Kapittel 12: Mykje meir demokrati
Foto: Magnus Borgen / SV
SV vil utvide, fordjupe og fornye demokratiet.
Grunnlaget for ei rettvis fordeling av gode og byrder i samfunnet vårt er ei rettvis fordeling av makt. Vanlege menneske har framleis svært innskrenka makt over eige samfunn og eige arbeid i Noreg. Difor vil SV utvide, fordjupe og fornye demokratiet. Kjernen i ein sosialistisk politikk er kampen for meir demokrati.
12.1 Å utvide demokratiet
Målet er eit folkestyre med større rekkjevidd enn i dag. Demokratiet må utvidast til dei delane av samfunnet som i dag er prega av at makta er samla hos nokre få. Særleg gjeld dette økonomien.
Offentleg eigarskap skal sikre demokratisk styring og folkevald kontroll over nøkkelfunksjonar i samfunnet vårt. Eit sterkt og aktivt offentleg eigarskap har dessutan vist seg å vere ein effektiv måte å forvalte viktige, nasjonale ressursar og verdiar på. SV vil difor gå imot all privatisering av statleg eigedom. I staden vil SV auke den offentlege eigarskapen og arbeide for at tidlegare privatiserte og delprivatiserte selskap blir førde attende til offentleg eige. Særleg ynskjer SV å auke fellesskapsmakta over viktig infrastruktur, nøkkelindustri, naturressursar og i finanssektoren. På same måte er det avgjerande for SV at velferdstenestene og utdanningssystemet i samfunnet er eit offentleg ansvar og under tydeleg, folkevald styring. Den statlege eigarskapen må òg bli meir aktiv. Eigarskapsstrategien for kvart einskilt selskap staten har eigarinteresser i, skal forankrast i Stortinget.
SV ynskjer ein ny, sosialistisk finanspolitikk. Den offentlege eigarskapen og kontrollen over finansinstitusjonane må aukast slik at investeringar og ressursar kanaliserte gjennom finanssektoren, blir brukte til samfunnsnyttige føremål framfor spekulasjon og mål om kortsiktig profitt.
SV vil utvikle ein tredje sektor i norsk økonomi og næringsliv basert på samvirke og verksemder åtte av dei tilsette. At dei tilsette sjølve eig arbeidsplassen sin vil seie at lønstakarane får meir makt over kvardagen. Demokrati på arbeidsplassen vil òg stimulere til å finne meir effektive løysingar, og vere ei form for eigarskap som er meir oppteken av trygge arbeidsplassar enn å auke verdien på børsen. SV vil ha ei ny selskapsform for slike demokratiske verksemder som er åtte og styrde av dei tilsette i fellesskap. SV vil òg leggje til rette for fleire samvirke. Staten må leggje til rette for utviklinga av ein slik ny og meir demokratisk, privat sektor gjennom tiltak som kan gje slike verksemder tryggare rammevilkår. Staten bør til dømes leggje til rette for at samvirkebaserte finansinstitusjonar som kan sørgje for kapitalinngang til ein slik sektor, kan bli oppretta, og at såkornfonda eller andre statlege fond får mandat til å yte kapital òg til verksemder åtte av dei tilsette.
Høvet eigarane har til å flytte eller leggje ned lønsame arbeidsplassar er eit demokratisk problem. SV vil gje tilsette forkjøpsrett til eigne arbeidsplassar i samarbeid med styresmaktene når eigarane vil flytte verksemder ut av landet. Viss verksemda likevel blir flytta ut av landet, skal dei tilsette ha krav på etterløn. SV vil arbeide for ei ny og sterkare ervervslov som kan hindre utflytting og spekulative oppkjøp.
I kapitalistiske verksemder kan òg mykje gjerast for å gjere arbeidslivet meir demokratisk. SV vil gjere framlegg om at tilsette kan krevje styrerepresentasjon i verksemder med meir enn ti tilsette. For å auke påverknaden dei tilsette har i selskapa, vil SV i første omgang tilrå at deira del av røystene på generalforsamlinga i selskapet skal aukast til 40 prosent. Ein annan måte å flytte meir makt til arbeidstakarane på er å stimulere til auka tilsetteigarskap i eksisterande verksemder. Mange verksemder betalar ut store aksjeutbytte og gjev leiarane store opsjonar og bonusar. Arbeidstakarane vil i mange tilfelle ha eit anna perspektiv og vere meir opptekne av å ta vare på arbeidsplassar og verdiskaping i verksemda. SV vil difor arbeide for at dei tilsette får høve til å ta avgjerder om delar av overskotet i verksemda.
12.2 Å fordjupe demokratiet
SV vil arbeide for å styrkje makta politikken har over marknadskreftene, styrkje dei folkelege rørslene, flytte avgjerder nærmare innbyggjarane og gjennom det styrkje tilliten til kva politisk arbeid har å seie. Dette kan skje gjennom å styrkje nærmiljøarbeid, bydels– og bygdeutval eller andre former for deltakande demokrati. Å flytte avgjerder og ressursar til nærmiljøet vil styrkje lokalt engasjement og ta i bruk lokal kunnskap og engasjement.
Staten bør støtte kommunar som ynskjer å overføre makt direkte til innbyggjarane i kommunen, slik at dei kan høve til å påverke prioriteringane i lokalsamfunnet.
I tilegg til å leggje til rette for å oppfylle det kommunelova seier om innbyggjarinitiativ, kan dette til dømes vere aktiv bruk av folkerøystingar, opne spørjetimar, utvida høyringspraksis og andre demokratifremjande ordningar.
SV går inn for reformer som kan skape eit meir deltakande demokrati i Noreg. Sjølv om det politiske systemet vårt byggjer på representative organ, er det mange politiske avgjerder som kan takast direkte av folk sjølve. Dette kan skje gjennom auka bruka av folkerøystingar eller gjennom andre former for deltakande demokrati, til dømes gjennom deltakande budsjettering i samband med kommunebudsjetta. SV vil òg at folket skal få direkte framleggsrett i dei folkevalde organa på nasjonalt nivå.
Folkestyre må innebere noko meir enn retten til å velje kven som skal styre. Folkestyre må òg innebere at dei folkevalde kan stillast til ansvar utanom vala. SV vil tilrå ei ordning der veljarane får rett til å krevje nytt val av Storting viss minst 25 prosent av veljarane skriv under på eit slikt krav. Liknande ordningar bør innførast for fylkesting og kommunestyre.
Ein viktig del av demokratistyrkinga er å sørgje for at alle delar av folket har høve til deltaking og representasjon. Kvinner er framleis underrepresenterte i dei folkevalde organa. Ungdom må gjevast betre høve til å kunne påverke. Ei rekkje plikter og rettar som er politisk avgjorde, gjeld frå 16-års alder. Det er difor naturleg å setje ned røysteretten til 16 år.
For kjønnskvotering i politikken sjå kapittel 9 «Feminisme, kjønnsmakt og motmakt».
Det må bli enklare å røyste, mellom anna ved at vidaregåande skular og høgare utdanningsstader i større grad blir brukte som røystestader.
SV ynskjer at avgjerder skal takast så nær dei det vedkjem som råd. Kommunen er den viktigaste lokaldemokratiske arenaen. Den viktigaste føresetnaden for eit meir levande lokaldemokrati er difor framleis styrking av kommuneøkonomien gjennom auka overføringar frå staten. Det er betre økonomi som kan gje det lokale folkestyret handlingsrommet som trengst for å utvikle seg.
SV arbeider for ei desentralisering av makt i Noreg. Makt må overførast både frå statleg politisk nivå og frå forvalting, til regionalt og lokalt politisk nivå. Vilkåret er at den faglege kompetansen blir sikra. Færre av dei statlege overføringane til kommunane bør vere øyremerkte, sjølv om øyremerking i ein del tilfelle er nødvendig for å sikre likeverdige vilkår for folk over heile landet. SV går imot at kommunar skal slåast saman med tvang frå statleg hald. Avgjerder om kommunesamanslåingar må takast lokalt.
SV går inn for å halde oppe tre forvaltingsnivå. Dei tre forvaltingsnivåa må handle saman i sterkare grad enn dei gjer i dag, mellom anna gjennom bruk av gjensidig bindande partnarskapsavtalar.
SV vil motarbeide ei utvikling der politiske organ misser ansvar til byråkrati og marknad. SV vil difor ha færre direktorat og meir direkte, politisk styring.
12.3 Å fornye demokratiet
SV vil at Grunnlova skal fornyast og oppdaterast. Ho må skrivast i moderne, norsk språkdrakt for å gjere henne lettast mogleg å forstå for folket. Grunnlova må på ein meir direkte måte enn i dag verne menneskerettane og sentrale politiske rettar som foreinings-, forsamlings– og demonstrasjonsfridomen i tillegg til streikeretten.
Monarkiet er ei avleggs statsform. I eit demokrati kan ikkje viktige samfunnsposisjonar gå i arv. SV vil difor avskaffe monarkiet og innføre republikk som styringsform i Noreg. Ein norsk republikk bør byggje på den styringsforma vi har i dag, og treng ikkje å føre til noka ny presidentrolle.
Ordninga med statskyrkje er òg avleggs. SV vil difor gå inn for eit fullstendig skilje mellom stat og kyrkje. Noreg er i dag eit samfunn med eit stort, religiøst mangfald. I tillegg er ein monaleg del av folket ikkje religiøst. Staten må difor vere nøytral i trusspørsmål. Det er difor heller ikkje akseptabelt at folkeregistreret har fungert som medlemsregister for Den norske kyrkja. Kyrkja må gjennomføre ei rundspørjing mellom alle medlemmene sine for å få klargjort kven som ynskjer å stå som medlemmer.
12.4 Den demokratiske samtalen
Ein fri samfunnsdebatt er livsnerven i demokratiet. Ytringsfridommen må difor forsvarast og utvidast. I dag set kommersialiseringa av det offentlege rommet grenser for den frie samfunnsdebatten. Pengesterke grupperingar kan kjøpe seg plass i det offentlege rommet med reklame og eigarskap i mediebransjen. SV vil kjempe imot ei slik utvikling.
SV arbeider for spreidd eigarskap i media. Medieeigarskapslova har ikkje i stor nok grad hindra konsentrasjon av eigarmakt i media. Ein heilskapleg gjennomgang av mediepolitikken må difor til. Pressestøtta bør aukast for å stimulere til ein allsidig avisflora. Han skal brukast til å sikre breidde og mangfald, både politisk og språkleg. Pressestøtta må òg kunne brukast til å styrkje alternativ på internett, og slik føre til utjamning når det gjeld å nå ut med informasjon. Det må òg bli råd å støtte etablering av nye aviser. Produksjonstilskotet skal sikre små lokalaviser og nummer 2-avisene i byane. Dette tilskotet har lenge fått lågare realverdi, og må aukast monaleg om mangfaldet i media skal oppretthaldast. NRK må utviklast vidare som allmennkringkastar.
Innsyn i offentleg sektor er avgjerande for demokratiet. Retten tilsette og tillitsvalde har til å uttale seg offentleg må vernast. Det bør òg så langt det er råd vere innsyn i kven som prøver å påverke dei som tek avgjerder. SV meiner difor at det må innførast eit lobbyregister for Stortinget og regjeringa, der møteverksemda mellom lobbyistar og politikarar blir registrert.
SV vil verne om retten einskildmennesket har til privatliv og til politisk organisering utan innsyn frå styresmaktene. Somme lovendringar i tillegg til trekk ved den teknologiske utviklinga har dei siste åra gjort overvaking av borgarane lettare og meir utbreidd. SV vil stoppe denne tendensen og leggje stor vekt på tilrådingane frå Datatilsynet i slike saker. SV vil ha strenge restriksjonar når det gjeld tilgang til datalagring av opplysningar om kommunikasjonen og rørslene til innbyggjarane og når det gjeld høve til kameraovervaking og avlytting.
Noreg må ikkje bli eit teknologisk delt samfunn med eit skilje mellom dei som har tilgang på informasjon og teknologi, og dei som ikkje har det. SV ynskjer difor auka bruk av opne standardar, og vil leggje til rette for dette i offentleg forvalting.
12.5 Forbrukarmakt
Den einskilde forbrukaren er ofte makteslaus mot informasjonsovertaket til selskapa og store høve til marknadspåverknad. Arbeidet med å styrkje forbrukarretten til informasjon og høve til å klage på dårlege produkt og tenester må halde fram.
Altfor store ressursar i samfunnet vårt forsvinn i marknadsføring. Den store reklamemengda vil seie at pengar er avgjerande for å nå det offentlege rommet. SV arbeider for ein vesentleg reduksjon i reklamepresset i Noreg. Reklameboards i byane bør ikkje tillatast. Mengda med reklame i posten kan reduserast drastisk ved å innføre eit prinsipp om at berre dei som aktivt seier ja, skal få uadressert reklame i posten. Telefonsal skal på same måte berre kunne gjennomførast overfor kundar som har sagt aktivt ja til dette. SV vil ha eit restriktivt regelverk når det gjeld fjernsynsreklame, og vil framleis ha forbod mot politisk reklame på fjernsyn.
12.6 Demokratisk mobilisering
Folkeleg mobilisering og engasjement er ein føresetnad for demokratisk og radikal endring. SV vil difor spele på lag med folkelege rørsler i arbeidet vårt for å skape ei meir rettvis verd og for å endre Noreg.
Noreg har ein stolt tradisjon med eit allsidig organisasjonsliv som har drive fram ei demokratisk og sosial utvikling. Gjennom å organisere oss i friviljuge organisasjonar har kvar og ein av oss større høve til å påverke avgjerder og skape noko saman. SV vil styrkje arbeidet til dei friviljuge organisasjonane gjennom å sørgje for stabile og føreseielege rammevilkår og gjennom å skape eit nært samarbeid mellom organisasjonane og det offentlege. Det er i samband med dette òg viktig at staten tek ansvar for å stimulere til auka fagorganisering.
Dei folkevalde organa må ha høg legitimitet. Det er difor viktig å vidareføre skiljet mellom Stortingsval og lokal– og fylkestingsval slik at det blir lettare å etablere lokale dagsordenar. Forsøk der fylke og kommunane i desse fylka kan halde val på ulike tidspunkt bør setjast i verk for å styrkje den lokale dagsordenen.
12.7 Mindre marknad, meir fridom
I Noreg har konkurranse og marknadstenking blitt innført på ei rekkje samfunnsområde dei siste to tiåra. Marknadssamfunnet skapar òg ei maktgliding. I staden for at makt over utforminga av samfunnet ligg i politiske organ, blir ho plassert i institusjonar der kvar einskild har lite høve til å påverke. I marknaden står individet åleine, ofte mot aktørar med mykje større ressursar og langt meir innsyn. I mange tilfelle blir resultatet difor dyrare og mindre effektive tenester. Den same utviklinga har òg ført med seg ei byråkratisering og rettsleggjering som har mange negative følgjer. SV vil erstatte tenkinga frå New Public Management med ein samhandlingsmodell som byggjer på samarbeid og heilskap, framfor konkurranse og marknadsteoretiske prinsipp.
Det er tid for å satse på å løyse fleire oppgåver i fellesskap att. Det gjev den einskilde meir fridom, fordi det gjev større høve til å påverke, og fordi det ikkje tvingar folk inn i ei kunderolle i stadig fleire delar av tilværet. SV går inn for at det blir sett ned ein kommisjon for å gå gjennom resultata av den deregulerings– og konkurranseutsetjingspolitikken som tidlegare har vore gjennomført i Noreg med sikte på å foreslå reversering av dei reformene som har vore til skade.
Sist endret: 20.08.2009 kl. 15:37










