Foto: Stord SV
Valgthriller på Stord
Torsdag vitja SV sin turnébuss, Valgthrilleren, Leirvik på Stord. Stord SV var vertskap for eit særs vellukka besøk.
På torsdag føremiddag trilla valgbussen til SV inn framføre Stord Kulturhus. Lokale SV-arar hadde stått på i god tid før besøket med å gjera istand foajeen. Ombord på SV-bussen var Kristin Halvorsen, Inga Marte Thorkildsen, partirådgjevarar og fleire andre frå partikontoret. Det
var ein god del personar som hadde teke turen til kulturhuset denne føremiddagen. På plass var ikkje berre lokale SV-arar, men òg representantar frå fleire fagrørsler som Fagforbundet, Utdanningsforbundet, tillitsvalde på sjukehuset etc, kommuneansette og andre velgjarar som ville høyra på og stilla spørsmål.
Dei sakene som var dominerande på møtet var skule og sjukehus. Kristin snakka engasjert om utdanning til forsamlinga. Ho tok til orde for større lærartettleik i grunnskulen, 15 elevar per lærar i barneskulen og 20 elevar per lærar i ungdomsskulen. Karakterlaus barneskule og meir praktisk retta fag for å halda oppe motivasjon og læringsvilje var andre saker ho drog fram.
Som ein del av turneen delar SV ut solsikker til nokre personar som har gjort ein forskjell i lokalsamfunnet. Her på Stord vart den eine solsikka gjeven til Helga Kroka for sitt engasjement i speidarrørsla og fosterheimsomsorg. Den andre blomen gjekk til veteranen Johan Belsvik for long og tru teneste og engasjement i politikken. Dette er to personar som verkeleg har stått på og utretta ein forskjell i samfunnet, det var velfortent heder.
Det vart opna for spørsmål frå dei frammøtte og her var sjukehus og sikring av tenestar på lokalsjukehus eit av temaa. Men SV-bussen måtte raskt vidare, så på veg til Fitjar held kunnskapsministeren møte med Utdanningsforbundet og ordførarkandidat Signe Ekeland ombord i bussen. Til tross for at det vart eit kort stopp var det ei stund full av betydning og snakk om god politikk, så ein kan slå fast at det vart eit vellukka arrangement denne regnfulle føremiddagen.
Sist endret: 10.09.2011 kl. 21:00
