot at Noreg og EFTA brukar bilaterale handelsavtalar til å innføre reglar på desse områda som er avviste i WTO. Kriterium for faglege, sosiale og demokratiske rettar må vere avgjerande når nye avtalar blir forhandla. SV vil at norske posisjonar i handelstingingane skal vere opne, og meiner at WTO-tingingane må demokratiserast. Som eit steg i denne retninga går SV inn for at tingingar og avtalar om nye handelsreglar blir overførte til FN-organ. Som eit steg på vegen bør Noreg arbeide for å styrkje FN-konferansen for handel og utvikling (UNCTAD).
SV arbeider for eit spegelvendt alternativ til WTO. Alternativet vårt byggjer på følgjande prinsipp: Alle land bør ha handlefridom til å gripe inn med aktiv styring på marknadene for varer, tenester, kapital og arbeidskraft. Omsyn til konkurranse og nasjonal ikkje-diskriminering må ikkje gå framfor viktige samfunnsomsyn. Kva samfunnsomsyn som har førsterett – og korleis dei kan vernast – kan spesifiserast i internasjonale avtalar. Slike avtalar kan byggjast opp stegvis mellom grupper av statar, men målet er å gjere dei globale. Noreg bør nytte høvet som ikkje-medlem av EU til å inngå samarbeid med Mercosur og ALBA.
Alle land bør sjølve kunne velje dei verkemiddela som trengst for å sikre levedyktige lokalsamfunn og ei allsidig og forsvarleg ressursutnytting. Dei landa som ynskjer det, må fritt kunne fastleggje vilkåra for utanlandske oppkjøp av verksemder, naturressursar og eigedom. Alle land bør sjølve kunne forbetre miljøkrava sine, forbrukarvernet sitt og vernet om folkehelsa ut over det som følgjer av internasjonale avtalar.
Internasjonale avtalar er avgjerande i ei verd der menneske og samfunn blir knytte stadig tettare saman. Avtalar der statar gjev frå seg suverenitet, trengst òg. Sentrale rettar for einskildmenneske og samfunnsgrupper må vernast av folkerettslege avtalar. Viktige miljøomsyn kan berre tryggjast gjennom bindande internasjonale avtalar.
Det er avgjerande at slike avtalar ikkje blir underordna handelsreglane definerte av WTO eller vik for vedtak i Verdsbanken og IMF. Der det er konflikt mellom WTO-regelverket og internasjonale miljøavtalar, skal miljøavtalane prioriterast. Det same må gjelde for ILO-konvensjonane om rettar i arbeidslivet.
11.5 Norske investeringar i utlandet
SV vil at det skal stillast klare krav til norske verksemder om å respektere kjernekonvensjonane til ILO som mellom anna sikrar organisasjonsfridom og forbyr barne– og slavearbeid. Innsyn og informasjon må sikrast slik at forbrukarane kan vere med på å presse selskapa til ein høg etisk standard i verksemda si.
Noreg må vere leiande i arbeidet for globale bindande standardar for samfunnsansvaret næringslivet har. Før desse er på plass er det trong for klare nasjonale retningsliner og straffetiltak knytte til dei. I tillegg bør ei ombodsordning som skal overvake at norske selskap følgjer opp samfunnsansvaret sitt, opprettast. Ho skal
òg fungere som eit informasjons– og rådgivingsorgan for selskapa. I tillegg må selskapa som opererer i Noreg, kunne stillast til ansvar for medverknad til brot på grunnleggjande menneskerettar utført i andre land.
Statsåtte selskap må ha ei særleg plikt til ikkje å utnytte dårlege arbeidstilhøve i fattige land. Norske statsåtte selskap må difor stå ansvarleg for arbeidstilhøva hos underleverandørar (solidaransvar) òg.
Noreg må arbeide for å binde både statar, selskap og internasjonale organisasjonar til å kjempe mot korrupsjon, ikkje minst i samband med olje– og annan naturressursutvinning i fattige land. Deltakinga til norske selskap må følgje dei strengaste internasjonale reglane i den samanhengen. Programmet «Olje for utvikling» i norsk utviklingssamarbeid må innrettast på å hjelpe utviklingsland til å utvikle ei sosial og økonomisk forvalting av oljeressursane, ikkje på å skaffe føremonar for norske selskap.
Dei etiske retningslinene for Statens pensjonsfond må brukast aktivt og utviklast vidare. SV vil arbeide for at visjonen vår om aktivt og solidarisk statleg eigarskap òg skal gjelde for investeringar pensjonsfondet gjer i utlandet. Som ein stor finansiell aktør bør Noreg i større grad bruke makta si til å styrkje rettane og utviklinga til arbeidstakarane i sør. Fondet skal reagere mot selskap som bryt kjernekonvensjonane til ILO. Retningslinene må i framtida òg kunne brukast til å trekkje investeringar ut av selskap som tilhøyrer statar som er involverte i folkerettsbrot eller brot på menneskerettane. SV meiner fondet må ta fleire omsyn enn sikker avkasting i investeringane sine, og at det skal satsast særleg på å tilføre kapital til utvikling av fornybare energikjelder.
11.6 Solidaritet med undertrykte folk
Den militære og økonomiske dominansen til stormaktene er ein av dei viktigaste grunnane til underutvikling og manglande sosial og økonomisk framgang i mange land. Dei største statane prøver å oppnå kontroll over strategisk viktige ressursar og område, i verste fall med krig som reiskap. USA står i ei særstilling som den dominerande stormakta i verda, med ein politikk som har undergrave autoriteten til FN, og som har utfordra sjølvråderetten til fleire nasjonar løynd av ein såkalla krig mot terror.
For å sikre ei fredeleg utvikling er det avgjerande at krigføringa i USA og dei allierte landa blir stoppa i Irak og Afghanistan. Det militæret nærværet må avviklast i ein gradvis prosess der nasjonale, demokratiske institusjonar tek kontroll på alle område med full råderett over eigne ressursar – og utan framande militærbasar. SV vil arbeide for at Noreg gjev humanitær bistand til folket i Irak og til irakiske flyktningar i nabolanda, og held fram det humanitære arbeidet sitt i Afghanistan. Noreg må halde fram det sivile utviklingssamarbeidet med afghanske styresmakter og med det afghanske sivilsamfunnet. SV vil setje seg imot eit norsk militært bidrag til krigføringa til USA i Irak.
I Afghanistan har det skjedd ei aukande samanblanding av stabiliseringsoppdraget til ISAF og krigføringa innafor Operation Enduring Freedom leidd av USA. Det norske militære engasjementet i Afghanistan tyngjer personellet i hæren, og gjer det vanskeleg å stille norske styrkar til disposisjon for FN-oppdrag i andre land. Føresetnadene for å kunne medverke til ein konstruktiv humanitær og sivil innsats i Afghanistan med kontakt med alle folkegrupper, vil betrast om Noreg ikkje på same tid tek del i det somme grupper oppfattar som fiendtleg krigføring. SV meiner det norske militære engasjementet i ISAF-styrkane i Afghanistan må avviklast. Slik kan Noreg konsentrere innsatsen sin på det sivile området og styrkje høvet til ei politisk løysing som gjer at FN overtek ansvaret for støtte til tryggleik og stabilisering. SV er imot bidrag til ISAF i stortingsperioden.
SV støttar kampen til palestinarane mot israelsk okkupasjon og påtvinga eksil, retten dei har til ein eigen stat med Aust-Jerusalem som hovudstad, og retten flyktningar har til å vende heim. SV vil leggje press på Israel og vere pådrivar i kampen mot apartheidmuren på den okkuperte Vestbreidda etter uttalen frå den internasjonale domstolen i Haag. Israel må forhandle med dei valde, palestinske representantane, same kva parti dei høyrer til. Manglande internasjonalt press på Israel er ei vesentleg årsak til at Israel kan halde fram okkupasjonen. SV vil arbeide for internasjonale sanksjonar mot Israel, og meiner både økonomiske sanksjonar og sanksjonar i kultur, idrett og akademia må vurderast. Det er vesentleg at desse har støtte mellom palestinarane. SV vil arbeide for ein internasjonal våpenboikott og våpenembargo mot Israel så lenge staten held fram åtaka sine på det sivile, palestinske folket.
Kurdarane i Irak har i fleire år hatt eit avgrensa sjølvstyre som særleg utfordrar iveren Tyrkia og Iran har til å undertrykkje dei legitime krava kurdarane har om kulturelle og sivile rettar. SV støttar krava kurdarane har om vern mot forfølging. SV ynskjer at Noreg skal leggje press på landa med store kurdiske minoritetar, slik at krava deira om innfriing av kulturelle og sivile rettar blir innfridde. Dette gjeld i dag særleg Tyrkia. Overgrepa frå landet mot kurdarar i Tyrkia og Nord-Irak må ikkje teiast i hel.
SV støttar kampen Polisario fører for eit fritt og uavhengig Vest-Sahara. Marokko må respektere avtalen om å arrangere ei FN-overvaka folkerøysting i Vest-Sahara og godta resultatet.
SV ser svært positivt på utviklinga i fleire latinamerikanske land der progressive regjeringar har starta ei omfordeling som kjem dei fattige til gode, samtidig som dei arbeider aktivt for å redusere USA-dominansen i Latin-Amerika. Noreg må støtte opp om arbeidet desse landa gjer for å skape sosial endring, og halde fram bilaterale samarbeid og bistand med vekt på støtte til prosjekt retta mot kvinner, urfolk, fagrørsle og sosiale rørsler. Eit tilnærma samrøystes FN har fleire gonger fordømt USA-blokaden av Cuba. SV støttar kravet om at blokaden må opphevast, og vil ta initiativ til auka økonomisk samarbeid mellom Noreg og Cuba. SV ynskjer ein aktiv, politisk dialog med Cuba for å styrkje demokratiet og for å støtte den unike rolla Cuba har mellom utviklingsland, som døme på offentleg helseteneste, utdanning og katastrofeførebygging.
Colombia er det landet i verda der flest fagforeiningsaktivistar blir forfølgde og drepne, og landet har fleire gonger blitt dømt for brot på menneskerettane i den interamerikanske menneskerettsdomstolen. SV meiner at Noreg bør ha ein aktiv rolle overfor kolombianske styresmakter for å hjelpe til med å få ein slutt på grove menneskerettsbrot og til ei fredeleg løysing på den valdelege konflikten.
Burma har vore styrt av militærdiktatur i nesten 50 år. Det burmesiske folket er blitt eitt av dei aller verst stilte i verda når det gjeld levestandard og menneskerettar. SV støttar nobelprisvinnar Aung San Suu Kyi og kravet den demokratiske opposisjonen har om å innføre demokrati att og respektere menneskerettane i Burma. Dette må ein prøve å oppnå gjennom boikott, ved direkte press mot militærregimet som styrer Burma, og gjennom indirekte press via Kina og andre land som gjev regimet i Burma våpen og politisk støtte til undertrykking av eige folk.
11.7 Styrkt samarbeid i nordområda
Nordområdepolitikk handlar om samansette mål. Det handlar om ressursforvalting, tryggingspolitikk og om suverenitet. Utleidd av slike storpolitiske mål handlar ein politikk for nordområda òg om sysselsetjing og om busetnad. SV meiner det er ein viktig samanheng mellom det stadig aukande strategiske fokuset på nordområda i internasjonal politikk, og den nasjonale trongen for samfunnsutvikling i den nordlegaste landsdelen. SV vil difor ha ein heilskapleg strategi for å utnytte sjansane i Nord-Noreg baserte på ei berekraftig utnytting av dei rike ressursane i nord.
Barentshavet har enorme, marine ressursar og petroleumsressursar. Klimaendringane kan i åra som kjem grunnleggjande endre føresetnadene for økonomisk samkvem og utvinning av ressursar i nordområda. Nordaustpassasjen vil bli open for skipsfart i stadig større delar av året, og Polhavet kan bli ope for segling. Stadig større funn av olje og gass blir kartlagde i arktiske strok på same tid som fisken i Barentshavet er ei av dei viktigaste matkjeldene i verda.
Dette vil føre til auka internasjonalt fokus på nordområda i åra som kjem. Det vil òg gjere det klart at ulike stormaktsaktørar kan ha kryssande, samanfallande eller motstridande interesser i nærområda våre. Noreg må balansere mellom interessene til aktørar som EU, Russland og USA. Noreg har sterke nasjonale interesser i nordområda, og må vere offensive med tanke på utviklinga i nord. Det er difor viktig at Kystvakta og Forsvaret styrkjer det permanente tilhaldet i nordområda. SV arbeider for ei langt sterkare, nasjonal nordområdesatsing.
SV vil utvikle og forsterke samarbeidet mellom Noreg og Russland. Samarbeid er den beste garantien for eit godt naboskap i nord. Samtidig skal dette ikkje hindre Noreg i å kritisere svekkingar av demokratiet i Russland eller aggressiv russisk utanrikspolitikk. Støtte til frie medium, organisasjonar og institusjonar som vil fremje demokrati, er difor viktig.
SV ynskjer ein Barentshavsavtale med Russland for å lette samarbeidet på ei rekkje område, og vil ha på plass eit regelverk i Barentssamarbeidet. Langs ei grense som markerer dramatiske livskårsskilnader, er Barentssamarbeidet eit velfungerande samarbeidsforum som er unikt i internasjonal samanheng. Det utstrekte samarbeidet i mellom anna næringsliv, utdanning og forsking, miljø og helse, kultur og urfolk må utviklast vidare.
SV vil styrkje medverknaden Noreg har til ei langsiktig og forsvarleg handtering av atomtryggingsspørsmåla i Russland. Norsk miljørørsle har spelt ei viktig rolle i å rette søkjelys mot problema knytte både til atomkraft, atomavfall og luftureining på Kola. SV vil aktivt støtte opp om det vidare arbeidet til miljøorganisasjonane på dette feltet.
Sjå òg 2.2 «Ein klimavenleg energipolitikk»
11.8 Eit sterkare fellesskap i Norden
Klimaendringane i nord og dei raske endringane i internasjonal økonomi og makttilhøve skapar nye utfordringar for Noreg som småstat med store naturressursar og ansvar for enorme havområde. Det krev nytenking rundt det internasjonale samarbeidet og tryggingspolitikken i Noreg, og ei styrking av banda til land vi har sterke interessefellesskap med. SV arbeider difor for eit tettare nordisk samarbeid og at dei nordiske landa opptrer meir samla internasjonalt.
SV støttar tendensen til auka forsvarssamarbeid i Norden. Det er store vinstar, både når det gjeld tryggingspolitikk, kapasitet og økonomi, i eit tett nordisk samarbeid på dette området. SV-visjonen er at samarbeidet om forsvarsmateriell og felles FN-styrkar skal utviklast vidare i retning av at Norden blir den viktigaste tryggingspolitiske forankringa til Noreg. SV vil òg arbeide for auka økonomisk integrasjon i Norden, og vil oppmuntre til nordisk samarbeid om industriutvikling, ny teknologi og energi. Innafor utdanning og forsking må samarbeidet òg styrkjast. Overvaking i nordområda er òg ei oppgåve som vil vere tent med eit tettare nordisk samarbeid.
Nordisk råd kan bli ei god ramme for utviklinga av dette forsterka, nordiske samarbeidet. Då må Nordisk råd reformerast slik at politisk tyngd og relevans blir vesentleg styrkt.
11.9 Samarbeidet i Europa
SV ynskjer eit tett samarbeid mellom Noreg og dei andre landa i Europa. SV stiller seg likevel kritisk til matkonsentrasjonen og svekkinga av folkestyret i medlemslanda som den noverande utviklinga i EU inneber. SV ynskjer norsk deltaking i eit mellomstatleg samarbeid, ikkje ein overnasjonal union som fører makta over viktige delar av samfunnsutviklinga ut av folkevalde organ. SV seier difor nei til norsk medlemskap i EU.
Norsk medlemskap i EU vil føre til større avstand mellom folket og dei som tek avgjerdene på ei rekkje område, og svekkje folkestyret i Noreg. Lovverk og praksis i EU byggjer dessutan på ein marknadsliberalisme som står i motsetnad til den framtida venstresida i Europa kjempar for. Svekte sjansar til styring av økonomien og undergraving av samfunnsmakta til fagrørsla kjenneteiknar den økonomiske modellen til EU.
Den økonomiske og monetære unionen er ein viktig skilnad mellom EU i 1994 og i dag. Medlemskap i ØMU vil seie at Noreg misser høvet til å føre ein pengepolitikk som tek omsyn til norsk sysselsetjing og næringsliv. Norsk økonomi utviklar seg ofte i utakt med dei tyngste økonomiane i euro-området, og Noreg må difor verne om retten til ein eigen pengepolitikk.
EØS-avtalen undergrev folkestyret gjennom å gjere Noreg til ein passiv mottakar av lovverk frå EU. Avtalen fører til ei unødvendig detaljregulering av ei rekkje samfunnsområde i Noreg og undergrev viktige verkemiddel i nærings-, arbeidslivs– og distriktspolitikk. Ulempene med avtalen er monaleg større enn føremonane. SV arbeider difor for at Noreg innleier forhandlingar med EU om ein mindre omfattande handels– og samarbeidsavtale, og at EØS-avtalen blir sagt opp i samband med dette. For å få kunnskap om og debatt om kva EØS-avtalen har å seie for Noreg meiner SV at avtalen må evaluerast på eit forskingsbasert grunnlag. SV meiner at eit offentleg utval må oppnemnast for å lage eit ugreiing (NOU) som grunnlag for ei stortingsmelding om EØS-avtalen i komande stortingsperiode. Så lenge EØS-avtalen gjeld, må reservasjonsretten takast aktivt i bruk av norske styresmakter. Særleg viktig er det å hindre at dei mange rettsavgjerdene i EU-domstolen om avregulering av arbeidsmarknaden får effekt i Noreg. SV vil ikkje liberalisere grunnleggjande velferdstenester. Noreg må difor motarbeide slik liberalisering av postvesen og helsetenester og leggje ned veto mot slike direktiv om nødvendig. SV går imot at datalagringsdirektivet til EU blir innført i Noreg.
SV er sterk tilhengjar av at Noreg tek del i ulike former for europeisk samarbeid som aukar samkvem og samarbeid mellom anna innafor utdanning, forsking, miljøvern og sosial utvikling. SV vil støtte styrkt norsk deltaking i slike program i og utanfor EU-samarbeidet.
SV legg dessutan vekt på arbeidet i Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) og i Europarådet. Som den einaste alleuropeiske tryggingsorganisasjonen må OSSE styrkjast.
11.10 Eit forsvar for fred og tryggleik
SV meiner at Noreg bør ha eit moderne, effektivt og defensivt forsvar. Utgangspunktet for forsvaret skal vere dei nasjonale tryggingsoppgåvene våre innafor eit tett, nordisk samarbeid. Ressursane til Forsvaret er avgrensa og må konsentrerast om å verne norske ressursar og interesser og å hevde norsk suverenitet i vår del av nordområda. Dessutan må forsvaret støtte opp om den interessa Noreg som småstat har av eit styrkt FN.
SV vil difor arbeide for ei omlegging av norsk forsvarspolitikk. Kapasiteten til å forsvare Noreg og forvalte dei norske havområda må leggjast til grunn for prioriteringane, ikkje utvikling av nisjekapasitetar for NATO og offensiv slagkraft. Forsvaret har i dag ingen planar og dimensjonering som passar dei utfordringane som vil kome i åra framover, med aukande strategiske og økonomiske interesser i nordområda. Å vende forsvarsfokuset vekk frå ekspedisjonsforsvar og over til eit oppdatert, nasjonalt forsvar i tett samarbeid med dei andre nordisk landa, hastar.
Vernebuing langs kysten må prioriterast høgare enn i dag. Rolla forsvaret har med miljøovervaking og maritimt bergingsarbeid må styrkjast. I samband med dette er det særleg viktig å styrkje Kystvakta. Forsvaret må dimensjonerast slik at Noreg heile tida har eit tydeleg tilhald i nordområda. Det vil seie at talet på utanlandsoppdrag må reduserast av omsyn til hærverksemda heime, og at Luftforsvaret må ha god kapasitet til å overvake havområda.
Forsvarspolitikken må sjåast i samband med ein meir heilskapleg samfunnstryggingspolitikk. Noreg må styrkje innsatsen for sivil vernebuing og internasjonal konfliktførebygging. Dei viktigaste trugsmåla mot tryggleiken vår kan ikkje haldast nede med militære middel. I lys av dei nye utfordringane i nord må samarbeidet mellom ulike etatar gåast gjennom og forbetrast slik at ulike delar av forsvaret, politi, tollvesen, SFT, Kystverk og Kystvakt blir innretta mot eit samarbeid som er godt nok budd på dei tryggingsendringane som er på veg.
Det er avgjerande for norske interesser at småstatar blir sikra av eit fungerande, internasjonalt lovverk for konflikthandtering. Å støtte opp om FNs kapasitet og autoritet i konfliktsituasjonar er difor ein viktig del av norsk tryggingspolitikk. Noreg har altfor lenge nedprioritert fredoperasjonane til FN for oppdrag i regi av NATO. Dette undergrev langsiktige, norsk interesser og internasjonalt fredsarbeid. SV vil difor ikkje støtte bruk av norske, militære styrkar i out of area-operasjonane til NATO. Norsk deltaking i internasjonale operasjonar skal dessutan berre skje etter open handsaming i Stortinget og på grunnlag av utvitydige FN-vedtak i samsvar med folkeretten.
Staten og forsvaret har eit særleg ansvar for å følgje opp dei som har utført teneste i internasjonale operasjonar, og sørgje for at fysisk og psykisk skadde veteranar får eit godt tilbod både når det gjeld økonomi og helse.
SV vil halde oppe den allmenne verneplikta. Eit profesjonelt forsvar basert på verva soldatar vil svekkje den folkelege forankringa og legitimiteten til forsvaret. Verneplikta kan likevel ikkje haldast oppe om ho berre skal gjelde eit lite mindretal av kvart årskull. SV vil difor innføre ei kortare samfunnsteneste der den vernepliktige kan velje mellom å gjere teneste i Forsvaret eller i ei fornya sivilteneste retta inn mot viktige samfunnsoppgåver. I samband med dette vil SV greie ut ei ordning med sivile fredsstyrkar. Når ei slik verneplikt blir innført, må ho gjelde både kvinner og menn.
11.11 Ein ny alliansepolitikk for Noreg
NATO er i dag i aukande grad irrelevant for norsk tryggleik. Alliansen femner om land med ei rekkje motstridande interesser, og har vist seg ute av stand til å opptre samla i viktige krisesituasjonar NATO-operasjonar utanfor eige område gjer organisasjonen til ein reiskap for stormaktsinteressene, og undergrev høvet FN har til å byggje ut ein eigen militær kapasitet. Noreg kan difor ikkje halde fram med å basere tryggleikspolitikken på at NATO skal vere garantist for norsk tryggleik.
SV er òg sterkt kritisk til andre sider ved NATO. Alliansen har framleis førstebruk av atomvåpen som del av strategien sin, og krev retten til å bruke militærmakt utanfor sitt eige område, òg utan FN-mandat. NATO-medlemskapen aukar difor faren for at Noreg blir drege med i åtakskrigar i strid med folkeretten. Slik krigsdeltaking dreg Noreg djupare inn i stormaktspolitikken og vil svekkje norsk evne til å spele ei aktiv rolle i internasjonalt fredsdiplomati.
NATO-medlemskapen gjer Noreg spesielt avhengig av USA, og gjer det vanskelegare å utvikle ein norsk politikk uavhengig av interessene til USA. USA er ei imperialistisk stormakt som set eigne strategiske og økonomiske interesser framfor omsynet til fred og utvikling mange stader i verda. Aggressiv utanrikspolitikk frå USA er ei av årsakene til fleire av dei verste konfliktane i verda. USA nektar òg å underleggje seg internasjonale avtalar, til dømes om rustingskontroll og krigsforbrytardomstol. Noreg er difor tent med å gjere seg meir uavhengig av USA.
NATO-medlemskapen bind òg Noreg til å utvikle forsvaret vårt i tråd med det dei internasjonale operasjonane til NATO har trong for. Slik blir norsk evne til å møte utfordringane i nærområda våre svekt. SV meiner Noreg må finne ei anna tryggingspolitisk tilknyting enn NATO og difor forlate organisasjonen. Det er avgjerande at vi finn løysingar som knyter oss til land vi deler tryggingsutfordringar med. Ein ny alliansepolitikk for Noreg inneber først og fremst å gå i retning av ein nordisk forsvars– og tryggingspolitisk fellesskap og å styrkje norsk innsats i FN.
11.12 Nedrusting og våpeneksport
Noreg må spele ei aktiv rolle som pådrivar i det internasjonale arbeidet mot spreiing av atomvåpen, og for at atomvåpenstatane oppfyller nedrustingspliktene etter ikkje-spreiingsavtalen. Noreg må ta ei leiande rolle i arbeidet for ein konvensjon som forbyr bruk av atomvåpen.
SV er motstandar av NATO-planane om å byggje eit rakettskjold i Aust-Europa. Rakettskjoldet vil føre til auka spenning og opprusting i Europa, og må difor skrinleggjast. Noreg må ikkje medverke til at rakettskjoldet blir realisert.
Biologiske og kjemiske masseøydeleggingsvåpen er eit stort trugsmål. SV vil difor arbeide for at konvensjonane om slike våpen blir følgde opp, at det blir etablert nye forbod mot slike våpen og at det blir skapt eit internasjonalt press mot statar som måtte ha eller utvikle dei.
Handvåpen og lette våpen er det største tryggingsproblemet for flest menneske i verda. Å få eit betre regelverk for å hindre spreiing av lette våpen til land med mykje vald, hastar. SV vil at Noreg skal ta ei leiarrolle for å få etablert ein internasjonalt, legalt bindande avtale som regulerer all handel med konvensjonelle våpen.
Skal Noreg ha ein forsvars– og tryggingspolitikk uavhengig av stormakter, treng vi ein viss grad av eigen våpenproduksjon. SV vil likevel at denne produksjonen skal rettast inn mot våpen som passar inn i den defensive innretninga som norsk forsvarspolitikk må ha. SV vil arbeide for fullt innsyn i norsk våpeneksport, og for at regelverket for våpeneksport skal handhevast langt strengare. SV vil arbeide for at eit eksportkontrollråd blir oppretta og at Stortinget blir nærare involvert i godkjenning av våpeneksportlisensar.
Ei sluttbrukarerklæring må krevjast frå alle land Noreg sel våpen til, for å hindre uynskt bruk eller vidareeksport til land Noreg ikkje ynskjer å selje våpen til. Desse krava må òg gjelde ved sal til NATO-land. Staten må bruke eigedelane i norsk våpenindustri til å sørgje for at sal av våpen og ammunisjon skjer etter like gode reglar som dei norske, òg når dei blir selde frå fabrikkane til eit norskått konsern i andre land.
Noreg må innføre sporingsmekanismar på våpen og ammunisjon. Våpen og ammunisjon som blir produserte i Noreg, må merkast med produsent, førstekjøpar og produksjonsparti, og Noreg må arbeide for ein tilsvarande, internasjonal merkingspraksis.
11.13 Eit meir solidarisk Noreg
SV vil at Noreg skal føre ein human flyktningpolitikk basert på klare prinsipp og kriterium. Norsk asylpolitikk er i dag for streng, og fører til at menneske som treng vern, blir avviste.
Dei aller fleste flyktningar i verda er på flukt i eige land, og er ikkje omfatta av dei internasjonale avtalane om flyktningrettar. Det internasjonale samfunnet må sikre tilgang til humanitær hjelp, og Noreg må arbeide for at FN-retningslinene for vern av internt fordrivne blir følgde. Svært mange flyktar til naboland og nokre få flyktningar hamnar i dei rike landa. SV vil at Noreg hjelper meir til med å løyse desse utfordringane både ved å ta imot fleire i Noreg og ved å arbeide for eit sterkare internasjonalt samarbeid. Dei landa som tek imot flest flyktningar, er fattige naboland. SV vil ta initiativ til å etablere eit fond i FN-regi som kan medverke til å finansiere tiltak for vern av desse flyktningane.
Å søkje asyl er ein menneskerett. SV vil verne om retten til asyl og sikre folk som flyktar til Noreg ei rettvis behandling av søknad om asyl. Eit minstemål er at tilrådingane frå FNs høgkommissær for flyktningar (UNHCR) blir følgde. Norske styresmakter har ansvar for å prove at det er trygt å sende asylsøkjarar med endeleg avslag tilbake til heimlandet. SV støttar rask tilbakesending av dei som får avslag. SV støttar òg tiltak som kan setje grenser for at menneske utan krav på vern kjem til Noreg for å søkje asyl. Men SV godtek ikkje at slike tiltak svekkjer sjansen for vern av flyktningar som kvalifiserer til det. Innstrammingane i norsk asylpolitikk frå hausten 2008 som SV gjekk imot, må difor reverserast. Situasjonen for og rettane til ureturnerbare flyktningar må forbetrast. Så lenge tryggingssituasjonen held fram og blir verre, må Noreg stoppe tvangsutsendingar av afghanske asylsøkjarar.
SV vil at ei maksimal tidsgrense skal fastsetjast. Etter den kan asylsøkjarar utan endeleg vedtak eller dei som ikkje kan returnerast, få ny handsaming av søknaden sin. Ved ny vurdering skal ventetida tilleggjast avgjerande vekt i retning av opphald. Opphaldstida til born skal spesielt leggjast vekt på.
SV vil arbeide for raskare busetjing av flyktningar som har fått opphaldsløyve i kommune. SV vil aktivt støtte oppmodinga frå utlendingsstyresmaktene om busetjing av flyktningar til respektive kommunar. SV vil arbeide for ein betre familiesamanføringspolitikk slik at familiar raskare kan leve saman i Noreg.
SV ynskjer å sikre kvinneretten til å få asyl med bakgrunn i kjønnsbasert forfølging i heimlandet. Det er viktig at kvinner som søkjer asyl, blir møtte av personar med nødvendig kompetanse, mellom anna om seksualiserte overgrep, for å sikre at rettane deira blir tekne vare på.
SV meiner Noreg bør ta imot eit høgt tal på flyktningar. Talet på kvoteflyktningar Noreg tek imot kvart år via UNHCR, må aukast frå nivået i dag. Dette må sjåast i samanheng med talet på asylsøkjarar elles som får opphald, slik at vi sikrar at alle får rask busetjing i kommunane. EU-samarbeidet om asyl-, flyktning– og visumpolitikk fører til ei vilkårleg behandling av asylsøkjarar. SV vil at Noreg skal gå ut av dette samarbeidet.
For å unngå at land kjenner seg tvinga til innstrammingar i flyktningpolitikken og rettstryggleiken til menneske på flukt må Noreg arbeide for ein internasjonal flyktningdomstol.
SV vil styrkje rettstryggleiken til asylsøkjarar. Systemet er i dag for lukka, for vanskeleg å etterprøve og for lite føreseieleg. Utlendingsnemnda bør difor erstattast av eit system med særdomstol som i Sverige. Slik vil asylsøkjarar få høve til å prosedere sakene sine, og vanlege rettsprinsipp vil bli lagde til grunn for handsaminga. I ei slik omlegging må regjeringa likevel ta vare på høvet til å styre utlendingsfeltet gjennom føresegner slik at feltet ikkje blir avpolitisert.
For meir om inkludering sjå kapittel 10 «Likestilling og likeverd»
Sist endret: 20.08.2009 kl. 15:16












Skriv ut
Tips/Del