Kapittel 2: Klima og miljø
Foto: Dag Kjærnet
Klimaendringane er eit trugsmål mot alle menneske. Samstundes gjev klimatrugsmålet nye sjansar til å gjennomføre radikale endringar i retning av eit meir miljøvenleg og menneskevenleg sosialistisk samfunn.
Berekraftig utvikling er ein grunnfesta del av SV-politikken, og dette omgrepet rommar eit absolutt krav om solidaritet med komande generasjonar. Ein politikk for berekraftig utvikling inneber vern av miljøressursar og ei forsvarleg forvalting av naturressursane. I dag belastar det rike mindretalet av folkesetnaden på jorda miljøet og ressursane så sterkt at dei andre ikkje får rom til velstandsvekst utan at tolegrensene til jorda blir sprengde. På fleire område er desse grensene alt overskridne. I tillegg råkar miljøøydeleggingar hardast dei som har minst høve til å tilpasse seg endringar. Det er òg ei utfordring at økonomiske strukturar i mange tilfelle fremjar ikkje-berekraftig bruk av naturressursar i fattige land.
Skal vi løyse klimaproblemet, må det takast i bruk langt kraftigare verkemiddel og mykje større ressursar enn det som blir gjort i dag.
Den største og viktigaste utfordringa i vår tid er å løyse dei globale klimaproblema. Forskarane i FN-klimapanelet har vist oss at temperaturauken på jorda ikkje må gå over to gradar, viss vi skal hindre store skadar på menneske og miljø som ikkje kan rettast opp att. Skal vi nå togradarsmålet, må utsleppa globalt reduserast seinast i 2015 og totalt reduserast med 50–85 prosent innan 2050. I dag aukar utsleppa både i rike og fattige land. Skal vi løyse klimaproblemet, må det takast i bruk langt kraftigare verkemiddel og mykje større ressursar enn det som blir gjort i dag.
Noreg, med oljeformuen sin, har eit spesielt ansvar for å vere med på å løyse dei globlae klimautfordringane. Viss dei fattige landa skal kunne heve levestandarden slik vi i Vesten har gjort, må den høgaste reduksjonen av klimautslepp skje i dei industrialiserte landa. På same tid må vi gjennom teknologioverføring og anna hjelp gjere vårt til at velferdsutviklinga i fattige land ikkje baserer seg på same fossile energibruk som ligg til grunn for den økonomiske veksten vår.
SV meiner det både er påkravd og mogleg å omstille Noreg til eit framtidssamfunn med låge utslepp. I kjølvatnet av den økonomiske krisa vil ei rekkje verksemder gå gjennom store omstillingar. Det er avgjerande at desse omstillingane fører til ny, miljøvenleg verdiskaping. SV vil byggje landet med nye arbeidsplassar, ny infrastruktur og nye idear for eit moderne og miljøvenleg Noreg. Omstillingar blir kravde både i næringslivet og i det offentlege. Den einskilde må òg endre forbruksmønster i meir miljø– og klimavenleg retning.
2.1 Målsetjingar og verkemiddel i klimapolitikken
SV meiner målsetjingane i klimapolitikken må byggje på vitskaplege reknestykkje som viser kor store globale utsleppskutt som må til, for å nå togradarsmålet. Ei rettvis internasjonal fordeling av byrdene må liggje til grunn for desse kutta.
SV arbeider for ein internasjonale klimaavtale der alle menneske i verda blir behandla likt ved at det blir sett eit strengt globalt tak på utslepp som sikrar ein høg kostnad ved å ureine og ei landvis fordeling av byrdene for å oppnå målet. Utsleppsrettane til kvart einskilt land skal vere basert på innbyggjartal. I tillegg må ein avtale binde dei rike landa med det historiske ansvaret og dei finansielle musklane til å betale både for eigne utsleppsreduksjonar og utsleppsreduksjonar i fattige land, og på den måte vere med på å jamne ut globale skilnader på inntekts– og velferdsnivå.
I tråd med dette meiner SV at Noregs utslepp av klimagassar må reduserast til maksimalt 30 millionar tonn CO2-ekvivalentar innan 2020, noko som svarar til ein 40 prosent reduksjon frå 1990-nivå. Innan 2050 må Noreg ha tilnærma nullutslepp av klimagassar. I tillegg til desse nasjonale bindingane må Noreg hjelpe til internasjonalt med finansiering, teknologioverføring og mobiliserings– og informasjonsarbeid som reduserer klimagassutsleppa i utviklingsland.
Dersom vi legg dette til grunn for Noregs klimapolitikk, vil det vere styrande for planlegging av all verksemd i samfunnet. Vi må frå i dag ta ei fast avgjerd om at det ikkje skal byggjast nye, store utsleppskjelder, og det må leggjast konkrete planar for omstilling og reinsing av utsleppa i alle sektorar. Utset vi ei nødvendig omstilling, vil det bli langt meir dramatisk og mykje dyrare å gjennomføre dei nødvendige utsleppskutta.
SV meiner at målsetjingane og dei viktigaste verkemiddela i klimapolitikken må lovregulerast. SV vil styrkje ureiningslova og andre relevante lovverk for å sikre reduserte utslepp. Det må stillast krav om klimahandlingsplanar i alle kommunar og fylke, og det må sikrast tilstrekkeleg kompetanse til utarbeiding og gjennomføring av desse. SV vil arbeide for at det blir oppretta klimaseksjonar i alle fagdepartement for å sikre forståing for klimafølgjer av sakene dei handsamar.
Det skal løne seg å leve miljøvenleg. SV arbeider difor for ei grøn omlegging av skatte– og avgiftssystemet. Reduksjon av utslepp kan oppnåast gjennom satsing på miljøteknologi, lovregulering av utslepp og prinsippet om at ureinar betalar. Grøne skattar og avgifter reduserer etterspurnaden etter miljøfiendtlege produkt, aukar konkurransekrafta til miljøvenlege alternativ og skaffar inntekter som kan brukast på miljøtiltak og kompensasjon til låginntektsgrupper. SV meiner at delar av inntektene frå grøne skattar og avgifter bør øyremerkjast miljøføremål, slik at til dømes inntekter frå ei rushtidsavgift blir brukt på kollektivtransport i same område. På same tid er det viktig å sikre det fordelingspolitiske perspektivet i skattesystemet. Fordeling og miljø må gå hand i hand for å sikre brei folkeleg støtte for miljøpolitikken, og det må takast omsyn til følgjene for lokal busetnad og sysselsetjing. SV arbeider difor for ei grøn skatteveksling med fordelingsprofil. Det vil seie at miljøskattar blir kompenserte som lågare skatt på arbeid for dei med lågast inntekt.
Klimautfordringane gjer at ei svært rask og omfattande omstilling til eit samfunn med låge klimautslepp er uunngåeleg. Stern-rapporten slår fast at om lag 1 prosent av global BNI må brukast til klimatiltak i åra framover, viss ein vil unngå langt større kostnader i framtida. Ei rettvis byrdefordeling inneber at dei rike landa må bruke mellom 1,5 og 3 % av BNI. SV meiner difor det er naudsynt og ansvarleg å bruke delar av midlane i Statens Pensjonsfond til å gjere større investeringar som vil redusere norske klimautslepp i framtida. Samstundes meiner SV at pensjonsfondet må få ein sterkare klimaprofil. Det må stillast sterkare miljøkrav til selskapa fondet investerer i, og det må berre kjøpast statsobligasjonar i land som vil ta på seg klimareduserande oppgåver. Ein monaleg del av oljefondet bør investerast i selskap som driv med fornybar energi og miljøteknologi.
Noreg kan bli internasjonalt leiande når det gjeld finansiering av klimavenleg teknologi og forsking. SV meiner Noreg, i tråd med tilrådingane i Stern-rapporten, må setje av 1,5–3 prosent av årleg BNI til klimatiltak fram til ein klimaavtale som set tak på utsleppa i alle land, er på plass. Dei første 100 milliardane bør setjast av til eit internasjonalt forskingsfond som finansierer utvikling av klimavenleg teknologi på ein måte som sikrar at tiltak kan gjennomførast raskt. Både statar, forskingsmiljø og verksemder over heile verda kan søkje om midlar. Hovudmåla for fondet må vere å stimulere til teknologisk utvikling og raskast mogleg innføring av lågkarbonteknologiar i utviklingsland og veksande økonomiar. Noreg bør òg sterkt medverke til internasjonalt informasjonsarbeid og global mobilisering mot klimatrugsmålet.
Noreg må gjennom teknologioverføring til fattige land medverke til meir klimavenleg økonomisk vekst. Ikkje minst gjeld dette u-land med sterk vekst. Utvikling og miljø heng nært saman. SV meiner miljørelatert bistand bør stå for 15 prosent av norsk bistand. Noreg må halde fram, og styrkje, innsatsen for å ta vare på regnskogen. Noreg må òg hjelpe dei som alt er råka av klimaendringane.
System for handel med klimakvotar er etablerte. Det er viktig for Noreg å ta del i utviklinga av slike system, men einsidig tru på kvotehandel som verkemiddel i klimapolitikken kan føre til at tiltak og utvikling av ny teknologi som trengst, blir utsette. Kvotehandel vil først vere eit effektivt verkemiddel om det går inn som eitt av fleire tiltak i regionale og internasjonale avtalar mellom land. Føresetnaden er at landa set klare tak på utslepp og har godt utvikla lov– og regelverk som blir følgde. Eit alternativ til kvotehandel kan vere ei internasjonal CO2-avgift. Kvotehandel mellom land med utsleppsbindingar, som mellom Noreg og EU-land, sikrar at utsleppa blir reduserte på ein effektiv måte. Kjøp av kvotar frå land utan utsleppsbindingar medverkar til pengeoverføring og miljøfokus i utviklingsland, men det er klart at slike kvotekjøp ikkje alltid fører til utsleppsreduksjonar. SV meiner at slike kvotekjøp ikkje må brukast for å oppfylle klimaforpliktingane til Noreg, men berre til å fremje miljøfokus og overføre pengar til utviklingsland. SV vil at Noreg skal gå lenger enn å oppfylle dei avtale klimaforpliktingane. Dette vil vi gjere gjennom å investere og overføre teknologi til klimaprosjekt i sør, og ved å «kjøpe og brenne» kvotar innafor det mangelfulle kvotesystemet vi har i dag.
2.2 Ein klimavenleg energipolitikk
Visjonen SV har for energipolitikken, er å gjere Noreg til ei miljøvenleg energistormakt. Ei storsatsing på energisparing og energieffektivisering må vere ein viktig del av denne omstillinga. Samstundes må vi bli mindre avhengig av olje. Ei storstilt satsing på ny, fornybar energi vil danne grunnlag for ei ny, miljøvenleg industriutvikling i Noreg. I framtida vil Noreg òg ha eit stort potensial for eksport av rein energi og energikrevjande produkt produserte med rein energi. Dette potensialet må byggjast ut på same tid som eksporten av fossil energi blir trappa ned.
Ein kWh (kilowattime) spart eller attvunne er betre og meir effektivt enn ein ny kWh produsert. Noreg er ein stor energisløsar og har i dag eit energieffektiviseringspotensial på 20–30 TWh. Det vil seie energi tilsvarande om lag ti gasskraftverk. Bygningar representerer meir enn halvparten av dette sparepotensialet. Passivhus må bli standard for nye bygg i framtida. Energi– og nettselskap må gjevast insentiv til å investere i energisparing på lik line med ny produksjon og utbygging av nettet. Støtte til energieffektivisering og energiomlegging må styrkjast. I tillegg finst eit stort sparepotensial i industrien, i betring av kraftnettet og opprusting av eksisterande vasskraftverk. Attvinning av energi, hovudsakleg i industrien, har òg eit potensial på 5–10 TWh. Det må leggjast til rette for at attvinning av energi blir gjort lønsamt.
Energikjelder for framtida er fornybar energi som sol-, vind-, bølgje-, tidevass– og bioenergi og jordvarme. Noreg har høve til å bli ein storprodusent av miljøvenleg energi. På same måte som då Noreg bygde opp vasskraftproduksjonen og seinare den norske olje– og gassindustrien, må staten spele ei sentral rolle i utbygginga av energikjelder for framtida. SV meiner staten før bruke Statkraft i utbygging av ny fornybar energi i Noreg. SV vil arbeide for ei kraftig satsing på framtidsretta forsking og utvikling av fornybar energiteknologi. Staten må etablere rammevilkår som gjer det lønsamt å produsere ny fornybar energi i Noreg. Noreg har enormt potensial for utbygging av vindmøller til havs, og vil i framtida kunne etablere utsleppsfri industriproduksjon og forsyne store deler av Europa med miljøvenleg energi. Utvikling av ein norsk industri knytt til havkraft avheng av at vi òg tek i bruk den vindkraftteknologien som er tilgjengeleg i dag. SV vil difor òg satse på landbasert vindkraft. Utbygging av vindmøller på land må ta utgangspunkt i planar som òg tek andre miljøomsyn, baserte på grundige konsekvensanalysar. Om det er råd å byggje bølgje– og tidevasskraftverk i større skala, bør òg utgreiast.
SV er for ein felles, grøn sertifikatmarknad med Sverige. Fram til ei slik ordning er på plass, må Noreg ha støtteordningar som gjer det lønsamt å byggje ut fornybar energi.
Straum bør først og fremst brukast til lys, elektriske apparat og næringsverksemd – ikkje til oppvarming. For å redusere energitrongen og for å gjere folk flest mindre avhengig av straum til oppvarming, vil SV at det blir gjeve meir stønad til energieffektivisering og omlegging til vassboren varme og nye, fornybare oppvarmingskjelder. SV vil støtte tilrettelegging for auka bruk av bioenergi i lokal– og fjernvarmeanlegg, og utforme finansieringsordningar som medverkar til innføring av vassboren varme i eksisterande bygningar.
Med så mange gode alternativ er det ingen grunn til å fase inn fossil gass i oppvarmingssektoren. SV meiner offentleg støtte til bruk av naturgass utan bruk av CO2-deponering ikkje skal gjevast meir. All fossil oppvarming skal utfasast og bli forbode innan 2013. Parallelt med dette må støtteordningane for omstilling frå fossilt brensel til fornybar varme bli betre.
SV vil arbeide for eit rettvist og klimavenleg prissystem på straum som gjer det lønsamt å spare på straumen. Straumprisen skal vere gradert etter forbruk. Dette vil gjere at det høge luksusforbruket på straum blir vesentleg dyrare enn vanleg forbruk. Nettleiga skal vere rettvis. SV vil fjerne fastleddet på nettleiga slik at det er sjølve straumforbruket folk betalar for. SV vil ha sterkare utjamning av nettleiga. Dette bør skje gjennom kompensasjonar som gjev prisreduksjon i distrikta. SV ynskjer ei betring av nettkapasiteten frå Nord-Noreg og ei styrking av nettet dei stadene det er nødvendig for å overføre rein vindenergi. På same tid vil SV ta vare på reinbeiterettane til samane.
SV meiner det er viktig med eit sterkt offentleg eigarskap i energisektoren. Produksjon og distribusjon av energi skal i størst mogleg grad vere politisk styrt og offentleg ått. SV vil oppretthalde og sikre heimfallsinstituttet for vasskraftressursar og utvide heimfallsinstituttet til òg å gjelde nye eigarsektorar. Når ein ny konsesjonspolitikk for havvindmøller skal leggjast, må offentleg styring stå sentralt. Energilova må endrast med mål om auka prisstabilitet. Dessutan bør oppdekkingsplikta i energilovgjevinga innførast att. Ein bør vurdere å innføre ein lokal naturressursskatt, slik at kommunen får kompensasjon for bruk av areal til produksjon av rein energi.
Auka bruk av kol, olje og gass er den viktigaste årsaka til menneskeskapte klimaendringar. Forbruket av desse energikjeldene må difor fasast ut. Noreg må gjere seg mindre avhengig av olje og gass, og gjere sitt til at nye, fornybare energikjelder erstattar kol og olje internasjonalt. SV meiner Noreg må redusere oljeutvinningstempoet og oljeinvesteringsnivået, og vil ha utarbeidd ein plan for ei slik styrt omstilling. SV vil utsetje tildelinga av nye leitekonsesjonar til ein slik plan er på plass. Ei redusert satsing på petroleum vil vere med på å flytte kompetanse og investeringar over til næringar baserte på ny fornybar energi.
SV meiner somme sårbare havområde må sikrast varig vern gjennom at dei blir gjorde til petroleumsfrie område. Petroleumsfrie område er havområde verna frå olje– og gassverksemd. Der skal det heller ikkje utførast geologiske og petrofysiske granskingar, leiteboring eller andre førebuingar til utvinning. Dette er nødvendig for å sikre ei god forvalting av fiskeriressursane, verne verdfulle delar av norsk natur og kjempe mot klimaproblema. SV meiner omsynet til ei berekraftig forvalting av fiskeriressursane må gå framfor ynsket om auka oljeutvinning i nord. SV meiner at mellom anna områda utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja, og Mørekysten i tillegg, skal gjerast til varig verna, petroleumsfrie område. Noreg skal arbeide aktivt for å sikre naturmiljøet i Arktis, og sørgje for at Arktis får eit like godt miljøvern som områda i Antarktis. Dette kan skje gjennom ein internasjonal traktat som Antarktistraktaten og/eller ved at ein byggjer på prinsippa i Svalbardmiljølova.
SV arbeider for større openheit, innsyn og politisk styring i oljepolitikken. Vi meiner staten må bruke eigarskapen sin i StatoilHydro til å gjere selskapet til eit energiselskap for framtida som satsar på ny, fornybar energi.
Utsleppa i petroleumssektoren må reduserast kraftig gjennom ein plan for elektrifisering av norsk sokkel. Petroleumssektoren må få rammevilkår som gjer det meir attraktivt å gjennomføre klimatiltak på installasjonane. Inntekter frå auka CO2-avgift på norsk sokkel bør øyremerkjast eit fond som skal finansiere store elektrifiseringsprosjekt på installasjonane. Alle nye utbyggingar av olje– og gassfelt må baserast på landbasert kraft eller klimanøytral kraftproduksjon. Dessutan må det vere krav om nullutslepp til luft og sjø for alle igangsette prosjekt. Elektrifisering av sokkelen må dimensjonerast og tilretteleggjast for framtidig bruk med tanke på vindmøller til havs.
SV vil styrkje oljevernberedskapen for å førebyggje ulukker og for å redusere helse– og miljøkonsekvensane av ei eventuell ulukke. SV støttar desentraliserte modellar som den såkalla finnmarksmodellen, der fiskarane er ein aktiv del av vernebuinga. Vidare vil SV styrkje den statlege slepebåtkapasiteten i heile landet, og styrkje og oppdatere oljeverndepota.
Ingen nye gasskraftverk må byggjast utan CO2-handtering frå dag éin. På same tid må vi styrkje forskinga for å avklare usikre moment knytte til CO2-deponering. Infrastruktur for slik CO2-handtering må drivast av staten, medan kostnadene må dekkjast av brukarane gjennom ein eigen tariff. Både pilot– og fullskalareinsing ved Mongstad må fullførast i samsvar med tidsplanen. Gasskraftverket på Kårstø må reinsast eller leggjast ned. Sv meiner industrien må ta sin del av reduksjonane i klimagassutsleppa. Staten bør gjere ein avtale med industrien for å oppnå dette. Ein handlingsplan for CO2-reinsing av andre store punktutslepp i samband med dei eksisterande gasskraftverka i tillegg til industrien i Grenland, skal òg lagast.
Tida for dei store vassdragsutbyggingane er over. Den norske vassdragsnaturen er unik i verdsmålestokk og bør vernast. Verna vassdrag må ikkje opnast for kraftutbygging att. Vassforskrifta, innføringa av vassdirektivet til EU i Noreg, legg opp til ei heilskapleg, økosystembasert forvalting av vassressursane. Nye konsesjonar og revidering av gamle konsesjonsvilkår må samordnast med denne prosessen. Eldre vasskraftverk må moderniserast for å gje større effekt, og overføringslinene må styrkjast. SV er positiv til mikro–, mini– og småkraftverk der dei ikkje kjem i konflikt med viktige natur– og friluftsinteresser.
Atomkraft slepper ikkje ut klimagassar, men genererer høgradioaktivt avfall som må lagrast i over 100.000 år. Atomkraft inneber ein risiko for ulukker med svært alvorlege følgjer for menneske og miljø, og for spreiing av radioaktivt materiale som kan brukast til atomvåpenproduksjon. SV meiner at Noreg må arbeide aktivt for å få stengt atomkraftverka i nærområda våre og vere pådrivar i arbeidet med å rydde opp i atomavfall. SV vil arbeide for ei styrt avvikling av reaktoranlegga på Kjeller og i Halden. Det må gjevast statleg økonomisk støtte til forsking og omstilling av drifta til ny kunnskapsbasert, industriell verksemd.
2.3 Ein klimavenleg transportpolitikk
SV vil auke satsinga på samferdsel dei neste ti åra. All auke bør gå til klimavenleg transport. Investeringar i jarnbane og vegar må fordelast rettvist og tilpassast regionale skilnader i eit langstrakt land. Hovudmålet for SV er å gjennomføre ei grøn modernisering og klimaomstilling av norsk samferdsel.
Den mest effektive måten å redusere klimagassutslepp frå transportsektoren på, er å redusere trongen for transport i samfunnet. SV vil arbeide for at all areal– og samfunnsplanlegging medverkar til å redusere transporttrongen. Den kommunale planlegginga må leggje til rette for at det blir enklast råd for innbyggjarane å nå arbeid, skule og barnehage med minst mogleg bilbruk, til dømes gjennom samanhengjande og trygt nett for gåande og syklande. Vi vil ha ein restriktiv politikk overfor nye kjøpesenter. Sentra skal etablerast slik at det fører til redusert bilbruk. Det er òg klimapolitisk nødvendig å forsterke satsinga på kortreist mat og auka regional sjølvforsyning av varer som er eigna for dette. IKT og breiband er grøne verkty som bør utviklast for å redusere reisetrongen, effektivisere varetransporten og gjere kollektivtransporten meir brukarvenleg.
Ein tredel av norske klimagassutslepp kjem frå vegtrafikk, sjøtransport og luftfart. Transportsektoren har auka utsleppa sine med nær 30 prosent frå 1990 til 2007 og har passert både industrien og olje– og gassnæringa som utsleppskjelde. Prognosane viser ein vidare vekst på meir enn 30 prosent om vi held fram som no. Lokale miljøproblem gjer det òg nøvendig med nye transportløysingar. Vegtrafikken er ei hovudkjelde til svevestøv og står for 80 prosent av dei registrerte støyplagene våre. Vekst i biltrafikk vil bandleggje mykje meir matjord på landet og areal i byane enn vekst i kollektivtrafikk vil gjere.
SV arbeider for ei heilskapleg og langsiktig finansiering av samferdsleprosjekt som gjev føreseielege rammer for utbygging. Dette er ikkje minst viktig i arbeidet med å planleggje og finansiere ei heilt påkravd omlegging til eit meir klimavenleg transportsystem.
SV vil gjere jarnbana til eit attraktivt og lønsamt alternativ til bil– og flytrafikk. SV vil modernisere og utvide det norske jarnbanenettet slik at toget blir eit naturleg førsteval for dei fleste lange og mellomlange reiser i Sør-Noreg. For å lukkast med dette vil SV etablere eit høgfartsnett mellom dei store byane i Sør-Noreg, kombinert med ei stor nærtrafikksatsing på jarnbane. I komande periode vil SV trappe opp investeringane i jarnbana til ti milliardar kroner årleg. SV ynskjer òg ei utgreiing av jarnbane i Nord-Noreg.
I komande planperiode vil SV prioritere å modernisere og utbetre jarnbanenettet. Kapasitet og det å vere presis både for persontrafikk og gods må forbetrast gjennom fullføring av fjernstyring, nok kryssingsspor og fjerning av strekningar der ein må køyre sakte. I tillegg må togsetta oppgraderast for å gjere jarnbana konkurransedyktig. Det vil mellom anna seie at alle togreisande bør ha nettilgang. Dei store investeringane må i første omgang konsentrerast om nærtrafikk ved byane og fullføring av dobbelspor i intercity-trianglet. SV vil arbeide for å få gjennomført dei prosjekta partiet har prioritert i arbeidet med Nasjonal transportplan for perioden. Utbetringar og utbyggingar av jarnbanenettet må dimensjonerast og tilpassast krava til eit framtidig høgfartsnett.
Talet på reisande med fly mellom dei store byane i Noreg er så høgt at fleire strekningar ligg i europatoppen. Dette gjev eit grunnlag for å etablere eit høgfartsnett mellom dei store byane i Sør-Noreg og Skandinavia. SV vil starte utbygginga av høgfartsnettet innan 2015. Planlegging og vedtak om finansiering må gjerast i stortingsperioden 2009–2013, slik at første strekning kan prioriterast.
Planlegginga må sjå snøggtog som del av ei integrert og heilskapleg kollektivløysing. Ho må ta høgd for særnorske tilhøve, og må sjå på løysingar som gjer at snøggtog òg kan fungere som intercitytog i tettbygde område. SV vil styrkje det internasjonale samarbeidet for å gjere det lettare å reise med tog mellom land.
SV vil følgje opp Nordisk råds vedtak om eit tett samarbeid for å byggje ut jarnbane og andre klimavenlege transportløysingar mellom dei nordiske landa.
Med dei klimautfordringane vi står overfor, må utsleppa frå luftfarten i Noreg reduserast. SV vil innføre ei avgift på flyavgangar som skal øyremerkjast bygging av høgfartsnett. Noko av inntektene må òg brukast til å redusere prisane for flytilbodet på delar av Vestlandet og Nord-Noreg. SV seier nei til ei tredje rullebane på Gardermoen og til fleire rullebaner ved dei andre store flyplassane. I store delar av distrikts-Noreg der jarnbane ikkje er eit alternativ, vil SV arbeide for eit godt flytilbod parallelt med at eksisterande busstilbod vert styrkt.
I dag blir altfor mykje gods frakta på veg i Noreg. Dette er lite miljøvenleg og skaper farlege situasjonar i trafikken. Målet må vere at ein større del av godstransporten skjer med skip og jarnbane, noko som krev opprusting både av jarnbanenett og hamner, og at det blir lagt til rette for løysingar som gjer eit skifte mellom transportformer lettare.
Kollektivtransporten skal vere ryggrada i transportsystemet i byane og nærområda deira. SV vil styrkje tilskota til kollektivtransport slik at han kan tilby konkurransedyktige billettprisar med gode overgangsvilkår. Rimeleg pris saman med god frekvens og fleksibilitet er grunnleggjande for eit godt kollektivtilbod. SV vil ha forsøk med gratis kollektivtrafikk. SV vil òg arbeide for at studentar, elevar, lærlingar og all ungdom under 20 år skal få tilbod om eit kort som gjev rimelege kollektivreiser. SV vil gje statleg støtte til system for parkering med skyss i kommunane.
Organiseringa av lokal kollektivtrafikk er viktig for å lukkast med dei politiske måla. Anbodssystemet fører ikkje til ein betra kollektivtrafikk, men fører til press på løns– og arbeidsvilkåra til dei tilsette. SV er difor mot anbodssystemet. Andre organisasjonsformer for kollektivtrafikk bør vurderast. SV vil prioritere kollektivnettet framfor vidare veg-utbygging i byområde. Lokale vegpakkar bør erstattast med regionale transportpakkar som kombinerer offentlege løyvingar og eventuelle trafikkinntekter. Slike transportpakkar skal prioritere kollektivtrafikk og gang– og sykkelvegar, og innehalde tiltak som fører til redusert biltrafikk. SV vil arbeide for minimum ei dobling av den statlege vederlagsordninga for kollektivtransporten i dei store byane. I samband med tildeling av statlege tilskot vil SV stille som vilkår at byområda innfører rushtidsavgifter, restriktiv parkeringspolitikk eller andre tiltak som reduserer biltrafikken tilsvarande. Ein offensiv sykkelpolitikk skal òg lønast. SV vil innføre miljøsoner i dei største byane der køyrety med høge utslepp har innkøyringsforbod eller må betale høge avgifter.
SV vil innføre skatt for føremonen med gratis parkeringsplass i område med avgiftsparkering, og skattefritak for kollektivkort betalt av arbeidsgjevar. SV vil innføre fullt skattefrådrag etter dokumentasjon for klippekort og månadskort for kollektivtransport.
Kollektivtransporten i dei store byane må gjevast klare føremonar i trafikken, slik at han får ein konkurranseforsprang med omsyn til tid. Når nye bydelar eller bustadstrok skal planleggjast, må det leggjast til rette for kollektive transporttilbod. Ein meir miljøvenleg samferdslepolitikk i byar og tettbygde strok inneber at kollektivtransporten og transportårene i større grad skal vere eit statleg økonomisk ansvar. Kollektivfelt skal ha større vern i plan– og bygningslova.
I distrikta er det òg viktig med eit godt kollektivtilbod. Mange stader finst likevel ikkje noko alternativ til privatbilen, og satsinga på klimanøytrale drivstoff må styrkjast på same tid som framkomst og tryggleik på mange vegar må betrast. SV vil prioritere vegløyvingar i distrikta.
Hurtigruta er viktig for samferdsla langs kysten både for gods, lokale reisande og for turistnæringa. SV vil gå inn for at hurtigruta framleis skal ha daglege avgangar.
Inga form for transport er så sunn og miljøvenleg som å gå eller sykle. Likevel reiser færre med sykkel i Noreg i dag enn i 2001. SV meiner det bør leggjast langt betre til rette for gåande og syklande slik at fleire enn i dag kan gå eller sykle til og frå arbeid. Det må vere klare planmål om gang– og sykkelvegar i arealplanlegging. Alle tettstader med meir enn 5000 innbyggjarar bør ha ein plan for eit samanhengjande sykkelvegnett innan 2010. SV vil arbeide for betre veganlegg for sykkeltrafikk. Sykkel gjeven av arbeidsgjevar, skal ikkje føre til skatt på inntekt. Vi vil òg sørgje for at kollektivknutepunkt har eigne parkeringsområde for syklar med vern for vêr og vind, og tiltak for å hindre sykkeltjuveri.
Mindre bilkøyring gjev lågare klimautslepp og mindre lokal luftureining. I tillegg til å lage betre kollektivløysingar vil SV gjennomføre tiltak som reduserer unødvendig bilbruk. SV vil innføre rushtidsavgift i dei store byane og øyremerkje inntektene til betre kollektivtransport for reisande i same område. SV vil arbeide for færre parkeringsplassar i bysentrum og gjere forsøk med bilfrie dagar i sentrum av dei store byane.
SV vil gjennom premieringsordningar, lover og avgifter medverke til omstilling frå fossile drivstoff til meir miljøvenlege alternativ for bilkøyring. SV vil arbeide for eit forbod mot sal av nye bilar som berre skal gå på fossilt drivstoff seinast frå 2015. I tillegg vil SV at Noreg skal ta initiativ til eit samarbeid med fleire land om å gjere det same. Ein opptrappingsplan for innfasing av nullutsleppskøyrety som involverer pålegg overfor bilimportørar, må utarbeidast. Alle nye køyrety i offentleg verksemd skal kunne køyre på fornybar eller utsleppsfrie energikjelder frå 2010. Offentlege verksemder må påleggjast å utarbeide ein konkret plan for korleis dei skal få ned, og gradvis fase ut, utsleppa frå bil– og maskinparken. SV vil ha ein bindande opptrappingsplan for etablering av ladestasjonar på parkeringsplassar og på bensinstasjonar. Transnova bør styrkjast monaleg, til dømes med øyremerkte inntekter frå drivstoffavgiftene. SV vil etablere ei premieringsordning der statleg verksemd og kommunar blir gjevne stønad til å kjøpe inn elbilar og plugg inn-hybridbilar. Løyvingane til forsking på, utvikling og demonstrasjon av klimavenleg drivstoff må aukast.
Det bør leggjast til rette for auka bruk av klimanøytrale drivstoff i marin sektor. For ferjene som er ute på anbod, bør det stillast krav om bruk av klimanøytrale drivstoff dersom dette er teknisk mogleg. Klimaeffekt skal ha mykje å seie i anbodsrundar. Noreg må vere ein pådrivar for å få på plass internasjonale avtalar for regulering av utsleppa frå skipstrafikken.
Biometangass er drivstoffet i nær framtid for lokal tungtrafikk. Tiltak må setjast i verk slik at fleire bussar kan gå på biometangass, mellom anna fleire biometangassanlegg.
SV arbeider for eit sertifiseringssystem for biodrivstoff som sikrar berekraftig produksjon som ikkje går ut over matproduksjonen eller det biologiske mangfaldet. Når dette er på plass, vil vi vurdere ulike tiltak for å auke omsetnadspåbodet for biodrivstoff i marknaden.
2.4 Ein miljøvenleg kvardag
SV arbeider for at det skal vere lett for vanlege folk å ta miljøvenlege val i kvardagen. SV vil arbeide for betre merking og forbrukarinformasjon, slik at forbrukaren lett kan sjå kva ei vare inneheld og korleis ho er produsert. SV vil redusere omfanget av reklame og arbeide for å redusere kjøpepresset, spesielt det som er retta mot born og ungdom.
Sjå òg 12.5 «Forbrukarmakt»
SV vil premiere privatpersonar som hjelper til med å redusere klimautsleppa. Miljøvenlege tiltak som byte av oljefyr, tilknyting til fjernvarmeanlegg, kjøp av bil med alternativt drivstoff og/eller patrikkelfilter bør kvalifisere til tilskot, skattefrådrag eller avgiftsreduksjonar.
Som forbrukarar blir vi dagleg utsette for stoff som kan vere skadelege både for miljøet og for menneskehelsa. I tråd med føre var-prinsippet vil SV arbeide for at ingen nye kjemikalie skal tillatast før det er dokumentert at dei ikkje kan skade natur eller menneske.
Eit resultat av kjemikaliebruk i tidlegare tider er deponi og fyllingar som inneheld store mengder miljøgifter, mellom anna hormonhermande stoff som PCB. Målet må vere å sikre at alt miljøgiftavfall blir handtert på ein forsvarleg måte, og at det blir rydda opp i gamle giftdeponi. Løyvingane til opprydding og overvaking av ureina hamner skal aukast.
Det offentlege må bruke innkjøpsmakta si til å fremje miljøvenleg produksjon og forbruk. Ein systematisk, miljøvenleg innkjøpspolitikk frå det offentlege kan gjere miljøvenlege produkt og tenester meir lønsame, og fremje utvikling av ny og meir miljøvenleg teknologi.
Ei miljøvenleg avfallshandtering er eit viktig tiltak for å redusere norske klimautslepp og ta vare på naturmiljøet. Den aukande avfallsproduksjonen kan ikkje løysast med rydding, reinsing og attvinning åleine. SV vil styrkje innsatsen for tiltak som set grenser for produksjonen av avfall og medverkar til ombruk. I tillegg må det leggjast til rette for materialattvinning, energiattvinning og sikker slutthandsaming av avfallet. SV vil halde på den grunnavgiftsordninga på eingongsemballasje og drikkevarer som vi har i dag.
SV vil gjere byane meir miljøvenlege. Parkanlegg skaper både gode offentlege rom, redusert biltrafikk og grøne lunger. SV vil byggje nye og rehabilitere eksisterande parkanlegg.
For økologisk landbruk sjå 7.9 «Produksjon av mat»
2.5 Naturmangfaldet
Det er avgjerande at naturrikdommen av plantar, dyr og andre organismar, i tillegg til leveområde og landskap, blir sikra for framtida. Dette føreset ein berekraftig og langsiktig arealpolitikk for det landskapet som ikkje er verna. Det krev òg at vi vernar naturområde, både i Noreg og internasjonalt, med utgangspunkt i faglege råd om vern og berekraftig bruk.
SV arbeider for at Noreg skal vere eit føregangsland når det gjeld å ta vare på naturmangfaldet sitt, og vere i front når det gjeld oppfølging av internasjonale avtalar om naturmangfald. Noreg har ein rik natur og difor eit spesielt internasjonalt ansvar for vern av naturtypar og artar der vi forvaltar store delar av førekomstane som er att i verda.
Det er ingen nødvendig motsetnad mellom naturvern og lokal verdiskaping. SV arbeider for ein vernepolitikk som sikrar viktige naturverdiar. På same tid må det leggjast til rette for å utnytte verdfull natur til lokal verdiskaping. SV meiner naturmangfaldet og landskapet blir tekne betre vare på om vernet i større grad blir utforma i samarbeid med dei som blir råka. Ved å sikre lokal medverknad kan dessutan konfliktnivået i vernesaker reduserast. Lokalsamfunn må òg sikrast påverknad etter at vernevedtak er gjorde. Forvaltinga av verna område må gjennomførast som del av ei samla, nasjonal verneforvalting med tydelege, statlege retningsliner. Forvaltinga skal skje i samarbeid med lokalsamfunna, med eit styrkt verkemiddelapparat som sikrar både verneverdiane og berekraftig naturbruk i og ved verneområda.
Nasjonalparkar, naturreservat og landskapsvernområde gjev grunnlag for ny lokal verdiskaping i form av grønt reiseliv. Nasjonalparkar kan bli ei viktig merkevare, men dette krev auka bruk av ressursar på marknadsføring, og at nasjonalparksentra blir styrkte. Forvaltinga av vernet må ikkje hindre verdiskaping, så lenge ho ikkje kjem i konflikt med verneføremålet eller reduserer verneverdiane. SV vil gjere sitt til å utvikle naturbruksstrategiar som respekterer både vernekvalitetar og trongen for verdiskaping i lokalsamfunnet. SV vil arbeide for framleis å ha ein restriktiv politikk for motorisert ferdsel i utmark. Hyttebygging og utbygging av turistanlegg må gå føre seg slik at naturen blir teken omsyn til, og må ikkje gå utover leveområde for truga artar og sårbare naturtypar. SV vil arbeide for rikspolitiske retningsliner som medverkar til dette.
For meir om miljø og næring, sjå kapittel 7 «Ein framtidsretta næringspolitikk»
Vesentlege nasjonale og regionale natur– og landskapsverdiar er truga av omfattande planar for kraftoverføring via luftspenn. SV vil arbeide for eit forvaltingsregime som sørgjer for at meir av kraftoverføringa skjer via kabel i jord og sjø. Det må opnast for i større grad å kunne krevje anleggsbidrag for å dekkje opp ekstrakostnadene frå dei som utløyser trongen for nye liner.
Arbeidet for å stoppe utryddinga av plante– og dyreartar innan 2010 vil måtte halde fram på eit høgt nivå. Aktiv bruk av den nye naturmangfaldslova vil vere sentralt i dette arbeidet. SV meiner at denne lova skal gjelde både i sjø og på land. I tillegg legg SV vekt på kunnskapsbasert forvalting, og vil difor satse langt meir enn i dag på betre kartlegging og auka kunnskapsnivå om det norske naturmangfaldet.
For å verne om naturmangfaldet i Noreg vil SV arbeide for å sikre levedyktige bestandar av alle artar som naturleg høyrer heime i Noreg, mellom anna gjennom å sikre dei utryddingstruga artane. Skal dei truga plante– og dyreartane i Noreg vernast om, må leveområda sikrast. Barskog og våtmarksområde er leveområde med spesielt rikt artsmangfald. I tråd med FNs mål arbeider SV for at minst 4,6 prosent av den produktive skogen skal vernast, føresett at dei viktigaste områda for naturmangfald blir sikra. Det er òg viktig å sikre den inngrepsfrie naturen (såkalla INON-område).
40 prosent av dei truga artane i Noreg finst i kulturlandskap. Mange av desse artane er truga av ikkje-bruk. For å verne om desse artane må kulturlandskapet stellast og haldast i hevd. Det viktigaste tiltaket for å få til dette er eit levande distriktslandbruk med aktivt dyrehald, der tradisjonelle driftsformer som slåtteeng og beite i kystlynghei blir haldne i hevd. Støtteordningar til pleie av kulturlandskap og skjøtsel må styrkjast kraftig i åra framover.
Sjå òg 8.5 «Kulturvern»
SV arbeider for at Forsvaret ikkje skal leggje under seg nye naturområde. Det må i bruken av skyte– og øvingsfelt takast større miljøomsyn.
Introduserte artar blir rekna som eitt av dei største trugsmåla mot miljøet, og Noreg er i samsvar med internasjonale avtalar bunde til å forvalte uynskte introduserte artar. Kongekrabben er ikkje først og fremst ein ressurs, men ein potensielt svært skadeleg art i økosystemet vårt. SV vil forvalte kongekrabben som ein uynskt introdusert art. Fritt fiske vil vere eit tiltak for å halde bestanden så langt nede som råd. Det må òg utarbeidast strategiar for å uskadeleggjere andre framande artar som alt er i Noreg.
SV går inn for økosystembasert fiskeriforvalting. Det inneber at vi i større grad må ta omsyn til det marine miljøet og hindre at fiskeria øydelegg korallområde, svampskogar og annan botnfauna. SV vil arbeide for å etablere fleire verna kyst– og havområde langs kysten for å sikre trygge oppvekstområde, naturmangfald og viktige referanseområde for forsking på forvaltingsregima våre.
Noreg har eit internasjonalt ansvar for å sikre gode leveområde for villrein. Vi forvaltar dei siste flokkane av den europeiske villreinen som tidlegare fanst over heile Europa. Villreinen krev auka aktsemd i fjellregionane i Sør-Noreg. Spesiell varsemd må utøvast når det gjeld å setje i verk tiltak som kan påverke leveområda til villreinen.
Villaksstamma i mange vassdrag er truga. Ulike laksesjukdommar, oppdrettsnæringa, regulering av elver, sur nedbør og framande artar er mellom dei viktigaste årsakene til at villaksen står i fare for å døy ut fleire stader. Nivået på kalking av vassdrag må framleis vere høgt. Oppdrettsnæringa må stillast til ansvar for rømt laks. Det bør innførast forbod mot all form for fiskeoppdrett i nasjonale laksefjordar.
Målet til SV er å sikre levedyktige bestandar av dei fire store rovdyrartane i norsk natur. Samtidig er det viktig at miljøvenleg kjøt– og mjølkeproduksjon basert på utmarksbeite blir halde oppe. Styresmaktene, i samarbeid med næringa, har ansvaret for å sikre at denne kombinasjonen kan vere mogleg.
Noreg har òg eit særskilt ansvar for å redusere presset på områda i Arktis og Antarktis i form av overfiske, naturinngrep, ureinande aktivitetar som oljeutvinning, og opphoping av miljøgifter. Noreg må vere særleg aktiv på forskingssida for å kunne ta vare på desse områda. Difor må forskingskapasiteten i nord aukast. SV vil arbeide for eit internasjonalt forbod mot prioriterte miljøgifter.
Fattige folkegrupper er mest avhengige av naturressursane, og blir først og hardast råka ved tap av biologisk mangfald. Norsk handels– og utviklingspolitikk må difor medverke til å ta vare på naturmangfaldet i fattige land.
Berekraft og vern av artsmangfaldet må leggjast til grunn for all utnytting av genetiske og biologiske ressursar. SV går imot framlegg om å utvide patentrettar til å gjelde patent på liv. SV ynskjer eit mellombels forbod mot å dyrke genmodifiserte plantar i Noreg og å importere genmodifisert fôr til fiskeoppdrett og landbruk. SV vil gjennom ein restriktiv handheving av den norske genteknologilova arbeide for å sikre retten bønder og forbrukarar må ha til å velje ikkje-genmodifiserte produkt i framtida.
Avskoging i tropiske strok står for 20 prosent av CO2-utsleppa i verda. På same tid er regnskogen av dei eldste og mest artsrike økosystema på jorda. Vern av han er eit internasjonalt ansvar. SV vil arbeide for at vern av naturmangfald, spesielt i utsette regnskogområde, blir gjort til ei prioritert oppgåve i norsk utviklingspolitikk. Noreg skal bruke minst tre milliardar kroner årleg på å berge regnskog. I tillegg må all import av tropisk trevirke som ikkje er godt nok miljøsertifisert, hindrast.
Sist endret: 20.05.2009 kl. 12:23










