ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

Kapittel 4: Velferd

Kvinner skal ha lønn som fortjent

Foto: Sigurd Fandango Kapperud / SV

Velferdsstaten er ein føresetnad for å skape eit meir rettvist og solidarisk samfunn. Gode fellesskapsløysingar gjev einskildmennesket fridom og tryggleik.

SV går difor mot privatisering og konkurranseutsetjing. Berre slik kan vi sikre eit velferdssamfunn som tek omsyn til alle innbyggjarar, og berre slik kan påverknaden folk har over velferdsutviklinga styrkjast. SV vil ikkje at kommersielle verksemder der føremålet er overskot, skal utføre viktige velferdsoppgåver. Dei skal utførast anten av det offentlege eller i eit samarbeid med ideelle organisasjonar. SV går imot å setje velferdstenester ut på anbod.

God, offentleg velferd er avhengig av ein god kommuneøkonomi. Mange av dei viktigaste velferdsgoda som barnehage, skule og omsorgstenester har kommunar og fylkeskommunar ansvaret for. Det er lettare å skape gode tilbod lokalt, fordi innbyggjarane kan påverke avgjerdene i større grad. SV vil kjempe for ein god kommuneøkonomi fordi det er avgjerande for å skape eit samfunn med små skilnader og eit godt velferdstilbod. Manglande samsvar mellom oppgåver og ressursar i kommunane trugar kommunal handlefridom og lokaldemokrati. Målet til SV er å sikre meir langsiktige og føreseielege rammer og sørgje for at det er godt samsvar mellom velferdsoppgåvene til kommunen og dei statlege overføringane.

Dei tilsette og kompetansen deira er den viktigaste faktoren for gode velferdstenester. SV vil medverke til at stat, fylkeskommunar og kommunar tek vare på dei tilsette på ein god og inkluderande måte. Tilsette skal ha gode løns– og arbeidstilhøve, medrekna rett til etter– og vidareutdanning og rett til full stilling i staden for ei rekkje deltidsstillingar innafor same sektor. Det er stadig trong for endringar og omstillingar for å skape betre velferdstenester. Slike endringsprosessar må utførast i samarbeid med dei tilsette og organisasjonane deira.

SV vil difor støtte omstillingsprosessar som er gjorde på initiativ frå dei tilsette, til dømes modellkommunane og pilotsjukehusa.

4.1 Gode velferdstenester

 

4.1.1 Førebyggjande og helsefremjande arbeid
Livsstilsfaktorar, ikkje mangel på helsetilbod eller dårleg organisering av helseforvaltinga, fører til dødsfall og redusert livskvalitet for mange menneske i den vestlege verda. SV meiner difor det førebyggjande helsearbeidet må prioriterast langt høgare enn i dag, ikkje minst for å redusere helseskilnader mellom ulike grupper. Spesielt viktig er det å sørgje for at helsestasjonen, skulen og barnehagen blir naturlege arenaer for å fremje god folkehelse.

 

4.1.2 Universelle helsetenester
SV meiner helsetenestetilbodet skal vere likeverdig for heile folket uavhengig av kvar den einskilde bur, alder eller økonomi. Utviklinga av tenestene skal vere underlagd folkevald kontroll slik at folket sjølv kan vere med på å avgjere korleis tenestene skal vere. I dag er eigendelane på helsebehandling og medisinar for høge for svært mange pasientar. For at alle skal ha lik tilgang på behandling og medisinar, vil SV arbeide for lågare eigendelar.

SV rår til at ungdom til og med 20 år skal få gratis konsultasjon hos fastlegen, tilsvarande det born opp til tolv år får i dag.

SV vil arbeide for eit heilskapleg helsetilbod bygt på samhandling mellom kommunar og spesialisthelsetenesta. Slik kan vi oppnå at den sjuke får hjelp på det behandlingsnivået som er best for pasienten. Dette føreset ei vriding av ressursar frå spesialisthelsetenesta til primærhelsetenesta. SV vil foreslå ein forpliktande opptrappingsplan for primærhelsetenesta. Kommunehelsetenesta skal sikre innbyggjarane rask og god hjelp, og medverke til å førebyggje sjukdommar før dei oppstår.

Born og unge under 18 år skal få nødvendig helsehjelp innan tre veker.

Personar «utan papir» skal ha rett til medisinsk hjelp. Dette er viktig både for å sikre helsa til den einskilde og for å verne andre mot smitte, til dømes ved tuberkulose.

SV vil styrkje helsetenesta i skulen og opprette fleire helsestasjonar for ungdom. Ungdomsservicekontora må styrkjast.

Helsestasjonane må utvidast til barne– og familiekontor som gjev born og familiar ein inngang til eit tverrfagleg kompetansemiljø for å styrkje det førebyggjande arbeidet. SV vil arbeide for at det blir oppretta eigne krisesenter for born som borna sjølve kan oppsøkje, der dei får hjelp og blir undersøkte.

Born som er utsette for vald og overgrep, blir ofte oversedde. Det er for liten kompetanse på å sjå og høyre born som har det vanskeleg. SV ynskjer at alle som arbeider med born i utdanninga si, skal få auka kompetanse på korleis born reagerer når dei blir utsette for vald, overgrep og omsorgssvikt. SV vil leggje til rette for psykologisk lågterskeltilbod i kommunane for både born, unge og vaksne med psykiske plager.

Organdonasjon er i aukande grad viktig for å berge livet til mange pasientar. Altfor mange må vente lenge på ein transplantasjon eller døyr medan dei ventar på eit organ. SV vil innføre eit system med stille samtykke til organdonasjon med høve til å registrere seg i eit nei-register for dei som ikkje vil donere organ.

 

4.1.3 Spesialisthelsetenesta (sjukehus)
Norske sjukehus held høg kvalitet. Dagens organisering av helseføretaka fører likevel til fråvær av folkevald styring og til for tilfeldig prioritering. Økonomistyringa er i for stor grad basert på marknadsprinsipp. Den innsatsstyrte finansieringa dreier verksemda i retning av å leggje vekt på dei oppgåvene som «løner» seg best i staden for dei som medisinsk sett er viktigast. Rekneskapsforma til sjukehusa er for lite tilpassa offentleg sektor.

Store lønsskilnader mellom offentlege og private helsetilbod som alle er offentleg finansierte, fører til auka kostnader. I tillegg medverkar ulik løn i offentlege og private helsetenester til å undergrave det offentlege helsetilbodet og gjer rekrutteringa til det offentlege helsevesenet vanskelegare. På mange sjukehus blir store summar dessutan brukte til innleige av helsepersonell frå private firma. SV vil arbeide for at den offentlege bruken av private tenester blir kraftig redusert.
SV vil at sjukehusa skal ha demokratisk, politisk styring. Føretaksmodellen må avviklast og styringa av sjukehusa må overtakast av folkevalde på nasjonalt og regionalt nivå. Stortinget må vedta ein nasjonal helseplan som tek stilling til overordna prioriteringar og ansvarsfordeling. Ansvaret for drifta i tråd med helseplanen skal overførast til folkevalde på regionalt nivå. Dette vil gje innbyggjarane betre høve til å påverke både sjukehusstruktur og behandlingstilbod.
Norske sjukehus held høg fagleg kvalitet. Organiseringa av sjukehusa må både stette trongen for spesialisering og trongen for nærleik til innbyggjarane. SV vil styrkje og utvikla lokalsjukehusa i landet. Lokalsjukehusa må utviklast vidare til å bli best på lidingar som mange menneske har, og på samhandling med kommunehelsetenesta, mellom anna gjennom ambulerande tenester. Spesielt vil utfordringa i åra som kjem vere knytt til eit aukande tal på eldre med samansette lidingar og livstilssjukdommar. Eit kvalitetssikra fødetilbod må
vere tilgjengeleg for alle.

Dagens helseføretakslov må erstattast av ei forvaltingslov. Føremålet i lova skal vere at helseforvaltinga skal oppfylle målsetjingane i den nasjonale helseplanen. Lova skal òg slå fast at helseforvaltinga er eit offentleg ansvar som ikkje kan delegerast til kommersielle aktørar.

Helseforvaltinga skal vere ein del av den offentlege forvaltinga.

Økonomistyringa må endrast. SV vil foreslå at den innsatsstyrte finansieringa vi har i dag, blir fjerna og erstatta med avtalefesta rammefinansiering. I tillegg må rekneskapsføringa endrast slik at ho blir den same som for anna offentleg forvalting. I arbeidet med nytt finansieringssystem bør det leggjast vekt på grep som kan styrkje rolla som førstelinetenesta har i helsevesenet, og styre meir av ressursbruken ut i kommunane. For å utnytte marknadsmakta og få ned prisane på medisinar må eit offentleg, nasjonalt samordna innkjøp av medisinar innførast.

 

4.1.4 Psykisk helsevern
Gjennom opptrappingsplanen for psykisk helse har fleire fått behandling. På same tid har talet på personar som treng hjelp blitt fleire, slik at talet på ventande har auka. SV vil styrkje det psykiske helsevernet òg etter at opptrappingsperioden er avslutta, med spesiell vekt på tilbodet til born og unge og til menneske som er avhengige av rusmiddel. Behandlingstilbodet til pasientar med eteforstyrringar er for dårleg. Tilbodet til desse pasientane må styrkjast, og tiltaka må utviklast vidare og forskast på.

For mange oppstår psykisk sjukdom alt i barndommen. Gjennom skulehelsetenesta og helsestasjonar for ungdom kan dette fangast opp på eit tidleg tidspunkt. Skulehelsetenesta og helsestasjonane bør difor byggjast ut. Vaksne må òg få eit tilrettelagt lågterskeltilbod for å førebyggje alvorlege psykiske lidingar.
Kvaliteten på behandlingstilbodet må styrkjast. Pasientar må få betre oppfølging etter utskriving frå behandling. Samhandlinga mellom sjukehus, distriktspsykiatriske senter og kommunar må prioriterast. For å sikre ei meir samanhengjande oppfølging vil SV vurdere om dei distriktspsykiatriske sentra skal organiserast under kommunalt psykisk helsearbeid.

Det psykiske helsevernet må tilpassast livssituasjonen til den einskilde. Det er trong for fleire helsearbeidarar med kompetanse på psykisk helse i kommunane.

SV vil medverke til at psykisk sjuke med låg inntekt og ustabile butilhøve blir gjevne tilbod om tilrettelagd bustad og arbeidsplass.

Fleire bufellesskap for menneske med utfordringar innafor rus og/eller psykiatri må etablerast. SV ynskjer òg å opprette eigne bufellesskap for kvinner i samband med behandling og rehabilitering.

Brukarane må ha større påverknad med hjelp frå brukarstyrte aktivitets– og rehabiliteringstiltak. Brukarmedverknad skal vere eit berande prinsipp i organisering av tenestene, og individuell plan må bli meir utbreidd.

SV vil foreslå at tilbodet om såkalla psykeambulanse blir etablert i alle helseregionar for å unngå bruk av politi til transport av psykisk sjuke når dette ikkje er nødvendig.

Bruk av tvang i psykisk helsevern er prega av å vere sosialt skeiv. For å sikre at alle blir behandla likt, vil SV foreslå ei vurdering av tvangsbruken i psykisk helsevern. SV vil prioritere forsking på effekten av tvangsmiddel og tvangsbehandling. I tillegg bør tilsette få undervisning i menneskerettar. Opplæring i menneskerettar må bli ein del av utdanninga av personell som arbeider med psykisk helsevern.

I mange familiar blir psykisk sjukdom halden hemmeleg fordi han er knytt til skam og fordi born strevar med å halde på familieløyndommen. Hjelpeapparatet må difor følgje betre opp born og unge som har foreldre med psykisk sjukdom. Psykiatritenesta må melde frå til hjelpeapparatet i kommunen når born har psykisk sjuke foreldre, slik at borna får den oppfølginga dei treng. Fleire døgnplassar for psykiatrisk akuttbehandling må byggjast ut. I tillegg må det byggjast ut fleire døgnplassar innafor tryggleikspsykiatri slik at innsette i fengsel kan få nødvendig behandling.

 

4.1.5 Heilskapleg helsevern for rusmisbrukarar
Altfor mange med rusproblem får ikkje hjelp. Helsevernet for rusmisbrukarar har i for stor grad vore overlate til private, ideelle organisasjonar og må styrkjast. SV meiner at helsevern for rusmisbrukarar er eit offentleg ansvar. Dette er òg den beste måten å sikre kvalitet og kontroll med denne viktige tenesta. SV vil foreslå ein tiårig bindande opptrappingsplan som den som er gjennomførd for psykisk helsevern. Planen må gje øyremerkte midlar til rusfeltet både i kommunane og i dei regionale helseføretaka. I tillegg skal behandlingskøane vere fjerna i stortingsperioden ved at eksisterande tilbod blir utnytta og nye behandlingsplassar blir oppretta med øyremerkte midlar.

Alle med rusproblem må få eit raskt tilbod om avrusing, behandling utan opphald, oppfølging og rehabilitering.

Samarbeidet med dei ulike aktørane må styrkjast slik at behandlingstilbodet blir betre for personar som er psykisk sjuke og har rusproblem.

Mange pasientar får brot i behandlingsperioden. Opphald mellom dei ulike stadia i oppfølginga fører til at mange fell ut av behandlinga. Rusavhengige som har vore til behandling, må få tett, individuell oppfølging. Ei slik oppfølging kan innebere skulegang, arbeidsmarknadstiltak, hjelp til å skaffe seg nytt nettverk, butilbod, fritids– og aktivitetstilbod og hjelp med økonomi. Dei som ikkje har ein stad å bu, skal sleppe å måtte bu i hospits eller hybelhus.

Rusavhengige i fengsel må sikrast god oppfølging både under og etter soning. Fleire rusmeistringseiningar må etablerast. I tillegg må tilbakeføringsgarantien gjerast forpliktande.

Rusavhengige må sikrast eit variert behandlingstilbod med auka satsing på medikamentfrie behandlingstilbod.

Ventetida må reduserast for dei som skal få behandling med metadon og buprenorfin, såkalla legemiddelassistert rehabilitering (LAR). SV meiner det skal liggje faglege kriterium til grunn for LAR-behandlinga. LAR-pasientar må sikrast sosialfagleg oppfølging, og fastlegen må få høve til å skrive ut medisin mot heroinabstinensar.

SV vil vurdere spørsmålet om eit avgrensa forsøk med utdeling av heroin når eit betre avgjerdsgrunnlag ligg føre, etter at det regjeringsoppnemnde utvalet har kome med tilrådinga si.

Menneske i aktiv rus må òg sikrast sjølvrespekt og hjelp, til dømes gjennom lågterskeltilbod, stader å vere, arbeid, aktivitetstilbod, gratis rettshjelp og andre skadeavgrensande tiltak. SV meiner at sprøyterom er eit viktig tilbod for å redusere overdosedødsfall og som ledd i rehabiliteringa av rusavhengige.

Brukarmedverknad er viktig for at kvaliteten på behandlinga skal bli så god som råd. Individuell plan må brukast i større grad. Pasienten må òg ha høve til å klage på ansvarsgruppa. Pårørande må sikrast hjelp og rettleiing. I dag veit vi for lite om kva slags behandling som verkar. SV vil difor prioritere effektstudiar og samanliknande studiar både innafor tverrfagleg spesialisert rusbehandling og i dei kommunale tenestetilboda.

 

4.1.6 Rimeleg tannlege
SV vil foreslå ei tannhelsereform som inneber at tannlegebehandling som er medisinsk nødvendig, i størst mogleg grad er underlagd dei same vilkåra som sjukehus– og legebehandling.

SV vil avgrense eigendelen til 2.500 kroner per år for nødvendig tannlegebehandling. Det tilsvarer eigendelstak 2 som noko av tannlegebehandlinga går under alt i dag.

Dei som går til tannlegen jamt og har normalt god tannhelse, vil med ei reform betale omtrent det same som i dag. Dei som i dag ikkje kontaktar tannlege, vil få avgrensa kostnadene sine til 2.500 kroner for nødvendig tannbehandling med ei slik ordning.

For ein del grupper er det nødvendig at tannhelsetenesta er heilt gratis. SV vil foreslå at ungdom opp til 23 år får gratis tannhelseteneste.

For å hindre for høge kostnader ved ordninga vil SV innføre prisregulering på tannhelsetenester gjennom nasjonale takstar, i kombinasjon med refusjonsavtalar for tannlegar som går inn i ordninga.

Det er store geografiske skilnader i det offentlege tannhelsetilbodet. SV vil foreslå at den offentlege tannlegetenesta blir utbygd og at det blir innført driftsavtalar med privatpraktiserande tannlegar etter modell frå privatpraktiserande legar med driftstilskot. I tillegg vil SV innføre turnusteneste for alle nyutdanna tannlegar på same måte som for legar.

 

4.1.7 Ein trygg oppvekst
Born må gjevast trygge og gode oppvekstvilkår og gode høve til leik og læring. SV vil auke innsatsen for born og unge. Gjennom oppfølging av FNs barnekonvensjon vil SV styrkje rettane til born og unge i alt lovverk.

Førebyggjande verksemd på oppvekstområdet må styrkjast. Dette gjeld både dei positive tiltaka som tilrettelegging av fritidstilbod, og tiltaka som skal hindre omsorgssvikt og overgrep.

Som ledd i å førebyggje vald i nære relasjonar og overgrep mot born vil SV styrkje tilbodet av Open helsestasjon, tverrfagleg foreldrerettleiing og barselgrupper.

Ungdomsalderen er for mange ei særleg utsett tid. Det er difor viktig å byggje ut gode fritidstilbod. Dette kan til dømes vere kommunale ungdomsklubbar der ungdom med uorganisert fritid kan bli stimulerte til eigenutvikling og inngå i eit sosialt miljø utan kommersielt og anna press.
SV arbeider for eit barnevern som er ope og som har tillit. Barnevernet må tilførast større ressursar enn i dag, og gjerast meir tilgjengeleg og kompetent til å sikre born og unge ein god oppvekst. I Noreg skal ikkje ressursmangel føre til at born kan oppleve alvorleg omsorgssvikt eller overgrep utan at nokon raskt grip inn. Det må leggjast til rette for eit godt samarbeid mellom barnevernet og andre etatar og tenester.

Dette inneber at rutinar og system som sikrar at fagfolk melder frå til barnevernet når dei mistenkjer at born blir utsette for vald, overgrep eller omsorgssvikt, må på plass. Å ikkje melde frå er tenesteforsømming.
Barnevernet skal leggje større vekt på førebyggjande arbeid, og samtidig vere eit tryggleiksnett for born som treng omsorg ut over det familien kan stille opp med.


SV ynskjer eit langt sterkare offentleg grep kring barnevernsinstitusjonane. Born som treng opphald i barnevernsinstitusjonar, må sleppe å bli kasteballar i eit system bygt på anbodsprinsipp og slump. Behova til born og unge er for store til dette. Difor må barnevernsinstitusjonane organiserast gjennom føreseielege avtalar mellom barnevernet og offentleg åtte institusjonar eller institusjonar åtte av ideelle organisasjonar. Tilsynsfunksjonen av offentlege og private barnevernsinstitusjonar må styrkjast.

SV ynskjer å sikre at born og unge som lir under overgrep eller omsorgssvikt, får den hjelpa dei treng. Dette gjeld born og unge som er utsette for seksuelle overgrep, kjønnslemlesting eller press til ekteskap, og born og unge som lir under at omsorgspersonar brukar rusmiddel, lir under psykisk sjukdom, fattigdom eller anna. SV ynskjer difor å styrkje skulehelsetenesta og den sosialpedagogiske kompetansen i skulen og i hjelpeapparatet elles for born og unge.

 

4.1.8 Den trygge alderdommen
Folk i Noreg lever stadig lenger. Difor må vi leggje til rette for at eldre som er friske og arbeidsføre, kan yte til samfunnet, ikkje minst ved å ta del i arbeidslivet så lenge som råd. På same tid må alle vite at det finst eit godt tilbod om omsorg og pleie den dagen dei har trong for det. Pleie– og omsorgstilbodet må vere eit offentleg ansvar i framtida òg.

Mange eldre, sjuke og personar med funksjonshemming opplever store manglar i dei kommunale pleie– og omsorgstenestene. Dette skaper utryggleik, angst og unødig liding både for den einskilde og for dei pårørande. Auka levealder og auken i talet på eldre med til dels omfattande pleie– og omsorgstrong vil føre til trong for betre kvalitet i desse tenestene i åra som kjem. Det er ikkje minst trong for auka grunnmannskap i omsorgstenestene. SV vil styrkje kommuneøkonomien slik at dei tilsette får tid til å gje god pleie, omsorg og tryggleik.

Ei fleksibel omsorg med heimehjelp og heimesjukepleie, omsorgsbustader og sjukeheim vil gje omsorg og pleie utifrå kva den einskilde treng i fleire fasar i alderdommen. Gjennom reduksjon av deltidsarbeid og utvikling av vakt– og turnuslister må det leggjast vekt på at dei som treng omsorg og pleie, må ha færrast mogleg personar å ta stilling til.

Mange som bur i kommunale institusjonar, får mangelfull medisinsk behandling, tilsyn og oppfølging. SV vil difor innføre ei minstenorm for legedekking ved norske sjukeheimar.

Kravet til omsorgstenestene aukar stadig, ikkje minst fordi målet er at brukarane skal kunne leve eit så normalt liv som råd. SV vil difor foreslå at konkrete etter– og vidareutdanningsprogram for tilsette i omsorgsyrke blir utarbeidd i alle kommunar og i staten. Dette er ikkje minst viktig for å få ei fleirkulturell omsorgsteneste. I dag har ein tredel av dei tilsette ikkje helsefagleg bakgrunn. Desse bør få tilbod om å bli kvalifisert omsorgspersonell.

I dag er det for få menn som arbeider i omsorgstenestene. Fleire menn i omsorgstenestene vil gje ei omsorgsteneste som er betre tilpassa det brukarane treng.

 

4.2 Universell utforming og tilgang
SV ser på arbeidet for universell utforming som ein kamp for rettferd og frigjering. Målet må vere at ingen samfunnsskapte hindringar fører til diskriminering og ufridom for menneske med nedsett funksjonsevne i kvardagen deira. Universell utforming må vere eit grunnprinsipp i all samfunnsplanlegging, slik at menneske med nedsett funksjonsevne blir sikra lik rett til bustad, ferdsel, utdanning og deltaking i arbeidslivet og samfunnslivet elles.

Kollektivtransport, uteareal, skular, arbeidsplassar, tekniske løysingar, tenester og informasjon må kunne brukast av alle innbyggjarar, og vere til hjelp, ikkje til hinder.

SV ser den nye lova om forbod mot diskriminering på grunn av nedsett funksjonsevne som eit viktig framsteg i arbeidet for full likestilling for menneske med nedsett funksjonsevne. Lova må følgjast opp med middel og bindande tidsfristar i høve til universell utforming av eksisterande bygg, uteareal og transportmiddel. Likestillings– og diskrimineringsombodet og –nemnda må tilførast nok ressursar og mynde for å føre tilsyn med lova.

Prinsippet om universell utforming må leggjast til grunn for alle velferdsordningar, slik at tilbodet blir tilpassa det brukaren treng. Eigendelar på velferdsordningar skal ikkje føre til ekstrakostnader for menneske med nedsett funksjonsevne.

Det må stillast krav om at minst 30 prosent av nye bustader blir universelt utforma, og husbankordningane for fleire tilgjengelege bustader må styrkjast. Den øvre inntektsgrensa for bustønad bør hevast for personar med nedsett funksjonsevne.

SV meiner det bør vere dyrt å diskriminere og billeg å inkludere. Vi vil betre høvet til å kombinere arbeid og trygd, og gje tilskot til arbeidsgivarar som legg til rette for å tilsetje personar med nedsett funksjonsevne. SV meiner positiv særbehandling av dei med nedsett funksjonsevne er eit nødvendig verkemiddel for å motverke diskriminering på arbeidsmarknaden. Det offentlege må gå først i dette arbeidet.

Yrkesretta attføring må tilpassast det den einskilde har bruk og føresetnader for. Ordninga med brukarstyrt personleg assistent er med på å heve livskvaliteten vesentleg, og må styrkjast. Transportordninga for menneske med nedsett funksjonsevne må få nasjonale retningsliner og finansiering. SV meiner aldersgrensa på 26 år for hjelpemiddel til trening, aktivisering og stimulering må fjernast.

Retten til utdanning må gjelde for alle. Alle skular, høgskular og universitet skal ha universelt utforma bygg og anlegg. Elevar og studentar skal ha rett til tilpassa undervisning og tilrettelagd eksamen.
SV meiner Noreg bør vere eit internasjonalt føregangsland når det gjeld oppfølging av FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne. Menneske med nedsett funksjonsevne må bli ei integrert målgruppe for norsk bistand.

Sjå òg 5.2 «Full sysselsetjing», 6.2.6 «Fellesskulen – lik rett til utdanning» og kapittel 8 «Kultur og idrett»

4.3 Kriminalpolitikk

Ein god politikk for førebygging er det viktigaste verkemiddelet mot kriminalitet. Når lovbrot blir gjorde, skal det reagerast raskt. Det skal setjast klare grenser og stillast krav om at ein må gjere opp for seg. Ingen skal oppleve at dei ikkje blir tekne vare på etter at dei har vore utsette for kriminalitet. Straffereaksjonen må òg i større grad føre til at lovbrytaren ikkje gjer nye, straffbare handlingar etter at straffa er sona.

SV vil byggje ut ein heilskapleg offer– og pårørandeomsorg.

 

4.3.1 Førebygging
Gode velferdstilbod som sikrar arbeid, trygge oppvekstvilkår og eit skikkeleg butilbod medverkar til å førebyggje kriminalitet.

SV arbeider for betre samordning av lokale kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT). Ein SLT-koordinator skal vere ansvarleg for å koordinere samarbeidet mellom skule, barnevern, helse– og sosialetat og politi. Politi med kjennskap til nærmiljøet er viktig for å førebyggje kriminalitet. SV vil arbeide for at eit tettare lokalt samarbeid mellom kommunane og politiet i dei lokale politiråda blir utvikla.Det er ein klar samanhang mellom alkoholforbruk og valsbruk. SV vil arbeide for ein restriktiv alkoholpolitikk og nasjonale retningsliner for tidsavgrensingar av opnings– og skjenkjetider.

 

4.3.2 Kriminalomsorg
Kriminalomsorga må innrettast slik at tilbakefallsprosenten blir redusert. Innsette i norske fengsel må difor gjevast reelt høve til å kome seg ut av kriminaliteten. Arbeidet med å gjere soningstilhøva betre må halde fram, og dei som blir sette fri, må få betre hjelp.

Soninga må vere innretta mot rehabilitering og tilbakeføring til samfunnet. SV vil arbeide for at innsette får eit heilskapleg tilbod ved lauslating gjennom ein tilbakeføringsgaranti. Garantien skal sørgje for arbeid eller utdanning. Den som blir sett fri, skal òg få ein stad å bu. I dag hjelper friviljuge organisasjonar fangar som er sette fri, og gjev dei eit fellesskap og ei oppfølging etter soning. SV vil støtte dette arbeidet. I tillegg er det viktig å gje kvinner eit betre soningstilbod.

Mange innsette har store rusproblem. Dette er ein viktig grunn til at dei gjer nye kriminelle handlingar etter soning. Det er difor nødvendig å styrkje behandlings– og rehabiliteringstilbodet for innsette og domfelte rusavhengige. SV vil òg arbeide for auka bruk av straffegjennomføring i behandlingsinstitusjon, såkalla paragraf 12-soning.

Vanleg fengselsstraff fører ofte til gjentaking. Det er difor trong for alternativ til vanleg fengselsstraff. Aktuelle alternativ er samfunnsstraff, konfliktråd, ungdomskontraktar, promilleprogram, heimesoning med elektronisk kontroll og soning i institusjonar tilpassa hjelpa den einskilde treng. SV vil arbeide for at fleire opne soningsplassar blir oppretta. SV har som mål at ingen born skal setjast i fengsel. Tverrfaglege soningsalternativ for born må opprettast.

Eit godt helsetilbod og gode høve til utdanning er viktig for betre kriminalomsorg. Innsette skal ha like gode helsetilbod og rett til utdanning som innbyggjarane elles. SV vil foreslå at ein ny rettleiar for fengselshelsetenesta blir utarbeidd. I tillegg bør eit landsomfattande tilsyn med fengselshelsetenesta gjennomførast, med særleg fokus på innsette med rusproblem og psykisk sjuke innsette.
Ei fengsling får store følgjer for dei pårørande til den innsette. SV vil arbeide for at kriminalomsorga legg betre til rett for at innsette og pårørande kan oppretthalde familierelasjonen ved fengsling, mellom anna ved å auke kvotane for besøk og telefonbruk. Fleire besøkshusvære bør etablerast og besøksromma må vere barnevenlege.

 

4.3.3 Politi– og rettsvesen
SV vil styrkje det lokale politiarbeidet for å få eit nært og synleg politi. Politiet bør framleis vere utan våpen. Politi– og fengselsvesen må framleis vere ei offentleg oppgåve og ikkje privatiserast. Opptaket på Politihøgskulen bør aukast, og arbeidet med å rekruttere søkjarar med minoritetsbakgrunn må forsterkast.

Politiet har generelt høg tillit i folket, men einskildsaker har ført til at fleire har sett spørsmålsteikn ved politiarbeidet. SV vil difor foreslå ordningar som sikrar at klager på dette blir følgde opp på ein skikkeleg måte. I dette arbeidet vil vi vurdere framlegga frå utvalet som er sett ned for å gå gjennom klageordningane i politiet og Spesialeininga for politisaker. SV vil opprette ein uavhengig granskingskommisjon for politisaker. Arbeidet for å betre tilhøva mellom politi og minoritetsungdom må intensiverast.

Økonomisk kriminalitet, kvitvasking og korrupsjon er eit alvorleg problem. SV vil betre arbeidet mot slik kriminalitet, mellom anna ved å styrkje rettsapparatet.

 

4.3.4 Juryordninga
Det går no føre seg ei drøfting om endring av juryordninga. Utgangpsunktet til SV er at lekdommarar er viktige for å sikre demokratisk kontroll med rettsapparatet.

Dagens juryordning tek best vare på prinsippet om å bli dømd av likemenn og –kvinner. I tillegg inneber juryordninga at juristar ikkje får for stor makt over domstolane. SV vil difor gjere framlegg om å halde på den juryordninga vi har i dag, men juryen skal grunngje avgjerdene sine.

For å sikre at prinsippet om dømming av likemenn er reelt, bør lekdommarar trekkjast frå folkeregisteret. Etniske minoritetar må sikrast deltaking i rettsapparatet, og bør difor kvoterast inn. Oppmøteplikt bør innførast, parallelt med refusjon for tapt arbeidstid som gjer det mogleg for alle å stille.

Ei god juryordning er heilt avhengig av at juryen blir breitt samansett. SV vil difor arbeide for endringar både når det gjeld utveljing og godtgjering som sikrar at jurymedlemmer skal kome frå alle lag av folket.

 

 

4.3.5 Likskap for lova
Det offentlege har eit særleg ansvar for å sikre ressurssvake grupper effektiv tilgang på juridisk hjelp. SV vil arbeide for at den offentlege rettshjelpsordninga skal bli betre, mellom anna ved å utvide det saklege dekkingsområdet. Dagens eigendelar og inntekts– og formuegrenser må fjernast og erstattast med eit progressivt eigendelssystem der ein ser på faktisk betalingsevne. For å nå ut til dei som har størst trong for rettshjelp, er det viktig med juridiske lågterskeltilbod.

For å sikre likeverdig behandling og at alle får den hjelpa dei har krav på, vil SV foreslå ein gjennomgang av klageordningane i helse– og omsorgssektoren og i NAV.

 

 

4.3.6 Vald og overgrep
Alle som blir usette for vald, skal få den hjelpa dei treng. Den som utøver vald skal straffast, men òg få hjelp til endring. SV vil styrkje hjelpetilbodet til valdsutøvarar, mellom anna ved at behandlingstilbod som Alternativ til vold og sinnemeistringskurs, blir vidareutvikla og gjorde landsdekkjande.

For å kjempe mot vald i nære relasjonar vil SV følgje opp den vedtekne handlingsplanen. I tillegg vil SV arbeide for eit heilskapleg tilbod til born som har vore utsette for overgrep, mellom anna ved å foreslå at Barnehus blir oppretta fleire stader. Oppfølginga av og rettane til born som er utsette for vald eller er vitne til vald, må styrkjast. For å auke engasjementet og kartleggje og koordinere kunnskapen om vald i nære relasjonar i kommunane, vil SV arbeide for at det blir etablert lokale handlingsplanar mot vald i nære relasjonar.

Valdtektsutsette skal ikkje oppleve møtet med politi og rettsvesen som eit nytt overgrep. Politi og påtalemakt må difor ha ressursar og kompetanse til å etterforske valdtektssaker og føre dei for retten. SV vil foreslå at politi og rettsvesen får styrkt kompetanse når det gjeld avhøyr av born i overgrepssaker. SV vil følgje opp framlegget i valdtektsutvalet om eigne kompetansehevingstiltak for politijuristar, statsadvokatar og dommarar.

SV meiner offer for kriminalitet som blir tilkjent erstatning, skal få forskotsbetalt erstatninga frå staten. Det inneber at offera ikkje blir dobbelt skadelidande av tilhøve hos den kriminelle.

Sjå òg 9.3 «Menns vald mot kvinner»


Sist endret: 20.05.2009 kl. 12:49

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn