ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

GOL SV

v/ Dag Wollebæk
Skagahaugen

3550 GOL

Telefon direkte:91882670
E-post: dag@wollebak.com

KOMMUNESTYREGRUPPA
Dag Wollebæk


Arbeidsdag hjå Vinn Hallingdal

Foto: stig Marlon Weston

Magnar Bergo og Hallvard Indgjerd hadde måndag ein arbeidsdag hjå attføringsbedrifta Vinn Hallingdal på Gol. - Dette er eit verkeleg vellukka tiltak, seier Bergo, kombinasjonen av å gje menneske ein kvardag med meining og utfordringar, og å drive nyttig produksjon, er noko me som politikarar må stø opp om og styrke.

Det var då Vinn i mai i år feira tjueårsjubileum med Magnar Bergo til stades, han vart invitert til å koma og hospitere for å få eit betre innsyn i drifta. Måndag var han i lag med tredjekandidat Hallvard Indgjerd med på lakenpressing, putevarbretting og vedkløyving.

Vinn har både varige tilrettelagde arbeidsplassar, tilbod om arbeidspraksis og bidreg med bistand til fast løna arbeid. Hjå Vinn dekkjer me heile spekteret, seier dagleg leiar Gunn Marit Arnegard, med avdelingar i Hol og på Gol har me om lag seksti plassar alt i alt. Dette er altså ein stor aktør på arbeidsmarknaden i Hallingdal, og tenestene dei produserar er ettertrakta.


Sist endret: 24.08.2009 kl. 22:41

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn