ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

Kapittel 9: Feminisme, kjønnsmakt og motmakt

Bryllupskake med lesbiske kakefigurer

Foto: Terje Sørbø / SV

SV er eit feministisk parti. SV legg difor ei forståing av kjønnsmakt til grunn for politikken. Det norske samfunnet er gjennomsyra av det ujamne makttilhøvet mellom menn og kvinner.

Kvinner er underrepresenterte i maktposisjonar, kvinner eig mindre og tener mindre enn menn og lønsskilnadene aukar. Fordi makta mellom kvinner og menn er ulikt fordelt, vil tilsynelatande kjønnsnøytral politikk slå ulikt ut for menn og kvinner og forsterke skilnadene i makt, sjansar og ressursar. SV meiner det er nødvendig å ta i bruk radikale verkemiddel for å utfordre strukturane som opprettheld dei skeive makttilhøva mellom kjønna.

 

Framleis er kvinner klart underrepresenterte i folkevalde organ. SV vil difor gjere framlegg om kjønnskvotering på vallistene til partia.

 

SV vil òg arbeide for at spørsmål som vedkjem kvardagen til kvinner, får ein større plass i politikken. SV vil at offentlege budsjett skal kjønnstestast for å sikre at dei likestillingspolitiske måla blir nådde.

 

9.1 Eit likestilt arbeidsliv

Eit likestilt arbeidsliv er ein føresetnad for kvinnefrigjering. I dag blir kvinner diskriminerte i arbeidslivet, ikkje minst fordi kvinnedominerte yrke har gjennomgåande lågare løn enn mannsdominerte yrke ein kan jamføre med. SV krev at arbeid av lik verdi blir lønt likt. SV vil difor foreslå utvida rammer for lønsoppgjeret i offentleg sektor, ein likelønspott, for å nå dette målet. SV vil likestille skift og turnus som kan samanliknast. SV vil òg arbeide for jamnare rekruttering for å viske ut skiljet mellom manns– og kvinnedominerte yrke.

 

Lønsskilnadene mellom kvinner og menn har òg samanheng med at langt fleire kvinner arbeider deltid. SV vil lovfeste rett til heiltid. Det er ein menneskerett å ha eit arbeid ein kan leve av.

Sjå òg 5.5 «Likeløn»

 

SV støttar kvotering som verkemiddel i yrke og utdanningar der eitt kjønn er kraftig underrepresentert. SV vil òg arbeide for at fleire kvinnelege leiarar blir tilsette. SV vil arbeide for å erstatte tittelen «offentleg tenestemann» som vi brukar i dag, med «offentleg tenesteytar».

 

Arbeidslivet må endrast slik at det blir lettare både for kvinner og menn å sameine yrkesarbeid og barneomsorg. Samtidig må omsorg for born fordelast likare mellom fedrar og mødrer. Dette vil endre aksepten samfunnet og ikkje minst arbeidsgivarar har for kvinnelege og mannlege arbeidstakarar med små born. SV vil utvide foreldrepermisjonen til 52 veker med full lønskompensasjon. Ni veker skal vere til mor som i dag. Av permisjonstida elles skal ein tredel vere til mor og ein tredel til far. SV vil arbeide for at far tener opp sjølvstendige permisjonsrettar og for at foreldre skal ha like rettar. SV vil at far skal ha lovfesta rett til løn i samband med fødsel. SV vil auke eingongsstønaden.

 

Kvinner har rett til ikkje å bli diskriminerte på grunn av kjønnet sitt. Dette må òg gjelde for religiøse trussamfunn. Trussamfunn som nyttar høve til å gjere unntak i likestillingslova og diskriminerer i tilsetjingar, misser retten til statstilskot.

 

Ordninga med kontantstøtte har ført til at fleire kvinner er heimeverande, arbeider deltid eller brukar dagpassar. I tillegg fører kontantstøtta til at somme born som kunne ha særleg nytte av å gå i barnehage, blir haldne heime. SV ynskjer difor å avvikle kontantstøtta.

 

9.2 Helse og rett til reproduksjon

Kvinner skal ha rett til å ta val som gjeld eigen kropp. Kampen for sjølvvald abort har difor vore heilt sentral i kampen for kvinnefrigjering i Noreg. SV vil arbeide for at rett til sjølvvald abort blir utvida til å gjelde mellom 12. og 16. svangerskapsveke òg, slik at nemndene ikkje lenger kan ta avgjerder om kroppen til kvinner i denne perioden. SV ynskjer å avvikle abortregistret.

 

SV vil styrkje arbeidet mot graviditet som ikkje er ynskt, og sjukdommar som blir overførte seksuelt. Alle typar prevensjon, angrepillar medrekna, bør gjerast lett å nå, mellom anna gjennom gratis utdeling til ungdom. Rolla som skular og skulehelsetenesta har for å førebyggje uynskt graviditet og fremje sikker seksuell åtferd, må styrkjast.

 

Bruken av assistert sædoverføring har auka i omfang i norsk helsevesen dei siste åra. SV vil sikre lik rett til assistert sædoverføring for alle som treng medisinsk hjelp for å får born, single medrekna. Det må bli lettare og rimelegare å adoptere.

 

Framleis blir det forska for lite på tradisjonelle kvinnesjukdommar og på korleis kvinner blir råka av sjukdom. I tillegg blir sjukdommar og skadar som kvinner får i arbeidslivet, sjeldan definerte som yrkesskadar. Kvinner blir difor fråtekne viktige trygderettar. SV vil difor gjere framlegg om eigne løyvingar som er øyremerkte forsking på typiske kvinnesjukdommar. I tillegg må lista over godkjende yrkessjukdommar utvidast slik at skadane kvinner får i arbeidslivet, òg blir rekna med.

 

Venleiksidealet i reklamen skapar eit venleikspress som råkar born og unge. Dette presset blir utnytta av slanke– og venleiksindustrien og er eit stadig aukande samfunnsproblem. SV vil arbeide for å redusere dette presset, mellom anna ved å redusere reklamen i det offentlege rommet og tilrå merking av retusjerte bilete. Barnehagar og skular skal vere reklamefrie soner.

 

For å stoppe kvinnediskriminering vil SV arbeide for ei strengare og meir konsekvent handheving av marknadsføringsreglane, og gjere framlegg om å endre marknadsføringslova slik at det blir lettare å stoppe kvinnediskriminerande reklame. I tillegg vil SV ha eit generelt forbod mot marknadsføring av kosmetisk kirurgi og slankemiddel. Aldersgrensa for kosmetiske operasjonar bør hevast til 20 år.

 

Eteforstyrringar er eit aukande problem for ungdom. SV vil arbeide for at det blir oppretta gode behandlingstilbod i alle delar av landet, og at helsestasjonane utviklar tilbod til ungdom, mellom anna gjennom førebyggjande arbeid i ungdomsmiljøa. I tillegg vil SV støtte foreiningar som arbeider med eteforstyrringar.

 

9.3 Menns vald mot kvinner

Vald mot kvinner er eit alvorleg samfunnsproblem. SV vil styrkje det førebyggjande arbeidet mot vald og seksuelle overgrep, og arbeide for at fleire overgrep blir melde til politiet og etterforska på ein forsvarleg måte. SV vil sikre nok tilsette og god kompetanse ved krisesentra. SV vil òg arbeide for at ordninga med jentevakt for kvinner mellom 12 og 25 blir eit tilbod som kan nåast over heile landet.

 

Mange kvinner er på flukt frå valdelege menn. Desse kvinnene lever ufritt på same tid som mannen går fri. SV har difor gjort framlegg om ei endring med såkalla omvendt valdsalarm. Dette gjeld i første omgang kontaktforbod. SV vil vurdere å utvide ordninga til å gjelde besøksforbod òg. SV vil gå inn for at kvar kommune skal utarbeide ein handlingsplan mot vald i nære relasjonar. SV vil òg betre skuleringa av alle aktuelle, offentlege tilsette slik at dei lettare kan avsløre vald i nære relasjonar.SV vil halde oppe valdsmottak knytte til akuttmottaket på sjukehusa, betre tryggingsalarmtenesta for valdsutsette kvinner og auke støtta til behandling av overgriparar og valdsutøvarar. Alternativ til vald må bli eit reelt landsomfattande tilbod for valdsutøvande menn. SV meiner at både krisesentra og støttesentra mot incest skal vere fullfinansierte av staten gjennom øyremerkte tilskot. Krisesentra må i framtida òg vere for kvinner og eventuelle born dei har. Hjelpetilbod for valdsutsette menn må opprettast separat.

 

Ein reknar med at berre éi av tolv valdtekter blir melde til politiet, og mindre enn kvar tiande valdtektsmelding endar med dom. Valdtekt er dermed eit lovbrot med låg risiko for å bli straffa, og der rettstryggleiken til kvinner er alvorleg svekt. Valdtekne kvinner må få den hjelpa dei treng. Retten til bistandsadvokat er innført, men oppfølginga av offeret i etterkant av overgrepet bør styrkjast vesentleg. SV vil gjere framlegg om eigne kompetansehevingstiltak for politijuristar, statsadvokatar og dommarar. I tillegg må legevakt og akuttmottak ha kompetanse og utstyr til å sikre prov.

 

Sjå òg 4.3 «Kriminalpolitikk»

 

Seksuell trakassering må sjåast på som eit kollektivt, strukturelt og kulturelt problem, og ikkje som eit individuelt problem eller som eit resultat av den avvikande åtferda til somme menn. Granskingar syner at seksuell trakassering er eit utbreidd problem både i skulen og på arbeidsplassen. SV vil arbeide for ei offensiv satsing mot seksuell trakassering med auka løyvingar til forsking, kartlegging og konkrete prosjekt. I tillegg vil vi auke støtta til organisasjonar som arbeider mot seksuell trakassering. Som eit ledd i denne satsinga vil SV gjere framlegg om å etablere eit kompetansesenter for seksuell trakassering.

 

Vald i nære relasjonar omfattar ikkje berre vald frå partnar til tidlegare partnar, men òg vald frå andre familiemedlemmer, til dømes giftepress og tvangsekteskap og vald på grunn av seksuell orientering. Dei offentlege handlingsplanane mot vald i nære relasjonar må spegle dette. Vald og tvangsekteskap som er knytt til ære, må gå inn i ein heilskapleg offentleg innsats mot vald i nære relasjonar.

 

For meir om kamp mot seksuell trakassering i skulen sjå 6.2.6 «Fellesskulen – lik rett til utdanning»

 

9.4 Porno, prostitusjon og menneskehandel

Porno– og prostitusjonsmarknaden er basert på krenking og utnytting av menneske, og er ein marknad med enorm lønsemd for kapitalkreftene som står bak. Politi– og påtalemakta må aktivt handheve lovverket som forbyr kjøp av seksuelle tenester, hallik– og bordellverksemd. SV vil fremje hjelpetiltak som gjev kvinner høve til å kome seg ut av prostitusjon, og mellom anna etablere eit støttesenter for prostituerte og eks-prostituerte. Gode hjelpetiltak i kriminalomsorga og på asylmottak for kvinner i prostitusjon må òg etablerast. SV vil òg styrkje det haldningsskapande arbeidet mot kjøp av sex med fokus på skadeverknader av prostitusjon. SV vil skjerpe pornolovgivinga.

 

SV meiner det internasjonale arbeidet mot trafficking må styrkjast. Auka press må leggjast på land som tillèt menneskehandel. Statens eigarskap må nyttast aktivt for å etablere etiske reglar mot kjøp av seksuelle tenester for tilsette i verksemder der staten er eigar eller deleigar, slik staten har gjort for eigne tilsette. Dei etiske retningslinene i Statens pensjonsfond utland må klargjerast for å sikre at verksemder staten investerer i, tek aktive grep for å hindre at verksemda medverkar til handel med kvinner og born. Vi vil arbeide for at Noreg legg press på medlemslanda i FN for å innføre «codes of conduct» for FN-soldatar, slik at handel med kvinner og born blir slege ned på. SV vil innføre nulltoleranse for kjøp av seksuelle tenester òg for kommunetilsette, og arbeide for at private verksemder gjer det same. Høvet for asyl for traffickingoffer må gjerast lettare. Tryggleiken og rettsvernet til traffickingoffer må sikrast.

 

9.5 Rettane til minoritetskvinner

Kvinner med minoritetsbakgrunn opplever ofte dobbel diskriminering. Både på grunn av hudfarge, etnisk bakgrunn, religion og kultur – og fordi dei er kvinner. SV arbeider for at kvinner med minoritetsbakgrunn blir fullt ut likestilte i samfunnet. Det inneber at kvinnene blir økonomisk uavhengige, får fullt høve til å ta del i samfunnslivet og får makt over eigen kropp og seksualitet. SV vil arbeide for at minoritetskvinner blir høyrde i saker som vedkjem dei.
Mange kvinner med minoritetsbakgrunn har store vanskar med å få arbeid. På same tid er arbeid nøkkelen til å bli økonomisk uavhengig i større grad, betre språkforståing og sterkare sosiale nettverk. SV vil arbeide for betre arbeidsmarknadstiltak retta mot kvinner med minoritetsbakgrunn, og vil styrkje tiltak som gjev minoritetskvinner lågterskeltilbod utanfor heimen.

Kjønnslemlesting er eit svært grovt og ulovleg overgrep. SV vil styrkje arbeidet mot kjønnslemlesting gjennom informasjonstiltak, ei styrkt skulehelseteneste, auka kompetanse i skular og barnehagar og eit betre hjelpetilbod for dei som fryktar eller har blitt utsett for overgrep. SV vil fremje påbod om offentleg påtale
ved kjønnslemlesting.

 

9.6 Lesbisk og homofil frigjering

SV vil kjempe imot all diskriminering, vald og trakassering på grunnlag av seksuell orientering og kjønnsuttrykk. Unntak i lovverket må fjernast, som reservasjonsretten for assistert sædoverføring av lesbiske og avgrensingar i høve til kyrkjeleg vigsle.

SV meiner samfunnet må setje inn langt større ressursar for at born og unge kan få vekse opp i fordomsfrie miljø der ingen kjenner seg truga, latterleggjorde eller usynleggjorde på grunn av seksuell orientering. Innhaldet i skulen må i større grad spegle mangfaldet i samfunnet, mellom anna gjennom samlivs– og seksualundervisninga. Samarbeidet mellom skulen og helsestasjonane må styrkjast. Kompetansen og tilgangen på informasjon knytt til seksuell orientering og kjønnsuttrykk må bli betre.


Helsevesenet må styrkje kompetansen på seksuell orientering og kjønnsuttrykk, slik at homofile og lesbiske lettare kan vere opne i møtet med helsevesenet. Denne kompetansen må òg styrkjast i profesjonsutdanningane i velferdsstaten elles. Helse– og omsorgsinstitusjonar (som pleie– og sjukeheimar) må ikkje vere heteronormative, men møte alle som bur der, med same respekt og omsorg. Transpersonar må sikrast høve til behandling.

SV vil avdekkje og få slutt på diskriminering av lesbiske, homofile, bifile og transpersonar i arbeidslivet. Det må gjennomførast meir inngåande forsking for å forstå mekanismane bak slik diskriminering og for å få kartlagt omfanget. SV vil arbeide for at målretta og relevante tiltak blir sette i gang i arbeidslivet. SV vil arbeide for større aksept for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar i etniske minoritetsmiljø og religiøse miljø, mellom anna gjennom haldningsskapande arbeid. Kampen mot tvangsekteskap må òg omfatte lesbiske og homofile som blir tvinga inn i heterofile ekteskap. SV meiner at Noreg må vere ein pådrivar i det internasjonale arbeidet for å sikre rettane og betre livsvilkåra for lesbiske, homofile, bifile og transpersonar.


Sist endret: 20.05.2009 kl. 13:40

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn