ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

SV SENTRALT

Akersgata 35
0158 OSLO

Telefon direkte:21933300
E-post: post@sv.no


Trygg mat til alle – ikkje berre til dei få.

Foto: Stig Marlon Weston

-Vi må ikkje velja mellom nok mat og trygg mat. Heller enn at verdas privilegerte skal få kjøpa seg ut av problemet, må all matproduksjon bli tryggare, skriver SVs Ingrid Fiskaa.

Sist veke kunne vi lesa at den kinesiske eliten skaffar seg trygg mat frå økologiske gardar som berre dei har tilgang til. Samtidig må kinesarar flest klara seg med mat av langt dårlegare kvalitet: Mjølkepulver med det kjemiske middelet melamin tok livet av seks småbarn og gjorde 300 000 sjuke for nokre år sidan. Det siste året har det blitt oppdaga anabole steroid i svinekjøt, bly og industrimaling i nudlar, og frysevæske i eddik. Så mykje som ti prosent av all ris i landet har for høgt innhald av tungmetall.

Også i vestlege land er matkvalitet eit klassespørsmål, om ikkje så systematisk organisert som i Kina. Eliten prioriterer sunn mat og gode råvarer, medan feilernæring er eit stort og aukande problem blant dei mindre privilegerte. Til dømes risikerer ein stor andel av britiske barn store helseplager på grunn av maten dei et (for mykje av). Næringsfattig og sukkerhaldig mat er enklast tilgjengeleg, billegast og ikkje minst tyngst marknadsført. Restar av giftstoff og sjukdommar spreidd gjennom maten vi et er heller ikkje ukjent i vår del av verda.

Den kinesiske eliten sin appetitt på økologisk mat er eit varsku om at noko er gale med måten maten vår blir produsert på. Matproduksjonen i verda har dei siste tjue åra vore større enn folkeveksten, og globalt sett har vi nok mat til alle. At ein av sju milliardar menneske går svoltne til sengs skuldast urettferdig fordeling. Men denne produksjonsauken har skjedd på ein måte som verken garanterer for trygg og næringsrik mat, eller for at vi skal klara å fø på endå fleire menneske i framtida.

Overforbruk av vatn og kunstgjødsel gjer innsatsfaktorane til ei framtidig mangelvare – mangel på ferskvatn er allereie eit problem. Overdriven bruk av sprøytemiddel gjer matplanter resistente og ikkje ufarlege å eta. Mykje av matproduksjonen brukar meir energi enn vi får tilbake. Landbruksjord blir utpint og næringsfattig. Dei fleste store fiskestammane blir utsett for overfiske, og store delar av oppdrettsnæringa er ikkje berekraftig. Legg til at enorme regnskogsområde har måtta vika for soya-, kjøt- og palmeoljeproduksjon. Klimaendringane har allereie forsterka utfordringane gjennom meir ekstrem tørke og flaum saman med ustabile regn- og tørkeperiodar.

Ein politikk for nok og trygg mat til alle må både omfatta berekraftig matproduksjon, rettferdig fordeling, mindre sløsing, tiltak mot utstabile matvareprisar og auka produktivitet særleg i det afrikanske landbruket. For i Afrika er det eit ubrukt potensiale, og kampen står no om korleis dette landbruket skal utviklast. Paradokset er at mange av verdas svoltne også er bønder, men med usikre rettar til den jorda dei lever på og med små sjansar til å produsera sjølv det dei treng for å overleva. Desse landområda er for lengst oppdaga av andre statar og private selskap som vil sikra seg mat til marknader med større kjøpekraft. Kjøp eller langtidsleige av store område trugar framtidig matforsyning i Afrika.

Ei betre løysing finst i det såkalla bevaringslandbruket, som er tatt i bruk av hundretusenar av småbønder i særleg Zambia og Malawi. Med enkle teknikkar og lite bruk av kunstgjødsel har avlingane blitt fleirdobla. Det gir nok til eige forbruk, men også eit overskot som kan seljast på marknaden. Bevaringslandbruket er dessutan klimarobust, fordi det ikkje medverkar til klimaendringane og samtidig er meir motstandsdyktig mot klimaendringane. Erfaringane så langt viser at det er fullt mogleg å produsera meir mat på ein berekraftig måte.

Vi må ikkje velja mellom nok mat og trygg mat. Heller enn at verdas privilegerte skal få kjøpa seg ut av problemet, må all matproduksjon bli tryggare.

Ingrid Fiskaa, statssekretær i utenriksdepartementet.

Denne kronikken var på trykk i Klassekampen 23. november 2011.


SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn