Velkommen til bords!
Foto: Jo Gjessing, Ullensaker SV
Regjeringa vil auke matproduksjonen og ta vare på dei små bruka. Det kjem fram av stortingsmeldinga om landsbrukspolitikk ”Velkommen til bords”
I meldinga seier regjeringa at dei vil auke matproduksjonen og ha fokus på ein heilskapleg matpolitikk frå jord til bord.
- Eg er glad for at Regjeringa slår fast at vi skal ha små og mellomstore bruk som blir drivne i kombinasjon med anna næringsverksemd eller lønsarbeid. Dette er svært viktig for å ta vare på landbruket i heile landet, seier næringspolitisk talsperson i SV, Alf Holmelid.
Holmelid er også opptatt av auka matproduksjon i Noreg. Regjeringa legg no til rette for det, gjennom å ta vare på dyrka mark, oppretthalde bruk i heile landet, bruke ressursgrunnlaget av grovfôr og beite, og satse på forsking og utvikling.
Meldinga vidarefører målet om 15 % økologisk produksjon og legg vekt på å utvikle eit miljømessig berekraftig landbruk, noko som er viktig for SV.
- Dette er ei landbruksmelding for distrikta og for eit miljømessig berekraftig landbruk, det er viktig for landbruket, og dei mange SV-bøndene rundt om i landet, seier Holmelid.
Pelsdyr
Meldinga går ikkje inn for ei freding av pelsdyrnæringa, men slår fast at vi skal ha ein eigen gjennomgang av pelsdyrnæringa i Noreg.
- SV vil arbeide vidare for å avvikla pelsdyrnæringa, seier Holmelid.
Sist endret: 02.12.2011 kl. 12:51










