Ida Maria klar for valgkamp
Artisten Ida Maria er straks aktuell med ny plate, men først er det valkamp. Ho stiller til valg for SV i Nesna.Kampsaka er ungdomshus i kommunen.
- På Nesna skjer ting plutseleg, sa Ida Maria på besøk i P3morgen.
Ho stiller til val som representant for partiet SV, som nummer ni på lista.
- Då ordførarkandidat Kristian Sivertsen ringte meg, så tenkte eg; kvifor ikkje?
- Eg har alltid vore redd for å gå inn i politikken. For når eg går inn i noko, så gjer eg det 100%, seier Ida Maria, som kjemper for eige ungdomshus i kommunen.
Ida Maria har lang fartstid som artist. Ho vann urørtkonkuransen i 2007 og har spela både på Øyafestivalen og i 2008 fekk ho Under Spellemannprisen som årets nykomar.Ein av songane hennar, "keep me warm" var med i den populære amerikanske tv-serien Grey's Anatomy. I 2009 spelte ho på det amerikanske talkshowet The Tonight Show med Jay Leno, eit tv-program som har over 5 millionar sjåarar.
Les meir og høyr intervju med Ida Maria hjå P3morgen
Sist endret: 25.08.2011 kl. 15:25










