Kapittel 8: Kultur og idrett
Foto: A. K. Dahl
Kunst og kultur gjer samfunnet rikare på opplevingar, og gjev menneska høve til å utvikle sine eigne, skapande evner. Kunsten har ein eigenverdi, men òg store positive ringverknader. SV vil arbeide for at estetiske og skapande verdiar i sterkare grad skal prege heile samfunnet.
SV vil føre ein liberal kulturpolitikk. Støtta vår til fleirkulturelle, solidaritetsfremjande og demokratiserande kulturtiltak skal aldri føre til at vi stengjer for kunst og kultur av ideologiske grunnar eller verdiar som står oss fjernt.
Eit hovudmål med kulturpolitikken må vere å sikre alle tilgang til eit mangfaldig kulturtilbod. SV vil kjempe imot ei utvikling der kommersialisering på kulturfeltet innsnevrar dette mangfaldet. Vi vil auke kulturbudsjettet til éin prosent av statsbudsjettet og føre Kulturløftet over i ein ny og endå meir offensiv fase. I denne stortingsperioden vil SV særleg prioritere folkebiblioteka, kulturskulane og Den kulturelle skulesekken, og setje i verk tiltak som gjer livskåra til kunstnarane betre.
8.1 Det store kulturløftet
Den raudgrøne regjeringa er i ferd med å gjennomføre ei historisk satsing på kunst og kultur i Noreg. Det store kulturløftet inneber at kulturbudsjettdelen i statsbudsjettet aukar til éin prosent innan 2014 dersom Sp, Ap og SV får ny tillit. Kulturløftet er eit gjennomslag for kulturpolitiske krav og prioriteringar som SV har hatt gjennom mange år.
Kulturløftet har mellom anna sørgt for ei ny kulturlov, viktige satsingar innafor film og dans og ei eiga melding om livskåra til kunstnarar. SV skal i stortingsperioden vere ein garantist for å oppfylle Kulturløftet og for å forsvare verdien av ein offensiv, mangfaldig og liberal kulturpolitikk.
8.2 Kunst og kultur for alle
Den nye kulturlova slår fast ansvaret det offentlege har for eit godt kulturtilbod. SV ser retten til kulturell deltaking som ein grunnleggjande rett. SV vil difor sjå til at Kulturlova blir følgd opp med konkrete tiltak, slik at alle innbyggjarar i Noreg faktisk blir sikra tilgang til kunst– og kulturopplevingar gjennom fysisk tilrettelegging, rimelege prisar og fleksible opningstider, uavhengig av inntekt, bustad, funksjonsevne, alder eller etnisk bakgrunn. SV vil vurdere tiltak for auka bruk av CC-lisensar i kulturlivet, som gjer kunstverk tilgjengeleg for alle.
Den kulturelle infrastrukturen er avgjerande for at alle kan ta del i kulturlivet. SV vil arbeide for eit løft for folkebibliotek, kulturskular og lokale kulturbygg, og slik leggje til rette for at kunst og kultur blir skapt over heile landet. Vi vil auke overføringane til kommunane for å styrkje det lokale kulturlivet, men òg arbeide for at statlege kulturmidlar blir jamnare spreidde geografisk.
Det må vere eit mål at statlege institusjonar som Rikskonsertane og Riksteatret når større delar av distrikts-Noreg. Vidare må arbeidet Nasjonalmuseet gjer med landsdekkjande formidling, styrkjast.
SV vil vidareutvikle lokale og regionale kulturbygg og møtestader. Samtidig vil vi skape større rom for kultur der folk er til dagleg, som på skulen, i barnehagen, på arbeidsplassen, på sjukehus, ved institusjonar og i fengsel.
SV er særleg oppteken av retten born og unge har til å oppleve og utøve kultur. Målet vårt er at alle born som ynskjer det skal få plass i kulturskulen, og at kulturskuletilbodet skal vere mangfaldig, rimelig og halde høgt faglig nivå. I dag er mange born utestengde frå kulturskulen på grunn av høge prisar og lange ventelister. Utviklinga i kulturskuletilbodet viser at dei øyremerkte midlane blei fjerna for tidleg, og at dette har ført til sosial skeivrekruttering. SV meiner difor at statlege stimuleringsmidlar må sikrast for å utvikle eit kulturskuletilbod med høg kvalitet til rimelege prisar, og vil innføre ein makspris i kulturskulen. SV vil styrkje samarbeidet mellom skulen, kulturskulen og andre kulturaktørar.
SV vil styrkje dei estetiske faga i skulen og leggje sterkare vekt på estetisk kompetanse gjennom heile opplæringa. Vi vil utvide kulturformidlinga i Den kulturelle skulesekken til å gjelde alle born og unge frå barnehage til vidaregåande skule. Den kulturelle skulesekken må òg innehalde eit breitt tilbod av produksjonar på nynorsk. For å sikre kvaliteten i Den kulturelle skulesekken bør arenaer for kulturproduksjonar til dette føremålet utviklast. Vi ynskjer å gjere forsøksordningar med kulturkort for born og unge til ei permanent ordning for heile landet. SV ynskjer òg at studentar (alle under høgare utdanning) skal ha kulturkortet.
Sjå òg 6.2.2 «På veg mot ein ny skuledag med eit heilskapleg kunnskapssyn»
Folkebiblioteka er ein av dei mest brukte offentlege institusjonane, og er svært viktig for å styrkje og oppretthalde sosial og kulturell utjamning. Biblioteka rettar seg mot alle grupper i samfunnet som det er viktig å inkludere i informasjons– og kunnskapssamfunnet. Biblioteket er møtestad for alle, mellom anna fordi det gjev eit mangfaldig tilbod til publikum som aktuell mediesamling, funksjonelle lokale med plass for studiar, oppdatert IKT-utstyr og kompetent personell. SV meiner folkebiblioteka er med på å fremje kunnskapsutvikling, kulturformidling, demokrati og ytringsfridom. SV vil framleis arbeide for prinsippet om bibliotek i alle
norske kommunar, og for at alle bibliotektenestene skal vere gratis. Målet er å gjere biblioteka til oppdaterte møteplassar for kultur, kunnskap og informasjon for heile folket. SV ser bibliotekbussar og –båtar som eit viktig supplement til biblioteket.
SV vil styrkje høvet musea har til å fungere som arena for kulturopplevingar, kunnskapsformidling og nyorientering. Eit nasjonalt nettverk av levande museum og samlingar er nødvendig for å realisere den kulturelle skulesekken. Den kulturelle spaserstokken skal sørgje for at eldre over heile landet får eit profesjonelt kulturtilbod på arenaer der dei eldre vanlegvis ferdast. Dette tilbodet må gjelde alle kommunar. Kyrkja er ein viktig kulturberar. SV vil arbeide for at alle kyrkjebygg blir tekne vare på, og leggje til rette for at kyrkja kan vere eit ope kulturrom.
For meir om kyrkja sjå 12.3 «Å fornye demokratiet»
Kulturpolitikken må på ein betre måte spegle at Noreg er eit fleirkulturelt samfunn. Offentlege kulturinstitusjonar, arkiv, bibliotek og museum skal ha tilbod som speglar den fleirkulturelle røyndommen. SV vil skape møteplassar mellom majoritets– og minoritetskulturar, og auke stønaden til aktørar på det fleirkulturelle feltet. Vi ynskjer å betre rekrutteringa av kunstnarar med minoritetsbakgrunn, mellom anna til dei nasjonale kulturinstitusjonane, og er positive til kvoteringsordningar for å nå dette målet.
SV vil styrkje samisk kultur ved å gje Sametinget betre vilkår for å drive ein aktiv kulturpolitikk, og ved å støtte tiltak og institusjonar som formidlar samisk kultur.
For meir om minoritetskultur og samisk kultur sjå kapittel 10 «Likestilling og likeverd»
8.3 Meir og betre kunst – betre livskår for kunstnarar
Utan kunstnarar blir det ingen kunst. SV vil gjere det mogeleg for fleire kunstnarar å leve av det kunstnarlege arbeidet, både gjennom ei generell styrking av kulturbudsjettet og gjennom målretta tiltak som offentlege innkjøp og utsmykkingar, stipend og andre støtteordningar. I tråd med resultata frå livskårsgranskinga bør stipend som gjer det mogleg for kunstnarar å konsentrere seg om det kunstnarlege arbeidet, gjevast. Garantiinntekta må førast vidare.
SV vil arbeide for auka likestilling i kulturlivet. Kulturlivet må ta likestillingsutfordringane alvorleg, og sørgje for at kvinner får same høve som menn til å utvikle seg som kunstnarar. Livskårsgranskinga syner at lønsskilnader mellom mannlege og kvinnelege kunstnarar er større enn lønsskilnadene i resten av arbeidslivet, sjølv om likeløn er eit mål i kulturlivet òg. SV meiner at kjønnskvotering kan vere eit verkemiddel for auka likestilling i kulturlivet. Likestillingsarbeidet må òg kjempe imot etnisk diskriminering og aldersdiskriminering i kulturlivet.
SV vil styrkje musikklivet – folkemusikk, klassisk musikk og rytmisk musikk. Etter eit viktig lyft for festivalane meiner SV fokuset i større grad bør rettast mot heilårsarrangørane og den daglege drifta deira. SV meiner at den nye, samordna tilskotsstrukturen til rytmisk musikk vil vere ein styrke for feltet, men vil foreslå at dei fire hovudtilskotsordningane blir supplerte med eit «mikrofond» der mindre arrangørar kan søkje om midlar. Mikrofondet bør administrerast av musikkorganisasjonane etter modell frå Frifond-ordninga. SV meiner innkjøpsordninga for norske fonogram bør utvidast.
Digitalisering av åndsverk er viktig for å sikre tilgang til verka og for å ta vare på dei for ettertida. SV vil auke løyvingane til digitalisering av åndsverk på kulturfeltet. SV vil greie ut om ikkje-kommersiell fildeling av musikk gjord av privatpersonar, kan gjerast lovleg i kombinasjon med ei lisensavgiftsløysing for betaling til dei som har opphavsrettane. På sikt bør andre medietypar òg utgreiast. Slik fildeling må likevel ikkje skje i strid med åndsverkslova.
Filmpolitikken skal ha som mål å sikre eit mangfald av filmuttrykk med høg kunstnarleg kvalitet. Auka produksjonsstøtte må til for å nå måla sette i filmmeldinga. Støtta bør dreiast mot sterkare premiering av kunstnarleg dristige prosjekt framfor berre prosjekt med stort marknadspotensial. Den gode satsinga på spelefilm må vidareførast til dokumentarfilm, animasjonsfilm, videokunst og kortfilm. SV vil gå inn for ei tydeleg regionalisering av filmpolitikken.
Scenekunstpolitikken omfattar både viktige, berande institusjonar og den stadige sterkare frie, profesjonelle scenekunsten. SV vil i perioden spesielt prioritere å gje frie grupper auka støtte og meir føreseielege rammer, og at regionteatra turnerer i alle fylke.
SV vil arbeide for ein heilskapleg offentleg politikk for dansekunst som rommar heile sjangerbreidda innafor dans. SV vil leggje til rette for meir mangfald i biletkunst og kunsthandverk, og ynskjer ein sterkare innsats for kunst, arkitektur og design i det offentlege rommet. SV vil arbeide for at biletkunstnarar blir sikra langt betre vilkår enn i dag gjennom stipendordningar, tilgang på atelier– og utstillingsplass og offentlege oppdrag. Utstillingsvederlaget bør utvidast slik at det i større grad dekkjer dei faktiske utgiftene kunstnaren har.
Arkitektur og design er viktige kulturuttrykk som har mykje å seie sosialt. SV vil arbeide for at god arkitektur og design spelar ei større rolle i utforminga av det felles fysiske miljøet vårt. Ikkje minst gjeld dette utviklinga av berekraftige og universelt utforma løysingar, og i å ta vare på kulturminne.
Kunst– og kulturytringar følgjer ikkje nasjonale grenser. Stadig fleire får kunstutdanninga si i utlandet, og nokre kunstnarar frå utlandet kjem òg til Noreg. Kunstnarane brukar dei internasjonale nettverka sine i produksjon og gjennomføring av prosjekt, og publikum får auka tilgang til kunst og ytringar frå heile verda. Snevre nasjonale føresegner hindrar ofte tilskotsgjevarar i Noreg i å støtte utstillingar eller prosjekt med ein internasjonal dimensjon. SV vil difor utvide mandatet til løyvande styresmakter slik at det er råd å integrere ein internasjonal dimensjon og tilpasse tilskotsordningane ein ny røyndom. Noreg har eit stort potensial for kulturbasert næringsutvikling. SV vil arbeide for ei sterkare satsing på næringar baserte på kultur og opplevingar.
8.4 Språkpolitikk
Å meistre språk og tekst, skriftleg og munnleg, blir stadig viktigare i arbeidslivet og demokratiet. SV vil styrkje norsk språk og litteratur mellom anna gjennom å halde oppe fastprissystemet på bøker og ved å utvide talet på titlar i innkjøpsordninga for sakprosa til 150 titlar per år. Innkjøpsordningane må utviklast vidare slik at dei er med på å gjere folkebiblioteka attraktive. Tilskotsordninga til norskspråklege lærebøker for høgare utdanning må utvidast kraftig.
Likestilling mellom målformene nynorsk og bokmål er eit viktig prinsipp som må gjelde for alle område i det moderne medie– og teknologisamfunnet vårt. SV vil arbeide for fleire nynorskbøker for førskuleborn og fleire gode norske dataspel for born med norsk språk og innhald. SV vil styrkje nynorskopplæringa både som hovud– og sidemål. Læremiddel, både bøker og dataprogram, skal finnast på begge målformer. Forlaga må straffast dersom nynorske læremiddel kjem seinare enn bokmålsversjonen. Nynorskspråklege studentar skal ha rett til å få eksamensoppgåver på nynorsk på alle utdanningsinstitusjonar. For å sikre sosial og kulturell integrering av minoritetsspråklege i nynorskområde må det utviklast fleire og betre læremiddel på nynorsk for dei.
Eit særleg viktig tiltak for vidare styrking av nynorsk er eit allment leksikon på nynorsk på internett. SV vil òg, som mållova seier, styrkje stillinga til nynorsken i det offentlege. SV sluttar opp om arbeidet med ein norsk språkbank.
SV vil arbeide for at dei samiske skriftspråka blir sikra ei levedyktig utvikling. Minoritetsspråka i Noreg må òg få høgare status i det offentlege rommet.
For mediepolitikken sjå 12.4 «Den demokratiske samtalen»
8.5 Kulturvern
SV vil i komande periode satse sterkt på kulturminnevernet i tråd med dei nasjonale måla som blei lanserte i Kulturminnemeldinga. Tilskotsmidlane til Riksantikvaren må aukast. SV ynskjer ei dreiing i kulturvernpolitikken slik at han i større grad fangar opp og tek vare på eit breitt samfunnshistorisk bilete, uavhengig av eigarform. Eit godt kulturvern er avhengig av breitt folkeleg engasjement. SV vil difor satse på gode informasjons– og formidlingstiltak, særleg mot dei yngre. SV vil òg styrkje Norsk kulturminnefond slik at fondskapitalen kjem opp i ein storleik på 2,1 milliardar kroner i stortingsperioden. Kommunane må kome sterkare med i kulturminnearbeidet. For å få til dette er vi avhengige av at fleire kommunar får kommunedelplanar for kulturminne og kulturmiljø. Det er òg viktig å få til eit regelverk som i sterkare grad gjev kulturminnestyresmaktene høve til å gripe inn mot «spekulativt forfall».
For kulturlandskapsvern sjå 2.5 «Naturmangfaldet»
8.6 Forvaltinga av kunst– og kulturpolitikken
Forvaltinga av kunst– og kulturpolitikken skal byggje på fagkompetanse og prinsippet om «armlengdsavstand». Dette inneber at Stortinget og departementet/regjeringa fastset rammene og dei politiske prioriteringane, men ikkje tek detaljerte avgjerder som undergrev kunst– og kulturfaglege vurderingar i ulike tilskotsorgan. Difor må Norsk kulturråd styrkjast som kunst– og kulturfagleg organ for forsøk og nyskapande utviklingsarbeid. Samansetjinga og oppnemninga av rådet må framleis sikre nødvendig breidde og handlefridom. Prinsippet om at statleg finansierte institusjonar ikkje skal kunne ta imot statlege prosjektmidlar, må mjukast opp for mellom anna å stimulere til auka samarbeid og nyskapande prosjekt.
8.7 Friviljugpolitikk
Ein føresetnad for eit levande og fungerande demokrati er ein sterk friviljug sektor. Noreg har ein stolt tradisjon med eit allsidig organisasjonsliv som har drive fram ei demokratisk og sosial utvikling. Ved å organisere seg i friviljuge organisasjonar har kvar og ein av oss større høve til å få brukt engasjementet vårt, påverke avgjerder og til å skape noko saman. SV vil styrkje verksemdene til friviljuge organisasjonar både økonomisk og gjennom delegering av makt. Vi vil arbeide for at dei friviljugpolitiske måla som er nedfelte i stortingsmeldinga «Frivillighet for alle», skal realiserast.
8.8 Idrett og friluftsliv
Idrett og friluftsliv gjev positive opplevingar, auka livsutfalding og ein viktig helsevinst både for den einskilde og for samfunnet. SV meiner det er eit offentleg ansvar å leggje til rette for at høva til å drive idrett og friluftsliv blir så gode som råd. SV arbeider for at idretten skal fremje verdiar som likeverd, toleranse, solidaritet og demokrati. Det friviljuge arbeidet i idrett og friluftsliv representerer ein monaleg dugnadsverdi. SV vil arbeide for at det viktige arbeidet idrettslaga og friluftsorganisasjonane gjer, blir styrkt og vidareutvikla. I samarbeid med skular, barnehagar og SFO, fritidsklubbar, helse– og omsorgsinstitusjonar, arbeidsplassar, NAV-kontor eller asyl– og flyktningmottak kan friluftslivet og idretten føre til betre folkehelse, førebygging og inkludering. SV vil leggje til rette for at dette samarbeidet blir styrkt, og sikre at idretten og friluftsorganisasjonane får økonomisk kompensasjon for dette arbeidet.
God breiddeidrett og god toppidrett er avhengig av kvarandre. SV vil leggje til rette for at både breidde– og mosjonsidrett, konkurranse– og eliteidrett får utvikle seg på eigne vilkår og på ulike premissar og ulikt ambisjonsnivå for utøvarane. SV vil halde oppe landslinene for idrett. Grunnlaget for eit etisk, dopingfritt og fagleg kvalifisert toppidrettsmiljø må sikrast.
SV arbeider for ei langsiktig og stabil finansiering av norsk idrett. Han må sikrast gode offentlege idrettsanlegg i heile landet, som er opne for brukarane gjennom ordinær idrettslagsverksemd. Konkurransen frå private treningsinstitutt og annan kommersiell idrettsverksemd må møtast med offentlege, ikkje-kommersielle tilbod som er opne for alle. Det er i dag eit stort etterslep på utbygging og vedlikehald av norske idrettsanlegg. SV meiner det må gjevast statlege tilleggsløyvingar til nasjonale anlegg og symjeanlegg for å redusere dette etterslepet.
SV vil setje fokus på leiarutvikling og gode sosiale miljø i klubbane, og arbeide for auka breidde i rekrutteringsarbeidet. Ikkje minst er det viktig at idrettsmiljøa speglar det fleirkulturelle samfunnet, sidan idretten er ein av dei viktigaste arenaene for integrering. Terskelen for å drive med idrettsaktivitetar bør vere så låg som råd. SV arbeider for å styrkje det uorganiserte tilbodet gjennom mellom anna opne fleirbrukshallar, balløkker, isbaner og liknande.
Norsk idrett har gjort ein imponerande innsats for å inkludere personar med nedsett funksjonsevne i aktivitetane sine. SV vil arbeide for at dette inkluderingsarbeidet blir styrkt endå meir. Alle nye eller renoverte anlegg må leggjast til rette for brukarar med nedsett funksjonsevne. Det må gjevast støtte til lag og foreiningar som arbeider aktivt overfor denne brukargruppa. Samarbeidet med behandlingsinstitusjonane må styrkjast.
Sjå òg 4.2 «Universell utforming og tilgang»
Allemannsretten gjev alle rett til omsynsfull ferdsel i norsk natur. SV vil hegne om og styrkje denne retten i tråd med samfunnsutviklinga. Vi arbeider for ein revisjon av friluftslova som mellom anna gjer fri ferdsel i strandsona til hovudregel, tek retten til sanking inn i lova og gjer at skogplantefelt blir rekna som utmark. SV vil arbeide for ei grunnlovsfesting av allemannsretten.
Plan– og bygningslova må brukast aktivt for å sikre naturområde for friluftsliv. Attraktive nærfriluftsområde til bustadområde, barnehagar og skular må vernast om. SV vil difor byggje ut nett av vegar og stiar for gåande og syklande som bind saman bustadområde med ulike aktivitetar. SV vil på same tid prioritere midlar til kjøp, tilrettelegging og drift av dei mest verdfulle friluftslivområda. Særleg innsats må rettast mot grupper som utifrå kulturell bakgrunn, nedsett funksjonsevne og eller sosial bakgrunn i samfunnet ikkje har fullgode høve til friluftsliv.
Grøntområde i og rundt byar må takast vare på og utviklast slik at dei i størt mogleg grad kan brukast av innbyggjarane. SV meiner viktige bymarker skal vernast etter mønster for vern av Oslomarka.
For meir om naturvern sjå 2.5 «Naturmangfaldet»
Sist endret: 20.05.2009 kl. 13:33
SV i sosiale medier
Ledervalg 2012













