ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

Kapittel 5: Arbeid til alle

Foto: Mona Wærnes

Arbeid er ein grunnleggjande menneskekrett. Full sysselsetjing er ein føresetnad for eit godt og rettvist samfunn. Arbeidstakarar må få større påverknad over eigen arbeidssituasjon. I tillegg må inntekta frå alt heiltidsarbeid vere så høg at ho gjev alle høve til ein god levestandard.

Finanskrisa viser at marknadsliberalismen trugar folks tryggleik for arbeid og bustad. Offentlege reguleringar og eigarskap har medverka sterkt til at Noreg ikkje blir råka like hardt av krisa som land med ein sterkare marknadsøkonomi. Hovudmålet i perioden er å sikre arbeid til alle, tryggje rettane til dei tilsette og hindre utstøyting frå arbeidslivet. Dei som i kort eller lang tid står utan arbeid, må sikrast gode, offentlege velferdsordningar og tilbod om tiltak eller utdanning.

 

5.1 Arbeid til alle
Full sysselsetjing inneber at alle som ynskjer det kan få arbeid, og at heiltid skal vere ein rett for menneske som i dag arbeider deltid.

 

Kampen mot arbeidsløyse må ha høgaste prioritet i perioden. Ein aktiv statleg næringspolitikk må føre til auka verdiskaping og til å tryggje arbeidsplassar som er truga av den økonomiske krisa. Dei som fell utanfor arbeidslivet må få tilbod om tiltak eller utdanning, slik at dei raskast råd kjem seg i arbeid eller annan aktivitet.

 

Trongen for arbeidskraft kjem til å auke i framtida, ikkje minst i offentleg sektor. Eit meir menneskeleg arbeidsliv er eitt av dei viktigaste tiltaka for å få fleire i arbeid. Innvandring vil òg vere nødvendig for å dekkje trongen for arbeidskraft i framtida. Omfanget av arbeidsinnvandring frå land utanfor EØS må avgjerast i samarbeid mellom styresmakter og partane i arbeidslivet. Noreg bør ikkje medverke til «brain drain» med aktiv verving av kvalifiserte fagfolk frå fattige land.

 

SV vil styrkje den lovfesta retten deltidstilsette har til å gå føre ved nye tilsetjingar i ei verksemd. Ved ledig arbeid skal kvalifiserte tilsette få tilbod om å utvide arbeidstilhøvet sitt til heil stilling. SV vil òg foreslå å gje fagforeiningane forhandlingsrett og lokal konfliktrett i saker som gjeld utviding av deltidsstillingar.

 

Personar med nedsett funksjonsevne og personar med etnisk minoritetsbakgrunn blir diskriminerte på arbeidsmarknaden. Kvalifiserte arbeidssøkjarar blir ikkje kalla inn til intervju, og mange er i praksis utestengde frå arbeidsmarknaden. I tillegg har mange vanskar med å få eit arbeid som samsvarar med kvalifikasjonane. SV vil arbeide for at denne diskrimineringa held opp, mellom anna gjennom kvotering. Det må setjast klare måltal for rekrutteringa av arbeidssøkjande med nedsett funksjonsevne og arbeidssøkjande med minoritetsbakgrunn.

 

Arbeidslause må få eit individuelt tilpassa opplegg for å kome seg i arbeid eller annan aktivitet. Arbeidslause må òg få høve til etter– og vidareutdanning. Likevel vil den økonomiske krisa føre til at mange vil kome til å gå arbeidslause over ein lang periode. Det er avgjerande at perioden utan arbeid blir nytta til å styrkje kompetansen til arbeidssøkjaren. SV meiner at alle må få tilbod om arbeid eller kompetanseheving innan eitt år. Arbeidslause med forsørgjaransvar vil i mange tilfelle ikkje ha råd til å velje å leve av studiestøtte i staden for arbeidsløysetrygd. SV meiner difor at det må utviklast ordningar for livsopphald mellom NAV og Statens lånekasse som gjer det mogleg for arbeidslause å ta utdanning.

 

Det offentlege må gå i spissen for ei stor grunn-, etter– og vidareutdanningsreform som styrkjer kompetansen og løna til den einskilde arbeidstakar, og forbetrar kvaliteten på det offentlege tilbodet. Varige ordningar for å finansiere livsopphald under utdanninga må kome på plass mellom staten og partane i arbeidslivet. Å gjennomføre ei slik reform i økonomiske nedgangstider vil både gje høve til deling av arbeid og omstilling i retning av den kompetansen samfunnet treng for å kome ut av nedgangstidene.

 

Attføring og oppfølging av menneske utan arbeid er ei sentral velferdsoppgåve. SV er difor imot bruk av anbod i attføringsarbeidet. Samarbeid med friviljuge og ikkje-kommersielle skal sikrast gjennom ei ordning som set strenge krav til kvaliteten på tenestene, heilskapleg oppfølging og kompetanse. Tiltaket Varig tilrettelagt arbeid (VTA) må oppretthaldast og styrkjast.

 

Personar som er tidlegare straffa eller under rehabilitering frå rusmisbruk eller psykiske lidingar, er ofte arbeidslause. Utan oppfølging vil risikoen for tilbakefall vere stor. På liknande måte som tilbakeføringsgarantien i kriminalomsorga, må ein tilbakeføringsgaranti gjelde overfor personar som har vore i eit rehabiliteringsopplegg innafor rus og/eller psykisk helse.

 

5.2 Ei sterk fagrørsle
Det er eit mål å gje fagrørsla meir makt både på den einskilde arbeidsplassen og over samfunnsutviklinga i Noreg. I dag er for få arbeidstakarar fagorganiserte. SV vil saman med fagrørsla arbeide for at så mange tilsette som råd melder seg inn i ei fagforeining. SV foreslår at heile fagforeiningskontingenten kan trekkjast frå på skatten.

 

Medverknad og lønsdanning må framleis vere basert på kollektive, sentrale avtalar mellom partane i arbeidslivet.

 

Endringar i arbeidslivet kan føre til at rettsvernet til arbeidstakarane blir svekt. SV vil difor gjere framlegg om ein gjennomgang av arbeidsmiljølova og anna relevant lovverk slik at arbeidstakarar får styrkt rettsvernet sitt, og at tillitsvalde får styrkt retten sin til påverknad.

 

Gode lokale tillitsvalde er heilt sentrale for å skape trygge arbeidsplassar. Dei må difor ha gode arbeidsvilkår på den einskilde arbeidsplassen. I tillegg må dei tilsette vere representerte på alle nivå i større verksemder. SV vil arbeide for at fagrørsla i større grad påverkar organisering av arbeidet, arbeidstidsordningar, arbeidsmiljø og innføring av ny teknologi.

 

Sjå òg kapittel 12 «Mykje meir demokrati»

 

Streikeretten er ein grunnleggjande menneskerett. I Noreg har den frie streikeretten blitt svekt på grunn av omfattande bruk av tvungen lønsnemnd. SV er difor imot bruk av tvungen lønsnemnd.

 

5.3 Kortare arbeidstid
Kortare, dagleg arbeidstid vil gje meir tid til fritidsaktivitet, familie og deltaking i samfunnet, og føre til betre folkehelse. I tillegg vil arbeidstakarar i større grad kunne stå i arbeid fram til oppnådd pensjonsalder. Kortare, dagleg arbeidstid er difor ei viktig velferds– og likestillingsreform. SV ynskjer at ein del av den økonomiske veksten skal takast ut som redusert arbeidstid. Innføringa må skje gradvis. Målet med arbeidstidsreforma er sekstimarsdagen.

 

Ei arbeidstidsreform må ikkje hole ut normalarbeidsdagen. Den daglege arbeidstidsreduksjonen må òg vere fleksibel for å kunne ta omsyn til arbeids– og livssituasjonen til den einskilde. Sekstimarsdagen kan ikkje gjennomførast utan at fagrørsla krev og får gjennomslag for arbeidstidsforkortingar i tariffoppgjera. Staten må leggje til rette for å gjennomføre reforma, mellom anna ved eigne forsøk og ved ei eiga lov om sekstimarsdagen.

 

5.4 Eit menneskeleg arbeidsliv
Auka press i arbeidslivet fører til at mange tilsette blir utsette for påkjenningar dei ikkje klarer over tid. Resultatet er auka sjukefråvær og fleire uføretrygda. SV vil styrkje Arbeidstilsynet både som kontrollorgan og rettleiingsorgan. For å fylle rettleiingsrolla si må Arbeidstilsynet gjevast eit breiare mandat som gjev rett til å gjennomføre ein full organisasjonsgjennomgang når tilsynet meiner det er påkravd.

 

SV vil ha tryggare arbeidsplassar, mellom anna gjennom skjerpa rettar når det gjeld nedbemanning, nedleggingar og verksemdsoverdragingar. I tillegg må rettane til arbeidstakarane bli styrkte ved utflagging, bruk av kontraktørar og oppsplitting av selskap. Arbeidstakarane må ha reell forhandlingsrett og lokal konfliktrett. For å styrkje rettane til arbeidstakarane og sikre seriøsitet i verksemdene, vil SV ha ein kritisk gjennomgang av regelverket for inn– og utleige av arbeidskraft.

 

Mange yrke gjev framleis yrkesskadar utan rett til yrkesskadeerstatning. Kvinnerike yrke er spesielt utsette for dette. Lidingar etter store påkjenningar i arbeidslivet, psykiske lidingar og andre lidingar knytte til yrket må difor reknast som yrkesskadar same kva yrke dei oppstår i.
Full løn under sjukdom er eit viktig velferdsgode. SV vil ikkje endre sjukelønsordninga. Staten og arbeidslivspartane må følgje opp avtalen om inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen). SV vil gjere framlegg om å vidareføre avtalen utover avtaleperioden. Det må stillast krav om konkret måloppnåing både for inkludering av dei som ikkje er i arbeid, og for seniorar.

 

VTA-verksemdene skal få betre, statlege rammevilkår. Det er nødvendig med fleire rettleiarar per tilsett for å sikre at mellom anna menneske med psykisk utviklingshemming får tilbod om tilrettelagt arbeid.

 

Sjå òg 4.2 «Universell utforming og tilgang»

 

Franchiseordningar fører ofte til at arbeidstakarrettane blir undergravne. SV vil gjere framlegg om at franchisegjevar skal ha solidaransvar, og dermed stå ansvarleg for å innfri tariffavtalar og halde lover som har mykje å seie for arbeidstakarrettane. I tillegg vil SV gjere framlegg om å etablere ei franchiselov for å få større innsyn og gjere verksemda opnare. SV vil òg arbeide for ei klargjering og utviding av arbeidstakaromgrepet for å hindre at einskildpersonsføretak og franchise blir brukt som eit middel til å hole ut rettane til tilsette.

 

For SV er det viktig at dei som arbeider innafor varehandelen får arbeidstider som gjev rom for fritid og sosialt liv. Retten folk har til søndagsfri, må forsvarast, og heilagdagsfredlova må handhevast overfor butikkar som prøver å setje lova til side. SV vil motarbeide ei utvikling der stadig fleire må arbeide på ugunstige tidspunkt. For å hindre ei slik utgliding ynskjer SV eit samarbeid mellom styresmaktene og partane i arbeidslivet om avgrensingar i høvet til å halde tilsette i varehandelen på arbeid på sein kvelds– og nattetid til dårlege vilkår.

 

Tilsette som har avdekt korrupsjon, miljøkriminalitet og andre kritikkverdige tilhøve må vernast. SV vil sikre reelt varselvern. Eit effektivt varselvern er avhengig av at ein er open. SV vil difor forby hemmelege sluttpakkar.

 

5.5 Likeløn
Kvinner blir diskriminerte i arbeidslivet. SV vil arbeide for at arbeid av lik verdi blir likt lønt. SV vil difor rå til ein forpliktande likelønsplan for å nå målet om likeløn. Ein sentral del av ein slik plan vil vere å utvide rammene for lønsoppgjera i offentleg sektor – ein statleg likelønspott. Dei utvida rammene skal brukast til å sikre større tillegg for kvinnedominerte yrkesgrupper som tener mindre enn mannsdominerte grupper dei kan jamførast med. Innretninga må avgjerast gjennom forhandlingar mellom partane i arbeidslivet, men samtidig med den føresetnaden at midlane blir brukte slik at målet om likeløn blir nådd med best mogleg utteljing.

 

I privat sektor krevst òg eit systematisk arbeid for likeløn. I kvinnedominerte bransjar som hotell og restaurant, reinhald og i handels– og servicenæringa arbeider svært mange deltid, på mellombelse kontraktar, til ugunstige arbeidstider og med låg løn. Likeløn handlar difor òg om systematisk arbeid for å prioritere dei gruppene som har dei aller lågaste lønene.

 

Skilnader i løn mellom kjønn kjem av ei rekkje ulike tilhøve, og må difor møtast med eit breitt utval av tiltak. Særleg viktig er det å kjempe mot ufriviljug deltid som i hovudsak råkar kvinner. SV vil vurdere ei endring der det bli gjeve rett til overtidsbetaling for overtid utover stillingsbrøken. Ei meir lik fordeling av foreldrepermisjon og ei satsing på etter– og vidareutdanning er andre tiltak som vil verke. Arbeidstida i turnusarbeid som er vanleg i kvinneyrke, er vesentleg lenger enn skiftarbeidstida som er vanleg i mannsyrke. SV vil difor likestille turnus og skift som kan samanliknast, gjennom å endre lova.

 

SV vil vurdere innstrammingar i unntaksbestemmelsane for leiande og uavhengige stillingar i arbeidsmiljølova, då uavgrensa arbeidstid er eit viktig hinder for kvinner som ynskjer å stige i gradane i arbeidslivet.

 

Sjå òg 9.2 «Eit likestilt arbeidsliv»

 

5.6 Sosial dumping
SV ser positivt på arbeidsinnvandring. Føresetnaden for dette er at utanlandske arbeidstakarar har dei same løns– og arbeidsvilkåra som norske arbeidstakarar.

 

Sosial dumping er eit trugsmål mot løns– og arbeidsvilkår i Noreg. Sosial dumping fører til at arbeidstakaren blir utnytta og at seriøse verksemder blir utkonkurrerte. Vidare følgjer ofte svart arbeid og anna form for økonomisk kriminalitet.

 

Lov om allmenngjering av tariffavtalar er eit viktig verkemiddel mot sosial dumping. SV meiner allmenngjering må brukast aktivt, og at det skal gjelde både reglar om løn, sosiale gode og arbeidsmiljø. Lova er i dag for tung å bruke, og sakshandsaminga tek for lang tid. SV vil rå til at lova blir endra slik at det blir lettare å få allmenngjort avtalar. I tillegg må sakshandsamingstida reduserast.

 

SV vil støtte arbeidet fagrørsla gjer mot sosial dumping, ikkje minst i bransjar der fagrørsla står svakt. Det inneber mellom anna at SV vil styrkje høve til å bruke boikott mot arbeidsgivarar som driv med sosial dumping eller som nektar å oppgje løns– og arbeidsvilkår.

 

SV vil ha auka fokus på tenestesektoren i arbeidet mot sosial dumping. I bransjar der sosial dumping er særleg utbreidd, vil SV rå til ei sertifiseringsordning av verksemder. Det inneber at verksemder må kunne dokumentere at dei ikkje driv med sosial dumping for å bli sertifiserte. I tillegg vil SV rå til at det offentlege berre skal gjere innkjøp frå sertifiserte verksemder i desse bransjane. SV vil òg gå inn for regionale verneombod i bransjar der det i dag er få organiserte.

 

Solidaransvar er eit viktig verkemiddel mot sosial dumping, og må takast aktivt i bruk i alle relevante bransjar. Solidaransvaret må vere eit kjedeansvar, slik at ein arbeidstakar har rett til å forfølgje krava sine oppover i kontraktkjeden og kan vere sikra å få innfridd til dømes lønskrav som ikkje er følgde opp av arbeidsgivar.

 

Offentleg verksemd må gå framfor i kampen mot sosial dumping. Verksemder som legg inn anbod, må kunne dokumentere at dei ikkje skuldar skatt og avgifter, men har ordna løns– og arbeidsvilkår og eit skikkeleg system for helse, miljø og tryggleik. Når kontraktar blir inngått mellom offentleg sektor og privat verksemd, skal det ikkje vere høve til å konkurrere på løns-, pensjons– og arbeidstilhøve. I tillegg skal alt arbeid som blir utført av det offentlege eller av offentleg åtte selskap, utførast til norske løns-, pensjons– og arbeidsvilkår. Selskapa skal òg vere opplæringsverksemder med lærlingordning.

 

SV vil styrkje arbeidet mot kriminalitet og sosial dumping som Arbeidstilsynet, Skattedirektoratet og andre relevante instansar gjer. Strafferammene overfor verksemder som bryt lova, må skjerpast. Politiet må prioritere etterforsking av slik kriminalitet. Selskap som blir stoppa på grunn av uforsvarlege arbeidstilhøve, må svartelistast for ein periode.

 

Sosial dumping kan gje stor inntening. Difor må det bli råd å bøtleggje og inndra all forteneste frå ulovleg verksemd. Arbeidstilsynet må òg kunne bøtleggje når eit firma blir stoppa av tilsynet. I tillegg vil SV rå til at selskap som ikkje gjev tilsette rett til eit godt arbeidsmiljø, kan nektast å utføre oppdrag i kortare eller lengre periodar.

 

SV tilrår minstekrav til løns– og arbeidsvilkår for tilsette i selskap som ynskjer å bruke norske hamner og flyplassar.

 

For meir om EØS og sosial dumping sjå 11.9 «Samarbeidet i Europa»


Sist endret: 20.05.2009 kl. 12:56

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn