Olje eller grøn næringsutvikling?
Foto: Mona Wærnes
I eit innlegg i Klassekampen 15. januar skriv direktør i Statoil Hege Marie Norheim at svaret på mitt spørsmål er enkelt. Statoil vil leite etter andre stader å satse. Eg skulle gjerne sett at Nordheim gjekk nærare inn på kva Statoil legg i denne formuleringa.
Statoil og resten av oljeindustrien har engasjert seg sterkt i den offentlege debatten for oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen. Det blir nærmast framstilt som ei katastrofe for norsk økonomi om det ikkje blir petroleumsaktivitet i dette området. Derfor utfordra eg Statoil til å informere om kva alternativ strategi selskapet har for det tilfellet at det ikkje blir oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja (Klassekampen 7. januar).
I eit innlegg i Klassekampen 15. januar skriv direktør i Statoil Hege Marie Norheim at svaret på mitt spørsmål er enkelt. Statoil vil leite etter andre stader å satse. Eg skulle gjerne sett at Nordheim gjekk nærare inn på kva Statoil legg i denne formuleringa. Men på slutten av innlegg skriv ho at ny energi er eit av Statoil sine tre strategiske satsingsområde. Dersom eit nei til oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen fører til at Statoil satsar tyngre på fornybar energi, så er ingen ting betre enn det.
Kvifor satsar ikkje Statoil meir på å utnytte dei grøne energiressursane i nord? Finnmark har dei beste vindressursane i Europa, og Statoil har bygd ein vindpark her. Kvifor ikkje satse meir? Teknologimiljø i nord er langt framme i satsing på tidevatn og havstraumar. Dette er ein kompetanse som Statoil burde ta i bruk i langt større grad. I staden opererer Statoil med oppblåste anslag for tilgjengelege ressursar og tvilsame meiningsmålingar for å få gjennomslag for å opne sårbare havområde for olje.
Norheim legg i innlegget sitt vekt på at folk ho møter i Nord-Noreg er nyfikne på oljeressursane utanfor kysten. Det er sikkert riktig for dei ho har kontakt med. Men det er ikkje mitt inntrykk at oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen er noko sterkt folkekrav i nord.
Sist veke vitja næringskomiteen på Stortinget Troms for å diskutere dei utfordringane som næringslivet står overfor. Vi fekk omfattande informasjon frå ulike regionale aktørar, men eg registrerte ikkje noko rop om oljeboring. Vi fekk derimot grundig innføring i næringar som bygger på fornybare ressursar, natur og miljøteknologi. Det blir satsa på fisk, turisme og energiøkonomisering. Oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja er ein trussel mot fiskerinæringa og ein konkurrent til dei andre satsingane.
Norheim peikar på at olje og gass forureinar mindre enn kol, og at verda vil trenge olje og gass i mange år enno. Det er for så vidt riktig, men det er store endringar på gang. Ifølgje det internasjonale energibyrået, IEA, kan etterspørselen etter naturgass nå sin topp alt om femten år (World Energy Outlook 2009).
Den same rapporten peikar på at det vil bli investert enorme summar i miljøvennleg energi og energiøkonomisering dei neste tiåra. Det er kanskje på tide at vi brukar deler av kompetansen og ressursane i olje- og gassnæringa til å ta posisjonar i denne nye marknaden. Satsinga på havvindmøller er ein god start som også kan bidra til nødvendig omstilling i leverandørindustrien.
Nord-Noreg har potensial til å utvikle eit berekraftig grønt næringsliv. Statoil sin kamp for oljeboring utanfor Lofoten og Vesterålen er ein trussel mot miljøet og vil setje utviklinga av eit berekraftig næringsliv i nord i fare. Vi ser fram til at Statoil vidareutviklar si satsing på fornybar energi som alternativ til oljeboring utanfor Lofoten, Vesterålen og Senja.
Alf Holmelid, næringspolitisk talsmann for SV. Innlegget stod på trykk i Klassekampen den 19. januar 2010.
SV i sosiale medier
Ledervalg 2012













