ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

SV trengs videre

Foto: Harald Sævareid

Redaktøren i EUB kan ikkje sjå at SV har livets rett lenger. Etter åtte år i Eidsvoll kommunestyre, og på det femte året i fylkestinget, er eg ikkje av same meining.

Utan SV i administrasjonutvalet ville Eidsvoll kommune ikkje hatt heiltid på dagsorden. Nå blir uønska deltid kartlagt med sikte på at slikt uvesen skal vekk. Også kvinner skal ha ei løn å leva av. Men eg innrømmer at det har vore ein tung prosess. I Arbeidarpartiet har haldninga vore at kvinner flest ikkje ønskjer 100 % stilling. I Høgre har argumentasjonen meir vore at dette blir for vanskeleg for arbeidsgjevar å få til. Ikkje rart at det er vanskeleg å rekruttera til helsefagarbeidaryrket. For det første er det eit yrke meg relativt låg løn, og i tillegg får ein kanskje berre 37,5 % stilling. SV trengs for å sikra framdrifta av viktige likestillingssaker. Ingen andre gjer det.

Utan SV i kommunestyret hadde Eidsvoll kommune ikkje klart å vri innsatsen over mot meir førebygging. – Eit viktig premiss for å lukkast med samhandlingsreforma. Utekontakt er eit eksempel som SV har kjempa fram. Kompetente vaksne som vandrar i ungdomsmiljøa for å rettleia, og som grip inn før det går for langt, er utruleg viktig. SV trengs for å sikra denne type innsats. Erfaringa er at ingen andre parti gjer det.

Dei som hugsar godt minnes sikkert at SV braut med samarbeidspartane våre første året i perioden 2007-11. Årsaka var at vi ikkje fekk gjennom satsing på symjehall på Råholt. Året etter var det Arbeidarpartiet som vurderte brot, – fordi dei var mot symjehall. Heldigvis torde dei ikkje bryta samarbeidet. Nå er badeanlegget på plass. SV kan utan tvil ta mykje av æra for det.

Det er kamp om ressursane i kommunen. Eldreomsorg og skule/barnehage er dei to store sektorane. Eidsvoll brukar mykje pengar på pleie og omsorg. Det er bra. Men det er ikkje bra at det går ut over satsinga på skule. Derfor har SV vore pådrivar for å få til ein gjennomgang av pleie og omsorgssektoren. Dette arbeidet gir grunnlag for å få til ei meir balansert satsing. Vi kan ikkje ha det slik at vi ”overforbruker” 10 mill kr på pleie og omsorg og ”underforbruker” 10 mill kr på skule, samanlikna med andre tilsvarande kommunar. SV trengs for å sikra ressursar til skule, SFO og barnehage.

Miljøprofilen til Eidsvoll kommune hadde vore klart dårlegare utan SV. Vi ville for eksempel ha bygd ned Sundtoppen. Nå trengs SV for å sikra at han kan bli den byparken vi ønskjer oss. Utbygging av dobbeltspor mot Hamar hadde ikkje vore ein realitet. Det var SV som kravde at jernbane måtte planleggast og byggast samtidig med veg. Det er dårleg miljøpolitikk å bygga 4-feltsmotorveg, og så – viss behovet oppstår – byrja tenka på bane. Dette har vore politikken i Noreg i årevis. Vi har blitt eit alt for bilavhengig samfunn. SV trengs for å snu utviklinga mot meir bærekraft og mindre klimautslepp.

Det første kontroversielle forslaget eg var med på i Eidsvoll kommunestyre, var å føreslå omorganisering av administrasjonen. Det vart eit pes. Var SV eit parti som ville undergrave offentleg sektor? Sjølvsagt ikkje. Omsider fekk vi det til. Takka væra ein varaordførar frå AP som forsto kva SV snakka om; om oppgradering av offentleg sektor til det beste for oss alle. Men AP som parti var mot. Eg lurte mang ein gong, - kva skal vi med Arbeidarpartiet?

I fylkestinget trengs SV for å visa veg i kollektivsatsinga. Nå held vi på med å reforhandla Oslopakke 3. Det handlar om all samferdselssatsing i Oslo og Akershus. Alle andre parti prioriterer veg framfor kollektiv. (Er usikker på Venstre, men dei er i Høgres famn… .) Alle som forstår at banar, kollektivfelt, gang- og sykkelvegar må prioriterast først, bør støtta SV. Asfaltpartia må snu!

Den norske skulen må bli betre. Den største utfordringa er for dårleg gjennomføring av vidaregåande opplæring. Berre 14 % av yrkesfagelevane endar opp med fagbrev. I Akershus satsar vi derfor fullt på NY GIV. Det er Kristin Halvorsen sitt prosjekt. Eit langsiktig og kunnskapsbasert prosjekt som satsar på både ungdomsskulen – kor fråfallet startar – og vidaregåande opplæring. Flott tykkjer eg. Det er god SV-politikk. Og det er full oppslutning om dette i fylkestinget. – Kva skulle vi gjort utan SV i Kunnskapsdepartementet?

Dei aller fleste har det godt i Noreg. Det same kan ikkje seiast generelt, - om folk flest på kloden. SV har ein politikk som betrar kåra for folk flest. Det kan verka trugande for mange av oss som har det godt. – Det er ikkje alltid lett å dela på godane. Er det det som er mest trugande ved SV?

 

Ruth Birkeland

Eidsvoll og Akershus SV


SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn



Kalender
SU