ulike mennesker - like muligheter
English Español Samegillii LeseWeb

Kjære Høgre

Harddisk

Foto: Explainthatstuff (http://www.flickr.com/photos/explainthatstuff)

Det er ikkje ofte eg skriv og bed deg om hjelp.

Når det no skjer, er det dels i von om at dei liberale sidene dine framleis har gjennomslagskraft, dels som ei oppmoding til heile deg om å la fornuft gå framfor prinsipp.

Du veit godt kva det gjeld, og kjenner fakta like grundig som eg: EU sitt datalagringsdirektiv bryt ned det som har vore grunnleggjande rettsprinsipp i dei vestlege, liberale demokratia. Direktivet ikkje berre opnar for, det krev, ei utstrakt overvaking av kvart einaste individ. All e-post, alle sms-ar og telefonsamtaler, all elektronisk kommunikasjon skal registrerast og lagrast i opp til to år. Som einaste parti har du enno ikkje teke standpunkt i saka. Eg har difor ei von om at du vil setje personvernet til einskildmennesket føre lojaliteten til Brussel, men rådløysa di uroar meg.

Frå EU heiter det at datalagringsdirektivet er eit ledd i kampen mot terror og organisert kriminalitet. Anna enn teorien om at ein kan få tryggleik i byte mot fridom, ligg det lite dokumentasjon til grunn for påstanden. Den europeiske politikonføderasjonen (EuroCOP) ser ikkje på direktivet som meir enn eit lite irritasjonsmoment for dei kriminelle miljøa; desse har kunnskap nok til å sno seg unna overvakingssystema.

Både Datatilsynet (Apenes er jo din mann, Høgre) og Personvernkommisjonen gjer felles sak med datatilsyn over heile Europa, og går kraftig ut mot direktivet. Det vert altså vanskeleg for deg å argumentere for sjølve innhaldet. Då er det berre at eitt problem: Det kjem frå EU. Arbeidarpartiet sel gladeleg unna bestemor si om det er på ordre frå Brussel, det veit me, men samtlege andre parti meiner det no er tid for å nytte oss av den reservasjonsretten me forhandla oss fram til i EØS-avtala. For å demme opp for dei høgst føreseielege åtvaringane frå ja-sida om at eit kvart knyst frå Noreg vil setje EØS-avtala i fare, har me denne gongen sett eit par av dei fremste juristane på EU- og EØS-rett i Noreg på saka. Konklusjonen deira er klår: Det er ikkje noko som tyder på at eit norsk nei vil truge avtala.

SV og Senterpartiet tek dissens i regjeringa, Venstre, Krf og Framstegspartiet stemmer også nei når saka kjem til Stortinget. Då er det opp til deg, Høgre, går du i lag med Arbeidarpartiet, eller held du deg til partiprogrammet ditt?

"For å sikre personvern og ytringsfrihet vil Høyre stille seg kritisk til innføringen av nye lover som øker adgangen til, eller omfanget av, overvåkning i samfunnet."


Sist endret: 14.11.2009 kl. 17:41

SV i sosiale medier


Hva skjer?

Nyhetsbrev

Logg inn



Buskerud SU