Vil ha ein tydelegare nynorskdebatt
Foto: Stig Weston
Bård Vegar Solhjell tykkjer argumentasjonen til nynorskmotstandarane er pinleg og svak. No skal SV finne ut korleis nynorsken kan bli meir spennande.
- Høgre sin argumentasjon heng ikkje saman med korleis Høgre som kunnskapsparti elles tenkjer i høve til andre fag. Dei meiner jo vanlegvis at alt må lærast. Eg trur ikkje at Høgre trur heilt på sine eigne argument, seier Solhjell.
I SV skal ein no sette ned ei arbeidsgruppe som skal sjå på vilkåra til nynorsken framover.
– Arbeidsgruppa skal ha medlemmer som er aktive i målrørsla og i SV. Me skal sjå på tilhøva for nynorsken og sjå på konkrete problemstillingar som parallellutgåver og nynorskutgåver, seier Solhjell.
– Eg meiner argumenta til Høgre i nynorskdebatten er pinlege og dei viser den populistiske sida si med argumentasjonen. Argumentet om at me ikkje treng å lære eitt språk til, eller at det er for krevjande å lære nynorsk for dei som allereie slit i norskfaget held ikkje. Du kan prøve å føre argumentasjonen over på andre fag. Skal du til dømes ikkje lære engelsk fordi du ikkje kan norsk skikkeleg? Eller kutte ut likningar i matematikk fordi brøken var så vanskeleg, heldt Solhjell fram.
Sist endret: 24.08.2011 kl. 10:46










