Vi krev veto mot vikarbyrådirektivet
Foto: Mona Wærnes
Fagrørsla har varsla aksjonsdag i denne saka 18. januar, og SV støttar kravet om veto fullt ut. Derfor kjem LO-avdelingar i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal SV med denne felles fråsegna i forkant av aksjonsdagen, og vi oppmodar alle fagorganiserte om å delta i markeringane mot vikarbyrådirektivet.
Vi krev veto mot vikarbyrådirektivet!
Fagrørsla har varsla aksjonsdag i denne saka 18. januar, og SV støttar kravet om veto fullt ut. Derfor kjem LO-avdelingar i Møre og Romsdal og Møre og Romsdal SV med denne felles fråsegna i forkant av aksjonsdagen, og vi oppmodar alle fagorganiserte om å delta i markeringane mot vikarbyrådirektivet.
EU sitt vikarbyrådirektiv trugar grunnleggjande verdiar i den norske samfunnsmodellen. Fast arbeid er eit heilt grunnleggjande prinsipp i norsk arbeidsliv og det norske velferdssamfunnet. Vikarbyrådirektivet bryt med dette og legg opp til at fast arbeid ikkje lenger skal vere det normale i arbeidslivet.
Det er absolutt ingen ting som hindrar regjering og storting i å skape ordna forhold for vikarane, det kan vi gjere utan noko EU-direktiv. Men hovudformålet med vikarbyrådirektivet er å normalisere og bidra til meir bruk av vikarbyrå. Fast tilsetting i ei bedrift skal ikkje lenger vere det normale. No skal det bli like normalt med innleigd arbeidskraft der dei som har personalansvaret kan sitte ein heilt annan plass. Dette er ei skremmande utvikling som vi har sett konturane av lenge. Dei seks største bemanningsselskapa har allereie dobbelt så mange bygningsarbeidarar i Oslo som dei seks største entreprenørselskapa.
Utstrakt bruk av innleigd arbeidskraft fører til svakare tilknyting til arbeidsplassen, vanskar med fagorganisering og mindre tryggleik for arbeid og inntekt for den enkelte. Utan fast inntekt er det vanskeleg å få lån og skaffe seg bustad. Mange fryktar også at den utstrakte vikarbruken vil gå ut over fagutdanning og rekruttering til bransjen fordi det svekkjer stabile arbeidsmiljø som kan ta i mot lærlingar og vidareutvikle fagkompetansen. Over tid kan det gå ut over kvaliteten og produktiviteten i bransjen.
Det alvorlegaste med vikarbyrådirektivet er at makta over lov og avtaleverk blir flytta frå norske folkevalde styresmakter til EU – dvs. til ESA og EFTA-domstolen. NHO har skjøna dette, og vil tydelegvis ha eit lausarbeidarsamfunn! For NHO har varsla at dei med vikarbyrådirektivet i handa vil kunne få EFTA-domstolen til å fjerne dei formuleringane i den norske arbeidsmiljølova som hindrar uhemma vikarbruk. Det same vil kunne skje med tariffovereinskomstane. Det er veldig gode grunnar til at LO-forbunda tar klart standpunkt mot direktivet og vil markere dette gjennom politisk streik og andre markeringar 18. januar.
Ja til fast tilsetting! Ja til sterke faglege rettar! Ja til veto mot vikarbyrådirektivet!
LO på Indre Nordmøre, Rolf Kårvand, leiar
LO på Ytre Nordmøre, Bengt Eriksen, leiar
LO i Romsdal, Svein Ose, leiar
LO på Søre Sunmøre, Bjørn Ytrestøyl, leiar
LO i Sykkylven, Nina Kristine Røe, leiar
LO i Ålesund, Mette Dale, leiar
Møre og Romsdal SV, Oddrun Årflot, leiar
_________________________________________
Sist endret: 10.01.2012 kl. 12:50










