Foto: Dagny Vangsnes
SV på morgonaksjon på Vangsnes ferjekai!
Måndag 8.april kom Stortingskandidat, Vibeke Johnsen, på besøk til Vik SV. Styremedlem Hilde Brotangen Helleland og lokallagsleiar Dagny Berglie Vangsnes var med denne tidlege aprilmorgonen.
Bilistar, syklistar og folk som skulle reise kollektivt med buss denne morgonen, fekk kaffi, bollar og flygeblad med seg på turen.
-Me fekk snakka med mange folk, og dei aller fleste tok imot flygeblada som omhandla SV sin samferdslepolitikk, seier Dagny Berglie Vangsnes, som vil anbefale andre lokallag å arrangere morgonaksjonar der folk ferdast.
Vibeke Johnsen fekk med denne aksjonen presentert seg til veljarar i Vik i god tid før Stortingsvalet.
-Det er viktig å fronte samferdselspolitikken vår, og seie klart og tydeleg kva som er viktigast for oss; gul midtstripe, hyppige ferjeavgongar og rassikring først! Dette er viktigare enn å bruke mykje pengar på bruer og undersjøiske tunellar, seier Vibeke Johnsen.
Vikjene er blant dei som treng både gul midtstripe, og rassikring, og Vik SV er glade for satsinga på rassikring som regjeringa no legg opp til, samtidig som det knyter seg spenning til prosjektet med veg Rv 13, tunell gjennom Vikafjellet.
Vik SV støttar planane om tunell, blant anna med ei fråsegn frå årsmøtet sitt i år, og har også spelt inn sine meiningar til fylkeslaget og SV på Stortinget.
Mellom ferjene fekk Vibeke Johnsen også tid til eit bad i Sognefjorden, saman med Hilde Brotangen Helleland. Og Vibeke er med dette godt i gong med badinga i fylket!
-Sjølvsagt må eg støtte Vibeke og bade med ho. Bading for reine fjordar og reint hav, er ein kjempeide, og ein får fronta SV sin politikk på ein god måte, meiner Hilde Brotangen Helleland.
Vibeke Johnsen badar for reint hav og reine fjordar i heile fylket fram til valet 9.september.
