ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

SV SENTRALT

Akersgata 35
0158 OSLO

Telefon direkte:21933300
E-post: post@sv.no


Vikardirektivet trugar den norske modellen

Alf Egil Holmelid, Vest-Agder SV

Foto: Stig Marlon Weston

EU har komme med eit nytt direktiv, vikardirektivet, som trugar sentrale verdiar i den nordiske samfunnsmodellen. Fast arbeid er eit heilt grunnleggande prinsipp i norsk arbeidsliv og eit viktig element i det norske velferdssamfunnet. Vikardirektivet bryt radikalt med dette prinsippet og legg opp til at fast arbeid ikkje lenger skal vere det normale i arbeidslivet.

Mer om...

EU har komme med eit nytt direktiv, vikardirektivet, som trugar sentrale verdiar i den nordiske samfunnsmodellen. Fast arbeid er eit heilt grunnleggande prinsipp i norsk arbeidsliv og eit viktig element i det norske velferdssamfunnet. Vikardirektivet bryt radikalt med dette prinsippet og legg opp til at fast arbeid ikkje lenger skal vere det normale i arbeidslivet.

Direktivet har to formål. På den eine sida skal det skape meir ryddige forhold for dei tilsette i vikarbransjen, og det er det gode grunnar til. Fagrørsla har lenge stilt krav om meir ordna forhold for vikarar. Den krev at tillitsvalde skal ha innsynsrett, at innleigebedriftene skal stå solidarisk ansvarleg for løna til vikarane, og at dei tillitsvalde skal få rett til å gripe inn mot ulovleg vikarbruk. Men det er absolutt ingen ting som hindrar oss i å skape ordna forhold for vikarane utan dette direktivet.

Det andre formålet med vikardirektivet er å normalisere vikarbyrå som arbeidsgivar. Fast tilsetjing i ei bedrift skal ikkje lenger vere det normale. No skal det bli like normalt med innleigd arbeidskraft der dei som har personalansvaret sit ein heilt annan stad. Dette er ei utvikling som vi har sett konturane av lenge. De Facto har presentert tal som viser at dei seks største bemanningsselskapa har dobbelt så mange bygningsarbeidarar i Oslo som dei seks største entreprenørselskapa.

Utstrakt bruk av innleigd arbeidskraft fører til svakare tilknyting til arbeidsplassen, færre fagorganiserte og mindre tryggleik for arbeid og inntekt for den enkelte. Utan fast inntekt er det vanskeleg å få lån og skaffe seg bustad. Mange fryktar også at den utstrakte vikarbruken vil gå ut over fagutdanning og rekruttering til bransjen. Det finst ikkje lenger stabile arbeidsmiljø som kan ta i mot lærlingar og vidareutvikle fagkompetansen. Over tid kan det gå ut over kvalitet og produktivitet i bransjen.

Vikardirektivet vil også ramme distrikta. Når viktige bedrifter og institusjonar i lokalsamfunnet blir bemanna av vikarbyrå, går det ut over busetnaden i regionen. Det fører til at kommunen får mindre skatteinntekter, og at inntektene til lokale næringsdrivande blir meir usikre. Kompetansen i bygda blir utarma, og det blir vanskelegare å få i gang kultur- og fritidsaktivitetar, utvikle nytt næringsliv og skape nye arbeidsplassar. Over tid vil det føre til fråflytting og sentralisering.

I fagrørsla er det stadig fleire som seier nei til denne utviklinga. Sist ute var Fellesforbundet der landsmøtet mot ei stemme kravde veto mot direktivet. Eit fleirtal av medlemmane i LO er no i forbund som seier nei. Dei vil ikkje akseptere eit direktiv som snur opp ned på norsk arbeidsliv og legg vegen open for ein bemanningsbransje som er lite oversiktleg. Det er også stor fare for at arbeidsmiljølova ikkje vil overleve møte med EØS-retten om direktivet blir implementert.

Vi treng ikkje EU-direktiv for å sikre folk skikkelege arbeidsvilkår. Det kan og skal vi gjere med vår nasjonale lovgiving. Det vi treng, er å reise kamp mot EU-direktiv som går laus på grunnleggande forhold i arbeidslivet og riv grunnlaget vekk under distriktspolitikken. Vi må ikkje stelle oss slik at NHO kan rive sund arbeidsmiljølova ved å gå til søksmål med basis i vikardirektivet slik dei har trua med. Det vi treng er ein brei folkeleg allianse mot direktiv som bryt fundamentalt med sentrale verdiar i den norske samfunnsmodellen.

Alf Holmelid
næringspolitisk talsperson i SV

Innlegget var på trykk i dagens Nationen.


Sist endret: 02.11.2011 kl. 15:14

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn