ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

SV SENTRALT

Akersgata 35
0158 OSLO

Telefon direkte:21933300
E-post: post@sv.no


Kulturpakke frå Lindås SV

Peder Jøsendal

Foto: Privat

Lindås SV har kulturpolitikk som har kulturpolitikk som ein av våre viktigaste saker i valkampen.

Mer om...

Eg sjølv har spelt piano i kulturskulen i 13 år og det er svært givande. Eg vil at alle born, ungdommar og vaksne skal ha moglegheiter til å delta i og skape kultur i Lindås Kommune. At det er ventelister for å komme inn i kulturskulen og at støtta til frivillige organisasjonar er så låg som den er, er ikkje ein kulturkommune verdig.

Kultur har eigenverdi og er ikkje berre eit førebyggande tiltak for at born og unge ikkje skal drive dank. Ein har ikkje bygd Opera i Oslo for å hindre dei vaksne i å drive gatelangs. Eg vil ha eit mangfaldig kulturliv, der alle skal ha moglegheit til å utrykke seg.

Me i Lindås SV har laga ei kulturpakke som fortel korleis me vil jobbe for ei vidare utvikling av kulturarbeidet i vårt nærområde. Ei stemme til SV er ei stemme til Lindås som kulturkommune. Dette er vårt kulturprogram.

1. Gode vilkår for friviljuge organisasjonar
2. Eit breitt og godt bibliotektilbod for alle
3. Ein kulturskule for alle som samarbeider med dei friviljuge organisasjonane
4. Rusfrie kulturtilbod for ungdom
5. Syte for at dei lokale kulturhusa som ungdomshus, samfunnshus og bedehus kan være gode arenaer for kulturopplevingar.
6. Utvikle gode sosiale arenaer og møteplassar med kulturtilbod
7. Gode rammetilhøve for kunstnarar som vil bu i Lindås Kommune
8.Legge til rette for kulturopplevingar i skulen
9. Sette større fokus på kultur og næring i Lindås Kommune
10.Gode kulturtilbod på aldersheimar og andre institusjonar

Peder Jøsendal
1.kandidat for Lindås SV ved Kommunevalet 2011


Sist endret: 02.09.2011 kl. 19:54

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn