ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

Å kaste fellesskapet sine peng ut av vindauget!

Tog og bil

Foto: Mick Tully / Jernbaneverket

Trond Helleland gjer sitt beste for å setje likskapsteikn mellom prosjektfinansiering og OPS (såkalla Offentleg-Privat Samarbeid).

Etter oppslaga i media å døme har han lukkast godt med dette. OPS er redninga for satsing på både veg og bane, heiter det, men i oppslaga samanliknar dei OPS med tradisjonell finansiering over statsbudsjettet. Eple og bananar let seg som kjent dårleg samanlikne.

Å lyfte større samferdsleprosjekt ut av årvisse budsjettforhandlingar, og over på langsiktig prosjektfinansiering er heilt naudsynleg. Det legg regjeringspartia vekt på i den nye Nasjonale Transportplanen. Prosjektfinansiering tyder kort og godt at heile strekninga vert finansiert under eitt, til dømes ved låneopptak i statskassa, og fører til lågare totalkostnad og raskare gjennomføring.

Det som skil OPS frå denne finansieringsmodellen er at ein ved OPS set ut til private aktørar å ta opp lån og å ta risikoen med å byggje. Ingen private selskap tek på seg lån og risiko utan å rekne med god forteneste på dette - sjølvsagt. Vidare inneber OPS ofte at den ferdige vegen vert drive av utbyggjar og leasa av staten, også her må ein pårekne forteneste til "vegeigar".

Det seier seg sjølv at dette vert dyrare enn direkte statleg finansiering og drift. Ein tek ikkje opp dyre forbrukslån om ein har peng på bok - og det er såvisst ikkje likviditeten den norske stat slit med!

Fleire og fleire innser etter kvart dårskapen i dette. Trygve Hegnar, redaktør i Kapital og Finansavisen og alt anna enn raud, hevdar OPS er å kaste peng ut av vindauget. Også Noregs Lastebileigarforbund kom i valdebatten i regi av NAF for ei god veke sida fram til at OPS er ei "dårleg løysing for vegutbygging".

Helleland ynskjer å byggje Ringeriksbanen som OPS, men seier ingen ting om dei enorme ekstrakostnadene privat låneopptak og risikotillegg for eit prosjekt til mange milliardar vil føre med seg. Statleg prosjektfinansiering, derimot, har me i Buskerud SV arbeidd hardt for i fleire år, og også fått med oss landsmøtet i SV på. Saman med dei auka rammene til jernbaneutbygging SV går inn for er dette vegen til å få realisert Ringeriksbanen i løpet av denne NTP-perioden.


Sist endret: 14.11.2009 kl. 17:36

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn



Buskerud SU