Nyhetsbrev til medlemmer i Akershus SV
Her finner du nyhetsbrevet til alle medlemmer i Akershus SV, sendt mandag 25 juli.
Se vedlegg for nyhetsbrev:
Hilsen fra Bård Vegar Solhjell:
Eg kan framleis få små augneblinkar der eg trur det ikkje har skjedd, for det er uverkeleg. Ei brutal og bestialsk massakre i vårt trygge land, den feigaste og mest kyniske voldshandlinga eg kjenner til utanom krig.
Det er eit angrep mot demokratiet og alle dei som arbeider for det, i politiske organisasjonar og i departementa og andre etatar. Men det er også eit angrep på venstresida og på AUF spesielt. Alt tydar no på at AUF og andre sitt engasjement for eit fleirkulturelt samfunn og for toleranse var ein viktig årsak til angrepet.
Eg vil kondolere AUF, Arbeidarpartiet men også alle andre som er ramma . Mange av oss vil vere direkte eller indirekte berørt eller ha kjende som er gått bort eller skadd. Politi, helsevesen, kommunar og andre må no gjere sin jobb. No må vi støtte kvarandre i sorga og bygge opp håpet. Det er ikkje først og fremst helsevesenet si oppgåve, det er vår oppgåve saman. Vi kan også støtte dei som er gått bort ved å delta i demokratiet, halde fram med å engasjere oss og sloss for dei verdiane dette var eit angrep på.
Eg vil difor oppmode alle om å stille opp på minnearrangement og markeringar, men også å ta kontakt med berørte i sin kommune, det lokale AP- eller AUF-laget eller på anna vis markere sorga. Ofte vegrar ein seg for å ta kontakt, fordi ein ikkje vil vere til bry, men all erfaring tyder på at folk som er i sorg set enorm pris på å oppleve støtte frå og fellesskap med andre.
Deltar og engasjerer vi oss meir for toleranse og forståing mellom menneske tapar mordaren, og Noreg og vi vinn tilslutt - saman.
Bård Vegar Solhjell
Nestleiar og Parlamentarisk leiar, SV











