Foto: Kjetil Løset

Landsmøte feira Kristin Halvorsen

Etter SV hadde valgt Audun Lysbakken som ny leiar på det landsmøtet nyleg, var tida inne for å feire avtroppande partileiar Kristin Halvorsen. Og det vart gjort til gangs.

Det var skodespelar og komikar Elsa Lystad som opna landsmøtefesten, med sin eigen hyllest til Halvorsen. Ho fortalde om si beundring for Kristin Halvorsen og hennar arbeid og innsats.

Les meir om Elsa Lystad si tale her

Komikar Lisa Tønne var konferansier for årets Landsmøtefest. Med skarpe replikkar og morosame historiar hadde Tønne styringa på taletrengte SV-medlemmar som ville helse Kristin Halvorsen. Oddny Miljeteig, Mina Finstad Berg og Dag Sejerstad var blant dei som ville hylle jubilanten.

Nyvalgt partileiar Audun Lysbakken holdt og tale til Kristin Halvorsen, og gav henne eit par sko med skyhøge hælar, som er Halvorsen sitt varemerke.

Kvinnelege statsrådar, Stortingsrepresentantar og andre sentrale kvinner i SV tromla seg saman til eit eit damekor, som sang ein hyllest til Kristin. Under finn du teksten til songen som vart framført.

Til Kristin
Mel: Ola Tveiten
Tekst: Hanne Kristin Wolden

No tar vi av oss hattane i samla hyllestkor
Til ho som eig partiet, vår dronning og vår mor.
Til ho som har leda flokken, med kjærleik,
håp og tru du Kvinna i vårt liv sia 1997
Du rydda vegen bit for bit – sudelida, sudelidei!
Kvar meter har kosta slit – sudelida, sudelidei!
Spør du oss ska du få svar
du er ikkje utbyttbar!
Du er SVs Jaguar! Sudelida sudelidei
Tralalalalala – fyll opp mitt tomme krus!

Du fødte i oss ei vissheit: Barn og unge først
Når du får sjå ei sandkasse, er lidenskapen størst
Makspris blei ditt mantra, utbygging ditt kall
Du gliste, landet klappa, Krf fikk angstanfall
Reformen blei fin og brei og komplett – sudelida sudelidei! 

Den finaste vi har sett – sudelida sudelidei!
Det var ingen krøttersti
Om ikkje han blir her til evig tid 

så skal eg eta opp lua mi!
Sudelida sudelidei! 

Tralalalalala – fyll opp mitt tomme krus! 


Når Jens har snakka med Jonas og Jonas har snakka med Jens
Og heile Bergen SV står og roper på dissens
Og Hallgeir står på plenen – vi har sett det så ofte før
mens TVn fylles opp av Kyrre Nakkims vås og rør.
Da tar du hælene dine på – sudelida sudelidei
Og viser hvor skapet skal stå – sudelida sudelidei
For når du med ditt geskjeft
Strammer jakka og viser teft
Holder kranglefantane kjeft! Sudelida sudelidei
Tralalalalala – fyll opp mitt tomme krus!

Og du har vel ramla i plukkstein og du har vel snubla i grus
Og du har vel lengta heim en gong til Charlo og til hus
Og du har vel budd på kontoret i vekesvis i strekk
Og du har vel banna om kvelden og ønska deg ti mil vekk
For av og til er dagen svart – sudelida sudelidei
Arbeidet er tungt og hardt - sudelida sudelidei
Men med Høybråten på din dør
Blir du straks i kamphumør
Klar for nye kryssforhør!
Sudelida sudelidei
Tralalalalala – fyll opp mitt tomme krus!
Sudelida sudelidei
Tralalalalala – fyll opp mitt tomme krus!

Men når vi sit i regjering ein skinnande sommardag
Så er det deg det slår for, kvart enda hjerteslag
For når vi lukker auga så høyrer vi deg si
At glasset vårt er halvfullt og fullare skal det bli
Så roper vi alle høgt hurra – sudelida sudelidei
Takkar deg for alt du ga – sudelida sudelidei
Vi vil savne dine smil,
Dine ord og lederstil
Kom tilbake om du vil! Sudelida sudelidei!
Tralalalalala – fyll opp mitt tomme krus!

 

Les om Kristin som partileiar gjennom 15 år


Sist endret: 15.03.2012 kl. 15:03