ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

SV SENTRALT

Akersgata 35
0158 OSLO

Telefon direkte:21933300
E-post: post@sv.no


Nei til deponi i Førdefjorden

Bård Vegar Solhjell

Foto: Stig Weston

- SV er i mot eit fjorddeponi fordi det er miljømessig for usikkert, sa Bård Vegar Solhjell da han tysdag var på synfaring ved Førdefjorden.

Det er planar om eit fire kilometer stort deponi for gruveverksemd i Førdefjorden. Saman med Solhjell på synfaringa var også lokale SV'arar, Naturvernforbundet og Miljøgruppa for vern av Førdefjorden.

– Eit fjorddeponi her er for usikkert i høve til oppdrettsnæring, havbruk, i forhold til fiskebestand og i forhold til dei ukjende følgjene, sa SVs parlamentariske leiar Bård Vegar Solhjell.

Fjorddeponiet gjer industriplanane til Nordic Mining vanskeleg. Gruva skal gi 170 direkte arbeidsplassar, og er spådd store ringverknader. Samstundes vil selskapet i 40 år dumpe overskotsmasse i Førdefjorden. Fire kilometer av fjorden vil bli lagt aude.

– Det er 700 meter ned til dei næraste husa. Det er nær Vevring, det er nær Kvammen på andre sida, og så ser eg at Redalsvika, som er ein viktig gyteplass for torsken, er rett her inne og fjorden er rett ned. Det er nær folk og det er nær fjorden, sa Solhjell.

Miljønæring

Gruva skal utvinne mineralet rutil som blir brukt som kvitningsstoff i til dømes tannkrem og maling.

SV vil ikkje akseptere eit sjødeponi i ein nasjonal laksefjord som Førdefjorden, lova Solhjell som på Vevring vart møtt av 60 gruvemotstandarar etter synfaringa i fjellet.

– Vi har vist at når vi legg kreftene til på ei viktig miljøsak så kan vi få det til. Men eg tykkjer også at dette er ei viktig næringssak. Mineralnæringa utgjer viktige arbeidsplasser som vi gjerne vil ha i, men da må næringa innfri dei krava som stilles for å drive berekraftig, sa Solhjell.

SV sin førstekandidat til fylkestingsvalet i Sogn og fjorande, Norvall Nøringset, er heilt samd med Solhjell:

– Vi gjer alt vi kan innover mot departement og mot Storting, for at dei skal forstå kor viktig denne saka er miljømessig. Eg meiner det som skjer her ute kanskje er den viktigaste miljøsaka i Norge. Det er nett ei symbolsak om ein skal tillate fjorddeponi eller ikkje. Det gjeld kanskje heile landet etterkvart om dette blir godkjent, sa han.

Saka om rutilutvinning i Engebøfjellet ligg no på Miljøverndepartementet sitt bord.

Les meir på NRK Sogn og fjordane

Les landsstyre til SV si utale om saka


Sist endret: 24.08.2011 kl. 15:17

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn