ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

SV SENTRALT

Akersgata 35
0158 OSLO

Telefon direkte:21933300
E-post: post@sv.no


- Må bremse oljeindustrien

Foto: Stig Marlon Weston

Klondyke på sokkelen fortrengjer annan industri: Oljeindustrien rekrutterer for full maskin, medan resten av industrien slit. - Skal vi ha eit mangfaldig næringsliv, må vi vurdere å leggje dei nye storfelta på is, seier Alf Holmelid.

Oljeselskapa og leverandørindustrien støvsugar Noreg for realfagleg kompetanse. Nav melder at arbeidsgjevarane manglar 16.000 ingeniørar og IKT-ekspertar. No skal Nav på reise til Portugal for å fylle 500 ingeniørstillingar i oljefylket Rogaland. Ingeniørforeininga Tekna fortel at lønene i petroleumssektoren veks med 7,1 prosent. Storfunna Aldous, Skrugard og Havis er venta å halde tempoet høgt i mange år framover, skriv klassekampen.

- Dette er kanskje den viktigaste einskildsaka for den eksportretta industrien nett no. Samstundes som det er stor turbulens i marknadene må dei altså konkurrere med ein oljesektor på høggir for å få tak i folk, seier næringspolitikar Alf Holmelid.

- Skal vi verkeleg ha mangfald og innovasjon i resten av næringslivet vårt, er det på høg tid å setje bremsene på for oljesektoren. Han kan ikkje lenger vere ei heilag ku, uttalar han.

Aust-Agder og Vest-Agder ligg klemt mellom dei to sektorane. Her jobbar om lag 16,4 prosent av arbeidsstokken i industrien, langt meir enn landssnittet.

Medan Elkem Solars fabrikk i Kristiansand i haust permitterte 120 av 275 arbeidarar, ventar NHO at leverandørverksemder som Aker Solutions, National Oilwell Varco og TTS vil vekse med over 12 prosent i år.

I motsetnad til anna industri baserer petroleumsverksemda seg på naturressursar som gjev enorm avkasting, men som før eller seinare vil ta slutt. Holmelid vil vekke til live att diskusjonen om kor raskt det skal gå.

- Vi må diskutere dette før det er for seint. Debatten om kva oljefelt vi skal opne har til dels vore lite ærleg. Dei som vil opne mest mogleg, bør tørre å seie at må føre til nedleggingar i den landbaserte industrien. No freistar dei å framstille seg som næringslivets beste vener. Det er ikkje riktig lenger - todelinga er på veg til å verte næringslivets største utfordring, seier Holmelid.

Saka stod på trykk i klassekampen 19.01.2012.

 

 

 


Sist endret: 19.01.2012 kl. 15:35

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn