Regjeringa og Statkraft satsar miljøvenleg
Foto: Stig Marlon Weston
Regjeringa styrkar Statkraft sin eigenkapital med 14 milliardar kroner for å gjere det muleg for selskapet å halde fram med sine miljøvennlege satsingar.
– I SV er vi veldig glade for Regjeringa si satsing. Dette vil skape mulegheiter for norsk leverandørindustri, og vil vere med på å utvikle norsk kompetanse innafor vasskraft, vindkraft og fjernvarme, seier Alf Holmelid, næringspolitisk talsperson for SV
Statkraft er i ferd med å stå for ei av dei største satsingane på fornybar energi i norsk historie. Det statseigde selskapet skal investere for over 80 milliardar kroner i fornybar energi, hovudsakleg vasskraft og vindkraft i åra som kjem, og ingenting til gasskraft.
- Statkraft sin strategi er meir spissa enn tidlegare på vind- og vannenergi. Det har vore viktig for at vi som eigarar har sett positivt på denne kapitalutvidinga, seier Kristin Halvorsen, til Dagbladet.
- Satsinga vil vere med på å reindyrke Statkraft som eit fornybarselskap, og vidareutvikle norsk leverandørindustri for både vasskraft og vindkraft, uttdypar Alf Holmelid.
Statkraft si utvikling av fornybar energi skjer ikkje berre i Noreg og Europa, men og i Sør-Amerika, Asia og Afrika. Det vil gje meir kraft til land som treng denne krafta for å utvikle samfunna sine, og kunne bidra til at krafta ikkje blir levert frå kolkraft eller andre forureinande kjelder.
– Vi er glade for at eit statseigd norsk selskap kan vere med å utvikle samfunn rundt om i verda. Med tanke på kva vasskraft har hatt å seie for utviklinga av det norske samfunnet er det ingen tvil om at auka tilgang på miljøvenleg kraft vil vere viktig i mange u-land, seier Holmelid.
Les meir om saka på Dagbladet.no
Sist endret: 26.11.2010 kl. 14:04













