Nyhende

Del Godene!

SV har ny valkampavis. Alle medlemar får avisa gratis tilsendt i posten fram til valet. For å spre bodskapen til SV på best mogleg måte er det viktig at alle medlemane vervar personar som kan vera interessert i SV-stoff til å bli gratisabonnentar til "Del Godene." Det kjem ei utgåve før sommaren og tre i valkampen.

Besøk av Elisabet Dahle, statssekretær i Kunnskapsdepartementet

Elisabet Dahle kjem til Sandane, tysdag 30. april 2013. Det er Gloppen SV som er vertskap. Elisabeth kjem fordi det er kampanjeveker i SV, og ho er også hovudtalar på 1.mai arrangementet på Sandane. Er du elev eller lærar på Firda VGS kan du møte statssekretæren i Kunnskapsdepartementet, saman med fylkesleiaren i SU, Albert Andersen Øydvin, og fylkesleiaren i SV, Hege Lothe, på stand i kantina frå kl. 11.40. Seinare står dei også på stand utafor Rema 1000, frå klokka 15.30.


Nasjonal transportplan- sykkelvegar, rassikring og kollektivtransport

Fredag vart Nasjonal Transportplan lagt fram. Den raudgrøne regjeringa har lagt vekt på å utvikle eit effektivt kollektivtilbod i byane, samstundes som det vert auka tilrettelegging for syklistar og fotgjengarar. I distrikta prioriterer ein tiltak for betre kapasitet og eit meir robust vegnett.


SV på morgonaksjon på Vangsnes ferjekai!

Måndag 8.april kom Stortingskandidat, Vibeke Johnsen, på besøk til Vik SV. Styremedlem Hilde Brotangen Helleland og lokallagsleiar Dagny Berglie Vangsnes var med denne tidlege aprilmorgonen.


Sogn og Fjordane SV har oppretta ei side på Facebook. Her vil du finne oppdaterte nyhende frå fylkeslaget etter kvart som at sakene blir lagt ut

Vær med og bidra til vår valgkamp
Støtt SV

Kalender

Nyhetsbrev

Logg inn