Kapittel 6: Kunnskap, læring og meistring
Foto: Stig Marlon Weston / SV
SV vil gjere Noreg til ein solidarisk kunnskapsnasjon der auka kunnskap er med på å jamne ut sosiale skilnader og skeive makttilhøve i samfunnet.
Dei største samfunnsutfordringane i vår tid krev at vi satsar på kunnskap. Først og fremst handlar likevel ein solidarisk kunnskapspolitikk om at kvart einskilt menneske skal få utvikle evnene sine slik at han eller ho kan meistre kvardagen sin i arbeid og fritid og leve eit godt liv.
Læring er nært knytt til meistring. Målet må vere at alle menneske får høve til å meistre praktiske, estetiske eller teoretiske fagområde, og få den grunnleggjande kunnskapen som krevst for å ta aktivt del i samfunnet.
6.1 Eit godt barnehagetilbod til alle born
SV ser barnehagen som ein integrert del av opplæringa, og vil på lang sikt gjere barnehagen til eit gratis tilbod. SV vil gjennomføre maksprislovnaden i barnehageforliket gjennom å fryse prisen på 2008-nivå i stortingsperioden. SV vil innføre ei ordning med tolv timars obligatorisk kjernetid i barnehagen for femåringar. Ordninga skal byggje på førskulepedagogikk. Det bør vere minst to hovudopptak i året i alle kommunar.
Barnehagar er ein god arena for sosial utvikling av born. Barnehagar er viktig for utvikling av språkkunnskapar og gjev ei god ramme rundt tidleg læring og utforsking av verda i samspel med andre.
Alle som ynskjer det, skal vere garantert barnehageplass for borna sine. Neste steg i barnehagereforma må vere å auke kvaliteten på tilbodet. SV vil i fireårsperioden prioritere å styrkje det pedagogiske tilbodet og kompetansen til dei tilsette slik at borna får så god oppfølging som råd.
Barnehagane i Noreg er i dag drivne dels av det offentlege, dels av ideelle og dels av kommersielle aktørar. SV ynskjer å stoppe høvet til å ta overskot ut av barnehagedrift – på same måte som i skulesektoren. Private barnehagar må ha like strenge standardar og like gode løns– og pensjonsvilkår og rettar for tilsette som offentlege barnehagar. SV vil arbeide for at ein langt større del av barnehagane blir offentleg åtte og drivne. I område med minoritetsspråklege born må tilbodet av fleirspråklege barnehagar sikrast.
For kontantstøtta sjå kapittel 9.1 «Eit likestilt arbeidsliv»
6.1.1. Auka kvalitet og kompetanse
SV ser på førskulelæraren som nøkkelen til auka kvalitet i barnehagen. SV vil styrkje førskuleutdanninga og sikre betre grunn– og vidareutdanning for tilsette i barnehagane, og med dette følgje opp strategiane for rekruttering og kompetanse for barnehagesektoren.
Målet til SV er at alle som arbeider i barnehagen har høg kompetanse, og at fleire er førskulelærarar. Det må leggjast betre til rette for at assistentar i barnehagen kan oppnå formalkompetanse. Fleire tospråklege assistentar må tilsetjast.
Ei viktig oppgåve for barnehagane er å fange opp og støtte born som opplever omsorgssvikt. Dette skjer i for liten grad i dag. SV meiner førskulelærarutdanninga må gje betre kompetanse for å avdekkje omsorgssvikt og seksuelle overgrep, og vere tydeleg på korleis dette skal følgjast opp. Det må leggjast auka vekt på tverrfagleg samarbeid med etatar som skule og barnevern, for å fange opp og hjelpe utsette born så tidleg som mogleg. SV meiner at eit viktig mål med barnehagane må vere å kjempe imot tradisjonelle kjønnsrollemønster.
Auka medvit og kompetanse om kjønnsroller må bli ein viktigare del av førskulelærarutdanninga.
6.2 Kunnskap, læring og meistring i fellesskulen
Skulen er den viktigaste fellesarenaen i samfunnet i dag. SV vil styrkje den offentlege fellesskulen og utvikle han til ein endå betre arena for kunnskap og meistring. Gjennom tidleg innsats for læring, fleire og betre lærarar og meir praksis i undervisninga vil skulen kunne gje læring og meistring til alle elevar.
SV meiner at einskildeleven i læringskvardagen skal oppleve å tilhøyre ei fast og klart definert klasse/gruppe. For å sikre ein god fellesskule for alle ynskjer SV å innføre enkelte nasjonale minstenormer, slik som eit maksimalt tal på elevar i kvar gruppe, og eit minimum av delingstimar i basisfaga norsk, engelsk og matematikk.
Gode fysiske tilhøve er òg viktige for ein god skule. SV vil at staten framleis skal yte midlar slik at kommunar og fylke kan pusse opp skulebygg og/eller byggje nytt.
6.2.1 Tidleg innsats gjev betre læring
Den norske skulen medverkar til å reprodusere sosial ulikskap. I dag veit vi at tidleg innsats for grunnleggjande kunnskap medverkar sterkt til at elevar lukkast i resten av utdanningstida. SV vil difor setje inn større ressursar i dei første skuleåra for å sikre at alle elevar lærer seg å lese, skrive og rekne så tidleg som råd.
Vi skal gjennom tidleg, målretta innsats redusere risikoen for demotivasjon, fråfall og bortval i skuleperioden, og leggje grunnlaget for livslang læring. Fleire lærarar, spesielt på 1. til 4. steg, skal sørgje for at alle elevar får god hjelp når dei treng det. Fleire ressursar skal rettast inn mot å lære kvar einskild elev å lese, skrive og rekne i dei første skuleåra, mellom anna gjennom auka bruk av tilpassa opplæring. Lesing skal prioriterast i alle fag, òg etter 4. steg. Det skal gjevast leksehjelp innafor ramma av skuledagen som sikrar at alle elevar får hjelp uavhengig av innsatsen og kompetansen til foreldra. Skulen skal følgje opp alle elevar tett og setje inn raske tiltak overfor dei som slit på skulen. Han må òg sikre at alle opplever meistring gjennom utfordringar tilpassa nivået deira.
SV meiner at eit godt samarbeid mellom skule og foreldre gjer at elevar lærer meir, meistrar meir og trivst på skulen. Eit godt samarbeid mellom heim og skule medverkar til å gje elevane dei beste føresetnadene for eit godt læremiljø. Alle foreldre må motiverast til å støtte, motivere og oppmuntre borna sine i skulen. Det vil føre til ein større grad av sosial utjamning.
6.2.2 På veg mot ein ny skuledag med eit heilskapleg kunnskapssyn
SV vil innføre ein ny og variert skuledag som tek omsyn til at elevar lærer ulikt. I ein slik skuledag er leksehjelp, skulemat, fysisk aktivitet, kunst og kultur og andre læringsfremjande aktivitetar ein naturleg del. Alt skulearbeid er lagt til skuledagen, og lekser er ikkje ein del av fritida til elevane. I den nye skuledagen er det rom for eit meir heilskapleg kunnskapssyn. Større mangfald og meir tid til kvar elev gjev betre læring. Meir tilrettelagd undervisning, leksehjelp på skulen og større vekt på ikkje-teoretiske kunnskapar gjer at den nye skuledagen hjelper til med å kjempe imot sosial skilnad i utdanninga. Skulen må leggje til rette for fysisk aktivitet kvar dag.
SV vil i stortingsperioden ta steg i retning av ein slik skuledag. Ein ny skuledag lèt seg likevel ikkje realisere på fire år. Det er eit hovudmål for SV å auke talet på lærarar, og ei gradvis utviding av timetalet i skulen må tilpassast tilgangen på lærarar. SV meiner at eit høgt tal på vaksne i skulen er heilt avgjerande for å nå dei kunnskapspolitiske måla våre.
I den nye skulekvardagen er tilbodet i skulefritidsordninga (SFO) ein integrert del av skuledagen. Som eit første steg mot dette vil SV innføre gratis kjernetid i SFO og leggje denne kjernetida inn i skuledagen. SV vil innføre makspris for skulefritidsordninga elles.
SV vil ha klarare retningsliner for innhaldet i SFO og krav til utdanning for dei tilsette. SV vil innføre eit gratis skulemåltid i grunnskulen.
SV har eit heilskapleg kunnskapssyn. Vi meiner praktisk, sosial og estetisk kompetanse må vektleggjast sterkare gjennom heile opplæringa. Dette vil auke læringsutbytet for elevane, både fordi det gjev auka breidde i læringa og fordi ulike elevar lærer ulikt. Meir praksis i skulen vil òg medverke til å kjempe imot fråfall og bortval. SV vil styrkje dei estetiske faga i skulen, Den kulturelle skulesekken og samarbeidet mellom skulen og kulturskulen.
Sjå òg 8.2 «Kunst og kultur for alle»
SV meiner at eit mangfald i fagtilbodet på ungdomsskulen og i vidaregåande opplæring er viktig for at alle elevar skal trivast og lære. Ikkje minst gjeld dette eit godt språkopplæringstilbod der elevane kan velje mellom ulike framandspråk. Ordninga med valfag i ungdomsskulen må opprettast att.
Noreg slit med rekrutteringa til realfaga. Realfaga er viktige for norsk næringsliv, men òg for å løyse store utfordringar innafor klima og miljø. SV vil forsterke og vidareføre realfagsatsinga i skulen.
Skulen må gje elevane ei digital dømmekraft. Evna til å finne informasjon, vurdere han kritisk og bruke han i eigen læringsprosess må øvast opp. Læraren må gjevast rett kompetansepåfyll til å kunne utnytte informasjonsteknologi som eit godt verkty i undervisninga. Skulebiblioteka er ein viktig kunnskapsarena og ein kulturell arena. SV meiner at skulebiblioteka må utviklast som senter for læring. Kvalitativt gode skulebibliotek er eit viktig verkty for å skape leselyst, kreativitet, forståing av tekst og kritisk tenking blant born og unge. SV vil styrkje skulebiblioteksatsinga som den raudgrøne regjeringa har sett i gang.
6.2.3 Eit lyft for yrkesfaga
Noreg har ei av dei beste ordningane for yrkesutdanning i verda. Mykje må likevel styrkjast for å sikre den nødvendige kompetansen og erfaringa i norsk arbeidsliv. Fråfallet i den vidaregåande opplæringa er spesielt urovekkjande i yrkesfag. SV meiner integreringa mellom teori og yrkespraksis må bli betre.
Alle fellesfaga må gjerast meir relevante for yrkesopplæringa til elevane, og ikkje berre ta sikte på høve til generell studiekompetanse. Dette er spesielt viktig i språkfaga, der yrkesfagelevane må gjevast høve til å spesialisere seg i relevant fagspråk. Læreplanane for dei aktulle fellesfaga må justerast i høve til dette.
Opplæringa både i fellesfaga og programfaga skal yrkesrettast i dei yrkesfaglege utdanningsprogramma. Det må utviklast fag– og yrkesdidaktiske kurs i yrkesretting for lærarar som underviser i fellesfag og programfag. Læreplanane i fellesfaga må gjennomgåast med tanke på at læreplanmåla skal eigne seg for yrkesretting. Eksamensordningar må støtte opp om sjansen for lokal og yrkesretta innretning på opplæring.
SV ynskjer å styrkje høvet elevane har til å omsetje yrkesteorien til praksis alt første skuleår. 2+2-modellen bør løysast opp og gjerast langt meir fleksibel, slik at elevane i opplæringstida får betre føresetnader til å omsette yrkesteorien til god praksis. Dette føreset at fylkeskommunen tek eit tydelegare ansvar for lærlingpolitikken.
SV vil reformere lærlingordninga slik at arbeidslivspartane i eit samarbeid med det offentlege fastslår trongen for lærlingplassar. Verksemdene i bransjen finansierer kostnaden ved lærlingordninga slik at det blir gratis for ei einskildverksemd å ha lærlingar. Statens medverknad til lærlingordninga skal oppretthaldast og styrkjast. På sikt vil SV at ei slik reform skal munne ut i ei lovfesting av retten til lærlingplass.
Offentleg sektor bør ta større ansvar for å skaffe lærlingplassar og sjå dette arbeidet i samanheng med ulike behov det offentlege har. Fylkeskommunen bør gjevast større kontroll over koordineringa av lærlingplassar slik at kvaliteten på tilbodet ikkje er avhengig av bransje. Samhandlinga mellom skulane og opplæringskontora må styrkjast, og fylkeskommunen eller skulane bør ha ansvar for oppfølging av lærlingar.
Alle elevar i den vidaregåande skulen må få sjansen til meistring gjennom ei tilpassa opplæring. Ei tett kontakt mellom skule, samfunns– og arbeidsliv, gjennom til dømes utplassering og elevverksemder, vil kunne gje meistring og motivasjon for fleire elevar. Andre yrkesgrupper enn lærarane skal trekkjast inn i undervisninga. Samarbeid mellom skule og lokalt næringsliv må skje på premissane til skulen og fellesskapen.
Entreprenørskap er i stor grad knytt til studiespesialiseringsfaga i dag. Meir av denne verksemda bør inn i alle fag.
Retten til vidaregåande opplæring må utvidast slik at dei som har fullført eit yrkesfagleg utdanningsprogram, blir gjevne rett til påbyggingskurs i fellesfaga.
Samarbeidet skulane og opplæringskontora har med arbeidslivspartane, er svært viktig for arbeidslivet og må styrkjast. Det må vere eit mål å auke talet på fagorganiserte lærlingar og styrkje opplæringa om kva rettar dei har.
SV meiner at alle fylke skal ha eit lærling– og elevombod. SV er uroa over den sterke kjønnsdelinga i yrkesval. Rådgivingstenesta i ungdomsskulen må styrkjast med spesielt fokus på dette området og sjåast i samband med fråfallet.
Yrkesfaglærarutdanninga må styrkjast. Yrkesfaglærarane bør sikrast tilbod om opphald i verksemder med visse mellomrom. Det er viktig at fagarbeidarar blir stimulerte til å ta yrkesfaglærarutdanning. Det er spesielt viktig at fagarbeidarar av begge kjønn blir gjevne høve til dette. Det må innførast ei stipendordning som gjer det mogleg å ta yrkesfaglærarutdanning og som gjev fagarbeidarane ein viss tryggleik når utdanninga er teken.
SV vil etablere hospiteringsordningar for yrkesfaglærarar og instruktørar i verksemder og skular.
Fagleg spesialisering som ikkje finn ein plass i fag– og yrkesopplæringa, skal som hovudregel gjevast som tilbod i fagskulen. Desse tilboda skal gjevast offentleg finansiering. Rolla fagskulen har som tilbydar av yrkesretta vidareutdanning for fagarbeidarar, må styrkjast.
6.2.4 Kartlegging, tilbakemelding og motivasjon
SV meiner prøvar og kartlegging i skulen må gjennomførast på måtar som fremjar læring. SV vil halde på eit system med nasjonale prøvar og kartleggingsprøvar som saman med god oppfølging, kan medverke til å betre opplæringa. Prøvane skal brukast til forbetring, ikkje rangering. SV vil gå imot rangering og offentleggjering av resultata frå den einskilde skulen i nasjonale prøvar.
Vurderingsformene som blir brukte i ungdomsskulen og i vidaregåande opplæring i dag, gjev ikkje god nok tilbakemelding på arbeidsinnsatsen og prestasjonen til eleven, og er for vilkårleg. SV ynskjer difor å greie ut endringar i systemet for vurdering i ungdomsskulen og vidaregåande opplæring med tanke på å forbetre vurderingssystemet vi har i dag. Målet med ei slik utgreiing må vere å finne vurderingsformer som gjev ei meir presis og heilskapleg tilbakemelding til eleven, og som seier frå om eleven er klar for å gå vidare i utdanninga eller ikkje. Eit godt system for vurdering må innehalde krav til ei meir kontinuerleg vurdering av kor godt eleven ligg an i høve til kompetansemåla på gjeldande steg, ha større fokus på kva elevane må arbeide med for å forbetre seg og medverke til motivasjon framfor sortering. Utgreiinga må òg vurdere endringar i opptakssystemet til høgare utdanning.
SV meiner det må satsast meir på å kvalifisere lærarar til å vurdere og gje tilbakemelding som fremjar læring.
Ei god rådgivingsteneste er avgjerande for at elevane skal kunne orientere seg i eit stadig meir komplisert utdanningssystem, og vil medverke til å redusere fråfall og bortval. SV vil styrkje og profesjonalisere rådgivingstenesta gjennom auka ressursar og gjennom klarare kriterium for kompetanse. SV vil innføre obligatorisk yrkesrettleiing frå 8. klasse for alle elevar.
6.2.5 Læraren – den viktigaste ressursen i skulen
Læraren er den viktigaste ressursen skulen har. Elevane lærer gjennom arbeid med fag leidde av motiverande, pedagogisk dyktige og fagleg sterke lærarar i eit læringsmiljø som fremjar lærelyst. Kompetente lærarar er ein nødvendig føresetnad for å nå måla våre om tidleg innsats og tilpassa opplæring for alle elevar. SV vil spele på lag med lærarane og organisasjonane deira for å auke statusen til læraryrket gjennom betre løn og arbeidstilhøve. Skulane må ha fleire lærarar for at vi skal nå målet om høgare lærartettleik. Difor må det leggjast til rette for at lærarar kan stå lenger i arbeid.
SV vil styrkje rolla rektor har som pedagogisk leiar, og meiner difor det skal vere eit krav at alle skuleleiarar skal gjennomføre ei eiga skuleleiarutdanning. Vi vil heve kompetansekrava for skuleleiarar og lærarar.
SV vil ha lærarar som både fører vidare rolla læraren har som allmenndannar og som har fagleg spesialkompetanse. Vi vil ha ei meir differensiert lærarutdanning med fagleg, metodisk breidd og fordjuping. Det må bli betre samanheng mellom praksis, fagstudium, fagdidaktisk og pedagogisk teori i utdanninga. All praksis må gå føre seg i eit bindande samarbeid mellom utdanningsinstitusjonane, praksisskulane og studentane. SV meiner det bør stillast sterkare praksiskrav òg til lærarane i lærarutdanninga. Lærarutdanninga må blir meir praksisorientert.
SV vil arbeide for ei jamn og systematisk kompetanseutvikling for alle lærarar. Det bør stillast krav til kvar einskild skule om å ha ein heilskapleg, forpliktande utviklingsplan for kompetanseheving knytt til den trongen for kompetanse skulen har. For å betre nivået på kompetanseutviklinga må samarbeidet mellom lærarutdanningane og skulane styrkjast. SV meiner lærarutdanningsinstitusjonane må få ansvar for at lærarane blir følgde opp med rettleiing òg etter at dei er ferdig utdanna. Nyutdanna lærarar må få ei særskild oppfølging det første året i skulen.
I dag opplever mange lærarar at dei brukar for lite av tida si til undervisning. SV vil forenkle styringssystema i skulen og styrkje støtteapparatet rundt lærarane for at dei i størst mogleg grad skal få bruke tida si på aktivitetar som verkar direkte inn på lærings-utbyttet til elevane.
SV meiner det er ein styrkje for skulen om dei tilsette representerer det breie mangfaldet i elevmassen betre enn i dag. Det må vere eit mål å skaffe fleire kvalifiserte lærarar og andre skulearbeidarar med ulik sosial, etnisk og språkleg bakgrunn.
SV går inn for ein systematisk opptrappingsplan for å få fleire årsverk inn i barne– og ungdomsarbeidet i kommunen. Planen bør gjelde skule, barnehage og kommunalt barnevern i tillegg til andre institusjonar som arbeider med born og unge.
6.2.6 Fellesskulen – lik rett til utdanning
Lik rett til utdanning er eit grunnprinsipp i ein solidarisk kunnskapspolitikk. SV arbeider for at skilnader i sosial og kulturell bakgrunn, økonomiske eller geografiske tilhøve, kjønn, alder, seksuell orientering eller funksjonsgrad ikkje skal vere til hinder for høvet til å ta utdanning.
Fleire privatskular vil auke dei sosiale skilnadene i samfunnet og svekkje rolla den offentlege skulen har som felles møtestad for born og ungdom med ulik bakgrunn. SV vil difor forsvare privatskulelova vi har i dag, slik at kommersielle aktørar ikkje skal kunne drive private skular. Pedagogiske og religiøse alternativ skal på sikt avviklast. Born som har trong for alternativ pedagogikk, skal få dette i den offentlege skulen.
SV er imot reint karakterbasert opptak, såkalla «fritt skuleval», som inntaksform til vidaregåande opplæring. SV vil arbeide for gode vidaregåande opplæringstilbod i distrikta for å motverke at ungdom må flytte for å ta vidaregåande opplæring.
Ein viktig føresetnad for å sikre lik rett til utdanning er at skuletilbodet er gratis. SV vil verne om gratisprinsippet i skulen og sørgje for at alle læremiddel og skuleaktivitetar er gratis i heile skuletida. Vi vil fullfinansiere leirskuleordninga og gjere leirskule til ein obligatorisk del av den ordinære skuleperioden. SV vil styrkje stipendordninga for bortebuande elevar i vidaregåande opplæring.
SV går inn for at Statens lånekasse skal gje stipend til elevar i vidaregåande skule som vel å ta eit utvekslingsår på skule i utlandet, både når dette året erstattar og når det kjem i tillegg til eit skuleår i Noreg.
Alle born skal lære, meistre og trivast i fellesskulen. SV meiner det må satsast sterkare på konkrete tiltak for å kjempe mot mobbing, rasisme og diskriminering på grunnlag av kjønn, seksuell orientering og religion. SV meiner at gode, forskingsbaserte nasjonale program for læringsmiljø skal innførast i alle skulane.
Born med nedsett funksjonsevne skal gjevast eit like godt undervisningstilbod som andre born. Retten til å gå på nærskulen må sikrast gjennom universell utforming av alle skulebygningar og tilgang til kompetanse og rette hjelpemiddel uavhengig av bustadskommune. Retten til tilrettelagd undervisning må følgjast opp gjennom tilsyn og korrigerande tiltak.
Transport til og frå SFO må lovfestast som ein rett på lik line med transport til og frå skulen.
Sjå òg 4.2 «Universell utforming og tilgang»
Altfor mange elevar opplever seksuell trakassering på skulen. Uynskt merksemd knytt til kropp, kjønn og seksualitet er eit problem som har vore for lite granska i norsk skule. SV ynskjer ei forsøksordning med feministisk sjølvforsvar i den vidaregåande skulen. SV meiner seksualundervisninga i skulen må forbetrast, og ta opp spørsmål knytte til kjønn og makt i tillegg til å medverke til å bli trygg og open rundt kjønn, kropp og seksualitet. Lærarutdanninga må gje studentane betre kunnskap om seksualitet, kjønn og kjønnsroller.
Sjå òg kapittel 9 «Feminisme, kjønnsmakt og motmakt»
Innhaldet i skulen må spegle ein fleirkulturell røyndom. Gode kunnskapar i eige språk gjer det lettare å lære norsk og er ein styrke for den vidare læringa. SV meiner minoritetsspråklege born og unge skal få tilpassa morsmålsopplæring i form av lese– og skriveopplæring og tospråkleg fagopplæring på morsmålet sitt. Det skal vere råd å velje morsmål som andre framandspråk både i ungdomsskulen og på vidaregåande skule. Foreldre må kunne få informasjon om skulen på sitt eige morsmål. SV ynskjer at det vert innført tolkehjelp på foreldremøte i barne-, ungdoms- og vidaregåande skule.
Sjå òg kapittel 10 «Likestilling og likeverd»
Fellesskulen skal vere trusnøytral. Endringane i føremålsparagrafen til skulen og barnehagane og det nye RLE-faget er viktige steg mot ein inkluderande skule. SV vil halde fram arbeidet for at skulen og barnehagen ikkje skal favorisere eitt trus– eller livssyn framfor eit anna, men byggjer arbeidet sitt på universelle verdiar nedfelte i menneskerettane.
SV arbeider for ein skule som oppmuntrar til sjølvstendig, kritisk tenking og stimulerer til auka demokratiforståing og deltaking. SV vil styrkje den strukturelle elevmedverknaden, mellom anna gjennom auka elevrepresentasjon i skuleutval og andre representative organ. Elevrådsbudsjetta må styrkjast gjennom ein fast sum per elev som går direkte til elevrådet. Fellesskulen har eit spesielt ansvar for å fange opp og hjelpe born som er utsette for omsorgssvikt eller overgrep. Dette krev systematisk samordning mellom barnehage, skule, PPT, barnevern, helsestasjon, utekontakt, fritidsklubbar og andre instansar som arbeider med born og unge. Det førebyggjande barne– og ungdomsarbeidet krev òg auka kompetanse. SV arbeider for at lærarkompetansen om vald og overgrep skal aukast, mellom anna gjennom sterkare fokus på dette i lærarutdanninga. Helsetenesta i skulen må styrkjast og det skal vere sosialfagleg kompetanse på alle ungdomsskular. På kvar vidaregåande skule skal det vere tilgang til sosialfagleg kompetanse.
For meir om førebygging sjå 4.1.7 «Ein trygg oppvekst»
Skulen har ei spesiell plikt overfor alle born og unge som i ein kort eller lang periode får alternative skuletilbod i eller utanfor institusjonar. Dette krev god samordning og samhandling mellom ulike etatar og profesjonar. SV vil arbeide for at rettane desse borna har etter opplæringslova blir godt ivaretekne.
Folkehøgskulen representerer eit verdfullt pedagogisk tilbod i tillegg til vidaregåande opplæring. Folkehøgskulane må sikrast gode og føreseielege rammevilkår. For å betre omstillingsevna og hjelpe folk ut i arbeidslivet vil SV styrkje vaksenopplæringa. Særleg viktig er det å styrkje undervisninga i grunnleggjande kunnskapar og den sosiale og yrkesfaglege rådgivinga. Det skal vere lett å omskulere seg til eit anna yrke.
SV ser på vaksenopplæringa gjennom friviljuge organisasjonar som ein viktig del av kompetanseutviklinga i Noreg. SV vil styrkje verksemda til studieforbunda gjennom gode støtteordningar og formålstenleg lov– og regelverk.
Fagskulane vil bli stadig viktigare for å sikre både meir spesialisert kompetanse og breiddekompetanse på eit høgare nivå. SV meiner at fagskuleutdanning er eit godt alternativ for dei som ynskjer og har trong for meir fagleg kompetanse etter fullført vidaregåande opplæring. Dette gjeld både unge som ynskjer meir spesialisering og vaksne med relevant erfaring som ynskjer ei meir praktisk retta vidareutdanning. Finansieringa av fagskuleutdanningane må gjennomgåast slik at historisk påverka skilnader mellom fagretningane blir utjamna.
6.3 Høgare utdanning og forsking
Høgare utdanning og forsking skal auke erkjenninga vår og leggje grunnlag for utviklinga av demokrati og samfunn. Sektoren skal ta vare på kulturarven vår og medverke til berekraftig utvikling, verdiskaping og velferd. Vi står i dag overfor store samfunnsutfordringar som vil skape trong for nye utdanningar og krevje auka forskingsinnsats i tida framover. Forsking og høgare utdanning er viktig for ein kritisk samfunnsdebatt, og SV vil arbeide for autonomi og demokrati ved utdanningsinstitusjonane. Lik rett til utdanning er eit berande element i utdanningspolitikken til SV. Norsk høgare utdanning skal vere av høg internasjonal kvalitet og basert på det fremste innafor forsking og utvikling.
Kvalitetsreforma har ført til auka fokus på oppfølging av studentane, men framleis har undervisning av studentar og formidling av forskingsresultat for låg status. Det er viktig å kome opp med ordningar slik at undervisning og formidling er meritterande for vitskapleg tilsette. SV meiner det er viktig å styrkje kvaliteten i utdanningane ved å auke basisløyvingane slik at institusjonane kan sikre forskingsbasert undervisning med god oppfølging og bruk av alternative lærings– og vurderingsformer. Det er ei stor utfordring at bachelorutdanningane i for liten grad fungerer som sjølvstendige utdanningar i dag. SV meiner at betre undervisning og eit større fokus på innhaldet i utdanningane er nødvendige for å sikre gode utdanningstilbod som gjev brei kompetanse. Det er viktig at tilbodet av gradar både kan leie fram til ein avsluttande grad og vidare utdanning.
6.3.1 Lik rett til høgare utdanning
Høgare utdanning i Noreg har gått frå eliteutdanning til masseutdanning, men framleis er rekrutteringa til høgare utdanning svært skeiv. SV arbeider for at høvet til å ta høgare utdanning skal vere likt for alle, uavhengig av sosial eller kulturell bakgrunn, kjønn, bustad, seksuell legning eller funksjonsevne.
Offentleg, høgare utdanning må vere gratis. Alle former for skulepengar aukar skeivrekrutteringa til høgare utdanning. Ein del utdanningar som har noko å seie for samfunnet, blir i dag gjevne berre eller i stor grad ved institusjonar som krev studiebetaling. SV vil greie ut offentlege kjøp av studieplassar eller oppretting av offentlege studium for slike studiar. Det langsiktige målet til SV er ei studiefinansiering på eit nivå av 2G (to gonger grunnbeløpet i folketrygda), som sikrar høve til å studere på heiltid. I denne stortingsperioden vil SV prioritere å utvide studiestøtta til å gjelde for 11 månader. Reisestipendet må aukast. SV vil arbeide for at låg,
politisk styrt rente blir innført i Statens lånekasse att. Stipenddelen av støtta må gradvis aukast. SV meiner det må gjennomførast ei heilskapleg satsing for å betre studiestøtta og studentvelferda. Det skal byggjast minst 1000 nye studentbustader kvart år i stortingsperioden. I tillegg må tilskotssatsane for studentbustadbygging oppjusterast i takt med reell kostnadsutvikling. Det må òg innførast ordningar som gjer det lettare å kombinere det å ha born med studiar. Innan første år etter avslutta studiar må studentar sikrast permisjonsrett på seks månader. Menneske med nedsett funksjonsevne må gjevast reelt høve til høgare utdanning gjennom tilpassa studiefinansieringsordningar.
For meir om bustad sjå 3.4 «Ein sosial bustadpolitikk»
Ungdom under vidaregåande og høgare utdanning har svake sosiale rettar ved sjukdom og livskriser. SV vil utgreie ei ordning der ungdom under utdanning blir sikra på lik line med arbeidstakarar. Talet på dei som har psykiske lidingar er høgare for studentar enn i folkesetnaden som heilskap. SV vil gjennomføre ei nasjonal kartlegging av tilgangen studentane har til psykososiale tenester. SV vil auke den økonomiske støtta til det psykiske helsetilbodet studentsamskipnaden har.
SV vil arbeide for at rekrutteringa til høgare utdanning blir mindre avhengig av kjønn, klasse og etnisitet. Det må leggjast til rette for målretta tiltak som kan rette opp det som er skeivt i rekrutteringa, til dømes eigne rekrutteringsdagar for underrepresenterte grupper og styrking av rådgivingstenesta i den vidaregåande skulen. SV meiner at så mange studieretningar som råd, skal vere opne på same tid som nivået ved utdanningsinstitusjonane blir oppretthalde.
Talet på studentar ved ulike fag vil variere. Dei små faga er nødvendige for å sikre samfunnet eit breitt utdanningstilbod med ulike typar kompetanse. SV meiner at finansieringsordningane må ta vare på mangfaldet i fagtilbodet og sikre stabile rammer og høg fagleg standard ved mindre fag òg. Finansieringa av universiteta og høgskulane skal i større grad løne institusjonar som prioriterer kjerneoppgåver framfor reklame.
Basisfinansieringa må ta høgd for dei meirutgiftene institusjonane i distrikta har til for eksempel reiseutgifter, desentraliserte tilbod og praksis. Det må vurderast kvoteordningar på studiar der etnisk mangfald er særleg viktig.
SV arbeider for at det skal finnast eit godt høgare utdanningstilbod over heile landet. SV vil styrkje desentralisert høgare utdanning, og styrkje og vidareutvikla profesjonsutdanningane.
SV meiner det ikkje er eit mål at flest mogleg utdanningsinstitusjonar får universitetsstatus. SV er positiv til samarbeid og samanslåingar i utdannings-Noreg, men det må vere basert på faglege vurderingar og skje friviljug.
IKT-baserte utdannings– og læringstilbod vil sikre at fleire kan ta høgare utdanning utan å vere avhengige av å flytte frå heimstadene. SV ynskjer auka bruk av IKT for å sikre fleire slik tilgang, og på same tid auke fleksibiliteten i kvardagen og studieprogresjonen til kvar einskild student.
Den forventa auken i arbeidsløyse og trongen for etter– og vidareutdanning inneber at mange tusen nye studentar vil trenge utdanning ved høgskular og universitet i åra som kjem. Utdanninga på desse lærestadene må utvidast og endrast slik at dei nye studentgruppene får eit godt tilbod. Utdanninga må leggjast opp slik at ho bli lettare å kombinere med arbeid.
Utdanningsinstitusjonane har plikt til å sikre studentar med nedsett funksjonsevne tilrettelagd utdanning. Universell utforming av fysisk miljø og IT-miljø, hjelpemiddel, inntaksreglar og tilrettelegging av læremiddel og eksamen må sikrast. Butilhøve, transporttilbod og velferdstilbod må òg tilretteleggjast på studiestaden. Studentar med nedsette funksjonsevner treng ei styrkt studiefinansiering, og det må sikrast at desse studentane ikkje må låne meir på grunn av den nedsette funksjonsevna.
Sjå òg 4.2 «Universell utforming og tilgang»
Den stadig aukande internasjonaliseringa gjer det viktigare å leggje til rette for at alle studentar kan ta kvalitetsutdanning i utlandet, både heil– og delgradsstudiar uavhengig av økonomisk og sosial bakgrunn. SV vil gjere det meir lønsamt for institusjonane å gjere delgradsstudiar i utlandet til ein integrert del av studieperioden. For å sikre brei internasjonal kompetanse er det eit mål at fleire studentar tek gradsstudiar i ikkje-engelskspråklege land. Finansieringssystemet bør leggjast om slik at institusjonane ikkje tapar pengar på studentutveksling.
6.3.2 Demokratisk styring og akademisk fridom
Universiteta skal ta vare på den akademiske breidda. Høgskulane skal vere spesialiserte og profesjonsorienterte både i undervisning og forsking. All norsk høgare utdanning skal vere forskingsbasert.
SV er kritisk til tendensane til kommersialisering og einsretting i høgare utdanning, mellom anna ved at forskinga blir gjord meir avhengig av ekstern finansiering. SV vil arbeide for å oppretthalde kunnskapsinstitusjonane som frie, uavhengige institusjonar med stor autonomi, ått og finansiert av det offentlege. SV vil auke basisfinansieringsdelen av dei totale løyvingane til feltet slik at institusjonane får større fridom og kan planleggje meir langsiktig. SV vil fase ut dei resultatbaserte komponentane og erstatte dei med finansieringsordningar som òg tek kvalitative og strategiske omsyn. Dei totale løyvingane til universitet og høgskular må aukast.
Demokratiset blir styrkt av kritiske intellektuelle som har tid og ressursar til å kombinere vitskapleg arbeid med å ta del i samfunnsdebatten. SV vil difor gje kunnskapsinstitusjonane auka fridom. Samtidig arbeider SV for eit meir levande demokrati på alle nivå i norske høgare utdanningsinstitusjonar. Kollegiale styringsorgan må styrkjast og studentpåverknaden må vektast høgare. SV meiner at universitets– og høgskulelova må endrast slik at demokratiet ved institusjonane blir styrkt, og slik at det blir obligatorisk med val av rektor, fakultets– og instituttleiing.
SV vil arbeide for å redusere talet på mellombelse stillingar i akademia, og meiner det må lagast ein plan for å redusere talet på slike i neste stortingsperiode.
6.3.3 Styrk forskingsevna
SV arbeider for at det skal forskast meir og betre i Noreg. Skal vi nå dette målet, må vi bruke ein større del av BNP på forsking, og vi må betre rekrutteringa og styrkje det nasjonale og internasjonale forskingssamarbeidet. SV vil styrkje forskingsfridommen i akademia gjennom auka basismidlar til universitet, høgskular og forskingsinstitutt. Vilkåra for individuelle forskingsprosjekt må betrast, og SV vil vurdere fordelinga av forskingsmiddel mellom Norges forskningsråd og sektoren.
SV ser på forsking som eit viktig element i utviklinga av eit berekraftig næringsliv og ein velfungerande offentleg sektor. Samtidig er det viktig å sikre fri og uavhengig forsking for å unngå at tunge næringsinteresser og kortsiktige forretningsomsyn får ein dominerande kontroll over deler av forskinga. Universitet og høgskular må difor sikrast ei offentleg finansiering som set dei i stand til å utvikle samarbeidet med næringslivet på eigne premissar og med basis i eit heilskapleg samfunnsansvar. Den offentleg finansierte infrastrukturen for forsking må styrkjast gjennom auka grunnløyvingar til universitet, høgskular og forskingsinstitutt. Det må likevel finnast politisk handlingsrom til konkrete, avgrensa satsingar.
Det må lagast ein bindande plan for opptrapping av forskinga, slik som samferdselssektoren har sin Nasjonal transportplan. SV vil i stortingsperioden arbeide for ei opptrapping av forskingsløyvingane, i første omgang til at 1 prosent av BNP blir brukt på offentleg finansiert forsking. I tillegg er det eit mål å styrkje forskingsmedverknaden til næringslivets vesentleg. SV vil tilrå eit eige trepartsutval der fagrørsla, NHO og staten saman arbeider for å auke forskingsinnsatsen i næringslivet.
Auka forskingsinnsats krev fleire forskarar. For å sikre betre rekruttering må fleire stipendiatstillingar, fleire faste forskarstillingar og fleire vitskaplege stillingar for
dei som er ferdige med doktorgraden, opprettast. Dagens finansieringsordning med omfattande prosjektløyvingar for relativt korte tidsperiodar gjev kortsiktige og uføreseieleg arbeidsvilkår. SV går difor inn for å leggje om finansieringa av norsk forsking for at forskingssatsinga skal vere meir langsiktig og for å redusere talet på mellombelse forskingsstillingar. Dette inneber auka basisløyvingar til universitets– og høgskulesektoren og betre finansiering av øyremerkte forskingsprosjekt og rekrutteringsstillingar. I neste stortingsperiode skal det utviklast ein plan som tek sikte på å redusere talet på mellombelse tilsette i akademia til nivå med snittet elles i arbeidslivet. Tilsetjingsprosessar i universitets– og høgskulesektoren må gjennomførast ope, og det må stillast krav til ekstern utlysing av både faste
og mellombelse stillingar. SV vil tilrå tiltak for å auke talet på kvinnelege forskarar. Først og fremst ved stimulerande tiltak for stipendiatar og betre kriterium for tilsetjing i post doc-stillingar, men òg gjennom øyremerking av forskarstillingar om det er nødvendig. SV vil arbeide for at lovgivinga innafor EU-området (som Noreg er bunde av) blir endra, slik at faste stillingar for kvinner kan øyremerkjast.
Ei styrkt forskingsevne krev eit mangfald av verkemiddel. SV vil kombinere spissmiljø som senter for framståande forsking, med god breiddeforsking. Bruksforsking på spesielle satsingsomårde der Noreg er i front, som velferdsforsking og energiforsking, må kombinerast med anna forsking drive av nyfikne. Det må i større grad leggjast til rette for fri grunnforsking i tillegg til og lausrive frå dei store programsatsingane i Norges forskningsråd.
SV vil understreke trongen for å sikre ei brei humanistisk forsking og kritisk samfunnsforsking. SV er oppteke av at offentleg finansiert forsking er eit offentleg gode, og difor av at alle forskingsinstitusjonar har klare strategiar for open access-publisering og populærvitskapleg formidling av forskingsresultat. For å auke tilliten til tildeling av forskingsmidlar i Noreg skal hovudregelen vere at alle søknader som blir innfridde, skal vere offentleg tilgjengelege etter vedtak. Ynskje om hemmeleghald skal grunngjevast særskilt.
SV er oppteke av at forskarane skal få mest mogleg samanhengjande tid til forsking og vil støtte tiltak som kan frigjere meir forskingstid. Framleis må det stillast strenge krav til forskingskvalitet, knytte til mellom anna publisering, samarbeid og oppfølging av unge forskingstalent. Arbeidet for betre forskingsgrupper og betre forskingsleiing må styrkjast. Institusjonane må setjast betre i stand til forsking, mellom anna gjennom oppdatert vitskapleg utstyr. Grunnløyvingane til akademiske institusjonar må aukast, og det må innførast eit enkelt system for utdeling av midlar til småskalaforsking.
SV vil satse på forskingssamarbeid mellom forskingsinstitutt, institusjonar og næringslivet, gjerne kanalisert gjennom store, regionaliserte forskingsfond. Eit slikt samarbeid kan skape fleire kunnskapsbaserte verksemder og føre til betre undervisning og større relevans i forskinga. Samtidig må det offentlege auke dei direkte løyvingane og setje inn stimuleringstiltak overfor næringslivet for å sikre eit høgt nivå på næringsretta forsking. SV vil styrkje høvet til kompetanseoverføring mellom næringslivet og forskingssektoren gjennom verkemiddel som nærings-phf (stipendiat delfinansiert av næringslivet), utveksling av personell, traineeordningar og andre former for samarbeidsavtalar.
SV vil gå inn for at det offentlege skal auke innsatsen sin med støtte og og lån til bruksforsking i verksemdene. Staten bør leggje forsking og innovasjon inn som eit kriterium for innkjøpspolitikken sin.
Viss forskinga skal løyse dei internasjonale utfordringane, må det internasjonale forskingssamarbeidet styrkjast. SV meiner Noreg må vere ein pådrivar for å styrkje dette samarbeidet. Noreg er eit lite land, og vi kan ikkje vente å vere i front på alle forskingsområde. SV meiner forskingssamarbeidet mellom norske forskarar og miljø i utlandet må styrkjast kraftig. Det må leggjast betre til rette for at norske forskarar får ta del i internasjonale forskingsnettverk, og fleire, leiande utanlandske forskarar må inviterast til å dele kunnskapen sin med norske forskingsmiljø.
Ei rekkje internasjonale prosessar fører i dag til ei global skeivfordeling og kommersialisering av teknisk og vitskapleg kunnskap. SV ynskjer ei open og inkluderande kunnskapsutvikling basert på samarbeid framfor konkurranse mellom institusjonar for å takle globale utfordringar som fattigdom og miljøkriser. Utvikling av samarbeid med partnarinstitusjonar i sør bør prioriterast. SV ynskjer ein kritisk gjennomgang av den dominerande rolla EU har i norsk forskingspolitikk.
For meir om forsking og utvikling sjå kapittel 7 «Ein framtidsretta næringspolitikk». For meir om forsking og miljø sjå òg kapittel 2 «Klima og miljø»
Sist endret: 20.05.2009 kl. 13:14
SV i sosiale medier
Ledervalg 2012













