Regjeringa styrkjer nynorsk språk og kultur
Foto: Stig Weston
– Det vi presenterer i dag er tiltak for å styrkje nynorsken. Vi veit at det nynorske skiftspråket er under press,og nettopp difor det er så viktig å satse på det, sa Bård Vegar Solhjell når han vitja Nynorsk kultursentrum torsdag.
Regjeringa føreslår å løyve 13,7 millionar kroner til fleire store nynorsktiltak i statsbudsjettet for 2012. Desse midlane går til aktørar som bidreg til å styrkje nynorsk språk og kultur. Av denne auken på 13,7 millionar går 2,2 millionar kroner til Nynorsk kultursentrum. Desse pengane skal nyttast til å førebu Språkåret 2013 og til planlegging av Olav H. Hauge-senteret i Ulvik.
Ein planlegg eit utviklingsprosjekt for å gjere 2013 til eit nasjonalt språkår, og den direkte bakgrunnen er at det i 2013 er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd, og 100 år sidan Det Norske Teatret vart opna.
– Det vi presenterer i dag er tiltak for å styrkje nynorsken. Vi veit at det nynorske skiftspråket er under press, men dette er ikkje noko nytt og nynorsken var under press for 30 til 40 år sidan og. Dette er ein situasjon som vi som nyttar minoritetsspråket står i, og vil halde fram å stå i. Samtidig så finst det utruleg mykje positivt og viktig i Noreg rundt det nynorske skriftspråket. Det er nettopp difor det er så viktig å satse på det, seier Bård Vegar Solhjell til avisa Mørenytt.
Sist endret: 09.09.2011 kl. 08:20










