Foto: Ny Tid
Klimautsleppa skal ned
SV og den raudgrøne regjeringa tek til orde for ein betre klimapolitikk der interesser til både privatpersonar og industri vert teke hand om.
Regjeringa har lagt fram ein ny og betre klimapolitikk. Det er den mest omfattande klimakuttpakka som noko regjering har lagt fram i Noreg. Meldinga held fast på måla om 30% kutt i CO2-utslepp innan 2020, og at 2/3 av kutta skal skje innanlands. Og det viktigaste: meldinga peikar på tiltak for å nå måla!
Det blir foreslått stønadsordningar som skal gjere husa våre mindre trekkfulle og billigare å varme opp. Det blir vidare foreslått krav til nye bilar slik at dei forureinar mindre og nyttar mindre bensin. Inn til byane skal meir trafikk over på kollektivtransport, og løyvingar til sykkelvegar doblast. Regjeringa foreslår eit klimafond som skal bidra til ny teknologiutvikling. Det tydar at norske industritradisjonar blir teke vare på og at bedriftene blir endå meir moderne og lønsame.
Dei største kutta kan vi få til i oljesektoren. Det handlar fyrst og fremst om å få rein kraft til oljeplattformar i staden for gassturbinane som i dag forsyner plattformar med kraft. Det viktigaste enkelttiltaket er ei dobling av CO2-avgiftene, som vil bidra til å gjere klimatiltak i oljeindustrien meir lønsame.
No skal partia på Stortinget behandle forslaga frå Regjeringa. Dei raudgrøne partia har allereie signalisert at dei er villige til å snakke med alle parti som vil ha ein klimapolitikk som kan stå seg også gjennom eit mogleg regjeringsskifte. Det blir spanande å sjå om dei kan bli samde: Venstre vil ha meir klimapolitikk, FrP meinar det er å kaste pengar ut av vindauget. Høgre veit ikkje kva bein dei skal stå på. SV er i alle fall tydelege. Me har foreslått ein sterkare innsats for klimakutt og verdiskaping basert på dei moglegheitene som ligg i denne fornyinga av samfunnet.
Sagvåg, 26.04.2012
Signe Ekeland og Nils Magne Blålid
Stord SV
Sist endret: 26.04.2012 kl. 23:36
