Afghanistan: Ein veg heim og ein veg vidare
Foto: Stig Weston
I dag er det ti år siden krigen i Afghanistan starta. Noreg har delteke like lenge med soldatar i landet - Vi skuldar det norske folket og dei norske soldatane å gjere opp status med oss sjølve. Kan vi halde fram som før? Dreg vi heim med våre allierte når dei bestemmer at vi skal heim, eller har vi ei eiga oppfatning om når vi og Nato skal ut? skriv Bård Vegar Solhjell i denne kronikken.
Noreg har delteke i krig i Afghanistan i ti år. No må vi sørgje for at Afghanistan si framtid ikkje går tapt, og lære av det som har skjedd, til framtidige militære oppdrag.
«Vi må snakke om afg. Krigen er tapt», står det i ein SMS eg fekk frå ein god ven 25. mai i år. Han var på veg heim frå eit jobb-besøk i Afghanistan. Nato veit det, og norske politikarar veit det. Krigen er tapt som krig for å sprenge Taliban og terrornettverket Al Qaida. Valden og talet på drepne i landet aukar år for år. For NATO dreier det seg om ei styrt militær avvikling med ære.
Vi har delteke i ein krig i ti år. Vi har endra grunngjeving, forlengt engasjementet og strekt ressursane våre maksimalt. Vedtaket vart gjort utan særleg debatt. Ingen trudde det skulle vare i ti år. Vi kan ikkje skli inn i ein liknande situasjon ein gong til utan å ta inn over oss alvoret.
Eg vil ta til orde for at vi i Noreg utviklar ein doktrine, eit sett av krav til oss sjølve, for når det er aktuelt å sende norske soldatar i krig eller andre militære operasjonar. Vi må sikre oss at det føregår ein informert, offentleg samtale på førehand om det vi skal gjere. Vi må ikkje skjønnmale utsiktene for den konflikten vi går inn i, men aktivt sikre oss at kritiske spørsmål kjem fram. Og vi må stille visse etiske og politiske krav til føresetnadene for deltaking, krav som må settast opp uavhengig av kvar enkelt situasjon.
Krigen i Afghanistan er tapt. Men kampen for ei betre framtid for Afghanistan er ikkje tapt. Den vil aldri gå tapt, men då er det nødvendig at FN, Nato og vi her i Noreg endrar strategi for å støtte utvikling, demokratisering og statsbygging i landet.
Eg hugsar ingenting frå 5. desember 2001, ei heller frå 15. februar 2003. Men eg hugsar den 11. september 2001, dagen som skal dominere det tiåret vi har vore gjennom, og kaste sine lange skuggar inn over også det neste.
Eg hadde stavra meg ned til Stortinget etter å ha feira valresultatet til SV til langt på natt. Eg høyrde utbrotet til Anne-Berit, konsulenten i stortingsgruppa vår, då ho såg det som skjedde på TV litt etter klokka 15 norsk tid. Uverkelege bilete flyg over skjermen i timane som kjem. Fly som styrtar inn i bygningane, menneske som hoppar ut i desperasjon. TV-bilete for meg, røynda for tusenvis av menneske, endå fleire familiemedlemmer og vener, ein by og ein nasjon.
I politisk forstand tok det tiåret vi har bak oss, til denne dagen. Mykje hadde vore annleis utan angrepet på tvillingtårna og Pentagon.
Det er 11. september som gjev dei to andre datoane relevans også. Vedtak som vart gjort desse to dagane, skal på særleg vis dominere internasjonal politikk og norsk utanrikspolitikk i det etterfølgjande tiåret.
Den første datoen vedtok Stortinget å dra Noreg inn i ein krig vi framleis er ein del av, i Afghanistan. Den andre datoen kom til å representere eit absolutt lågmål i amerikansk utanrikspolitikk, men eit høgdepunkt for norsk fredsrørsle - demonstrasjonane mot Irak-krigen.
Ein dag i Stortinget: Forslag nr. 1, fra Sosialistisk Venstreparti. Forslaget lyder: «Stortinget samtykker ikke i at norske styrker stilles til disposisjon for militære operasjoner i Afghanistan under USAs kommando». Votering: Forslaget fra Sosialistisk Venstreparti ble med 96 mot 15 stemmer ikke bifalt.
Den 5. desember 2001 gav stortingsfleirtalet støtte til å sende norske soldatar til Afghanistan som del av den amerikansk-leidde Operation Enduring Freedom. Alle parti utanom SV var opne for norsk deltaking. Debatten skulle eigentleg ikkje føregå i plenum. Det organet regjeringa bruker for å konsultere Stortinget i utanrikspolitikken, er den utvida utanrikskomiteen. Møta i denne komiteen er hemmelege. Det er berre tillate å referere kva ein sjølv har sagt i møta, ikkje kva andre har sagt.
Som så ofte før foreslo SV at denne viktige saka burde debatterast i open sal, og at det burde fattast eit vedtak her. Med støtte frå FrP lukkast vi med å få ein debatt i ope storting, men noko vedtak var det ikkje snakk om. Tvert om:
«Det er ikke bare slik at det er unødvendig å fatte noe vedtak i denne saken. Vi mener at det ville gjøre ansvarsforholdet mellom storting og regjering uklart hvis vi skulle gjøre det», var den eintydige meldinga frå utanrikskomiteens leiar Thorbjørn Jagland.
Stortingsdebatten er tankevekkande lesing. For det første var trua på militære verkemiddel i kampen mot terror stor.
«De amerikanskledede militære operasjonene er helt avgjørende for å kunne lykkes i kampen mot internasjonal terrorisme», sa utanriksminister Jan Petersen, som også harselerte med at SV var oppteke av alt ein ikkje skulle gjere i kampen mot terror, i staden for det ein skulle gjere. SVs politikk ville ført til «handlingslammelse», sa han.
Det var knapt nokon, med unnatak av SV, som stilte spørsmål ved om eit militært angrep på Afghanistan faktisk var eit lurt tiltak mot terror, og om norsk militær deltaking var vårt beste bidrag. At det var slik, vart berre konstatert, utan særleg mykje refleksjon eller grunngjeving.
For det andre var det mange som meir enn antyda at krigen i Afghanistan ville vere over om kort tid, og at demokrati og likestilling kom til å sigre.
«USA og de allierte er i ferd med å vinne krigen i Afghanistan. Nå må vi sørge for ikke å tape freden», sa statsråd Hilde Frafjord Johnsen. «Taliban og terroristnettverket Al Qaida er i ferd med å lammes», meinte stortingsrepresentant Lars Rise frå KrF.
Dette var 5. desember 2001. Så skråsikker og livsfjern kunne ein risikere å verte ein desemberdag i Stortinget, om den politiske autopiloten var skrudd på. Men slik har det også halde fram. I si bok om Afghanistan gjev journalist Anders Sømme Hammer mange døme på korleis ulike aktørar konsekvent er for optimistiske og snakkar ned vanskane. Alt frå overivrige norske informasjonsoffiserar til den amerikanske obersten E. Johnsen som i 2006 vart sitert på at «Taliban er slått i sør».
Snart ti år seinare veit vi at grunngjevinga for å vere i Afghanistan er utvida og dels endra, og at krigen har vart lenger enn nokon la til grunn. Situasjonen på bakken er ein heilt annan enn for få år sidan, og vi strekkjer kapasiteten til norske militære styrkar for å stille opp. Vi er rett og slett med i ein annan krig enn den vi gjekk inn i i 2001, ein krig vi knapt reflekterte over.
Det har skjedd viktige forbetringar i Afghanistan på dette tiåret. Fleire går på skule, ikkje minst fleire jenter. Det er oppretta ei rekke nye helsetilbod i landet, og både politi, hær og rettsvesen er betre utrusta enn dei var. Landet har også gjennomført eit val som - trass alle vanskar - kan kallast demokratisk.
Men dette er diverre ikkje hovudbiletet. Hovudbiletet er langt meir negativt. Tryggleiken er verre enn på mange år, utviklinga går mykje seinare enn ho kunne og skulle, det er i liten grad satsa på å bygge opp landet sin kapasitet til å styre seg sjølv, og tilliten til det internasjonale samfunnet er svekt. Det faktum at FN og NATO ikkje har lukkast godt nok, gjev oss berre eit større ansvar for det som skal skje vidare. Det faktum at eg og mange andre er motstandarar av norsk deltaking i krigen, tek ikkje frå oss dette ansvaret. Kvar går vegen vidare no?
Noreg brukar store summar på utviklingshjelp til Afghanistan kvart år, nesten like mykje som på den militære operasjonen. Regjeringa har auka bistanden og betra innretninga på den.
Det store biletet er likevel at det vert brukt meir enn ti gongar så mykje på krigen i Afghanistan som på å førebu freden, og det er altfor lite til å styrke den sivile utviklinga. Det er ikkje mogeleg å skape fred i Afghanistan utan ei merkbar forbetring i levestandarden for innbyggjarane.
Gjennom ti år har det internasjonale samfunnet halde på ei militær oppfatning av kva som er løysinga i Afghanistan, og det er eit stort og alvorleg feilsteg. I ein rapport frå Koordineringsorganet for frivillige organisasjonar i Afghanistan (Acbar), skriven av Matt Waldmann frå hjelpeorganisasjonen Oxfam, vert situasjonen for bistanden til og utviklinga av landet i 2008 gjennomgått:
Regionen får langt mindre bistand enn andre konfliktområde har fått. Landet fekk 57 dollar per innbyggjar dei første to åra, mot 679 til Bosnia, og 292 dollar dei første fem åra, mot 1528 til Irak. Det er omfattande sløsing og misbruk av midlar. 40 prosent av bistanden går tilbake til gjevarland. Store summar går til dyre, utanlandske konsulentar som tener titals gonger meir enn dei som arbeider ved sida av dei. Bistanden er ikkje samordna. Ifølgje finansdepartementet er så mykje som ein tredel av bistanden brukt utan at myndigheitene i landet veit kva han vert brukt til.
Det finst ikkje kunnskap om fordeling på sektorar, og det er ingen nasjonal utviklingsstrategi. Finansminister Zakhilwal sa så seint som i 2010 at dei nasjonale myndigheitene berre bestemmer over om lag ein firedel av bistanden. I tillegg følgjer bistanden ofte dei militære behova, og mest går til konfliktprovinsane i sør. Dei store landa vil bruke pengar der dei sjølve er militært engasjert, ikkje der det vil nytte mest. Difor vert lite brukt der det er stabilt og mogeleg å byggje opp fungerande samfunn.
Med andre ord: For lite, for kaotisk og for seint kjem ei verkeleg forståing av kor avgjerande den sivile sida er. Det låge nivået på utviklingsbistand talar for seg sjølv. Den manglande koordineringa av bistanden har også vore eit massivt problem. Kvart land har sine eigne mål og prosjekt, og ingen vil innordne seg FN eller andre sine idear om kva Afghanistan treng. Sjølv om mykje bra vert gjort, har eit lappeteppe av prosjekt og aktørar ført til langt mindre effektiv utvikling enn vi kunne hatt. Særs alvorleg er også mangelen på vilje til å la Afghanistan styre og innrette si eiga utvikling. Det burde vore satsa tungt på å byggje opp kapasitet til dette. Utdanning av tenestemenn, støtte til administrasjon og spreiing av kompetanse. Like eins burde det ha vore laga nasjonale strategiar for utvikling som donorlanda tvingar seg sjølve til å følgje, men samtidig ville det vere viktig å følgje opp og sjå til at strategiane vert følgde av afghanarane.
Det er mitt inntrykk at det dei siste to-tre åra har vore ei aukande forståing av dette i det internasjonale miljøet. Betre seint enn aldri. Det er no naudsynt å auke bistanden til landet kraftig. Noreg bør stille seg i spissen for ei slik tenking ved å verte det første Natolandet som heilt og fullt prioriterer den sivile utviklinga i Afghanistan.
Vi, og andre land, må våge å kanalisere meir av bistanden gjennom - og til - regjeringa og andre nasjonale institusjonar, trass i utfordringar med korrupsjon. Det er berre slik vi kan byggje opp den naudsynte kapasiteten til at landet kan styre og utvikle seg sjølv. Vi må hjelpe til med kompetanseutvikling og oppbygging av system, og vi må la styresmaktene i landet handtere meir av utviklinga i sitt eige land når dei legg fram truverdige planar for det. Utan meir, betre koordinert og ei sterkare afghansk forankring i bistanden kjem vi oss ikkje heim frå Kabul på ansvarleg vis.
SV har i mange år argumentert for at alle partar må samlast ved forhandlingsbordet, og at Noreg må snakke med alle. Ofte til allmenn latter. Eg hugsar godt Pål T. Jørgensen si vantru utspørjing av Kristin Halvorsen om dette i valkampen 2009. «Å forhandle med Taliban og beholde et demokrati i Afghanistan, nei, det tror jeg ikke mye på», sa også Erna Solberg til Nettavisen i 2008. SV vil ha teselskap med Taliban, raljerte Siv Jensen i ein debatt mot meg i november 2009.
Kai Eide var FNs spesialutsending til Afghanistan 2008-2010. Eg veit ikkje kva han drakk då han møtte Taliban-leiarar, men hans «Of course I met with the Taliban» var eit befriande direkte svar som gjekk på TV-stasjonar over heile verda. No deler dei fleste sentrale internasjonale aktørar dette synet.
Føresetnaden for eit fredeleg og demokratisk Afghanistan er å inkludere alle i politikk og samfunnsliv. Som i andre fredsprosessar må ein ha dialog med alle grupper som spelar ei rolle i eit samfunn. Det er lett å seie det, men utruleg vanskeleg å gjere det, av (minst) to heilt ulike grunnar. For det første er det etisk komplisert. Eg tenkjer tilbake på mine to møte med Sima Samar, leiaren for den afghanske menneskerettskommisjonen og fleire gonger føreslått til Nobels fredspris. Ho møter oss med eit mildt, nesten moderleg vesen, men eit skarpt intellekt og like skarpe meiningar overstyrer raskt førsteinntrykket.
Sima, ein lege med Hazar-bakgrunn frå Ghazni-provinsen, måtte rømme landet i 1984. I mange år arbeidde ho med kvinnespørsmål og menneskerettar frå Pakistan, før ho kom tilbake i 2002 og vart visepresident og seinare statsråd i Afghanistan. Etter å ha sett spørjeteikn ved konservativ islam, særleg Sharia-lover, vart ho i 2003 angripen av konservative krefter og kalla «Afghanistans Salman Rushdie». Kort tid etter vart ho tvinga til å trekke seg, og fekk stillinga ho har i dag.
Korleis kan eg, eller andre, sjå Sima Samar i auga og seie at vi bør innleie ein politisk dialog med ytterleggåande, konservative islamistar? Vi kan berre gjere det dersom dei same uforsonlege kreftene gjer mindre skade på liva til andre menneske om dei vert inkluderte enn dei gjer når dei er ekskluderte. Det viktigaste argumentet for å gjere det er at mange moderate afghanske politikarar sjølv argumenterer for det. Det er ikkje afghanske menneskerettsforkjemparar som har stått i vegen for ein breiare politisk dialog, men vestlege politikarar si redsle for opinionen heime.
Det andre spørsmålet er meir praktisk. Korleis forhandle med kven? Ei reell inkludering betyr at ein må snakke med - og lytte til - alle, også det uklare fenomenet som vert kalla Taliban - også på toppnivå. I 2010 gav Kai Eide ut boka «Spillet om Afghanistan» om si tid i landet, der dette er eit tema.
«På spørsmål om hvilke Taliban-ledere jeg var beredt til å inkludere i en dialog svarte jeg alltid at dersom man vil ha relevante resultater måtte man snakke med relevante personer. Det betyr at Talibans øverste ledelse må involveres», skriv han.
Men det er ikkje berre å ringe Taliban og be om eit møte. Tvert imot, bak omgrepet Taliban skjuler det seg ulike politiske retningar som dessutan er særs tilbakehaldne. «Taliban» tyder skriftlærd, og var omgrepet som vart nytta på den konservative politiske rørsla som overtok Afghanistan i 1996. I dag er Taliban ei meir eller mindre oppsplitta og sky rørsle, som dels opererer i Afghanistan og dels har trekt seg tilbake til Pakistan.
Eit sentralt og vanskeleg punkt her er den regionale dimensjonen. Vi veit at Taliban har sine skjulestader i dei lovlause områda i Vest-Pakistan, og at dei har aktiv støtte frå pakistanske grupper. Dei har forgreiningar og støttespelarar langt inn i sentrale kretsar. Mykje tyder også på at pakistanske myndigheiter spelar eit dobbeltspel: Dei held seg inne med Vesten offisielt, men må samstundes vere forsiktig med eigne Taliban-element. På grunn av frykta for indisk innverknad i Afghanistan er det også uklårt om Pakistan eigentleg ønskjer eit stabilt naboland i vest.
Å snakke med nokon betyr ikkje å vere samd med dei, heller ikkje å gå god for metodane deira. Det betyr å akseptere at det er betre å ta stilling til dei enn å stenge dei ute frå det offisielle samfunnet. Eg kan ikkje sjå at det finst ein alternativ strategi. Eit vanleg argument mot mitt syn har vore at vi først må nedkjempe - eller svekke - Taliban før vi kan forhandle med dei. Vi må forhandle på basis av styrke. Eg trur meir på å vise styrke ved å forhandle.
Det å vise ein reell vilje til å gje dei ein politisk plass vil gje styrke til å kunne ha ein dialog, tvinge fram standpunkt og ansvar, og til og med kanskje inngå avtalar.
Det vi har brukt år på å kome fram til - at det er naudsynt med ein regionalisert fredsprosess som inkluderer alle viktige partar - er berre den enkle starten. Det vanskelege står att, å gjennomføre det.
«Har den militære oppbyggingen i Afghanistan ført oss nærmere en løsning på konflikten i landet? Jeg tror svaret er et ganske klart nei. Den stadige militariseringen av USAs - og dermed Vestens strategi - har brakt oss fjernere fra en løsning og ikke nærmere». Slik formulerer Kai Eide seg, men legg til at «Jeg er ikke motstander av et internasjonalt militært nærvær». Dette dekker også mitt syn på ein god måte.
I dag bør vi kunne slå fast at det amerikanske angrepet på Afghanistan hausten 2001 var ein alvorleg feil. Samstundes, når angrepet likevel kom: SV var for den FN-leidde stabiliseringsstyrken Isaf, då den kom i stand etterpå. Det var og er naudsynt med eit internasjonalt militært nærvær i Afghanistan med eit FN-mandat. Ikkje minst er det naudsynt for å sikre arbeidet med utvikling i landet, som eit samstemt bistandsmiljø ofte har peika på.
I dag er det ei tillitskrise mellom dei internasjonale styrkane og den afghanske sivilbefolkninga. Det var ein av hovudgrunnane til omlegging av Nato-strategien til meir vekt på tryggleik for sivile, tettare dialog med det afghanske folket og opplæring av afghanske tryggleiksstyrkar. Det var mykje bra i denne tankegangen, men for å få gjennomført han vart det sett inn 30 000 fleire soldatar og ein storoffensiv i den sørlege delen av landet.
Opptrappinga av konflikten har ført til at dei sivile dødstala stig. 2009 var det blodigaste året sidan 2001 med ein auke i talet på drepne afghanarar og internasjonale soldatar. Tal frå 2010 viser at dette året igjen vart blodigare enn det førre, med meir enn 10 000 drepne - sivile, opprørarar og utanlandske eller afghanske styrkar samla sett. Over 2000 av dei drepne var sivile afghanarar, det vil seie at det kvar dag døyr fem-seks menneske som følgje av krigen. Krigen går også hardt ut over dei stridande sjølve, med om lag 1500 dødsfall blant afghanske og utanlandske soldatar.
Noreg har i eit lite tiår vore ein av dei største militære bidragsytarane i Afghanistan i høve til folketal. Sidan den gong er grunngjevinga gradvis endra, varigheita utvida og situasjonen på bakken radikalt endra. Leiaren for tryggingspolitisk avdeling i den tyske forskingsstiftinga «Stiftung Wissenschaft und Politik», Dr. Markus Kaim, peikar på at det i dag eksisterer ulike grunngjevingar for engasjementet i ulike land. Det starta som eit ledd i kampen mot internasjonal terrorisme, noko som også dominerer den norske stortingsdebatten frå 2001 totalt. I fleire europeiske land, slik som Noreg, overtek så eit humanitært og demokratisk prosjekt som den viktigaste grunnen, statsbyggingsprosjektet Afghanistan.
I andre land, som Storbritannia, Australia og fleire andre europeiske land, er det omsynet til Nato-alliansen og behovet for å stille opp for eller styrke den som er det dominerande motivet. Desse ulike motiva gjer at ulike land har ulike idear om og motivasjon for politikken vidare. Det gjer det også vanskeleg å få til ei endring i den politiske strategien.
Noreg deltek i krig i Afghanistan. I snart ti år har vi hatt norske soldatar i landet. Vi skuldar det norske folket og dei norske soldatane å gjere opp status med oss sjølve. Kan vi halde fram som før? Dreg vi heim med våre allierte når dei bestemmer at vi skal heim, eller har vi ei eiga oppfatning om når vi og Nato skal ut?
Det er no internasjonal semje om ei gradvis tilbaketrekking, men uklårt kva det vil bety i form av tempo og resultat. Nokre land har sett ein sluttdato, Noreg har eit mål om uttrekking. Inga oppskrift har gode odds for å lukkast i Afghanistan no. Men eit langvarig militært engasjement i landet kan vi berre forsvare om vi trur det vil lukkast. Då er tida inne for å snu.
I ein slik situasjon skuldar vi kvarandre ærleg refleksjon - og vilje til å vurdere det vi gjer. Eg inviterer ikkje til enkle svar, men til refleksjon. Det er ikkje lett å sjå ein positiv veg vidare for Afghanistan. På sett og vis kan ein seie at den politikkendringa som no skjer i det internasjonale samfunnet og førebuinga til ei militær tilbaketrekking både kjem for seint og for tidleg. For seint, fordi omlegginga mot sivil utvikling og ein politisk, inkluderande forhandlingsstrategi skulle kome for mange år sidan. Det kan høyrast etterpåklokt ut, men åtvaringane har vore der lenge.
I Noreg har mellom andre Stein Tønnesson og Kristian Berg Harpviken, dei to siste direktørane for fredsforskingsinstituttet Prio, peika på det. Samstundes kjem endringa for tidleg, fordi det er vanskeleg å sjå at Afghanistan i løpet av få år skal vere i stand til å sikre tryggleik, demokrati og økonomisk utvikling i eige land.
No må vi leite etter ein veg vidare for norsk og internasjonal politikk overfor landet. Noreg bør ikkje framleis prioritere tung militær innsats, vi bør sette kreftene inn på sivil bistand, justisfeltet, oppbygging av kapasitet for den afghanske staten og ei politisk løysing.
Vi må trekke ut styrkane stegvis og på ein føreseieleg måte. Vidare må vi styrke den sivile innsatsen, og ta leiinga i eit viktig arbeid med å sette i verk ein politisk prosess. Ved å gjere dette sender vi eit eintydig signal til andre land om at vi meiner det vi seier, og er viljuge til å ta konsekvensen av det. Det vil også gje større rom for at Noreg kan delta i viktige FN-operasjonar andre stader, til dømes i Afrika. Noregs militære styrkar er ein etterspurd deltakar i fredsbevarande operasjonar i FN-regi, og bør i større grad prioritere det i åra som kjem.
Det er ikkje berre for Nato å endre strategi, eller for Noreg å trekke ut styrkane våre. Det er ikkje så enkelt. Uansett kva strategi vi har, er det ein vanskeleg situasjon i Afghanistan, og norske avgjerder om militære bidrag må ta omsyn til andre lands situasjon. Bordet fangar. Det er difor vi på førehand må tvinge oss sjølve til å tenke ekstremt nøye på kva vi gjer. Når ein går inn i ein militær operasjon, er det ikkje mogeleg å førestelle seg at det skal ende med eit tiårig engasjement, ei endra grunngjeving og ein totalt annleis situasjon.
Men det er mogeleg å ta høgd for at ting vil gå verre enn ein trur. Ni av ti krigar varer lenger og går dårlegare enn det strategane trur på førehand. Mi erfaring er at militære leiarar kan vere meir tilbakehaldne i sin iver etter å bruke militær makt enn det enkelte politikarar er. Dyktige militære leiarar kjenner problema og avgrensingane betre. Dei veit kva ein kan oppnå med våpen, men også kva ein ikkje kan oppnå. Dei veit at den første entusiasmen går over i kritikk, vanskar og tvil. Denne kunnskapen og refleksjonen må lenger fram i den offentlege debatten.
Det er difor eg meiner vi i Noreg bør utvikle ein doktrine for når det er aktuelt å sende norske soldatar i krig eller andre militære operasjonar - og når det er uaktuelt. Eg veit at desse spørsmåla vert vurdert grundig i faginstansar og departement, men dei har ein altfor liten og altfor lite prinsipiell plass i den offentlege debatten og i Stortinget. Vi må tvinge oss til å svare eksplisitt positivt på eit sett av spørsmål om kvifor vi sender norske soldatar i krig. Vi må tore å underkaste oss etiske og faglege vurderingar, og eit krav til oss sjølve om i full openheit å debattere det vi gjer. Det vil gjere oss meir ansvarlege for dei vedtaka vi fattar.
I den akademiske tradisjonen som vert kalla rettvis krig, vert det arbeidd med ulike grunngjevingar for krig. Tradisjonen har røter langt tilbake, men er i dag eit samleomgrep for når det eksisterer ei akseptabel grunngjeving for bruk av militærmakt. I Noreg har Henrik Syse skrive boka Rettferdig krig. Han legg stor vekt på at det skal vere ei gjennomtenkt, etisk forsvarleg grunngjeving dersom ein går til krig. Det vil ikkje gjere krig mindre grufullt eller enklare å grunngje, det vil snarare politisere krig og gjere oss betre i stand til å skilje mellom ulike grunnlag for krig.
Frå eit pasifistisk perspektiv er det meiningslaust å snakke om rettvis krig, fordi pasifismen på prinsipielt grunnlag tek avstand frå krig og bruk av vald. Men eg er ikkje pasifist, og SV er ikkje eit pasifistisk parti. Vi er eit fredsparti. For eit fredsparti - og alle andre som er engasjert i fred - er det meiningsfylt å diskutere kva som skal hindre krig, og kva som eventuelt kan grunngje det.
Det å ha ein doktrine, eit sett av kritiske spørsmål til oss sjølv, vil ikkje redusere debatten eller gjere svaret enklare, men det kan gje ein meir reflektert og opplyst debatt. Ikkje minst er dette viktig fordi vi er ein liten medlem av ein stor forsvarsallianse, Nato, der det vert stilt ei rekke krav til oss. Noreg skal kjenne seg forplikta overfor dei organisasjonane vi er medlemmer av. Men vi skal også vere forplikta til å vurdere rett og gale sjølve. Difor må vi som samfunn stille oss nokre grunnleggande spørsmål før vi deltek i ein krig.
Eg vil føreslå desse punkta som grunnlag for ein doktrine:
1.Vitale omsyn til internasjonal fred og felles internasjonal tryggleik må vere truga. Korkje Noreg eller noko anna land bør sende militære styrkar til ein krig vi ikkje er heilt sikre på er naudsynt for å oppnå eit større gode, å bevare fred.
2. Alle andre middel enn militær makt må vere prøvd. Dersom vi skal sette liv i fare, er det eit absolutt minstekrav at alle andre verkemiddel enn dei militære er prøvd først.
3. Målet for den militære deltakinga må vere klårt og oppnåeleg. Om alt anna er prøvd, gjenstår det likevel å vurdere om det er mogeleg å oppnå dei måla ein har militært. Krigane i Afghanistan og Irak viser det tydeleg.
4. Den militære aksjonen må ha eit klårt FN-mandat. Vi må berre delta i militære operasjonar som har eit eksplisitt FN-mandat, fordi FNs tryggingsråd er det einaste organet som er gjeve legitim kompetanse til å utøve makt ifølgje FN-pakta.
5.Den militære aksjonen må ha politisk støtte i Noreg, uttrykt gjennom eit vedtak i Stortinget. Eg meiner vedtak om militær deltaking i ein omfattande, internasjonal operasjon bør fattast i Stortinget. Det er (normalt) ingen praktiske eller tidsmessige problem med det. Vi fattar knapt eit vedtak i Noreg utan å ha greidd ut konsekvensane først. Når vi bygger vegar eller sjukehus, innfører eit nytt fag i skulen eller endrar skattesystemet, skjer det etter år med utgreiing. Men når det gjeld spørsmålet om vi skal delta i krig, diskuterer vi det berre så vidt i stortingssalen, sjølv når vi har tid til ei grundigare vurdering.
Poenget med ein doktrine er ikkje å lage ein fasit, eller å lure oss sjølve til å tru at avgjerda vert enklare. Poenget er å ansvarleggjere oss som politikarar, å tvinge oss til å vurdere det nøye. Det kan også vere sunt å verte samde om kva føresetnader som må gjelde når vi ikkje står midt oppe i det. Etter mitt syn vil meir eksplisitte krav til oss sjølve bidra til det. Det finst ingen vitskaplege svar på når eit vilkår er oppfylt. Det kan også vere situasjonar der ein er viljug til å fråvike ei vurdering ein normalt vil halde som viktig. Vi kan ikkje unngå å ta feil i framtida heller, men vi kan auke refleksjonen og vere meir bevisste på det vi gjer.
(Kronikken stod på trykk i Klassekampen 12. sept. 2011)
Sist endret: 07.10.2011 kl. 13:27










