Råkøyr mot Lofoten og Vesterålen
Foto: Øyvind Hagen / StatoilHydro
Statoil bør no presentere for det norske folk kva strategi konsernet har for det tilfellet at det ikkje blir oljeboring i Lofoten og Vesterålen.
Norsk olje- og gassnæring med Statoil i spissen har valt ein kortsiktig strategi med sitt einspora propagandakøyr for å opne Lofoten og Vesterålen for oljeboring. Ein prøver å framstille det som om framtida for landet vårt avheng av oljeverksemda i dette området.
Statoil bør no presentere for det norske folk kva strategi konsernet har for det tilfellet at det ikkje blir oljeboring i Lofoten og Vesterålen. Dersom dei ikkje har ein slik strategi, så er det lite heldig for selskapet si framtid. Dersom dei ikkje vil ut med den, er det lite heldig for den offentlege debatten.
Olje- og gassnæring har betydd og vil bety mykje for Noreg. Norsk olje- og gassnæring er basert på avansert teknologi og eit høgt kompetansenivå. Den norske leverandørindustri har i dag ein verdsleiande teknologi, og den har derfor ein stor eksportdel. Fossil energi truar klimaet, men verda vil enno ei tid trenge olje og gass, og det er viktig at det stadig blir utvikla betre teknologi for å auke effektiviteten og redusere miljøulempene. Næringa er også ein viktig kompetansebase for framtidig satsing på miljøteknologi.
Det er no på tide at olje- og gassnæringa utvidar perspektivet og døyper seg om til energinæringa. Den kompetansen og dei økonomiske musklane som er utvikla gjennom den CO2-genererande olje- og gassaktiviteten, må no også rettast inn mot ny miljøvennleg energi og energieffektivisering. Leverandørindustrien hadde gode tider før finanskrisa slo inn.
Dersom ein skal klare å vidareutvikle kompetansen og trygge arbeidsplassar og verdiskaping i eit langsiktig perspektiv, må det satsast tungt på å utvikle alternative forretningsområde alt no. Næringa bør ta denne utfordringa og ikkje satse alt på eit kort og gi inntrykk at norsk verdiskaping er heilt avhengig av oljeboring i Lofoten og Vesterålen.
Med si storslåtte historie har norsk olje- og gassnæring stor tillit blant store deler av det norske folk. Men dersom den no satsar alt på ein propagandakrig for å få opna Lofoten og Vesterålen i staden for å utvide perspektivet til fornybar energi og miljøteknologi, så spelar den hasard med den folkelege tilliten og med ei berekraftig utvikling for bransjen.
Alf Holmelid (Næringspolitisk talsmann for SV). Innlegget stod på trykk i Klassekampen 7. januar 2010.
SV i sosiale medier
Ledervalg 2012













