STORD SV

v/ Signe Ekeland
Postboks 622

5402 STORD

Mobiltelefon:90571380E-post:signe.ekeland@hotmail.com

LOKALLAGSLEDER
Signe Ekeland

KOMMUNESTYREGRUPPA
Nils Magne Blålid
Signe Ekeland


Foto: Sosialistisk Ungdom

Oppstart av SU på Stord

Torsdag vert det halde informasjons- og oppstartsmøte for Stord SU i rådhuset. Alle ungdommar som vil vera med eller lurar på kva SU dreiar seg om er hjartleg velkomne!

Mer om...

Sosialistisk Ungdom sitt lokallag på Stord skal starta oppatt, noko som ein mangt anna kan takka engasjerte initiativtakarar blant ungdommen på Stord for. Det vert invitert til informasjons- og oppstartsmøte i Stord rådhus torsdag 26. januar, kl.17, der alle interesserte er oppmoda om å koma. På møtet vil det verte opplyst om SU sin politikk og kva organisasjonen går ut på. Om ein lurar på noko er det berre å koma og stilla spørsmål. I tillegg kjem Heikki Holmås og fleire lokale SV-arar, inkludert leiar i Stord SV, Signe Ekeland.

Det er viktig at ungdom vert høyrd og får vera med og bestemma. Ungdom har denne retten, ein rett SU er med på å ivareta. På møtet vil det verte diskutert korleis ungdom kan vera med og påverka politikken, og korleis ein kan utretta ein forskjell.

Oppfordringa på Facebook-hendinga let som følgjande:
Me ungdommar treng å få vera med og bestemma over vår eiga framtid. Me treng å få vera med og bestemma over kommunen vår. Og me treng å ha ungdomslokallag. Hjelp oss i SU å få starta eit Stord SU. Møt opp og få informasjon om SU sin politikk. Kanskje dette er noko for deg?

Kom på Stord rådhus torsdag 26.01, kl. 17.00!

Besøk hendinga på Facebook for vidare info: Informasjons- og oppstartsmøte


Sist endret: 25.01.2012 kl. 18:43