Miljøsenter får 900.000
Foto: SV
Runde Miljøsenter i Møre og Romsdal får 900 000 kroner over Statsbudsjettet i år. Det fortalde SVs stortingsrepresentant Snorre Valen då han besøkte senteret i går.
Han kom med nyheita i lag med Ingrid Opedal, 2. kandidat til fylkestinget for SV, og Marte Skrede Hide, 1. kandidat på SV-lista i Herøy. - Og det som manglar på ein million, skal Marte og eg skaffe!, lovde Ingrid Opedal.
Pengane skal brukast til å gå i gang med realiseringa av eit informasjons- og opplevingssenter i 2. høgda i hovudbygget på senteret. Her blir Rundeskatten ein viktig attraksjon, men andre viktige tema som havstraumar og det økologiske samspelet, fugl og fuglefjell, fiskeressursar, energi frå havet, los- og fyrhistorie og forskingsformidling skal òg vere med.
Les hele saken på Herøynytt.no










