ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

SV SENTRALT

Akersgata 35
0158 OSLO

Telefon direkte:21933300
E-post: post@sv.no


Industrien treng SV sitt klimafond

Alf Egil Holmelid, Vest-Agder SV

Foto: Stig Marlon Weston

Ei offensiv teknologisatsing gjennom klimatiltak er viktig for å ruste industrien for framtida.

Norsk industri er inne i ein turbulent periode. Den internasjonale økonomiske krisa skaper problem for delar av eksportindustrien, samtidig som ei oljenæring i høggir pressar opp kostnadsnivået. SV meiner at ei offensiv teknologisatsing gjennom eit klimatiltaksfond er eit viktig tiltak for å møte denne utfordringa.

- Eit slik fond vil bidra til utvikling av ny teknologi som vil styrke konkurransekrafta, samtidig som det bidrar til å nå våre klimamål. Vi oppfordrar derfor alle som er opptatt av å vidareutvikle ein allsidig industri her i landet, til å støtte kravet om eit klimatiltaksfond, seier Alf Holmelid, næringspolitisk talsperson i SV.

For nokre tiår sidan blei industrien stilt overfor mange nye miljøkrav. I dialog med styresmaktene utvikla dei ny teknologi som styrka konkurranseevna i tillegg til å løse miljøproblema. Brei satsing på kompetanse på alle nivå i organisasjonen stod sentralt i utviklinga av ein moderne og konkurransedyktig industri.

- Bedriftene tok utfordringa den gongen, og sitt i dag med verdifull erfaring som gir dei alle føresetnadar for å lykkas på nytt. No er det ei ny teknologisatsing innan klima som skal ruste norske arbeidsplassar for tiåra som kjem, seier Holmelid.

For ei tid sidan var klimakommissæren i EU, Connie Hedegaard, på besøk i Noreg. Ho fortalde at europeisk industri er opptatt av å gjennomføre klimatiltak innanlands for å vere med på det nye teknologiske paradigmeskiftet, og ikkje overlate det til alle andre.

- Slik bør vi også tenkje her i landet om vi ønskjer å styre norsk industri og utvikle klimateknologi som også kan komme andre land til gode, seier Holmelid.


SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn