Vart inspirert av SF
Foto: Christine Dancke / SV
Leiinga i SV møtte førre helg sosialistar frå norden i København og lot seg inspirera av SF sin valsuksess frå i haust.
Førre helg var det samling og årsmøte i The Left-wing Socialist Green Group. Denne organisasjonen er SV sin nordiske samarbeidsorganisasjon. I tillegg til dei vanlege sakene, sto og valkamp sentralt på agendaen for møte.
Fleire av dei nordiske sosialistpartia sit no i regjering. Mellom anna har SV sitt systerparti på Island Venstrebevegelsen – de grønne, gjort eit særdeles godt val i 2009. Dei oppnådde heile 21,7 % oppslutnad ved siste val. Dei sit i regjering saman med sosialdemokratane på Island.
På møtet vart det mellom anna utveksla erfaringar frå regjeringsarbeid og lagt politiske planar og strategiar for vidare arbeid.
Socialistisk Folkeparti (SF) i Danmark har nettopp gjennomført ein svært effektiv og god valkamp, som deltakrane på møtet fekk ei god innføring i.
– Me kan hente mange erfaringar frå Danmark, både i høve til valkamp, men ikkje minst i høve til korleis SF bygger organisasjonen stein på stein, seier partisekretær Silje Schei Tveitdal. Ved kommunevalet i haust fekk SF i overkant av 12 % av røystene.
I forkant av det danske kommunevalet etablerte dei fire største byane i Danmark ei samarbeid om saker og profilering. Saman med partileiar Willy Søvndal fekk kampanjen mykje merksemd i danske medier. Også mellom andre lokallag og SF sentralt var samarbeidet svært tett.
– SF var synlege, møtte folk der dei var, banka på dører, men dreiv og valkamp gjennom sosiale medier. – Grunnen til at dei oppnår mykje, er at dei er ein sterk organisasjon med over 17.000 medlemmar, me må vekse oss sterkare og større i SV og, seier Schei Tveitdal.
– Eg er jo kanskje i overkant optimist, men eit slikt resultat som SF fekk i kommunevalet sist bør og være innan rekkevidde for oss, smiler Schei Tveitdal.
Ein av sakene ein vart einige om på møte, er at ein i større grad skal legge til rette for eit betre samarbeid mellom dei nordiske landa, når det kjem til valkamp og kampanjar. - Det er mange likskapstrekk mellom dei nordiske landa, og me ynskjer å sjå på korleis me kan utnytte kvarandre sin kunnskap betre, og skape synergieffektar avsluttar Silje Schei Tveitdal.
Tilstades på møte frå Noreg var partileiar Kristin Halvorsen, partisekretær Silje Schei Tveitdal og valkampsekretær Kristian Fjellanger.
Sist endret: 03.02.2010 kl. 15:25
SV i sosiale medier
Ledervalg 2012













