ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

Kapittel 7: Ein framtidsretta næringspolitikk

Lofoten

Foto: WWF-Norway / Frode Johansen.

SV arbeider for ein aktiv, framtidsretta næringspolitikk der det offentlege spelar ei viktig rolle i utviklinga av nye næringar og i å leggje til rette for sysselsetjing og verdiskaping. SV vil ikkje støtte ein næringsnøytral politikk som overlèt avgjerande vegval for samfunnet vårt til marknadskreftene.

Næringspolitikken må innrettast slik at han medverkar til å løyse klimakrisa og den økonomiske krisa. Langsiktig, offentleg eigarskap og omstilling til miljøvenlege næringar må stå sentralt.

Den viktigaste føremonen for norsk næringsliv kjem til å vere kompetanse. Kostnadsnivået i Noreg er høgt. Det er difor endå viktigare å produsere varer og tenester med høge krav til kompetanse som andre land ikkje så lett kan kopiere. I tillegg til å satse på utdanning og forsking vil SV at staten, i samarbeid med partane i arbeidslivet, skal styrkje kompetansen hos dei som er i arbeid for å møte stadig nye utfordringar i arbeidslivet.

For meir om forsking og kunnskapsutvikling sjå kapittel 6.3 «Forsking og høgare utdanning»

Næringspolitikken til SV skal skape trygge arbeidsplassar over heile landet. Det offentlege må vere med på å utvikle eit variert arbeidsliv i distrikta. I tillegg må det leggjast til rette for god infrastruktur. Verkemiddelapparatet må styrkjast. Innovasjon Norge må få løyve til å ta større risiko og gje betre støtte til lange utviklingsperiodar før kommersialisering, spesielt i høve til miljøteknologi.

 

7.1 Næring og miljø

Næringspolitikken må hjelpe til med å løyse klima– og miljøproblema. Målet er å gå frå eit næringsliv som i for stor grad skapar klimaendringar, til eit næringsliv som i større grad skapar verdiar gjennom å løyse klimaproblemet. Gjennom å satse på miljøteknologi kombinerer vi miljø og framtidsretta arbeidsplassar. Den offentlege støtta til forsking, utvikling og bruk av ny, miljøvenleg teknologi må styrkjast.

SV vil satse på kunnskapsverksemder som medverkar til meir forsking og utvikling på miljøområdet, som til dømes fornybar energi, framtidige energiberarar og andre miljøvenlege teknologiar. Ordningane med industrielle forskingskontraktar (IFU) og offentlege forskingskontraktar (OFU) bør styrkjast. I tillegg vil SV innføre betre avskrivingsreglar for å gjere det lettare for næringslivet å modernisere produksjonen sin, ikkje minst gjennom å gjere han meir miljøvenleg.

For meir om miljø og næringsutvikling sjå kapittel 2 «Klima og miljø»

 

7.2 Aktivt og langsiktig offentleg eigarskap

Staten har gjennom historia hatt ei aktiv rolle for å utvikle norsk næringsliv. Heil– eller delåtte statlege selskap har vore sentrale for å utvikle norsk næringsliv både på land og på norsk sokkel. Den statlege eigarskapen har vore viktig for å sikre nasjonal kontroll over viktige ressursar. Auka liberalisering, ikkje minst på grunn av EØS, forsterkar trongen for styring gjennom offentleg eigarskap.

For å sikre demokratisk og effektiv styring av samfunnsutviklinga bør den offentlege eigarskapen vere omfattande innafor infrastruktur og nøkkelnæringar. Den offentlege eigarskapen bør vere større og langt meir aktiv enn i dag. SV vil arbeide for å sikre nasjonal forankring av hovudkontorfunksjonar hos dei selskapa der staten er eigar. Dette vil sikre vidare utvikling av teknologi, kompetanse, forsking, arbeidsplassar og verdiskaping i Noreg.

SV ynskjer ein statleg medeigarskap i Hurtigruta for å sikre drift som kjem kyst-Noreg til gode. For kyst-Noreg er Hurtigruta ein livsnerve som må sikrast for ettertida, og som gjev store ringverknader for reiseliv.

 

7.3 Auka produktivitet

Produktiviteten i norsk næringsliv er i dag høg. Ei viktig årsak til dette er den norske velferdsmodellen. Han sikrar kompetanse, høg yrkesdeltaking og sosiale tryggingsnett som gjer omstilling mogleg. Det høge lønsnivået i Noreg medverkar òg til effektivisering og rasjonell bruk av arbeidskraft. Ein sterk offentleg sektor og sosial utjamning er difor god næringspolitikk.

Sjå òg 3.1 «Den økonomiske politikken»

SV vil støtte langsiktig eigarskap, mellom anna gjennom å arbeide for at ein større del av dei verdiane som blir skapte i ei verksemd, er med på å utvikle verksemda vidare. SV vil at aktivt og langsiktig eigarskap skal vere eit kriterium i vurderinga av offentlege utviklingstilskot. SV vil òg arbeide for at staten med kapitalstyrken sin, skal sikre at viktige nasjonale næringsmiljø framleis blir i Noreg.

Det må stillast krav til nye eigarar som vil ta over ei verksemd. Slike krav vil kunne vere vidareføring og utvikling av arbeidsplassar, ein strategi for utvikling av verksemda, plan for forskingsaktivitetar og kompetanseutvikling, krav til miljøforbetringar og liknande.

SV vil leggje til rette for betre støtteordningar og rådgiving for dei som vil skape sin eigen arbeidsplass. Statlege løyvingar til kommunale næringsfond bør aukast monaleg frå nivået i dag gjennom regionale utviklingsmidlar. Innovasjon Norge bør finansiere ei programsatsing for sosialt entreprenørskap der ikkje-kommersielle føretak òg kan få støtte når målet er positiv endring for einskildmenneske og samfunn.

For å gjere det lettare å starte ei verksemd må det offentlege kunne tilby god rådgiving. SV meiner verksemder med berre ein tilsett i ein oppstartsfase bør få tilbod om hjelp til å utføre rekneskap og revisjon av offentleg mynde til sjølvkost.

 

7.4 Regional utvikling

SV til ta heile landet i bruk. Vi vil halde oppe hovudtrekka i busetnadsmønsteret og dermed utnytte ressursane i samfunnet betre. Ved å skape fleire arbeidsplassar i distrikta kan folk få betre høve til å bu og arbeide der dei ynskjer. Ei meir miljøvenleg framtid vil føre til at mange arbeidsplassar kan skapast i distrikta, mellom anna knytte til miljøvenleg energi.

Mange område i Noreg er godt eigna til å produsere fornybar energi. Det gjeld ikkje minst bioenergi. Biovarme er ei god erstatning for oppvarming basert på straum eller olje. SV vil arbeide for at skog– og landbruksavfall i mykje større grad går med til å produsere biovarme. I tillegg vil SV arbeide for å ta i bruk ressursar i skogen til å produsere biodrivstoff.

Staten må engasjere seg meir for å skape arbeidsplassar i distrikta. Innovasjon Norge må bruke ein større del av midlane sine til å skape vekst utanfor pressområde. I tillegg må verksemder lokaliserte i pressområde stimulerast til å leggje noko av verksemda si til stader der presset er mindre. I tillegg vil SV tilføre såkornfonda, dei såkalla Ryanfonda, meir statleg kapital for å skape fleire arbeidsplassar i distrikta.

For å skape utvikling i alle landsdelar må staten lokalisere arbeidsplassar til ulike byar og tettstader. Ein stor del av veksten i statlege arbeidsplassar kjem i dag i og rundt Oslo, ikkje minst ved at etablerte etatar veks. Prinsippet bør difor vere at nye, statlege arbeidsplassar helst blir lagde utanfor Oslo. Dette kan gjerast når heilt nye etatar/einingar blir oppretta, eller gjennom at eksisterande regionkontor blir styrkte til dømes ved å leggje nasjonale oppgåver til regionkontora.

 

7.4.1 Utvikling i nord

SV går til val på ei offensiv, framtidsretta og klimavenleg satsing i nordområda. I Nord-Noreg finst nokre av dei rikaste naturressursane i landet. SV vil ha ein heilskapleg strategi for berekraftig utnytting av desse ressursane. Fiskeri, reiseliv, forsking og utdanning og nye arbeidsplassar knytte til utnytting av fornybare energiressursar skal stå sentralt i denne strategien. Utbygging av overføringsnett med planar for korleis rein energi kan medverke til industri og næringsverksemd i landsdelen, vil bli sentralt.

SV vil auke dei regionale forskingsfonda og bruke statlege midlar til å styrkje FoU-midlane i nord med utgangspunkt i føremonane landsdelen sjølv har. Vidare vil SV satse på utvikling av attraktive reiselivsprodukt og marknadsføring av Nord-Noreg som reiselivsmål. Natur– og kulturlandskap må sikrast som føresetnader for busetnad, næringsutvikling og reiselivssatsing i nord.

Sjå òg kapittel 4 «Velferd», 7.5. «Betre infrastruktur» og 7.10 «Produksjon av mat»

 

7.5 Betre infrastruktur

God infrastruktur er viktig for å skape betre vilkår for verdiskaping, sysselsetjing og busetjing i Noreg. I dag er store delar av vegnettet i distrikta prega av dårleg vegstandard som smale vegar, dårleg kurvatur, flaskehalsar og grenser for aksellast. SV vil prioritere opprusting av vegnettet i distrikta gjennom meir pengar til standardheving, fjerning av flaskehalsar, rassikring og god vinterregularitet i tillegg til satsing på gang– og sykkelvegar.

SV arbeider for ei storsatsing på jarnebaneutbygging. Samtidig er det viktig å halde oppe, og heve standarden på banestrekningar som ikkje går inn i den store moderniseringsplanen for dei næraste åra. Desse må òg sikrast eit godt vedlikehald, god framkomst gjennom nok kryssingsspor, fjernstyringssystem og eit regionalt tilbod for kjøp av persontrafikktenester. SV vil gjere NSB meir attraktivt for pendlarar og andre reisande gjennom å satse sterkare på å vere presis, gratis parkering i nærleiken av stasjonane og lettare billettløysingar.

Ei rekkje ferjestrekningar har for dårleg tilbod og for låg kvalitet. SV vil gjere tilbodet med ferjer og hurtigbåtar betre gjennom fleire avgangar, lågare billettpris, og satsing på ny teknologi, klimanøytrale drivstoff og gassdrivne ferjer som reduserer miljøutslepp.

Kortbanenettet og stamrutenettet for flytransport er ein viktig del av infrastrukturen i landet. For delar av Vestlandet og Nord-Noreg er fly det viktigaste alternativet til bil. SV vil arbeide for reduserte prisar på flytilbodet på kortbanenettet der det ikkje finst andre fullgode transporttilbod.

Målet om at ingen skal omkomme eller få varige mein, nullvisjonen, ligg til grunn for trafikktryggingsarbeidet til SV. SV vil auke den delen av vegbudsjettet som blir brukt til tryggingstiltak for mjuke trafikantar. Trygge soner kring skular må prioriterast. SV vil prioritere auka utbygging av midtdelarar og andre fysiske tiltak for å trafikksikre vegnettet og gang– og sykkelvegar. Av omsyn til trygg trafikk er det òg viktig å få ned veksten i biltrafikken og overføre gods frå veg til bane. SV vil ha reduserte fartsgrenser der dette fører til tryggare trafikk, og vi vil auke både manuelle og automatiske trafikkontrollar i tillegg til å innføre tøffare sanksjonar mot aktlaus køyring.

 

Anbod i kollektivtrafikken kan føre til sosial dumping. I tillegg kan det gå ut over kvaliteten. SV vil arbeide for at kollektivtrafikk ikkje blir lagd ut på anbod. I tillegg vil SV gå imot OPS (offentleg-privat finansiering) som finansieringsform i vegsektoren.

 

For meir transportpolitikk sjå 2.3 «Ein klimavenleg transportpolitikk»

Posttenester med god kvalitet og lik pris i heile landet er viktig for å sikre eit mangfaldig næringsliv og busetjing i distrikta. Viss EUs tredje postdirektiv blir norsk lov gjennom EØS, fører det til full liberalisering av den norske postmarknaden. SV vil at Noreg tek atterhald mot EU-postdirektivet fordi det vil føre til dårlegare kvalitet og auka pris på posttenestene i distrikts-Noreg. Erfaringane frå andre europeiske land viser at liberalisering òg fører til sosial dumping av løns– og arbeidsvilkår i post– og transportbransjen.

 

7.6 Digital infrastruktur

SV ynskjer ein delingsstruktur i det offentlege Noreg. SV meiner at programvare som er utvikla i offentleg regi, skal gjerast tilgjengeleg som fri programvare slik at ho kan utviklast vidare i samarbeid og takast i bruk av kven som helst. SV meiner at offentleg sektor skal bruke opne standardar i kommunikasjonen med innbyggjarar og næringsliv, og at det skal stillast krav om opne standardar når programvare blir innkjøpt.

Opning er grunnlaget for at internett har blitt slik det er i dag. Det byggjer på at kven som helst kan leggje ut innhald på nettet, og ikkje noko innhald har førsterett framfor anna innhald. SV meiner at ein situasjon der innhald blir prioritert avhengig av betaling, må unngåast. Internett må baserast på nettnøytralitet. SV vil arbeide for fleire offentleg åtte, opne trådlause nett, og at sentrumsområde i byar og tettstader skal ha full, open trådlausdekking.

SV meiner forvaltinga i større grad må digitaliserast og utvikle elektroniske tenester. Særleg i helsevesenet er det store vinstar å hente. Arbeidet med eID bør skundast på.

Nettilgang med stor kapasitet kan vere ein føresetnad for å trygge arbeidsplassar. SV arbeider for at nettilbodet skal vere like godt over heile landet.
SV vil endre offentleglova slik at offentleg informasjon ikkje skal vere ei inntektskjelde. Kartdata skal produserast med offentlege løyvingar og vere gratis tilgjengeleg for alle. Kulturarven skal så godt det let seg gjere, digitaliserast og gjerast tilgjengeleg i ein digital allmenning. SV meiner at forskingsresultat skal publiserast med open tilgang slik at alle kan nytte kunnskapen, og vil innføre eit krav om at offentleg finansiert forsking så lang som råd, skal nåast fritt. SV vil at det digitale nettet i større grad skal eigast og drivast av det offentlege.

For digitalisering av åndsverk og ikkje-kommersiell fildeling sjå 8.3 «Meir og betre kunst – betre livskår for kunstnarar»

 

7.7 Energilandet

Noreg må utvikle det store potensialet landet har for miljøvenleg energi. SV ynskjer ei massiv satsing på fleire former for alternativ, miljøvenleg energi. På same måte som vasskrafta, er vindkraft ein evigvarande ressurs. Som vasskrafta bør vindkrafta først og fremst utnyttast av selskap som er offentleg åtte. SV vil difor gjere framlegg om å la vindkraftkonsesjonar gå til offentleg kontrollerte selskap. Spydspissen for denne energiutbygginga skal vere eit heilått statleg selskap.
For å sikre at evigvarande energiressursar er folkeeige vil SV ta vare på heimfallsretten. SV vil ha vasskrafta i offentleg eige. SV ynskjer ikkje å sleppe til private utanlandske kraftgigantar ved å la dei leige norske kraftverk. Utleige av kraftverk bør berre skje til offentleg åtte, norske selskap. Det leigeordninga som det er gjort framlegg om sikrar for dei offentlege eigarane i dag, kan like godt sikrast ved langsiktige kraftsalskontraktar.

For meir om miljøvenleg energi sjå 2.2 «Ein klimavenleg energipolitikk»

 

7.8 Ein miljøvenleg industripolitikk

SV vil utvikle industrien i Noreg slik at han kan levere miljøvenlege varer og tenester over heile verda. Satsinga på fornybar energi skal hjelpe til med å utvikle norsk industri på same måten som då vi tok i bruk vasskrafta, og då vi utvikla oljeindustrien vår.

Mange lokalsamfunn har lange industritradisjonar. Målet til SV er at desse tradisjonane skal føre til ny industriutvikling. Auka lokal ressursutnytting og auka industriell vidareforedling i Noreg er eit mål.

Ny industri må vere miljøvenleg. Det inneber at produksjonen må gå føre seg på ein måte som ikkje medverkar til menneskeskapte klimaendringar. Bygging av nye industrianlegg som inneber store punktutslepp av klimagassar, skal ikkje lenger tillatast.

 

7.8.1 Prosessindustrien

Prosessindustrien er hjørnesteinsverksemder i mange samfunn. SV vil arbeide for at slike hjørnesteinsverksemder framleis kan eksistere i framtida. Det krev at industrien legg om til meir miljøvenlege produksjonsmetodar. SV vil arbeide for offentleg aktiv støtte til forsking, utvikling og innføring av ny miljøteknologi slik at Noreg blir miljøteknologisk leiande, mellom anna i å setje nye miljøstandardar (BAT). Dette vil gje norsk industri eit konkurranseovertak og skape ein teknologi som i seg sjølv er ei eksportvare. I ei slik samhandling vil SV arbeide for at industrien skal få langsiktige kraftkontraktar til konkurransedyktige prisar.
Storsatsinga på ny, fornybar energi skal brukast til å skape arbeidsplassar i Noreg, mellom anna arbeidsplassar i kraftkrevjande industri. Ikkje minst kan utbygging av prosessindustri gå saman med utbygging av havvindmøller. SV vil arbeide for at delar av den nye elektrisitetsproduksjonen blir brukt til å skape trygge arbeidsplassar i distrikta.

Overskotsvarme i industrien kan brukast til oppvarming eller i annan industriproduksjon. SV vil arbeide for at industrien betre kan gjere seg nytte av denne energien.

 

7.8.2 Verft og leverandørindustrien

SV vil medverke til at norske verfts– ogleverandørverksemder kan halde oppe den sterke stillinga si. SV vil arbeide for at verksemdene i denne sektoren blir ein viktig del av omstillingsprosessen til eit berekraftig samfunn.

Verksemder som i dag er avhengige av olje– og gassindustrien vil i framtida kunne føre til reduserte klimagassutslepp, mellom anna ved å utvikle reinseteknologi. I tillegg skal satsing på fornybare energikjelder føre til utvikling av norsk, miljøvenleg industri.

 

7.8.3 Bygg-, anleggs– og eigedomsnæringa

Bygg-, anleggs– og eigedomsnæringa er dominert av små verksemder oppdelte etter fag og profesjon. Næringa er heilt sentral for å kunne redusere energiforbruk og utslepp av klimagassar. Desse utfordringane må møtast med meir samarbeid og innovasjon. SV vil arbeide for meir forsking og samarbeid mellom ulike næringsaktørar for å utvikle gode løysingar for meir miljøvenlege nybygg og oppgraderingar av eksisterande bygg. SV vil arbeide for at styresmaktene som lovgivar, forvaltar og oppdragsgivar, støttar opp under dei verksemdene som satsar på kompetanseoppbygging og seriøsitet for å oppnå høg produktivitet og kvaliet.

Bygg-, anleggs– og eigedomsnæringa er utsett ved svingingar i økonomien. SV vil arbeide for at næringa får meir stabile rammevilkår, mellom anna ved å satse på offentlege prosjekt i nedgangstider.

 

7.8.4 Olje– og gassutvinning

Olje– og gassproduksjon utgjer ein monaleg del av norsk verdiskaping og sysselset mange. Målet til SV er at oljeinvesteringane blir dreidde mot utnytting av ressursane i felt og område som alt er opna. SV vil arbeide for ein konsesjonspolitikk som medverkar til dette.

SV vil foreslå at staten brukar eigarmakta si i StatoilHydro til å hindre at selskapet går inn i olje– og gassprosjekt i utlandet som er ein risiko for miljøet.

For meir om olje– og gass sjå 2.2 «Ein klimavenleg energipolitikk»

 

7.9 Privat tenesteyting

Privat tenesteyting er ein stadig større del av næringslivet. Det er i dag langt fleire tilsette i privat tenesteyting enn i industrien.

 

7.9.1 Informasjons– og kommunikasjonsteknologi

Informasjons– og kommunikasjonsteknologi blir stadig viktigare for næringsutvikling i Noreg. IKT er òg heilt sentralt for utviklinga av offentleg sektor.
SV vil arbeide for at offentleg sektor utviklar system og program saman med norsk næringsliv, og dermed legg grunnlaget for eksport av slike tenester. SV vil arbeide for at offentlege styresmakter legg til rette for at alle lett kan få offentleg informasjon og lett skal kunne kommunisere med offentlege styresmakter.
Programvarepatent er til hinder for innovasjon i programvaresektoren. SV vil arbeide aktivt nasjonalt og internasjonalt for å hindre at Noreg blir omfatta av eit lovverk som gjev høve til å patentere programvare.

 

7.9.2 Varehandelen

Varehandelen er prega av ein altfor stor del ufaglærd arbeidskraft. Mange av dei som arbeider i varehandelen, har låg løn og dårlege arbeidsvilkår. For å styrkje løns– og arbeidsvilkåra til dei tilsette vil SV satse på kompetanseheving. Auka kompetanse er ikkje minst viktig for å gje mange kvinner høgare løn.
Talet på bilbaserte kjøpesenter har auka og er ei utvikling som undergrev nær– og sentrumsbutikkane. I tillegg fører kjøpesentra til meir trafikk og dermed auka ureining. SV vil difor arbeide for ei arealplanlegging som reduserer trongen for bruk av bil når ein skal handle. SV vil vidareføre støtteordninga for små distriktsbutikkar. Kortreist mat og nisjeprodukt må sikrast innpass i kjedebutikkane.

 

7.9.3 Reiseliv

SV vil styrkje marknadsføringa av Noreg som reisemål. I tillegg vil SV styrkje naturbasert turisme, mellom anna ved å foreslå ei sertifiseringsordning for verksemder som driv med økoturisme. Det unike med Noreg er samanhengen mellom natur– og kulturlandskap. Levande distrikt er difor ein føresetnad for å få eit meir mangfaldig reiseliv i alle delar av landet. Difor er det viktig at reiselivsverksemder har tilgang til lokal kapital og kompetanse, slik at dei kan utvikle nye tilbod. SV vil styrkje Innovasjon Norge for å sikre ei meir heilskapleg satsing på reiseliv i distrikta. Kultur er òg næringspolitikk. SV vil inkludere kultursatsing i det regionale utviklingsarbeidet.

 

7.9.4 Transport og skipsfart

SV vil arbeide for at transportnæringa utviklar seg på ein miljøvenleg måte og tilbyr gode løns– og arbeidsvilkår for dei tilsette.
SV vil arbeide for at norske løns– og arbeidsvilkår skal gjelde på norskregistrerte skip, og at alle norskåtte skip har tariffavtalar. SV vil gjennom internasjonale organ arbeide for at den internasjonale skattekonkurransen mellom land fell bort. SV vil arbeide for at skatteparadis ikkje blir rekna som lovlege registreringsstader for fly eller skip som kjem til Noreg. SV vil òg arbeide for dette internasjonalt.

Mange farty som trafikkerer norskekysten, er gamle og ureinar mykje. SV vil bytte ut denne flåten med farty som ikkje ureinar, mellom anna gjennom å etablere eit moderniseringsprogram med stor vekt på utsleppsreduksjon. SV vil dessutan arbeide for internasjonale avtalar som reduserer utsleppa til skipsfarten.
SV vil arbeide for at Hurtigruta får langsiktige rammevilkår som opprettheld eit godt transportilbod for personar og gods langs kysten, på same tid som ho blir utvikla som ein motor i norsk reiseliv.

Sjå òg 2.3 «Ein klimavenleg transportpolitikk» og 3.1 «Den økonomiske politikken» (om reiarskatt)

 

7.10 Produksjon av mat

Matproduksjonen skal baserast på prinsippet om matsuverenitet. Det vil seie at alle land skal ha rett til å velje korleis dei skal produsere mat til eige folk. For å medverke til at det blir produsert nok mat til eit veksande verdsfolk må Noreg halde på evna til å produsere mat. Dette inneber at dyrka jord må ha eit sterkare vern enn i dag. Den beste dyrkajorda, matkornjord, må setjast verdi på utifrå kva ho har å seie for framtidig matproduksjon og matvaretryggleik.

 

7.10.1 Landbruk

Eit sterkt landbruk er viktig for mattryggleiken i landet, for busetnad i distrikta og for vern av kulturlandskapet. Matvaretryggleik og distriktsbusetnad krev utvikling av gardsbruk med ulikt ressursgrunnlag og ulike produksjonsformer. Utøvarane i jordbruket må sikrast ei inntekt og sosiale vilkår på line med andre yrkesgrupper.
SV vil arbeide for at landbruket skal få rammevilkår som gjer at det kan bli meir miljøvenleg, ikkje minst gjennom kortreist mat. For å kome nye krav til dyrehelse og dyrevelferd i møte må støtteordningane til modernisering av driftsapparatet styrkjast. SV vil arbeide for at 15 prosent av all landbruksproduksjon og av alt forbruk av landbruksvarar er økologisk i 2015.

 

Støtta til landbruket må i større grad gå til å halde det norske kulturlandskapet oppe. Ei slik omlegging vil hjelpe til med å halde oppe distriktslandbruket. I tillegg vil SV satse på bygdenæringar, noko som vil medverke til auka sjansar for inntekt i landbruket.

SV vil arbeide for at beiteressursane i utmarka blir utnytta betre. Dette skal gjerast ved å styrkje rammevilkåra for husdyrhald over heile landet, spesielt utanfor dei sentrale jordbruksområda. Eit godt stelt kulturlandskap er avhengig av at landbruket har beitedyr. SV vil styrkje jordvernet. Det må lagast nasjonale reglar for å hindre at matjord blir dumpa og øydelagd når landbruksland blir teke i bruk til andre føremål. Det bør òg vurderast ei avgift knytt til slik utbygging.

Noreg har tre prosent av landjorda til disposisjon for jordbruk. Berre for å halde tritt med folkeveksten vår treng vi å auke arealet med dyrka jord om vi ikkje skal auke importen utover nivået i dag, som er på om lag halvparten av forbruket. I den globale situasjonen må Noreg over tid bli mindre avhengig av å kjøpe mat på verdsmarknaden. I dag fungerer ikkje jordvernet, og nesten alltid er det «andre viktige samfunnsbehov» som blir prioriterte. Styrkt jordvern må difor innebere monaleg klarare krav til at alternative løysingar blir lagde fram før nedbygging av dyrkbar jord kan aksepterast. Ein ny type planprosess må utviklast for dei sakene der god matjord blir truga av nedbygging, der ein blir tvinga til å leggje fram betre kunnskap om samfunnsbehov og –perspektiv. Alt husdyrhald, ikkje minst i landbruket, skal gå føre seg på måtar som er dyreetisk forsvarleg. SV vil arbeide for ei styrking av dyrevernet i Noreg og internasjonalt, og vil føre det eksisterande systemet for fysisk oppsyn med tamdyrbuskapar attende til eit effektivt nivå for å sikre etisk og hygienisk forsvarleg dyrehald. Ved innføring av nye dyrevernsreglar som medfører store investeringskostnader for landbruket, vil SV arbeide for at det blir gjeve investeringstilskot til nødvendig ombygging og omlegging av produksjonen.

 

Erfaringane hittil tyder på at det er vanskeleg å ha ein pelsdyrproduksjon som sikrar god dyrevelferd. SV vil difor arbeide for eit forbod mot pelsdyrproduksjon i Noreg.

 

7.10.2 Næringsmiddelindustrien

Næringsmiddelindustrien er ei viktig distriktsnæring. SV arbeider for å sikre denne industrien norske råvarer til konkurransedyktige prisar, utan at det skal gå ut over matkvalitet og miljøomsyn.

Foredling av råvarer og utvikling av merkevarer lokalt kan bli ei viktig distriktsnæring mange stader og gje bonden auka inntekter. Matvarekjedene må gje slike produkt større plass i hyllene sine. I tillegg må det leggjast til rette for alternative salskanalar som gardsbutikkar og Bondens marknad.

 

7.10.3 Fiske og fiskeindustri

Fiskerinæringa er ein berebjelke for sysselsetjing og busetjing langs kysten. Fiskeria representerer òg ei av dei viktigaste eksportnæringane i Noreg. Berekraftig ressursforvalting er ein nødvendig føresetnad for ei lønsam fiskerinæring. Ei berekraftig fiskeriforvalting føreset eit uttak av ressursane som er i tråd med føre var-prinsippet.

SV vil arbeide for ei omstrukturering av fiskeflåten med sikte på å få ei utnytting som gjev størst mogleg langtidsutbytte ved ei økologisk forsvarleg forvalting av fiskeressursane. SV vil difor redusere trålfisket. Den kystnære flåten skal fiske ein større del av kvotane enn i dag. SV vil arbeide for at fiskeflåten reduserer klimagassutsleppa sine. Dette inneber ei omlegging frå havgåande trålarar til kystfarty. I tillegg vil SV gjere framlegg om å fjerne drivstoffsubsidiane i fiskeflåten og auke fiskefrådraget tilsvarande.

SV ynskjer å ha meir innsyn i kvoteforhandlingar og kvotefastsetjingar. SV vil arbeide for at regionale folkevalde organ i større grad skal få påverke utviklinga av fiskeria, og vil prøve ut ulike modellar for regional fordeling og forvalting.

Deltakarlova og råfisklova må styrkjast som reiskap for betre lønsemd i fiskerinæringa, og for å hindre sentralisering og privatisering av det økonomiske utbyttet. Det inneber at SV vil skjerpe aktivitetskravet slik at ein fiskar berre kan eige nokre få farty. SV vil arbeide for å tilbakeføre fiskerettane til fellesskapet. I tillegg vil SV at staten fordeler strukturkvotar og gunstige finansielle ordningar, i særleg grad til ungdom som ynskjer å etablere seg i næringa.

Økonomisk kriminalitet og miljøkriminalitet i fiskerinæringa må motarbeidast, ikkje minst fordi det er med på å undergrave regulerings– og forvaltingsregimet. Kystvakta må få økonomiske ressursar nok til å utnytte kapasiteten optimalt. Kontrollane Fiskeridirektoratet har på land og til havs, må òg styrkjast. I tillegg vil SV skjerpe innsatsen mot norsk deltaking i ulovleg fiske, sjølv om dette skjer med farty under flagg frå andre land eller der nordmenn tek del i omsetnad eller transport av ulovleg fangst. SV vil arbeide for eit internasjonalt forbod mot å kaste ut fisk.

SV vil fordele fiskeressursane meir rettvist gjennom å gje ein større del av kvoten til kystflåten. I tillegg medverkar kystflåten til ei betre forvalting fordi han fangar større fisk, og har færre innslag av småfisk. Kystflåten er òg viktig for å sikre spreidd busetnad langs kysten, ikkje minst fordi han skapar fleire årsverk per fiskeeining.

For å hjelpe på spreidd busetnad vil SV satse på små og mellomstore foredlingsverksemder. Fokus på kvalitet, utnytting av bi– og bioprodukt, utforsking av nisjeprodukt, utvikling av heimemarknaden, marknadsføring og forbetra logistikk er vesentlege framtidsstrategiar for fiskerinæringa.

 

7.10.4 Havbruk

Verdiskapinga i havbruket kan aukast mellom anna gjennom å auke foredlingsgraden i Noreg. Oppdrett av laks og aure har ført til press på andre fiskeartar som blir brukte til fôr. Oppdrett må ikkje øydeleggje andre artar. Tilgangen på fisk til fôr legg difor ei klar grense for veksten av oppdrett av slike artar. Det må bli lågare forbruk av ville fiskeressursar i fôret og strenge miljøkrav til alle råvarer. For å hindre bløming og spreiing av sjukdommar vil SV arbeide for ei strengare regulering av havbruksnæringa. Dette inneber mellom anna forbod mot torskeoppdrett i Lofoten og tilgrensande havområde for å sikre lokale fiskeartar. SV ynskjer å leggje til rette for landbasert oppdrettsnæring.

SV vil styrkje den offentleg finansierte forskings– og utviklingsinnsatsen retta mot havbruksnæringa, særleg innafor miljøfølgjer, produktutvikling og marknadsføring og oppdrett av nye artar. Miljøomsyn må få auka prioritet i forvaltinga av oppdrettsnæringa. SV vil leggje til rette for reine «referansefjordar» av forskingsomsyn.
Rømming er framleis eit stort problem. SV vil arbeide for rømmingssikre anlegg. I tillegg vil SV stimulere til oppdrett basert på lokale, fornybare ressursar. SV meiner det framleis må vere grenser for produksjon i havbruksnæringa.

Konsesjonstildeling må vere eit verkemiddel for å styrkje busetnad og næringsutvikling i distrikta. Konsesjonane må ikkje kunne omsetjast fritt eller auksjonerast vekk. Når verksemda ikkje eksisterer lenger, går konsesjonen attende til staten. SV vil innføre eit mellombels forbod (moratorium) mot å setje ut og produsere genmodifiserte artar i oppdrettsnæringa. Det skal òg vere forbod mot genmodifisert fôr. Næringa må redusere og leggje om drifta for å unngå dei store miljøpåverknadene vi har i dag.

Norske selskap er svært store aktørar i oppdrettsnæringa i andre land. SV vil arbeide for at desse selskapa følgjer norske retningsliner for miljø, tryggleik og faglege rettar ved anlegga i utlandet. I tillegg vil SV at Noreg innleier samarbeid med andre land som driv tilsvarande oppdrett. Føremålet med samarbeidet skal vere å få høgare standardar i arbeidslivet og når det gjeld helse, miljø og tryggleik, mellom anna for å hindre spreiing av sjukdommar.


Sist endret: 20.05.2009 kl. 13:24

SV i sosiale medier


Ledervalg 2012


Hva skjer?
9. feb. Solidaritet

Nyhetsbrev

Logg inn