ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

Nytt initiativ for Bergensbanen

Bergensbanen, tog mot Oslo og Voss

Foto: Hallvard Indgjerd

Det vert arbeida med å ta tak i det breie folkelege engasjementet for Bergensbanen som har synt seg i samband med valkampen.

Medan SV i eit par tiår har vore einaste parti som har arbeida aktivt for Ringeriksbanen, ville samtlege parti i denne valkampen ha utbygginga, Venstre har samla tusenvis av underskrifter gjennom 4-20-20-kampanjen, og også i Ringerike er stadig fleire positive. Sjølv om det luktar litt av utspela som plutseleg kjem i valkampen, er dette noko nytt. Det tyder på at vinden snur.

Leiar for jernbaneutvalet, Hallvard Indgjerd, representerte Buskerud SV på det tverrpolitiske møtet i Bergen fredag 13. november, som skulle sjå på koss ein kan halde på og dra med seg dette engasjementet vidare i kampen for ei opprusta Bergensbane. Forum Nye Bergensbanen har arbeida for dette sida stiftinga i 1992, men i Forumet er berre kommunar og fylkeskommunar medlemmer.

- Dette vert for traust, seier FNB-leiar Torleif Dalseide, arbeidet FNB gjer er viktig, men veldig retta mot beslutningsorgana. Dersom me i tillegg kunne fått ei aksjonsgruppe som mobiliserte breidt i ryggen, ville det vore ei klår styrke.

Det vert no sett på koss ein kan organisere ei slik gruppe med utgangspunkt i 4-20-20-aksjonen, med politiske parti, interesseorganisasjonar og andre som brenn for Bergensbanen. Dersom dette skal lukkast må Venstre setje sak framom partipolitisk vinning, og gje frå seg eigarskapet til aksjonen.


Sist endret: 13.11.2009 kl. 17:55

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn



Buskerud SU