22 millionar til solenergibedrifta REC
Foto: REC
- Ei miljøteknologiordning, som SV har kjempa fram, løyver no 22 millionar kroner til teknologisk innovasjon i solenergibedrifta REC, fortel Alf Holmelid.
- Miljøteknologiordninga som SV har kjempa fram, har blitt ein suksess. Det er gledeleg at Innovasjon Noreg som administrerer ordninga, no har gitt 22 millionar kroner til teknologisk innovasjon i REC, seier næringspolitisk talsperson i SV, Alf Holmelid.
Sommaren 2011 blei fleire hundre tilsette permitterte. I oktober blei det klart at REC legg ned nesten halvparten av produksjona si i Noreg og kvittar seg med 700 fleire tilsette.
- Denne løyvinga kan vere med på at viktig industriell kompetanse innan framtidsretta og miljøvennleg industri kan vidareutviklast her i landet, seier Holmelid
Han har engasjert seg i arbeidet for å hindre at Noreg misser all kompetanse innan solenergi her i landet, og han ser denne løyvinga som eit viktig element i dette arbeidet.
Holmelid er også opptatt av at miljøteknologiordninga må styrkast og vidareutviklast slik at vi har tilstrekkelege musklar til å støtte strategisk viktige prosjekt i framtida og.
Sist endret: 18.11.2011 kl. 15:33










