Grafisk profil

SV lanserte ein ny logo og visuell profil i august 2020. Denne logoen vart introdusert gradvis på digitale flater og trykksaker. Alt nytt materiell skal lagast med ny logo og fargeprofil. Her kan du laste ned designmanualen for ei fullstendig forklaring av den nye visuelle profilen, samt laste ned logopakkane på begge målformer og i ulike format.

Logo

I den nye logoen er fundamenta frå den gamle logen vidareført. Det er gjort fargejusteringar og logoen har fått skarpare kantar. Desse endringane gjer at logoen kan brukast utan den gamle trekanten frå den grafiske profilen frå 2013.

SVs logo. grafikk
SVs logo frå og med september 2020

Fargepalett

Primærpaletten består av seks fargar, tre nyansar i raudt univers, og tre fargar i grønt univers.

Mellomtonane er henta direkte frå logoen. Dei skal primært brukast til logo og store overskrifter. Unngå å bruke desse tonane på større flatar. Viss ein skal ha større flatar med bakgrunnsfarge skal ein bruke enten ein mørktone eller lystone.

Mørktonar

HEX: #440C1A
RGB: 68, 12, 26
CMYK: 0, 79, 25, 87

HEX: #253325
RGB: 37, 51, 37
CMYK: 38, 5, 45, 88

Mellomtonar

HEX: #EB4040
RGB: 235, 64, 64
CMYK: 0, 85, 70, 0

HEX: #539760
RGB: 83, 151, 96
CMYK: 63, 5, 68, 25

Lystonar

HEX: #F2EBDD
RGB: 242, 235, 221
CMYK: 0, 2, 10, 8

HEX: #EFEFEF
RGB: 239, 239, 239
CMYK: 0, 0, 0, 9

Farger og kontrastkrav

Når du brukar fargene i fargepaletten er det viktig å hugse på å ha tilstrekkeleg kontrast til å oppfylle krava til universell utforming. Fargevalet er tilpassa dette. Nokon fargekombinasjonar kan du alltid bruke, men andre kombinasjonar kan du berre bruke i samanhengar

Fargekombinasjon med god kontrast

Kombinasjonen av lys og mørktone kan alltid brukast då kontrastratioane alltid vil vere sterke nok til å oppfylla lovkrava. Derfor er det disse kombinasjonane som bør brukast til mengdetekst og andre små detaljar  

Fargekombinasjon med mellomtonar

Mellomtonane oppfyller kontrastkrava for universell utforming på mørk- og lystonane så lenge dei blir brukt i riktig størrelse. På tekst vil dette seie større enn 18pt/px eller satt i «bold». Du bør difor ikkje bruka mellomtar til mengdetekst og andre små detaljer